Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Fekk teke ein tur inn til Gryta på sundag og det var ei stor oppleving! Det var om lag 15 kalde og strålande vintervér.
  2. Dette var utruleg flott! Måtte rett inn på heimesida og sjå fleire bilete.
  3. Ja, dette systemet er ganske sært. Eg har tinga ein del greier frå UK og då står frakta i høve til kva du kjøper. Til dømes kostar smådeler til primus meg berre 20-30 NOK frå UK til Noreg.
  4. Meiner at eVent óg er proppa med fluorkarbonar - altså ikkje noko miljømembran... Fleire skriv at eVent er mindre vasstett enn GT og det er eg heilt samd i, men ei stor føremon med eVent er det tørar kjappare enn GT (det kan sjølvsagt ha ein samanheng med ytterstoff etc, men eg hadde ei kraftig jakke med denne membranen). Rab-jakkene ser fine ut!
  5. Av alt eg har prøvd så har jakke med eVent-membran vore best med omsyn til pusting. Utan tvil.
  6. Poseovertrekk i nylon er heilt ubrukeleg. Eg har eit slikt frå Helsport - kan berre brukast som lagringstrekk til vinterposen når han heng på loftet. Til det har vel IKEA billegare alternativ.
  7. Har brukt Seal Line i mange år med stort hell
  8. Har Bredejakka og denne er lang på armane, men ikkje særskilt lang i ryggen. Merk at Klättermusen ikkje er så bra greier som mange trur. Eg er på veg til å reklamera på mi jakke nummer to no... Har i tillegg soft shell-buksa Mithril som eg har sydd fleire gonger etter at saumane har roke.
  9. Det har eg óg tenkt på. Kjenner meg att i det du skriv om pulk som går på skrå.... Eg har brukt denne pulken i kombinasjon med ein mellomstor sekk og det fungerer fint - særskilt på Vestlandet der det er kuppert.
  10. Eg har óg denne 118 cm lange pulken frå Fjellpulken, men kunne nok tenkt meg ein som var litt lengre. Med ein såpass kort pulk er det veldig føreavhengig kor kjekk turen vert ettersom han grev seg ned i laus snø.
  11. Har brukt ein tilsvarande dress i mikrofiber i mange år og deler synspunkta. Min dress er frå Helly Hansen og heiter North Pole. Det verkar som om mikrofiber aldri vart den heilt store salssuksessen, men betre klede for kalde dagar skal ein leite lenge etter.
  12. Trail Pro er veldig digg! Særskilt utgåva i large.
  13. Platou Sport i Bergen
  14. Moontrail har i tillegg fått restriksjonar på å senda Hillebergprodukt ut av USA.
  15. Javel? Det var ein fin pris. Kvar er det du har handla då?
  16. På nett eller ved personleg frammøte i Åre?
  17. Eg har Led Lenser H5 (den utan dimmar og som er heilt enkel). Denne lykta toler 40 grader kulørt vask med full sentrifugering. Viktig at ein demonterer lykta etter vask og legg delene på badegolvet (eller at ein passar på å ta lykta ut av jakkelomma før ein kastar jakka i vaskemaskina). Kokvask her eg ikkje prøvd for hovudlykter.
  18. Ser at valet ditt står mellom Nammatj og Keron. Eg har sjølv Nammatj 3 og har hatt dette teltet sidan 2000. Teltet fungerer godt til det meste og har takla vinterstorm på Finse fleire gonger, har god ventilasjon og nok plass for den som er røynd med teltlivet. Når det er sagt så trur eg kanskje at eg hadde kjøpt Keron i dag grunna dei rette gavlane i innerteltet. På Nammatj går telttaket på skrå nedover mot fotenden opg denne løysinga er litt kinkig ved stort snøfall eller fokksnø. Når snø legg seg på ytterteltet i fotenden så vil det pressa innerteltet ned på soveposane. Utanom det er Nammatj eit veldig bra telt som er lett å montera med vottar på og som er rimeleg lett. Keron 3 vert vel 800 g meir, meiner eg, men då med to fortelt og ei stang ekstra.
  19. Friluftsliv hadde for ei stund sida test av slike telt: http://www.friluftsliv.no/files/image/pdf/000044.pdf
  20. Ein ting er vind, men ein annan viktig ting er oksygen når ein fyrer i teltet.
  21. Har dette teltet ventilasjon? Viss ikkje så har ein eit problem på vinteren.
  22. Ja, denne modellen frå Mammut er bra! Brukar ei slik sjølv til alt mogleg.
  23. Gratulera med val av telt! Kvar kjøper du det i frå?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.