Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    984
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    6

Alt skrevet av josteink

  1. Grei vekt og grei pris må ein kunne sei. Interessant at frakt frå US er rimlegare enn frakt frå Tyskland. Du får legga inn ein oppdatering når du har vore i eit skikkeleg lavtrykk!
  2. Flott blogg. Interessant nettside du hadde kjøpt tarpen frå. Kva kosta frakten og korleis er du nøgd med kvaliteten? Total vekt på tarpen?
  3. Ja, ein asfaltgauk er for stressa, helga er snart slutt, har dårleg tid, alltid dårleg tid, snart er det tilbake til asfalt og betong, kø og for masse folk. Men at folk som bur ute er meir avslappa til å søke opplevingar ute er noko eg ikkje kjenner att i det heile. Venner, bekjente og familie som bur meir grisgrendt er så vannvittig mykje ute at det er heilt surrealistisk. Så dersom du tenker at det å flytte til ein stad med flott natur og lite folk gjer at ein er mindre ute så kan du senka skuldrene og pakka kofferten, no worries.
  4. Nydeleg fisk, nesten utan lus og luseskader.
  5. Mange fine stader på byfjella å overnatte. Har drukke masse vatn her oppe, er ikkje noko problem å finne rennande vatn. Området i aust er det minst folk på dvs ned mot arna-grimevatnet. F eks ved borgavatnet er det både vatn og flott utsikt. Tidlegare var favorittplassen min rundt langediket-krokediket. Her er det både litt skog og vatn og flott utsikt mot vest, og småkupert terreng som gjer at det er lett å stikke seg vekk. Ligg heldigvis utanfor drikkevassone ser eg no. Orrfuglen sit som regel over bjørkebeltet i blåbærlyngen. Har hatt problem med å sove i mainetter her oppe pga spelande orrfugl.
  6. Ja, du får utnytta det mykje betre dersom du ikkje bur i by, sjølv om ein landsens mann/kvinne kanskje ikkje er like høgrøsta i sin tiljubling av grønt gras og snøkledde fjell. Men jubelen er der, kvar dag og kveld, og ikkje minst kvar sundag kveld når byfolka står i kø. Som ein del av gruppa som har flytta frå rurale strok til by så kan eg sei at når du bur på ein stad ikkje prega av kø og for masse folk så har ein eit litt meir avslappa forhold til det å vera ute, fordi du treng ikkje gå på ringstind i dag, evt kan du gjera neste helg eller neste helg, eller du tek deg berre ein kveldstur. Folk har forskjellige interesser både i bygd og by, det er faktisk ikkje så stor forskjell på folk i by og bygd, sjølv om ein del byfolk har overaskande gamaldagse fordommar om folk utanfor bompengeringen.
  7. Endra, beklager, såg ikkje at du skulle bu i hytte. Ta uansett med underlag, spade og fjellduk, alltid med på vintertur i fjellet.
  8. Dersom du kjøper eit standard loop, airflo, guideline eller anna av die kjente merkene er det stort sett bra. Litt forskjellig frå stang til stang men kjem an på kor fintfølande du er. Har du muligheten til å stikke innom ein god ffluefiskebutikk (dvs ikkje sportsbutikk) så kan dei stort sett gje deg gode tips.
  9. Kan vera greit å ha kjøken som er tilpassa ulike tilhøve. Har parafinbrenner til vinter, lett gassbrenner til lengre turer og den eg bruker mest på helgeturer og dagsturer er ein heimelaga raudspritbrenner som veg kanskje 30 gram + raudsprit. Brenner er kattematboks, underlag er leverposteiboks og vindskjerm er frå eingongsgrill. Raudsprit er basert på fornybar energikilde (ikkje petroleumsprodukt) og dette er dermed ein svært miljøvennleg brenner. Varmar 1 l vatn raskare enn stormkjøken. Minuset er at brensel veg noko og at det må fyllast på dersom du skal koke masse graut. Men i volum og vekt så er denne heilt super.
  10. Veldig imponert over handverket!
  11. Ikkje toll på stoff i metervare, jf toll.no importkalkulator. Antar kanskje at dette fell inn under dette?
  12. Ja, tenkte at dette gjekk under sportsutstyr, som det ikkje er toll på men dette går vel under materiale og der er det kanskje toll på? Har foresten ikkje betalt toll på materiale frå extremtextil så det er kanskje ikkje toll på det? MVA kjem i tillgg (25%) så det vil tilsei at total sum vil verta ca 2500,-
  13. Hm, 150$+86 x 8,5 = 2006 NOK. Nesten så eg sparar pengar på denne då. Er det nokon som har heatsealed noko som helst og veit om det er så enkelt som det framstilast som?
  14. 1. Eingangsbleier, brenner ikkje uansett, og er full av ulike kjemiske forbindelser som skal absorbera h2o + urea. Finnes mange ulike tøybleietyper, enkelt å skylle og i kombo med rispapir er det ganske reint. Minuset er at du må ha noko ok ver for tørking. Vi bruker tøybleier til vanleg men vi har gått for eingongs på tur, det er fordi vi er i nærleiken av bil. Personleg hadde eg gått for "nært-bilen-konseptet". 2. manduca eller ein av dei andre gode bæresler er veldig bra, bruker kun manduca og har droppa sjal fordi eg aldri fann ut av god knyting her. Raskare med manduca og heilt supert. MEN har gått med manduca på magen og tung sekk på ryggen. Dette har eg aldri gjort siden fordi det var ein så ubehageleg belastning på korsryggen min, må vera noko med vekt framme og bak og balansepunkt .... Så etter dette er konseptet ein veldig stor sekk og ein som har liten sekk og unge på skulder evt manduca. 3. Camp med morgonsol, kjekt dersom minsten vil opp i 6 tida
  15. Viktig vedtak: http://forskning.no/2016/12/eu-forbyr-helsefarlig-stoff-i-allvaersjakker
  16. Flott takk for svar! Enig i dette med smørefrie, men her lurte eg mest på om dette var "skikkelege" ski eller berre disneytull. Er generelt skeptisk til alt som er solgt med utspring i disney.(men har bilete av Ingstad på mine eigne ski.....).
