Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    984
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    6

Alt skrevet av josteink

  1. Fann flott teltplass eit par km før tinnhølen, 300 m på nedsida av vegen, nydleg område litt vekk frå rusjtrafikken. Stod bubil i kvar lomme på vegen verka det som. Med telt og litt rekkevidde var det mange fine plasser.
  2. Og fleir blir det . Er det fine teltplasser rett før tinnhølen?
  3. josteink

    Valg av fluesnøre

    litt på etterskudd siden du allereie har handla men dersom du er i startgropa så kan du godt gå opp ein eller 2 snøreklasser, dvs dersom du har klasse 7 gå for klasse 8 eller 9 (men til fjellfiske burde du vurderar ei ny stang i klasse 5). Då har du mulighet til å lade opp stanga med mindre snøre og du kan skyte meir ut. Orvissnøret er sikkert bra, lukke til !
  4. Les alt du kan på nett f eks her på sida. Du treng ikkje dyrt telt eller slikt. Men du må tenka gjennom kva budsjett har du? er du opptatt av lettast mogleg utstyr? Mine tips er : Gå for ein sovepose med komforttemp ned mot 0 grader, sekk mellom 55-60 L (til helgeturer er dette nok, til 1-2 vekes så vil ein del meine det er for lite), telt med innertelt og yttertelt (finnes eitdukstelt med litt netting og greier men gå for todukstelt). Finnes masse utstyr på bruktmarked på f eks finn.no. I tillegg er det nokre gode tilbod her, spesielt på sovepose og sekk: https://www.helsport.no/outlet Finnes ein del rimeleg telt f eks xxl og interessant tråd her: Tips til teltturområder i bergen. Heile byfjella f eks mellom ulrikken og rundemannen er bra. Lavterskeltur er banen opp på ulrikken og overnatting ved borgavatnet. Gullbotn og inn mot gullfjellet f eks risnestjødna eller noko slikt er fint, tog til hallingskeid eller liknande gjer deg mange fine turområder, Reppadalen i arna mm. Dette er områder du kan nå med kollektivtransport på ein enkel måte. Har du bil har du fleir valgmuligheter, berre spør om du lurar på områder. Tips no er å kome deg godt opp over tregrensa, siden det er ein god del knott og slikt for tida.
  5. Hm, etter påske oppdaga eg at stålkanten på mine ingstadski er broten tvers av under binding. Er det lik det som du ha reparert? Dette er med andre ord eit kjent problem-
  6. josteink

    Smågnagerår....

