-
Innlegg
994 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Ser at det fleire stader er referert til at stormkjøken ekspoderte. Rødsprit er ein alkohol som ikkje er eksplosiv men brenn sakte. Eg antar at eksplosjon her er at det er tømt rødsprit oppi glovarm brennar som gjer at det tek umiddelbart fyr i denne. Uansett om ein skal bruke gass eller rødsprit så er det essensielt at det er litt kunnskap om bruken.
- 62 svar
-
- 5
-
-
Flott presentasjon av lettvektstelt i cuben/dynema @Memento mori. Men når du skal gå for eit lettvekts så er det jo lettare telt hjå zpakcs, bla plexamid. Nokon som har erfaring med dette opp mot duplex ut over meir plass? I tillegg har jo tarptent ein del lette modeller som er under 800 gr for einmanns, også i silnylon i tillegg har dei i år fått eit notch i cuben på snaue 600 gr.
- 80 svar
-
- 1
-
-
Ja, skjønar tidsadpektet. Kan sei at burger er undervurdert turmat, det er lett og raskt å lage. Før turen, skjær opp agurg/tomat/lauk/sylteagurk eller kva du likar i små biter og putt i pose, del burgerbrød og smør dressing eller ketchup på brødet og legg dobbelt og putt i ny pose (ikkje ha for mykje slik at brødet blir soggy). Det einaste du treng gjera på turen er å steika burgeren på 5-6-7 min (steik i smør!). Kjapt men ikkje så kjapt som real.
- 14 svar
-
- 2
-
-
Dag 1, når du ikkje har tenkt å gå langt og du har mulighet til ferskmat ville eg droppa real og rettikoppen. Gå for burger eller biff med gratinerte poteter eller komlamed salta lammekjøt og stappe eller anna kanongodt med rødvin og til kvelds tek du chips og øl eller ferske rundstykker med tomat og salami eller alt saman , yte og nyte! For min smak er det for mykje real og rett i koppen, men eg brukar aldri real på tur uansett. Kan du steike opp kjøttdeig i forkant, evt spekeskinke eller chorizo så kan du lage variert middag med det samen med tørrmat i fleire dager. Eg er glad i fenalår og flatbrød til kveldsgodt eller til lunsj. Frukost er alltid risengrynsgraut. Skal du innom turisthytte så har dei som regel porsjonspakninger med risengryns og havregraut, så du kan jo proviantete her (nb sjekk fyrst).
- 14 svar
-
- 2
-
-
1. Feil med patron, det er sjelden men det skjer ein sjelden gong. 2. Når du skyt nedover eller oppover utan anlegg så endrer treffpunktet seg ofte fordi du endrer korleis du tek rekylen i skulder eller/og at du endrar korleis auge-sikte ligg. 3. Dårleg avtrekk kan utgjera mange cm. Synes det uansett var stort avvik på dyr på 70 m. Eg hadde gjentatt pusserutinen og prøvd på skytebane eller oppsatt blink på kjend avstand. Men sjølv svært gode skytterar får av og til 9 eller 8 utan at dei såg den, så det skjer.
-
Med haust og mørketid ikkje for langt vekke må vi nytte godtversdagane når dei er her, det vil sei at ein må kome seg ut etter arbeidstid, plukke opp arvingane i frå oppvekstsektoren sine institusjonar og ta middagen ute. Vi har no fått ein ny favoritt på tur som danker ut pølsegrilling, nemleg innbakt pizza. På tur med småbarn så må middagen vera enkel, barnevennleg, ta kort tid og medføra minst mogleg søl. Vi har funne ut at tacolefser (grov variant), pizzasaus på glas (eller heimelaga variant), riven ost, spekeskinke og oliven er raskt, sølesikkert og godt likt av alle. Smør tomatsaus på halve lefsa, hiv på ost og skinke ++ (mulighetane er endelaus så lenge du kan brette lefsa) brett saken i to og steik to og to i steikepanna. Einaste ein må hugse på er å ha låg varme og passe godt på slik at det ikkje vert for kremert. Det er sikkert tusen oppskrifter om dette på nett allereie men ein god ting kan gjentakast Har du ein god middag som oppfyller kriteria over, så kom gjedna med den, vi vil gjedna utvide menyen litt
- 4 svar
-
- 12
-
-
-
Kun med tanke på tid, skulle likt å ha den innen neste fredag. Tusen takk for tips til butikk!
