-
Innlegg
984 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
6
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Det er paradoksalt at for resten av landbruksnæringa skal subsidier fjernast men skogbruket skal ha auka løyvingar for å ta ut skog som i utgangspunktet ikkje er lønnsomt.
- 41 svar
-
- 1
-
Godt sagt men dei to siste sidene har utelukkande vore brukt til å diskutera/slå fast at personer med motsett meining er idiotar og ikkje er vits i å diskutera med (uavhengig av synspunkt). Debatteknikken "Dine-argument-gidd-eg-ikkje-diskutera-fordi-eg-er-uenig-med-deg-og-då-vil-eg-heller-kverulera-over-kor-idiot-alle-med-det-synet-er" bidreg vel berre til å løfte diskusjonen inn i 41ste side, og her er mitt bidrag for å nå side 42 . Eg er gamaldags og likar å lesa reflekterta innlegg uansett kva syn det representerar, så eg vonar at ei fortsetjing her kan fokusera på saka for dette er uniteressant lesing (ja eg veit eg treng ikkje lesa det...).
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
ThermaRest sine RidgeRest underlag - erfaring?
josteink svarte på Anders Eriksen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har det og brukar det heile tida, veldig bra underlag. Lett, tåler gnister frå bål og slikt. Tåler mindre enn bamse men har hatt mitt i 10 år, og brukar det masse. Ref underlag frå Jula: mi oppfordring er å kjøpe noko som varer i stadenfor å drive kjøp og kast av varer av dårleg kvalitet sjølv om det er billeg. Og er det billegare å kjøpe ei underlag som held 5 turar framfor å kjøpe eit som held i 10 år?- 8 svar
-
- 4
-
1. Ein regulering etter lova set ikkje tilside grunneigar sine rettar, dvs at planen kun regulerar kva arealbruken skal vera.I tillegg må det innhentast løyve frå den som sit som eigar av eigedomen for å få lov til å benytte seg av ei skuterløype ettersom det er grunneigar som framleis eig grunnen her. Snøskuter er (framleis) ikkje omfatta av friluftsloven, der ein kan ferdast utan løyve frå grunneigar. 2. Ein veg kan regulerast til offentleg eller privat, usikker på om skuterløype kan gjerast det same med. trur ikkje det offentlege vil ha ansvaret, då vil jo det offentlege ha ein god del utgifter med dette og det er nok ikkje noko kommunane ynskjer. 3. Ja, kun løyve til skuterkjøring langs løype. Imidlertid så viser jo følgeforskning frå telemark at folk køyrer ulovleg for å kome til godkjende løyper, og at det ikkje er ressurser til å følge opp kontroll. Kva skal kommunen bruka pengar til sjukeheimsplasser itl eldre eller tilsyn med skuterkøyring?
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Fornuftig rasjonell tenking uteblir litt når det er mørk, lyn og torden går i eit og det luktar svidd i lufta, og alustanga er 2 cm frå soveposen, men ettersom eg no sit innandørs med ein god kopp varm kaffi så er eg sjølvsagt enig med deg
- 317 svar
-
- 3
-
Hexamid solo plus tarp tent erfaring? - Utskilt
josteink svarte på RuneH sitt emne i Alle utstyrserfaringene
Flott bilete! Kva betalte du for dette ferdig levert i norge? -
How to pitch a tent on the glacier with one ice-screw.
josteink svarte på Polar Bear sitt emne i Telt og lavvo
Yes, always interesting to stay underneath or close to a glacier, defined as a body of ice thats moving Works well with coldbased glaciers. -
På varme dagar i i høgfjellet byggjer det seg ofte opp torever på ettermiddagen. Er du på ein høg topp og håret ditt byrjar å stå rett opp (grunna elektrisk ladningar i lufta) er det på tide å kome seg ned i terrenget, og når isøksa di byrjar å "synge" kan du tenke på nedturen
- 317 svar
-
- 2
-
JA! har lege i liten lavo med alusteltstang på flataste høgfjellet som finnes, med det versta tordenveret eg har opplevd rett over, låg veldig stille.... enkelte overnattingar hugsar eg betre enn andre.