    I utgangspunktet så tilseier mi røynsle at ein berre treng nokre få floge til ferskvannsfiske i norge, men avogtil er det kjekt med litt variasjon. Lemen og mus har eg funne i fisk ned til 300 gr, og det er jo litt meirmat i enn eit par mygg. Kropp er foam og kaninpels, hale er kaninstrimle, krok er laksekrok str 6, oppskrift frå nettet. Som rypejeger og fiskar satsar eg på smågnagarår 👍
  7. Med ein ny pakke foam og litt tid på kvelden så fekk eg realisert ymse maur, grashopper, biller, stankelbein med meir. Mesteparten ender nok opp i boksen til unge slektninger, mine bokser er fulle så kjekt å kunne bidra til den yngre garde.
  8. Har fiska litt med marflo på hardangervidda men skal ikkje hevda å vera ein stor autoritet på området. Eg bruker brunleg eller oliven dubbing med litt glitter i, f eks ice dub. Har i tillegg hatt ein oransj variant som hunkjønn med egg utan at eg kan sei at denne har hatt noko større fangsteffekt. Generelt er dei vel oliven og brunleg året rundt. Binde dei ekstremt enkelt utan ryggskjold siden eg trur at bevegelse og måten dei vert fiska på er viktigare enn eksakt imitasjon, etter å ha ein del erfaring med fiske med småreker og tanglopper etter sjøaure i sjø.
  9. Tips til bibio er å bruke ein flygemaur i str 12, med foamkropp.
  10. Ta med fluer som er litt av og alt og ikkje sats på eksakte imitajoner av noko, seletivitet er oppskrytt og misforstått. Ha få fluer en i mange ulike str. 1) stor og høgtflytande hjortehårsflue som streaking caddis, humphy, devils bud eller liknande 2) ein veldig stor del av føden til fisk på fjellet er mygg i små str. eg har med ein liten klekkervariant som eg bruker som tørr og klekker, desse er dubbingkropp og litt hackel rundt krokstammen under hovudet. Eg meiner at klekkere er meir allround ein rein tørrflue men dersom du vil gå der så kan du jo ta noko smått som griffiths gnat, black gnat eller adams eller liknande i små (dvs 16-18). Fisk er ofte selektiv på størrelse er min erfaring. 3) gå under overflata, march brown, imiterar alt og ingenting, ha denne i 10-16. Ut over dette så treng du strengt tatt ikkje noko meir meiner eg. Dersom du vil henga på noko meir så kan du gå for 4) gullhodenymfe, som du kjem djupt ned med og 5) streamer som td dynamitt eller ein zuluvariant.
  11. Du kan evt vurdera å gå inn frå haukelisæter og nordover dersom det er mykje snø på vestvidda, fin fisk i mange vatn, store og små her, og nordover er mulighetane endelause. Dersom du går mot Litlos så er heile område nordover mellom kvenna og normannslågen fylt med flott fiskevatn. Hugs at gode fiskevatn ikkje er lik fisk, speiselt gjeld dette på vestvidda der fiske kan vera lett og eller skikkeleg vanskeleg alt etter som. Sluk: lillauren eller spesial i kopar og raudt.
  12. Nei til elsykkel og sykler med gir i marka! Bidrar til at folk kan sykle overalt og så er det jo ingen helsegevinst med dette. Tenkt, no får du sykler med 21 gir, jeeezzeezzzi. Ta heller bilen, det er ikkje juks eller du kan sykle med singelspeedsykkelen din. Slitasjen blir mindre med singelspeed også... flott at debatten om elsykkel ALLTID munner ut i ein diskusjon om kor lite helse det er å vera i fysisk aktiv med litt mindre belastning enn det er å sykle med sykkel utan elmotor, og med det ser elegant forbi det faktum at dette erstatter å sitje i bilen eller bussen og at elsyklister faktisk bevegar seg meir enn dei ville gjort utan elsykkel. Slitasje er eit generelt problem som er knytt til auka bruk, og det er noko vi må regulera gjennom tilrettelegging eller forbud. Kom deg ut på sykkel eller elsykkel, så slepp skattepengane mine gå til å bøta på dårleg folkehelse
  13. elsykkel skal vera tråassistert, dvs at den ikkje kan gå kun på elmotor men MÅ drivast fram med pedaler. I tillegg er det eit lovkrav om at motorkraft ikkje kan assistera over 25 km/t. Dette betyr at alle framkomstmiddel som går av seg sjølv med motorkraft er køyretøy og går under desse lovverka. Dvs at opning for elsykkel IKKJE er det same som å opne for elmotorsykkel. Hjelpemotor kan maks vera 250 W. Meir info HER.
