Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    984
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    6

Alt skrevet av josteink

  1. Vart sitjande å sjå korleis boksen min kunne gjerast betre, dvs lengre brenntid og mindre sot, og kom over denne lenka. Han prøver litt ulik plassering av hol (ca 3-4min ut i video) og har brenntid på 28 min på kun ein fylling og openbart ingen soting. Eg har laga størst mogleg hol for mest mogle luft men her er det veldig små hol i botn.eg må kanskje laga meg ein til.
  2. US podcast om friluftsliv, litt om alt, litt utstyr, litt turområder og ein av dei betre synes eg: http://trustthetrailpodcast.com
  3. Ja har laga tilsvarande men med ein fiskebolleboks med ein maisboks inni.Min erfaring er at dette fungerar bra men at du må etterfylle ine del og at det er stor forskjell på korleis det brenn med og utan kjele oppå. Lagde fyrst med ein lang blikkboks inni, dvs ganske djupt brennkammer. Fekk problem med at det la seg eit lag med halveis utbrent kol i botn og dette blokkerte luftilførselen, noko som gjorde at det ikkje brant godt. På kommersielle varianter så er brennkammeret (dvs indre blikkboks) brei og ikkje spes djupt. Ser at han i videoen har ein ganske djup boks men det fungerar openbart for han. Er veldig rask å lage to ulike varianter av indre brennkammer så kanskje du vil prøve deg fram med ein djup og ein mindre djup? Opplever at vindskjermen eller toppdelen må vera ganske høg for at flammen skal få litt høgde og ha full effekt på kjelen. No trur eg det er ca 5 cm og at det gjer at når eg set kjelen på så soter det ein del. Er ganske vindutsatt og tek merkbart lengre tid når det er litt vind. Kan vera greit med ein vindskjerm av lett aluminium i tillegg. Mitt største problem var å finne blikkboks med rett diameter egentlig, greit å ha eit lite utval å velga mellom. Når dette er sagt så er dette ein veldig god måte å lage ein kaffikopp med lite brensel. I tillegg er det utruleg kor godt det brenn med denne varianten der det går oppvarma luft inn i topp av flammen. Vil anslå at det tek litt lengre tid med denne kontra ein del andre men ingenting slår eit lite minibål. Det er veldig enkelt å lage så berre å prøve. Kan legga ut nokre bilete av min variant.
  4. Spørsmålet når du skal tolke lov og forskrift er : Kva er intensjonen bak forbodet? Er intensjonen å sikre at det i områder med ulike vernestatus ikkje skal foregå fritidsaktivitet som kan føre til ulemper eller skade på fauna? Ein verneforskrift er ikkje uttømmande med tanke på kva aktivitet som kan føregå eller ikkje, så det er faktisk ikkje opptil kvar enkelt å drive tolkning her med utgangspunkt at det som ikkje er konkret nemnd er lov. Kall det ein brannfakkel men modellfly og drone er faktisk heil like.... sett i frå ein reinsdyrkalv eller hekkande fugl. Eg vil sei at det er ganske eintydig at der det ikkje er lov med modellfly må utgangspunktet vera at det ikkje er lov med drone.
  5. Det er vel ein tommelfingerregel at til lettare sekk til mindre vekt kan du bera komfortabelt i denne, ha det i bakhovudet. Er eit par her inne som er innanfor søket ditt, spesielt ULA-sekkane, og dersom du har litt skilling liggande er jo HMG veldig lette og med stort volum. Merk at ULA sekken så er alle lommer utanpå også tatt inn i volumet. Har ikkje ULAsekk sjølv men ser at dei får gode kritikkar. https://backpackinglight.dk/backpacks/60l-and-more/ Og så har du mytrail 70 L, denne er rammelaus, veg 900 gr. Har sett på denne men no lagar eg ein 65 L sjølv så då vert denne ikkje så aktuell. http://greenline.de.com/rucksaecke Og så har du exped og litt meir inne på denne engelske sida, nokon til ein grei haustpris: https://www.ultralightoutdoorgear.co.uk/equipment-c3/rucksacks-c19/all-rucksacks-c134/over-60-litres-t824
  6. Nerdetråd for folk som bruker for mykje tid på å sjå på utstyr, så her er mi liste... Masse billeg på ulike outlet så 5000,- held lenge for bu, bære , sove og matlaging: Sovepose dun Mountain Hardwear Ratio 32 Sherwood Regular 1799,- (Evt Sovepose - noko frå helsport sin outlet f eks Rjukan til 600,-) Sekk Osprey kestrel 1349,- (evt visst pris avgjerande Sekk frå helsport sin outlet - Trolltinden 45 L - 795-) Underlag - Biltema skumgummi, 2 for komforten si skuld - 100,- Telt - kinatelt - noko frå naturehike - cloud 2 - 917,- Primus Firemaple og gass og kokekar APG kjelesett - 123friluft.no 169,- + 169,- + gass til 50,- nok = 388,- Sum totalt = 4553,- Dette er eit oppsett som eg kunne brukt lenge, ref post over. Grei komfort og ikkje altfor tungt utstyr. No kostar jo kler ein del ting så ville nok roke eit par tusen her uansett. Dersom eg legg økonomi til grunn så ville lista blitt ca 1700,- billegare. Dersom du har f eks eit par mådader, dvs frå nyttårsfortsettet til mai, når snøen smeltar, så er det alltid ein del billeg på salg og ulike outlet. Dette er ein rimeleg måte å kome inn på utstyrsmarkedet på.