-
Nokon som veit om ein nettbutikk som selger lett og liten paraply til tur i norge, td seatosummit sin paraply?
-
Har siden innkjøp av trangiakjelen for ca 24 år siden aldri vaska den, mest fordi det er andre ting eg vil bruke tid og at det aldri har vore ein problemstilling egentlig. Sot på kjelen gjer ingen skade. Og ja det tek visstnok litt lenger tid å koke opp vatn ettersom bek isolerar men har eg tid til å fyre opp eit bål så er dei 2 minutta ekstra koketid ikkje noko problem. Ein svart kjele gjer mest inntrykk på folk som sjelden og aldri er ute, då er dette litt eksotisk og skummelt å drikke kaffi frå ein så svart kjele, litt som å ete fersk, rå filetert fisk som nettopp er dratt opp og dyppa i litt soyasaus.
-
Kva bymark? Trondheim=nei. Bjørnen liker ikkje folk, og i bymarka i trondheim så er det masse folk, som gjer at bjørnen held seg langt vekke. Ein god del av folka i bymarka er trøndere og rbk-fans. Dette har ein skremselseffekt som knapt kan overvurderast :-).
-
Fann flott teltplass eit par km før tinnhølen, 300 m på nedsida av vegen, nydleg område litt vekk frå rusjtrafikken. Stod bubil i kvar lomme på vegen verka det som. Med telt og litt rekkevidde var det mange fine plasser.
-
Takker, vi får ta ein kikk 👍
-
Og fleir blir det . Er det fine teltplasser rett før tinnhølen?
-
litt på etterskudd siden du allereie har handla men dersom du er i startgropa så kan du godt gå opp ein eller 2 snøreklasser, dvs dersom du har klasse 7 gå for klasse 8 eller 9 (men til fjellfiske burde du vurderar ei ny stang i klasse 5). Då har du mulighet til å lade opp stanga med mindre snøre og du kan skyte meir ut. Orvissnøret er sikkert bra, lukke til !
-
Les alt du kan på nett f eks her på sida. Du treng ikkje dyrt telt eller slikt. Men du må tenka gjennom kva budsjett har du? er du opptatt av lettast mogleg utstyr? Mine tips er : Gå for ein sovepose med komforttemp ned mot 0 grader, sekk mellom 55-60 L (til helgeturer er dette nok, til 1-2 vekes så vil ein del meine det er for lite), telt med innertelt og yttertelt (finnes eitdukstelt med litt netting og greier men gå for todukstelt). Finnes masse utstyr på bruktmarked på f eks finn.no. I tillegg er det nokre gode tilbod her, spesielt på sovepose og sekk: https://www.helsport.no/outlet Finnes ein del rimeleg telt f eks xxl og interessant tråd her: Tips til teltturområder i bergen. Heile byfjella f eks mellom ulrikken og rundemannen er bra. Lavterskeltur er banen opp på ulrikken og overnatting ved borgavatnet. Gullbotn og inn mot gullfjellet f eks risnestjødna eller noko slikt er fint, tog til hallingskeid eller liknande gjer deg mange fine turområder, Reppadalen i arna mm. Dette er områder du kan nå med kollektivtransport på ein enkel måte. Har du bil har du fleir valgmuligheter, berre spør om du lurar på områder. Tips no er å kome deg godt opp over tregrensa, siden det er ein god del knott og slikt for tida.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Hm, etter påske oppdaga eg at stålkanten på mine ingstadski er broten tvers av under binding. Er det lik det som du ha reparert? Dette er med andre ord eit kjent problem-
-
I utgangspunktet så tilseier mi røynsle at ein berre treng nokre få floge til ferskvannsfiske i norge, men avogtil er det kjekt med litt variasjon. Lemen og mus har eg funne i fisk ned til 300 gr, og det er jo litt meirmat i enn eit par mygg. Kropp er foam og kaninpels, hale er kaninstrimle, krok er laksekrok str 6, oppskrift frå nettet. Som rypejeger og fiskar satsar eg på smågnagarår 👍
-
Med ein ny pakke foam og litt tid på kvelden så fekk eg realisert ymse maur, grashopper, biller, stankelbein med meir. Mesteparten ender nok opp i boksen til unge slektninger, mine bokser er fulle så kjekt å kunne bidra til den yngre garde.