  14. Usikker på om eg vart sertifisert i sløyd og handverksfaga i grunnskulen og produktet er vel prega av på vera produsert ein sein fredag forsynt med heimabrygg, men ettersom eg har ein del stoffrestar og slikt liggande så tenker eg at eg skal klare å klora saman noko. Skal prøve å oppgradera overtrekka til yeti-look-alike, timewillshow.
  15. Stonz er veldig bra men kun til babyer, vi har desse (også...). Utfordringa er å tilpasse til skisko med tåbinding. Har prøvd overtrekka og det fungerte bra, dvs ingen frysing sjølvom det var godt og kaldt på larudagen men må nok sy dei saman slik at dei vert heile, slik som du har i lenka di over.
  16. Det finnes masse fantastisk gode og varme barnekle idag men når det gjeld sko så er det vår erfaring at det fort blir kalde føter, og vi har prøvd masse ulike sko. Så no har eg laga nokre enkle fotposer/overtrekk til skisko. Materiale er ullsokk og noko cordura frå ein demontert sekk. Skal testast ut i morgon.
  17. Poenget er at folk må komme seg ut uansett. Om nokon har sykkel til 50 000,- eller ski til 30 000,- er ikkje noko problem MEN det er eit problem dersom det vert laga ein forestilling om at du MÅ ha dyrt utstyr for å drive friluftsaktiviteter. Derfor er toppturkonseptet eit bra bilete, du kan fint ha ein strålande dag på fjellet/topptur med billege fjellski, du treng ikkje rando og kurs og slikt, men det er jo eit bilete som blir gitt.... eller? Fokuset er at folk må komma seg ut... men kanskje ikkje der eg er Og ifg helsedirektoratet så beveger vi oss mindre enn før, ca 70 % av norges vaksne befolkning beveger seg mindre enn 30 min pr dag, som er det anbefalte (eg er ein av dei....og ein bod full av utstyr gjer ikkje at eg bevegar meg meir).
  18. Godt innlegg om snobbifisering av friluftsliv, debatt på dagsnytt atten, 52:00 ut i programmet: https://radio.nrk.no/podcast/dagsnytt_atten Før kunne ein gå på fjellski ein tur på fjellet men når byfolk fann ut at det går faktisk an å gå utanfor preparert løype og skitrekk så må ein ha med seg nødpeilesender, skredsøker, abs-sekk og all mulig hjallagreier som gjer heile greia eksklusivt og spesielt, det er nemleg veldig viktig å ha gjort med det rette utstyret enn å gjera det med godt nok utstyr.
  19. Ja, godt poeng, Posten skal ha ROS for at dei kan levera så raskt i desse tider, tommel opp!
  20. Sundag for ei veke siden bestilte eg eit par sko + litt meir hjå Hektapåtur. Måndag fekk eg melding om at pakken var sendt, tysdag henta eg pakken på posten, Torsdag sendte eg skoa i retur for å bytte i ein anna str. og fredag fekk eg melding om at skoa var bytta og sendt i posten same dagen. ALt dette på 5 dagar, djupt imponert over effektiviteten og service, all honnør til butikken, tommel opp!
  21. Mange mulighetar. Utfordringa er at oslotoget berre stopper ved dale, vaksdal og arna. E eit stykke å gå frå dale til bergen. Dersom du vil ha ei overnatting ville eg kanskje gått frå dale-dalestølen og ned i vaksdal og tatt toget herifrå. arna til bergen sentrum er enkel. Arna stasjon - kleiva (fv237) og så over på sti etter ca 20 min på asfalt frå togstasjonen. Merka sti med skilt over til fløyen, her kan du telta til du kjem over til bergenssida og kanskje litt lengre.... kan og ta denne turen frå andre sida dvs bergen - arna. teltplasser finn du etter at du har gått av bilveg. Ligg foresten ein liten gapahuk for rasting ved 300 m koten på veg opp mot borgafjellet lang stien du føl til bergen.
  22. La pluggane på avispapir og spraya laus, har holdt i mange år. Pussing, grunning og lakking høyres ut som overdrive mykje arbeid på eit par snøpluggar, keep it stupid simple!
  23. Apropos fangstanlegg i Reinheimen, veldig interessant program på nrk frå dette området: https://radio.nrk.no/serie/museum/DOOF01003917/30-09-2017
  24. Har ikkje sett den før, god artikkel. Har veldig lyst å bygge kajakk til junior, men må få tida til å strekke til.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.