  7. Du må bestemma deg om det er lett telt eller bunkers du vil ha. Telt er eit kompromiss. MEN kjem du til å vera ute på overnatting på eksponerte plasser når det blåser storm styrke? Har ikkje Reinsfjell men det er ein del folk her som kan snakke om det teltet her i tillegg ligg dte ein del turerfaring på bjarnes turlogg. Har hatt mange tunneltelt og har vore ute i mykje vind på vidda, og har aldri vore i nærleiken av at teltet ikkje toler veret. F eks vil eit fjellheimen (har eigd eit tidlegare) kunne brukast til alt ver som er i norge på sommerstid med mindre du går på teltur med ungane når det er ekstremvarsel, det er min erfaring. Og det er alt for lite fokus på kva telt heller enn valg av teltplass. Har ikkje prøvd ULvariantane til helsport så kan ikkje sei noko om det men det ligg masse info om slikt her. Det finnes ein del lette 2mannstelt, f eks her er eit som er rimeleg og ok lett eller du kan gå for hilleberg nallo eller anjan 2 eller 3, desse er lette, solid og dyre.
  8. Artikkelen som er lenka til over framstår som polarisert og minst like overfladisk som dei insta-folka som den ønsker diskreditera. Når det på den eine sida vert kritisert at fargerike kle og telt må til for verta anerkjend og på den andre sida kun annerkjenner det gamle og tradisjonelle som autentisk kulturarv så er det sjølvmotseiande.Den norske kulturarven er òg folk i gul goretex med hengekøye som poster foto på insta i dag. Kom ikkje her og prøv å definer vekk andre måter å vera ute på sjølv om det ikkje er slik du meiner at det skal vera. Før du veit ord av det vil det til og med vera aksept for raude telt og espressomaskin på primus på tur. Ta med deg bosset ditt, far sporlaust utandørs og så får motivasjonen din for å vera ute vera ein sak mellom deg og telefonen din. Mvh Trekopp-jostein Influenser
  9. Med fare for ein avsporing frå tema men innanfor zpacks sine produkt, kor nøgd er du med tarpen til zpacks? Er den lang nok til å lage eit diamant oppsett, dvs ned til bakken på tre sider, er den lang nok til at du kan ha eit underlag utan at soveposen tek oppi duken då? Vurderar eit veldig lett oppsett med tarp til finver og denne tarpen er til vurdering.
  10. Er jo no mogleg å bestilla frå skandinavia evt europa: f eks www.https://backpackinglight.dk, https://greenline.de.com eller https://www.ultralightoutdoorgear.co.uk. har bestilt frå fyrstnemnde og det har gått heilt fint, dog ein del år siden. Er jo ein kostnad inne i dette men berre med å skifte ut sovepose og sekk så har du kutte ein del i vekt. For sovepose så vil jo sovepose med dun gjera at du kan kutta vesentleg, evt enda meir med ein quilt.
  11. No er det ei lita stund siden innlegget her vart posta men står ganske eintydig forklart at mva ikkje ligg i prisen på bestillingssida:
  12. Interessant butikk med kategorien: Oppblåsbare hoppeslått - Førstehjelpssett - Personleg pleie - Sports Tilskudd - Sportsmedisin Eg visste ikkje at Hoppeslått-kategorien var så seriøst i europa at det inngår både fyrstehjelp og medisin.
  13. Sett opp mot gass så blir det for min del meir søl med min MSR, men eg forvarmer med rødsprit i tillegg.
  14. Nokon burde arrangera ein teltfestival med visning av telt, der fokus er telt, tarp og enda meir telt, spesielt med fokus på litt mindre kjente teltmerker. Kanskje litt nerdete men eg hadde vore med
  15. Ser at det fleire stader er referert til at stormkjøken ekspoderte. Rødsprit er ein alkohol som ikkje er eksplosiv men brenn sakte. Eg antar at eksplosjon her er at det er tømt rødsprit oppi glovarm brennar som gjer at det tek umiddelbart fyr i denne. Uansett om ein skal bruke gass eller rødsprit så er det essensielt at det er litt kunnskap om bruken.