- 317 svar
-
- 1
-
Eller ein vanleg pinsett som er flat framme funkerar veldig greit.
-
Sjekk www.skyss.no for ruteopplysningar.
-
Frå togstopp til bussterminal i Arna ca 50 m, kan ikkje ta feil. Men det er jo ein omveg å reise heilt ut til kysten, går som sagt buss Voss - Odda - Haukeligrend, utan at eg har sjekka rutene for denne datoen.
- 22 svar
-
- 1
-
Hei, er det nokon som har nokre gode toppturmål på nordsida av Rv7 på kvamskogen? mvh J
-
Har han utenpå goretex, ikkje som substitutt for regnkle, då kan eg sitje ei stund lenger før det vert for kaldt. Veg 0,7 kg men er ei god livsforsikring dersom noko skjer og eg må liggje ei natt i haustfjellet.
-
Ein ting som eg har med i sekken gjennom haust og vinter er jervenduken, den er god å ha når eg ska ta ein rast i silande yr eller kald vind, berre å tre den over hovudet så er ein god og varm
-
Hei, når vi er to stk og koker frukost, lunsj og middag så held ein liten biltemaboks i ca 2 dager, men opplever at dette varierar mykje i forholdt til temp pg evt vindskjerming og slikt. Brukar risengrynsgraut til frukost som treng litt koking i forhold til å berre varme vatn, same med middag.
-
radical er einlitt tyngre binding som kanskjeog er litt meir solid, speed radical er mindre og lettare og av nokon oppfatta som mindre robust. Eg seier kanskje fordi eg har ikkje opplevd at det er forskjell på dei to bindingane utan at eg driv hardtesting. Ser på nett at det for speed radical ikkje er anbefalt å droppe over 10 m, men for meg er ikkje dette så aktuelt med denne skia uansett. TLT speedturn har eg ikkje køyrd med og veit lite om. Leit litt på nett, står veldig masse om pros og cons om dei ulike, står ein del på friflyt.no også.
-
Vokl nukka er gode ski, har desse med dynafit binding. Dei er imidlertid rekna som smale ski i norge så kanskje du bør ha dei 10 cm lengre enn du ville valgt med ei breiare ski, for å ha god flyt og ikkje "falle gjennom" når du køyrer fort. Dette er imidlertid ei ski som eg har vald fordi eg ville ha ei lett ski som var ok nedover. Villa ha valgt ei breiare ski dersom eg fokuserte på nedoverkøyring. Ei grei allround ski til rando er 85-95 mm, men her er det mange meiningar ute og går. Nukka er smalare men eg er som sagt veldig fornøyd. Gjekk frå Vokl polarbear 96 mm på midten til denne og det er ei anna verd å gå oppover med Nukka, og eg angrar ikkje på å ha gått ned i bredde. Markerbindingen er blytung i forhold til Dynafit, skal du ha ski til topptur så er det ingen grunn til å gå for marker. Har kjøpt ein del ski på www.sportconrad.de, dei er jamt over rimeligare på randoski enn i noreg. Ser dei har Nukka med dynafit radikal kostar 509 euro, dvs 509 + frakt 20 euro (?) minus 19 % tysk moms x 8,25 (eurokurs) x 1,25 (norsk moms) = ca 4500,- . Dersom du går for Dynafit speed radical uten stopper med fangrem (som er dei eg har på mine ski) så vert det litt billegare. Mange vil ha stopper på ski (og det er lurt), eg gjekk for lettast mogleg. Elles er jo dynafit manaslu, dynafit sevensummit, osv osv, er blitt eit veldig godt utval i lette toppturski. Blar ofte vera ein del gode tilbod i ein del norske butikkar så det er berre å shoppe litt rundt her i landet også.
