Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    984
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    6

Alt skrevet av josteink

  1. Helsport outlet har rimeleg dunjakker til under 1000lappen. No er det salg på ein rekke vintervarer DVs jakker og dun, surf litt rundt og du vil finne mange gode tilbod. Når det gjeld jakker og bukse så er det meir ein smakssak kva merke folk brukar egentlig. Bergans, norrøna, arcteryx, stormberg, mountainequipment, rab, hagløfs, berghaus osv osv osv har alle sine disiplar, berre kjøp noko av desse, det er ikkje så stor forskjell på dei ulike. Har brukt masse norrønaplagg i tillegg til ein heil del andre merker, og kan ikkje sei at norrøna er dårlegare kvalitet enn dei andre. Stormberg er det merke som er rimelegast, har ein del stormbergplagg og dei held vatnet omtrent like bra ute som dei andre nemnd over. Litt "rimelegare" finish på stormberg sine plagg som du merkar mest på passform. Skal du prioritera så bruk mest peng på sko, prøv ein del ulike og bruk tid på å finne gode sko.
  2. Hei, du treng ikkje ekstra varme for varmen si skuld men dersom du vil lage mat. Det er ikkje noko must å lage varm mat, brød, pålegg og liknande overlev du på MEN varm mat, pølser, rettikoppen og likande er ein ENORM trivselsfaktor for små ungar (og vaksne). Som varmekjelde kan du bruke parafin/bensinprimus, rødspritbrenner (stormkjøken), gassprimus eller bål. Dei to sistnemnde er å foretrekke. Gode soveposer, skikkeleg liggjeunderlag og gode kle (for meg vil det sei mykje ullkle) sørger for at du held varmen. Dersom du skal ligge ute i april og mai bør du ha soverposer som er rekna som 3sesongssoveposer og ikkje sommerposer. Ikkje kjøp fleecepose eller tøypose. Ettersom du har tre små så bør du vurdera barne eller juniorposer, desse er mindre og derfor ofte rimelegare. Dersom eit lite barn skal ligge i vaksenposer så er det veldig mykje volum å varme opp for ein liten kropp. Dersom du går for vaksenpose til dei så kan du snøre att halve posen eller brette den under beina på dei. Dei fleste vaksenposer kjem med temperaturskala for kva som er rekna som minimumstemp for bruk, typisk skrive som Tlim=-2. Helsport har ein outlet der dei sel ein del gode posar billeg: http://www.helsport.no/outlet/soveposer Mammut/Ajungilak er gode poser, isbjørn.no er gode poser, for å nemne nokon. Søk på sovepose barn på forumet her og du vil få masse info om ok poser.
  3. dersom du skal prøve å gjera dette rimeleg så sjekk brukt på finn.no og her på fjellforum. Ikkje kjøp billege og tynne soveposer, å sove godt er alt når det gjeld å sove ute. Biltema har rimelege primusar og gas, i tillegg til tynne underlag som du evt kan bruke to av.
  4. bussruter i hardanger : www.skyss.no
  5. Det er ein samanheng mellom vekt, volum og varme i soveposen. ser du på skikkelege vinterposer så er dei ofte rundt 3 kg og med tilsvarande volum. Eg har ikkje prøvd alle vinterposane men hadde ein grundig research for nokre år siden før eg skulle kjøpe og det ser ut til at fyllfiberet har same varmeeffekt uansett merke og at det var ein klår samanheng mellom tempskala og vekt.
  6. Varm nok dersom du ikkje ligg mykje under -15 men du vil nok kjenne det når det fell under -20. Eg har den gamle versjonen og det går greit til litt under -10, mulig at det er betre fyll i nyare posar. Dersom du kjøper tyin exp 5 sesong så kjem du i alle fall ikkje til å fryse. Alternativ : www.isbjorn.no
  7. Fordi då kan ein lage det ein vil ha sjølv. Ikkje alle mønster er moglege å få i butikk. I tillegg så er vinteren lang og mørk, då er det kjekt å ha ein inneaktivitet som er relatert til fiske. Er ikkje noko problem å basere seg på å kjøpe. eg kjenner mange som har kjøpt seg bindeutstyr men som ikkje har tålmodighet eller tid til å drive med slikt.
  8. Enig med siste taler, støtt dei lokale butikkane dersom du brukar kompetansen deira. Det er gull verdt å ha nisjebutikkar som veit kva dei sel og kan gje deg veldig gode råd, ikkje berre store kjeder og utanlandske nettbutikkar.
  9. Hei, Visst det du har er reine parkski så er nok dei så som så i forhold til å køyre og gå med på topptur vil eg tru. Dersom du likar å gå litt så vil du fort enda opp med å kjøpre deg toppturski uansett så eg ville tatt den investeringa no med ein gong. Er masse ski under 160 cm (men du kan sikkert trygt gå for opp til 165 cm). http://www.oslosportslager.no/produkt/dynafit-manaslu-20-women-toppturski-dame-1415-34482.aspx http://www.oslosportslager.no/produkt/k2-talkback-88-toppturski-dame-1415-34426.aspx http://www.oslosportslager.no/produkt/k2-wayback-82-toppturski-1415-34422.aspx http://www.oslosportslager.no/produkt/atomic-backland-drifter-toppturski-1415-34348.aspx Søk på sportconrad.de på ski 150-159 cm: http://www.sport-conrad.com/tourenski/2/ Og her får du ein del rimelege ski i korte lengder.
