Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Eg har klint fellelim på innsida av mine og deretter montert dei på sko med 75 mm såle. Gamasjane har vore av og på fleire gonger utan at eg har hatt behov for å legga på meir lim, og eg meiner ein må ha lim på for å få dei til å sitja godt. Mine vart kjøp i XL til sko storleik 44 ut frå det norske nettbutikkar tilrår, men L hadde nok vore betre.
  2. Steike ta! For meg som er pinglete i høgden så er dette heftige saker!
  3. Trur det vert litt trongt for fyring, men mange er sikkert usamde i det. Platou skaffar dei fleste Hillebergtelt og det er mogleg dei har det inne.
  4. Burde fungera flott til den bruken. Eg har modellen under, Xero 500., som er ein flott pose.
  5. Alternativ to har den beste dunkvaliteten, men du reagerer på at denne ser litt trong ut. Sjølv har eg Xero 500 som liknar ein del på Lightline og min pose er smalare enn posar eg har hatt tidlegare. Eg vil ikkje seia at fasongen er noko problem, for designet er veldig bra og eg søv veldig godt i min ME-pose. Litt av poenget med dunpose er for min del at ein skal spara inn mykje kontra ein syntetpose. Då er det viktig for meg at posen er så lett som mogleg og at han tek svært lite plass i sekken. Ein annan god britisk produsent er Rab. Du finn gode prisar på Rab-posar hjå www.towerridge.co.uk
  6. Helsport hadde tidleg på nittitalet eit lite kuppeltelt i mikrofiber som var spesialkonstruert for turar i høgden og i kaldt vér. Kjøpargruppa var sikkert ekstremt marginal, men opplegget fungerte sikkert til sitt bruk.
  7. Samd med førre innsendar. Eg har sjølv Snerten og han er i minste laget.
  8. Har sjølv handla ein del frå Jackson Sports. Dei har eit godt utval i deler til brennarar og slike ting og så er frakta differensiert. Kan tilrå denne butikken.
  9. OK. Eg trudde Arc'teryx hadde lagt inn restriksjonar mot å senda utanlands.
  10. I think I've seen Paris sleds at Outdoor in Bergen.
  11. Kvar handla du i frå då?
  12. Det er mange som er blodfans av denne jakka, men sjølv ville eg vera skeptisk til å betala 5500 NOK for ei heilårsjakke som ikkje har lommer ein kan stappa frosne nevar i - eller vottar og slike ting i. Veldig mange bukser manglar stikklommer så då er det ein ulempe at jakka óg nærast er fri for det.
  13. Har brukt Muck Boots med stort hell fleire år no. Eg har ein heilt enkel halvhøg modell som eg ikkje huksar heilt kva heiter. Støvlane er konge på sure haustdagar og i snøslasps, men eg brukar dei ikkje til turar der eg har bør på ryggen. Sålane har eit veldig godt grep og støvlane er generelt smidige til støvlar å vera. Kjøper heilt klart slike støvlar fleire gonger.
  14. Guten min starta med ein Bardu mini frå Helsport og gjekk deretter over til Alta jr når han vart fem. Begge to har vore veldig gode posar.
  15. GT-buksa rakna i ein kritisk saum førre dagen så eg må kanskje sjå meg om etter eit alternativ. Eg tenkjer, som trådstartar, å gå i retning bomull eller soft shell. På bomullsfronten er det ikkje mange alternativ, men har sett litt på Klättermusen Gleipner. Mange har nemnt trekkfulle lommer på nettopp denne. Når det gjeld soft shell så vurderer eg Arc'teryx Gamma SK eller Klättermusen Gandalv.
  16. Samd med ridder7; Unna er ikkje noko tomannstelt for vinterturar i høgfjellet.
  17. Det var ein Tyin Arctic som ikkje hadde membran, men eit impregnert nylonytterstoff. Problemet med ising og blaut pose oppsto uansett om det var 10 eller nærare 30 kalde, og trass i god ventilasjon på teltet. Desse opplevingane gjer meg skeptisk til membran på soveposefronten. Det vert, som Afe nemner, litt det same som med membranklede i kaldt vér.
  18. Kjøpte Rab Summit 900 frå Tower Ridge i fjor og har hatt ein del komfortable netter i denne. Posen min held god kvalitet både når det gjeld dun og anna materiale, men er ikkje den mest ekstreme så ein lyt vera nøyen med underlaget. Vidare er posen lett og tek lite plass. På den negative sida vil eg nemna glidelåsen då denne er noko kranglete. Hette- og krageløysinga er grei, men eg likar MEs løysing betre. Kanskje desse punkta er betre på dei nye modellane? Kompresjonstrekket som fylgjer med brukar eg ikkje ettersom eg heller brukar ein vasstett pakkpose. Tower Ridge har god service og ganske så grei frakt. Har handla fleire ting frå den kanten.
  19. Det kan godt vera at slike materiale fungerer som yttertrekk, men eit ganske så tett materiale har valda meg problem på kvar bidige vintertur. Problemet med ising har rett nok vore mindre ved overnatting under open himmel.
  20. Hadde meg ein skitur i Indre Sogn på laurdag og det var ikkje mykje å skryta av der heller. Snøen hadde blese saman og fått hard overflate, men den braut ein gjennom for kvart steg. Turen vart ikkje veldig lang.....
  21. Eg er ganske så samd i det Afe skriv, for eg har sjølv opplevd ulempene med for tett ytterstoff på vinterposen (rett nok på ein syntetisk pose). Resultatet vart supp blaut pose og deretter ising. Ganske så plagsomt, særskilt når posen til turkompisen var knuskturr...
  22. For meg er samekniv eit veldig bra kompromiss og eg har stort sett med meg denne på tur. Unntaket er gjerne turar i høgfjellet om sommaren der ein klarar seg med ein mindre reiskap.
  23. Vindtett bomullsbukse fungerer flott til vinterbruk, men det er vel ikkje det heilt store utvalet av nettopp slike. Feltbuksa til forsvaret er til dømes eit godt og relativt rimeleg alternativ.
  24. Sjekk britiske nettbutikkar - til dømes Jackson Sports
  25. Ein såpass dyr pose må du nesten reklamera på. Eg har ein vinterpose frå Rab som eg er godt nøgd med, men han har ein glidelås som set seg fast litt for ofte.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.