- 2 svar
-
- 11
-
-
Har fiska litt med marflo på hardangervidda men skal ikkje hevda å vera ein stor autoritet på området. Eg bruker brunleg eller oliven dubbing med litt glitter i, f eks ice dub. Har i tillegg hatt ein oransj variant som hunkjønn med egg utan at eg kan sei at denne har hatt noko større fangsteffekt. Generelt er dei vel oliven og brunleg året rundt. Binde dei ekstremt enkelt utan ryggskjold siden eg trur at bevegelse og måten dei vert fiska på er viktigare enn eksakt imitasjon, etter å ha ein del erfaring med fiske med småreker og tanglopper etter sjøaure i sjø.
-
Tips til bibio er å bruke ein flygemaur i str 12, med foamkropp.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Ta med fluer som er litt av og alt og ikkje sats på eksakte imitajoner av noko, seletivitet er oppskrytt og misforstått. Ha få fluer en i mange ulike str. 1) stor og høgtflytande hjortehårsflue som streaking caddis, humphy, devils bud eller liknande 2) ein veldig stor del av føden til fisk på fjellet er mygg i små str. eg har med ein liten klekkervariant som eg bruker som tørr og klekker, desse er dubbingkropp og litt hackel rundt krokstammen under hovudet. Eg meiner at klekkere er meir allround ein rein tørrflue men dersom du vil gå der så kan du jo ta noko smått som griffiths gnat, black gnat eller adams eller liknande i små (dvs 16-18). Fisk er ofte selektiv på størrelse er min erfaring. 3) gå under overflata, march brown, imiterar alt og ingenting, ha denne i 10-16. Ut over dette så treng du strengt tatt ikkje noko meir meiner eg. Dersom du vil henga på noko meir så kan du gå for 4) gullhodenymfe, som du kjem djupt ned med og 5) streamer som td dynamitt eller ein zuluvariant.
- 12 svar
-
- 4
-
-
Du kan evt vurdera å gå inn frå haukelisæter og nordover dersom det er mykje snø på vestvidda, fin fisk i mange vatn, store og små her, og nordover er mulighetane endelause. Dersom du går mot Litlos så er heile område nordover mellom kvenna og normannslågen fylt med flott fiskevatn. Hugs at gode fiskevatn ikkje er lik fisk, speiselt gjeld dette på vestvidda der fiske kan vera lett og eller skikkeleg vanskeleg alt etter som. Sluk: lillauren eller spesial i kopar og raudt.
- 25 svar
-
- 2
-
-
Nei til elsykkel og sykler med gir i marka! Bidrar til at folk kan sykle overalt og så er det jo ingen helsegevinst med dette. Tenkt, no får du sykler med 21 gir, jeeezzeezzzi. Ta heller bilen, det er ikkje juks eller du kan sykle med singelspeedsykkelen din. Slitasjen blir mindre med singelspeed også... flott at debatten om elsykkel ALLTID munner ut i ein diskusjon om kor lite helse det er å vera i fysisk aktiv med litt mindre belastning enn det er å sykle med sykkel utan elmotor, og med det ser elegant forbi det faktum at dette erstatter å sitje i bilen eller bussen og at elsyklister faktisk bevegar seg meir enn dei ville gjort utan elsykkel. Slitasje er eit generelt problem som er knytt til auka bruk, og det er noko vi må regulera gjennom tilrettelegging eller forbud. Kom deg ut på sykkel eller elsykkel, så slepp skattepengane mine gå til å bøta på dårleg folkehelse
-
elsykkel skal vera tråassistert, dvs at den ikkje kan gå kun på elmotor men MÅ drivast fram med pedaler. I tillegg er det eit lovkrav om at motorkraft ikkje kan assistera over 25 km/t. Dette betyr at alle framkomstmiddel som går av seg sjølv med motorkraft er køyretøy og går under desse lovverka. Dvs at opning for elsykkel IKKJE er det same som å opne for elmotorsykkel. Hjelpemotor kan maks vera 250 W. Meir info HER.
-
Usikker på om eg vart sertifisert i sløyd og handverksfaga i grunnskulen og produktet er vel prega av på vera produsert ein sein fredag forsynt med heimabrygg, men ettersom eg har ein del stoffrestar og slikt liggande så tenker eg at eg skal klare å klora saman noko. Skal prøve å oppgradera overtrekka til yeti-look-alike, timewillshow.
- 14 svar
-
- 1
-