  10. Støtter Innsbruck, flottaste byen utanfor noregs grenser. Fint utganspunkt å fly inn til og reise vidare. Flust med flotte plassar oppover dalen, st anton og oetz (ikkje vore der men står på lista). Heile alpene satsar tungt på turisme så det er veldig godt organisert der. Overnattingsplasser, guida turar og bra øl finnes overalt i alpene. I tillegg er det enormt mange stiar og gangvegar, hytter av ulik standard med og utan servering. Vi har gått utan guide og det har ikkje vore noko problem, er som å gå ein tur i Jotunheimen. Finnes enormt mange reisebøker med turtips for heile austerike.
  11. Hei, saknar nokre ting på lista di for overnatting i januar. No vert det mørkt tidleg, i alle fall så lenge det ikkje er måne og klårt. Det er mange timar å ligge i teltet frå 5 til du sovner. Eg har alltid med meg ein liten radio og avogtil med meg ei bok. Sleng på litt snop eller chips og noko whisky eller liknande så er det ein fin kveld. Det beste er om du kan fyre opp eit stort bål kvar kveld og kan sitje ut, då er vinterovernatting ute 5stjerners opplegg
  12. Sko: viktigste er å finne sko som sit godt på foten din. Det er stor forskjell på sko. Gå i butikk og prøv (og kjøp) sko her som du veit passer. Ski: Skal du gå masse eller skal du kjøre masse trekk men vil ha muligheten til å gå? Er lette ski veldig viktig eller vil du dra på ekstra vekt for å ha ekstra moro nedover? Gode allroundski er ofte rundt 90 mm på midten. Smalare ski er lettare men gjer deg mindre flyt og breiare ski er tyngre men kan vera utfordrande på hardt føre. 90-95 mm breidde på midten er eit greit kompromiss meiner eg. Lengde på ski er ofte rundt kroppslengde +/- 10 cm. Korte ski er veldig gode til manøvrere og lette å svinge med men kan bli ustabile i stor fart, lengre ski er tyngre å svinge på små flater men gjer deg stor stabilitet ved høg fart. Personleg går eg for ski omtrent i kroppslengde. Finnes eit hav av ski, blir din personlege smak som avgjer, det er egentlig liten forskjell. Kjøper du dynafit, dynastar, Rab, k2 etc etc så er det nok ok ski. Dynafit Manaslu er lett og god toppturski ifg venner (har ikkje prøvd denne sjølv) Bindinger: ein dynafit type eller liknande, ikkje gå for tunge alpin-look-alikes.
  13. Det som er viktig når du skal velga sko er at dei sit godt på foten. Det er VELDIG stor forskjell i passform på ulike merker og modellar. TLT5 (og dynafit generelt) har smale sko. Mitt råd er at du prøver sko slik at du veit kva som passer før du kjøper. Kjøp av sko er i tillegg noko ein kanskje skal vurdera å gjera i ein butikk med flinke folk , slik at ein får den hjelpen ein treng.
  14. Eivind Astrup : Blant Nordpolens naboer. Har lest masse litteratur frå arktis og antarktis men denne er ein av dei beste, fordi den er veldig godt skrive og kva dei presterte på bakgrunn av utstyret dei hadde tilgjengeleg. Absolutt anbefalt lesning.
  15. Du seier ikkje noko om prisnivå på utstyr. Dersom du er på eit trangt budsjett så sjekk ut bruktmarkedet eller gå på outlet til helsport eller Bergans, her er det ein del bra utstyr til ein rimeleg penge, i allefall i forhold til det som er fullpris i butikk.
  16. josteink

    Fluefiskestang

    Snakk f eks med agdars : http://www.agdars.no/fiskeutstyr/fluefiske/fluefiskesett-70.html Sett til rundt 1000-1500,- vil vera meir enn gode nok til deg som nybegynner, vil du bruke meir pengar så er det berre å velga. Diskuter uansett med ei i butikken, dei er flinke folk.