- 9 svar
-
- 1
-
Min erfaring er den samme, dei fungerar inne på hytte eller på tørre lyngrabber, ut ove det så blir dei for tynne. Brukar dei inne i forsvarets fotpose og det fungerar betre, genrelt er forsvarets fotposer noko av det beste eg har på føtna på vinterstid
- 22 svar
-
- 1
-
Raskaste er å ta tog til Voss og hoppe på buss til Odda, og deretter hoppe på haukeliekspressen. Tek ca 2 t til Odda og går vel omtrent ein buss kvar 2. time. Frå Odda og opp til Haukelisæter går det ikkje så ofte buss, sjekk www.haukeliekspressen.no. Har ikkje oversikt over austsida men toget må vel heilt til Drammen før kollektivlinjene møter kvarandre?
- 22 svar
-
- 2
-
Er planen å gå n-S på vidda eller A-V? N-S så kan det vera greit å parkera langs E134 over Haukelisæter og gå mot nord, f eks til Liseth eller Garen langs Rv7, eller omvendt. Går buss til Odda og inn fjorden til Eidfjord og opp til Maurseth. NB kan vera litt andre ruter i påsken med helligdager og skulefri, mange av bussane opp til Maurseth er skuleruter. Sjekk www.skyss.no .
-
Ja, det har du heilt rett i, alle kan ikkje kome seg ut eller rundt eller på anna måte gå langt. Men "forsøksprosjektet" (som vi disuterar i denne tråden) går ikkje på folk med ulike funksjonshemmngar, det går på alle. Vi kunne og hatt ein diskusjon på i kva grad ein skal tilrettelegge for ferdsel for alle men det høyrer heima i ein eigen tråd. At ein kanskje burde ha ein type handikapptransport langs nokre få utvalde strekningar er ikkje ein dum tanke, siden naturopplevingar er viktige i eit folkehelseperspektiv. Og berre for å ha sagt det og ikkje berre vera sur og negativ så synes eg at det heilt sikkert kan finnast løysingar for å kunne utvide skuterkøyring, f eks som det er vist i tidlegare innlegg om samlokalisering ved veg og skuterbaner/park. Det er i tillegg fleire turisthytter som har beltebiltransport der denne løypa bør kunne brukast av fleire. Imidlertid bør dette vera styrt frå regionalt eller nasjonalt nivå.
- 1 234 svar
-
- 1
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Spørsmålet om tal på forsøkskommuner dreier seg om kor mange kommuner ein kan ha inn i eit forsøk før det vert ein endra praksis og ikkje eit midlertidig forsøk, slik intensjonen i forsøkslova er tenkt. Når fleire av dei fremste på rettsvitenskap i norge har uttalt offentleg at å opne for at alle kommuner som søker får aksept for å vera med i "forsøket" er å sjå på som ei lovendring og ikkje i tråd forsøkslova (dvs alle som har uttalt seg offentleg). Dersom ein ynskjer å opne for at kommunane skal etablera skuterløyper så skal ikkje dette gjerast gjennom forsøkslova, men gjennom lovendring av motorferdselslova. Dette skjer ikke fordi at det tek tid og at det er usikkert om det er fleirtal for endringa, då er det enklare å ga bakvegen og sleppe desse tunge prosessane med alle dei som er så negative. For meg som innbyggjar er det eit problem at storting og regjering i praksis endrar lovgivning utan at det ligg ein demokratisk prosess i forkant, uavhengig av kva sak det gjeld.
- 1 234 svar
-
- 2
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
" Man trenger ikke ha fjellet fullt av løyper for å gi folk en mulighet til å komme seg." Kanskje folk må akseptera at dei må bevega seg for å kome seg ut? Og kanskje finnes det mindre konfliktfylte måter å tilrettelegga for at folk skal kome seg ut i naturen?
- 1 234 svar
-
- 1
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Har spurd spørsmålet mange ganger i denne diskusjonen men har aldri fått svar. Prøver meg igjen: Kva grunnar med ei samfunnsmessig overvekt av fordelar er det for å opne for at kommunen skal stå fritt til sjølv å opne skuterløyper?
- 1 234 svar
-
- 2
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med: