-
Innlegg
984 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
6
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Inngjerding av store områder som umuliggjør telting.
josteink svarte på Thoreau sitt emne i Generelt om friluftsliv
Grunniegar har ingen krav til å sikre gjennomgang eller ferdsel i utmark så lenge det er snakk om sikring av beiteområde. -
Ja, det er det bamseunderlaget. Godt og mjukt underlag. Eit tips er å gå på sider som sportsnett.no, fjellsport.no, komplettfritid.no, xxl.no og abboner på nyhetsbrev. Det er ikkje ei helg det ikkje er tilbod av eit eller anna slag på ulike nettbutikkar. Denne helga er det 20 % på telt på komplettfritid.no. Når det gjeld telt må du finne ut av kor mykje vekt kontra pris har å sei. Billegare telt = tyngre telt. Merk at Helsport sine telt ofte er + 10% i vekt dvs at . Dvs at helsport nordmarka tippar eg veg minst 3,45 kg, derfor er det ein viktig regel at når du går i butikk og ser på telt så veg telta der, du finn ofte ei fiskevekt i same avd (iallefall på xxl). Dersom du har 3000,- som øverste grense så har du eit par andre telt som kan vera verdt å sjå på M.a: http://komplettfritid.no/product/bergans-compact-light-3-pers-tent-green http://komplettfritid.no/product/bergans-compact-3-pers-tent-green (litt lavare telt, 100 cm innehøgde)
-
Telt: Nanokteltet vist ovenfor er mykje telt for pengane. Ser dei i tillegg har eit 2manns tunnel som er lettare. Evt så har dei nokre helsport til ein billeg penge på XXL. Ta ein kikk og sjå på dei innvendig. Vår erfaring er at 2mannstelt er knapt for 2 vaksne og bruker berre 3manns, men dersom det er sambuar du skal ut med så går det sikkert fint. Ikkje kjøp biltematelt eller slikt, kjøp eit skikkeleg merke, då har du telt lenge. Underlag: Nødvendighet! Mange ulike versjoner. Til sommer synes eg bamseunderlag vert stort og tungt, brukar dette http://www.oslosportslager.no/produkt/thermarest-ridgerest-solar-regular-liggeunderlag-25969.aspx. Har ein kamerat som berre brukar dette: http://biltema.no/no/Fritid/Friluftsliv/Bo-og-sove/Sovepose-og-liggeunderlag/Liggeunderlag-26751/ og synes det er heilt topp. Oppblåsbare underlag er meir komfortable men veg meir. Mange meiningar om oppblåsbarer underlag som du kan lesa meir om på forumet her. Sovepose: kjøp ein 3sesongerspose dersom du berre skal ha ein sovepose. Bør ha comforttemp til under 0 meiner eg, ikkje sjå på extremtemp, det er berre tull. Er det ei jente med på tur er sjansen stor for at ho treng ein enda varmare sovepose. Helsport alta er ein god og velprøvd 3sesongerspose: http://www.fjellsport.no/helsport-alta-dark-olive-v.html?utm_source=prisjakt&utm_medium=cpc&utm_campaign=prisjakt . Går du for dun er det halvparten av vekta og dobbel pris stort sett dersom du ikkje finn noko på tilbod. Stormkjøken: Eg ville ikkje tatt med stormkjøken. Grunnen er at effekten er låg, du kan ikkje hella oppi ny sprit så lenge brennaren er varm dvs lang tid på middag dersom du har noko som treng lang koketid, og ikkje minst masse vekt og styr. På den annan side er rødspritbrennarar idiotsikre, ting kan ikkje gå galt. Vurder heller primus med gassboks. Desse er enkle å bruke, høg effekt og lette. Sjå f eks: http://biltema.no/no/Fritid/Friluftsliv/Primus/Kokeapparat-Expedition-17607/ http://biltema.no/no/Fritid/Friluftsliv/Primus/Gassbeholder-17613/ Til vår, sommer og haust er dette å anbefale. Ser dei har ein versjon som står på bakken i tillegg. Kompass og kart: Ja, ta alltid med. Billegkompass er ok, karet bør vera 1:50 000 (standard kartverkserien). Kle: sjekk pakklistene på http://artikkel.ut.no/1.6685135 Vindtett held lenge så lenge det ikkje reknar, eg brukar tett bomull når det er finver. Alltid kjekt med hette på jakken uansett. God tur, legg gjedna inn ein post her om korleis turen gjekk og erfaringane dine!