  17. Sportsnett helgesalg: Macpac, en av våre største samarbeidspartnere på soveposer, tilbyr dunposer til alle formål. Vi tilbyr nå 30% på alle poser fra den New Zealand baserte dunspesialisten. Tilbudet randoneépakker er snart over og har sin siste dag søndag 21. desember på nett, og lørdag 20. desember i butikken. Siste sjanse til å sette sammen din drømmepakke til 30%
  18. Dersom du skal tasse rundt og sjekke jakt og fiskekort er det jobb i fjellstyre, FEFO eller SNO som stort sett dekker dette, dette er imidlertid ein veldig liten del av oppsyns eller forvaltningsarbeidet. Du må minimum ha ein bachelor innan biologi, økologi, naturgeografi eller naturfovaltning frå høgskule eller universitet. Du må imidlertid ikkje undervurdera arbeidspraksis og kjennskap til ulike forvaltningsmiljø, ein fot innanfor sikrar deg nemleg feltarbeid og sommarjobbar og naudsynt praksis. Reine oppsynsjobber er det stor rift om og krev stort sett mykje arbeidserfaring for å få fast stilling. Det er imidlertid mykje prosjektbasert arbeid i ein del av dette forvaltningssegmentet. Ein del kommunar har i tillegg folk som jobbar med naturforvaltning/utmarksforvaltning/viltforvaltning, fylkesmannen har mange ulike stillingar frå naturforvaltning til spesifikke prosjektarbeid på ulike artar og vassdragsforvaltning med meir, i tillegg til ansvar for dei fleste verneområde. Ulike friluftsråd har spennande arbeid knytt til utvikling og tilrettelegging av friluftsområde og forvaltning av desse, fylkeskommunen har no hjorteviltforvaltninga og ein god del forvaltningsoppgåver i tilknyting til friluftsliv. Det finnes i tillegg ein del veldig profesjonelle og gode private konsulentselskap som driv kartlegging og forvaltningsoppgåver på oppdrag for det offentlege ( i tillegg til ein del uproffe...). Med andre ord, ulike stillingar er der men dei krev nok at du enten har gode kontaktar og mykje arbeidserfaring og/eller har helst ein bachelor innan tidlegare nemnde retningar. Hugs imidlertid at det er aldri for seint å snu eller å ta litt tilleggsutdanning, så om du ikkje treff 100% med utdanninga di no så ordnar det seg nok
  19. Ekstremistrådet her er IKKJE kjøp teleskopstaver utan låseklips, dvs berre med vribar låsemekanisme. Har hatt fleire gipronstaver og kan anbefale dei, dei held så lenge du ikkje plasserar dei mellom deg og snøen når du dett i stor fart.
  20. For ordens skuld er det fjellski med stålkant og spenn eg her snakker om som langrennski.
  21. Mogleg eg har vakse opp i eit ekstremt miljø med ein gjeng ekstremistar i mitt nærmiljø, men eg vil alikevel hevda at å ha langrennski som er 15-20 cm over kroppslengde er aldeles normalt, og har elles ingen respekt for folk med andre preferansar :-9
  22. Har prøvd ulike kikkertar og Nikon er svært god kvalitet, dersom eg skulle kjøpt ein stor kikkert til 2k i dag så ville eg utan tvil gått for Nikon monark (litt dyrare) eller ein anna Nikon kikkert.
  23. Har korte fjellski, dette gjer at dei er gode til å klyve og svineg med MEN dei er vinglete når ein går rett fram og skal ha litt driv. Hadde tidlegare fjellski som var 25 cm lengre enn meg sjølv, veldig gode til fjell og alt mogleg. Hadde eg vore deg hadde eg vurdert 195 ++ dersom bruken er vidde og lange skiturar.
  24. Hei, har brukt litt forskjellig til parispulk. Kva du vel har litt med kva terreng du skal dra pulken i. Dersom det er relativt flatt og du ikkje skal gå mykje skråterreng fungerar nok tau heilt greit. Dersom det er litt meir kupert så ville eg gått for ein av desse (har prøvd alle tre): 1. tau igjennom trekkerøyr for elektriske ledningar (sånne kvite plastrøyr). Desse er litt stive men samstundes litt bøyelege. Då har du meir styring på pulken, spesielt i nedoverbakke. Fungerar bra synes eg, ville foretrukke desse framfor tau egentlig. Utfordinga er å få eit system der det er minstmogelg slark i festepunkt for å minimiera rykk og napp når du går. 2. Brøytestikker, sånne oransje eller svarte. Det ligg alltid masse slike som er øydelagt av brøyting eller anna i veggrøftene, eg har teke slike (NB ikkje ta dei som er heile og står og gjer sin jobb). Desse er stive, solide og kan modifiserast i alle variantar. Eg har her berre skore eit hol i kvar ende og teke ein karabinkrok igjennom, som er festa i meg og pulk. Veldig enkelt å tilpasse og å bore og fikse på. Brøytestikkene er imidlertid korte og enkelte som går med lange ski synes det vert for kort til pulken. Eg har aldri hatt det problemet. Same utfordring som med trekkerøyr i høve til det med slark og rykk i pulken. Her kan ein nok avstive dette systemet enda meir men eg har aldri gjort noko meir enn det med karabinkroksystemet. Vurderar å avstive meir i festepunkt til pulk. 3. Fjellpulken drag. Dette er nok det stivaste og best tilpassa draget, og det dyraste. I tillegg er det det som er mest sårbart for å få bøy på stenger. Håpar dette var til hjelp. Det er ein del bilete her på forumet av ulike løysingar, søk og les.
  25. Her er oversikt over iskjerner frå antarktis. Den viser at det aldri har vore registrert meir CO2 i atmosfæren enn det vi har i dag siste 650 000 år. http://www.ipcc.ch/publications_and_data/ar4/wg1/en/figure-ts-1.html
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.