  16. Flott presentasjon av lettvektstelt i cuben/dynema @Memento mori. Men når du skal gå for eit lettvekts så er det jo lettare telt hjå zpakcs, bla plexamid. Nokon som har erfaring med dette opp mot duplex ut over meir plass? I tillegg har jo tarptent ein del lette modeller som er under 800 gr for einmanns, også i silnylon i tillegg har dei i år fått eit notch i cuben på snaue 600 gr.
  17. Ja, skjønar tidsadpektet. Kan sei at burger er undervurdert turmat, det er lett og raskt å lage. Før turen, skjær opp agurg/tomat/lauk/sylteagurk eller kva du likar i små biter og putt i pose, del burgerbrød og smør dressing eller ketchup på brødet og legg dobbelt og putt i ny pose (ikkje ha for mykje slik at brødet blir soggy). Det einaste du treng gjera på turen er å steika burgeren på 5-6-7 min (steik i smør!). Kjapt men ikkje så kjapt som real.
  18. Dag 1, når du ikkje har tenkt å gå langt og du har mulighet til ferskmat ville eg droppa real og rettikoppen. Gå for burger eller biff med gratinerte poteter eller komlamed salta lammekjøt og stappe eller anna kanongodt med rødvin og til kvelds tek du chips og øl eller ferske rundstykker med tomat og salami eller alt saman , yte og nyte! For min smak er det for mykje real og rett i koppen, men eg brukar aldri real på tur uansett. Kan du steike opp kjøttdeig i forkant, evt spekeskinke eller chorizo så kan du lage variert middag med det samen med tørrmat i fleire dager. Eg er glad i fenalår og flatbrød til kveldsgodt eller til lunsj. Frukost er alltid risengrynsgraut. Skal du innom turisthytte så har dei som regel porsjonspakninger med risengryns og havregraut, så du kan jo proviantete her (nb sjekk fyrst).
  19. 1. Feil med patron, det er sjelden men det skjer ein sjelden gong. 2. Når du skyt nedover eller oppover utan anlegg så endrer treffpunktet seg ofte fordi du endrer korleis du tek rekylen i skulder eller/og at du endrar korleis auge-sikte ligg. 3. Dårleg avtrekk kan utgjera mange cm. Synes det uansett var stort avvik på dyr på 70 m. Eg hadde gjentatt pusserutinen og prøvd på skytebane eller oppsatt blink på kjend avstand. Men sjølv svært gode skytterar får av og til 9 eller 8 utan at dei såg den, så det skjer.
  20. Med haust og mørketid ikkje for langt vekke må vi nytte godtversdagane når dei er her, det vil sei at ein må kome seg ut etter arbeidstid, plukke opp arvingane i frå oppvekstsektoren sine institusjonar og ta middagen ute. Vi har no fått ein ny favoritt på tur som danker ut pølsegrilling, nemleg innbakt pizza. På tur med småbarn så må middagen vera enkel, barnevennleg, ta kort tid og medføra minst mogleg søl. Vi har funne ut at tacolefser (grov variant), pizzasaus på glas (eller heimelaga variant), riven ost, spekeskinke og oliven er raskt, sølesikkert og godt likt av alle. Smør tomatsaus på halve lefsa, hiv på ost og skinke ++ (mulighetane er endelaus så lenge du kan brette lefsa) brett saken i to og steik to og to i steikepanna. Einaste ein må hugse på er å ha låg varme og passe godt på slik at det ikkje vert for kremert. Det er sikkert tusen oppskrifter om dette på nett allereie men ein god ting kan gjentakast Har du ein god middag som oppfyller kriteria over, så kom gjedna med den, vi vil gjedna utvide menyen litt
  21. Kun med tanke på tid, skulle likt å ha den innen neste fredag. Tusen takk for tips til butikk!
  22. Nokon som veit om ein nettbutikk som selger lett og liten paraply til tur i norge, td seatosummit sin paraply?
  23. Har siden innkjøp av trangiakjelen for ca 24 år siden aldri vaska den, mest fordi det er andre ting eg vil bruke tid og at det aldri har vore ein problemstilling egentlig. Sot på kjelen gjer ingen skade. Og ja det tek visstnok litt lenger tid å koke opp vatn ettersom bek isolerar men har eg tid til å fyre opp eit bål så er dei 2 minutta ekstra koketid ikkje noko problem. Ein svart kjele gjer mest inntrykk på folk som sjelden og aldri er ute, då er dette litt eksotisk og skummelt å drikke kaffi frå ein så svart kjele, litt som å ete fersk, rå filetert fisk som nettopp er dratt opp og dyppa i litt soyasaus.
  24. Kva bymark? Trondheim=nei. Bjørnen liker ikkje folk, og i bymarka i trondheim så er det masse folk, som gjer at bjørnen held seg langt vekke. Ein god del av folka i bymarka er trøndere og rbk-fans. Dette har ein skremselseffekt som knapt kan overvurderast :-).
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.