-
Hei, sydde på ekstra pluggfester på teltet mitt. Brukte då desse i 10 mm bredde: http://www.extremtextil.de/catalog/Grossgrain-ribbon-Polyester-10mm::774.html tynne, lette og solide. Sydde på ein trekant med polyester med sider på ca 5-6 cm som underlag slik at det skulle vera meir enn berre teltduk der saumen var.
-
Eg ville gå for fleirdelt, helst 4 delt fordi det gjer enklare logistikk og ikkje har noko å sei på egenskapane. Ville i tillegg gått for 4 delt framfor teleskop. Surf litt rundt og sjekk priser, du får veldig gode sett til under 1000 meiner eg. Om stenger og snelle til 4000,- er betre enn til 2000,- får vera ein smaksak, eg meiner at det er små forskjellar som ikkje har noko å sei. Fiskar sjølv med stang og snell som vart kjøpt som sett til 800,-. Eg fiskar også berre med monofilament, synes multi er dritt når det gjeld knutar og fortomsoppsett på floge og dupp, men igjen her er det ein smakssak.
-
Rekn omtrent 3 km i timen som gangtempo + pauser. Greit tempo er 2 t effektiv gange før lunsj og omtrent 3 timer gange lunsj - middag, høyres ikkje så mykje ut men viser seg ofte å stemme på våre rolege turar. Då har du tid til å slappe av og nyte ein kaffi kopp også. Følg pakklista over og ting kan ikkje gå galt, ha ein flott tur!
-
Ja, eg har som sagt ikkje prøvd shangrila5 i ein hauststorm så ta utsagnet mitt med ei klype salt.
-
Liten krok gjer at du kroker godt men at du kan få ein del småfisk som har slukt kroken, stor krok gjer at småfisken ikkje klarar bite til men og at den store fisken er meir skeptisk og du får fleire bomhugg. Til verre fisken er å få til å sitje til mindre krok er ein grei regelEg brukar str 2-4 med lang krokstamme, eg ville ikkje gått under står 8. Nb: ulike krokmerker og ulike typer kan ha ulik str på same nr.
-
Shangrila 5 kan kun bestillast på nettsida til golite. Dersom du skal ha eit lett telt så er dette eit bra val, men dette ville eg ikkje brukt i ein hauststorm. Dersom du skal ha eit solid telt du kan bruka nesten uansett vêr så er Hilleberg sikkert eit betre valg men eg kan ikkje sei meir om dette, ettersom prisen er tre gonger så høg og eg ikkje har eit i teltbeholdningen min.
-
Go-Lite Shangr-La 5 (Utskilt fra Hva har du kjøpt nå)
josteink svarte på Larsdx sitt emne i Telt og lavvo
Flott at du postar litt om det teltet, har veldig lyst på dette som familietelt. Har Shangrila 3 og er veldig fornøyd. Bestilte du frå golite.com? kor lang tid tok det til du hadde det i posten? -
Fleire kommunar har hatt denne forsøksordninga i mangen mangen år og den har vore grundig evaluert av fleire ulike instansar, mellom anna direktoratet for naturforvaltning, jf. tidlegare tråd om "motorisert ferdsel i utmark". Ei lovendring tek lang tid. Det er ikkje gjort i løpet av sommarferien å vedta eit lovforslag, det skal vera grundige høyringsprosessar i forkant og det vet lagt opp til brei medverknad, noko som tek lang tid. Det er difor ikkje slik det vert hevda i tidlegare postar at det no ikkje er mogleg å kome med innspel og merknadar til lovvendringa for personar og organisasjonar, tvert i mot så skal ei lovendring gjennom grundige høyringsprosessar. Det er difor ein god måte der alle som har merknadar til endringa til å bidra i prosessen, i motsetning til å opne for dette gjennom eit anna lovverk, slik det vart forsøkt no gjennom forsøkslova.