  17. Fyrst må eg sei at du må berre kome deg ut, det er det viktigaste, ikkje sitt inne! Då lærer du masse. Men legg inn ein god sikkerhetsmargin. Med det meiner eg at du bur ved veg eller liknande og at det er terreng som er fint til dagsturer og lett å orientera i. Dvs ha ei hytte eller motel/hotell der du kan bu fast til du er trygg på ferdigheter. Mange hytter i skogsområder østland-sørland men eg er ikkje kjend med desse områda. Finn ei hytte eller overnatting som du kan køyre eller ta toget til. Sjekk ut.no og ta kontakt med DNT i oslo eller kristiansand.
  18. Hei, nokon som har erfaring med dei skia og som dei duger til ein 4åring?
  19. Hei, 1) kanskje du bør sei noko om kor i noreg du held deg så er det lettare å gje tips. 2)ja du kan bu på DNThytter mange netter. Nokre hytter må du bestille på i forkant. I tillegg er det ein del hytter som stenger heilt på vinterhalvåret så ver sikker på at dei er opne før du reiser. Dersom du aldri har vore på vintertur med ski før så finn deg ei hytte som det er kort veg til frå veg eller bane og bu der nokre netter, ta dagsturar og bil kjend med utstyr og begrensninger. Test utstyret ditt før du set i gong med hytte til hyttetur.Å orientera på vinteren er ein heilt anna verden enn å orientera på sommaren. Mange stader er det ikkje løypemerking før tidlegast vinterferie, sjekk dette med dnt før du evt reiser. Dropp teltturen no er mitt råd, bruk tid på å bli kjend med vinteren. Og sist men viktigast; ha respekt for vinterfjellet og vinterver!
  20. Mandat rovviltnemnd: " Rovviltnemndene har ansvaret for at den nasjonale politikken gjennomføres i sin region. Nemndene utarbeider en regional forvaltningsplan for rovvilt, og har ansvaret for prioritering av forebyggende og konfliktdempende virkemidler, samt ansvaret for de ulike jakt- og fellingsregimer for rovvilt i regionen." Reduksjon av rovdyrbestand og ingen bestandsmål på bjørn er vel konfliktdempande tiltak.....?
  21. Nei, vi kan påverka til etisk rett handel. Kor mange kjeks og sjokolader finn du i dag med palmeolje? Kor mange store produsenter av utstyr har eigen side som informerar om etisk handel? Kvifor miljøsertifiserar mangen bedrifter seg? Kvifor legg utstyrsprodusenter ut opne lister om produksjonen sin? Jo svaret er 1)fordi det er god reklame å vera "bærekraftig" 2) fordi produsentane tek eit samfunnansvar. Forbrukarane har stor makt, som mangen av eksempla over viser. Eg kan ikkje sjekka at alt går rett for seg på ein fabrikk i Vietnam men eg kan ta ansvar for mine egne kjøp ved å kjøpe eit produkt som produsenten seier er produsert under gode arbeids- og miljøtilhøve. Det mest effektive ein kan gjera er å ta ansvar for sine egne handlingar, om det er kjeldesortering eller kjøp av ny turjakke. Pengane kjem frå forbrukaren.
  22. JO kanskje hadde det vore litt dyrare men det er jo faktisk produsenter i Noreg i dag som lagar utstyr, f eks isbjorn.no og lanullva.no (og kom ikkje på sa mangen andre....). Men dersom ein ikkje kunne kjøpt telt til 1000,- nok i kina så hadde det kanskje vore marked for å starte ein teltproduksjon i noreg eler primus eller jakker eller kva det må vera. MEN det ville blitt dyrare men ikkje så dyrt som du skisserar.
  23. Fin kommentar når hanb forstod at han måtte byggje flåte, "noen har hatt det morsomt....".
  24. Listene over må ikkje lesast som at hemmeleghald = uetisk utbytting av arbeidarar. Den viktigaste grunnen til å halde produksjonsstaden hemmeleg er å unngå at andre får tilgong til produkt eller produksjonsmåte. Samstundes så er open og gjennomsiktig produksjonsmetode viktig for å ivareta miljøforsvarleg produksjon og hindre uetiske arbeidstilhøve. Dersom opne produksjonslister bidreg til dette så meiner eg at dette må eg som forbrukar bidra til. Når det gjeld billege kinakopier så må eg òg få sei at eg har kjøpt ein del småting direkte frå kina, men mi røynsle er at desse produkta er litt tynnare, litt mjukare, litt mindre solide og mindre haldbare. Ein får det ein betaler for. Difor har eg i større grad gått vekk frå direktehandel frå kina og kjøper heller av butikk i noreg, som igjen kjøper frå produsent i kina.
  25. Ja heil idiotisk å ha 3-4-5 gassbrennere fordi det går fint an med ein. Mvh 5-primuser-i-boden
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.