- 85 svar
-
- 3
-
Søppel, Søppel og atter søppel
josteink svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg fiskar mykje langs fjord og kyst og ser at våre nye landsmenn frå tidlegare austblokkland føl opp den norske tradisjonenmed å legga att det ein ber med seg, enten det er plast, ølboksar (frå opprinnelseslandet), fiskesnøre, eingangsgrill (forby dritten) og alt anna. Bileta over er ingenting mot det ein del av dei polulære fiskeplassane ser ut som, desverre.- 30 svar
-
- 1
-
Høgfjell, heilårstelt? Gimle er jo eit tungt telt på 6 kg og xtrem òg. Evt er jo Bergans Wiglo 4 eit telt med stor plass men tungt. Kva med Helsport fjellheimen 4? Har hatt dette og det var eit romsleg telt som godt kan brukast store delar av året. Finnes i ein lettvariant men lågare fortelt. Eit lett alternativ med god plass er jo dette : http://www.golite.ch/pi/en/Shangri-La-5-Tent.html
-
Dupp/flue er veldig effektiv. Eg bruker bomberdupp, denne sikrer mindre snøretvinn enn dei tradisjonelle synes eg (http://www.pro-fish.dk/dk/shop/bombada-flaad-285.html). Anbefalar å nytte intermediat, desse fiskar betre enn rein flyt sjølv om det er blikkstille på overflata. Har ca 1,5 til 2 m ned til flågo. Dersom du ikkje har gjort dette før kan det vera greit å starte med 1 flåga, kan bli noko knuter med to så kan vera greit å finne ut korleis det er å fiske med før du knyter på to eller tre. Fiskar veldig veldig sakte, men prøv deg fram.
-
Innsbruck - fantastisk flott turmål, anbefalt
-
Flott at du konfronterar slikt. Paradokset er at ein gjekk frå ei ordning med vannskuter der kommunen kunne avsette område for vannskuter gjennom kommuneplan, til å opne for fri bruk overalt men med avstandskrav på 500 m til land, ein forutsetning som er nesten umogleg å handheve langs største delen av kysten.
-
Nei, dette gjeld at Sivilombudsmannen har vurdert regjeringa sin bruk av forsøkslova. Sivilombudsmannen representerar ikkje stortinget sitt syn men er ein uavhengig instans som vurderar offentleg forvaltning sin lovutdøving. Dei uttalar seg som ein fagleg instans med stor tyngde og det vil vera veldig spesielt dersom offentleg forvaltning ikkje rettar seg etter sivilombudsmannen sine uttaler.
- 85 svar
-
- 3
-
Hei, som nokon har vore innom tidlegare så er slutten av juni tidleg på vestvidda spesielt i områda torehytta-trolltunga, det kan vera store mengder snø her då og det er nok is på dei fleste vatna. Det har vore ein rekordtidleg vår i år men eg ville ringt til litlos og høyrd om snøtilhøva før eg for og i tillegg kanskje sendt ein epost til turistforeninga i Odda for å høyre kor mykje snø det er på vestsida. Ut over det er det ein flott tur du har skissert, masse fin natur og anna. Middag på Litlos skal vera bra, dersom du har tid kan du jo ta turen innom sandfloeggi, som er høgaste toppen på vidda.
-
Kva verktøy er best til å hole ut ein kopp?
-
Flott plass for ein telttur!
-
Hei, rimeleg jakke. Korleis er den i bruk, passform, hette, vindtetthet med meir?
-
Hei, korleis er jakka i bruk, er stoffet så tynt at det ikkje tåler ein tur gjennom vierkrattet? Er det for tett ved høg aktivitet?
-
vestsida av hardangervidda kan det vera ein del snø tidleg i juli, sentrale og austlege delar bør ikkej vera noko problem i juli. Lite snø i rondane i juli. vil du ha store tinder og slikt er kanskje ikkje hardangervidda plassen, sjølv om det er flotte toppar nord for rv7 og vestover mot hardanger. Hardangervidda er imidlertid stor så om du har 14 dagar så kan du få sett mange fine plassar. Kva med å gå nordover i rondande, masse toppar som er relativt enkle å gå på evt om du har tid kan du krysse vegen på Dovre, f eks gautådalsseter og gå utover Sunndalsfjella, litt vidde og flotte topper, interessant dyreliv.
- 16 svar
-
- 1
-
- fjellvandring
- dnt
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Har exped vela 1, stort fortelt egentlig og ikkje noko problem med hund, sjølv om eg kun har hatt med meg ein halvstor ein.
- 26 svar
-
- 2
-
Tusen takk for veldig gode svar Montane var eit merke eg ikkje har sjekka så det skal eg sjå på. Når eg skreiv superlett så meinte eg vel egentlig lett, dvs 100 eller 300 gram er ikkje så viktig, heng ikkje med i produktutviklinga på UL utstyr.