Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    994
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Fleir bilete
  2. Behov Trengte ein sekk til overnattingstur dvs ca 45-50 l som kunne rullast saman og fekk plass i kajakk og i sykkelveske. Dvs inga ramme. korleis Tok ein gamal og lite brukt 56 l sekk, klypte den opp og putta ryggplate i skumgummi, sele og hoftebelte til side. Fann noko silnylon og sydde til ein boks på 20x30x60 cm med nettinglommer + rulletopp. Inspirasjon var litt zpacks, mytrail og hmg. Sydde dette på ryggstykke frå gamal sekk og sette på skulderreimer. Lagde ein masse hol i hoftebelte, tok av stoff her og erstatta med silnylon. Brukte alt av reimer og spenner frå den gamle sekken. Kjøpte kun netting og 2 spenner. Resultat voila så har eg fått meg ein ny og lett ryggsekk på 600 gr som er ca 50-55 l, til ein veldig billeg penge. Bilete viser saman med osprey 58 l. Har prøvd 1 t med 7 kg i og den er god på ryggen, sit stabilt og fast. Overaskande lett når dei vanskelege delane, rygg, skulderreimer og hoftebelte, kunne gjenbrukast. Redesign av friluftsutstyr. No rotar eg i boden for å finne andre ting eg kan sette saksa i :-).
  3. Sko med få sømmer og tjukt skinn holder lengre enn sko med masse sømmer og semska skinn eller tøygreier. Når eg var mykje ute på tur så holdt eit par sko som td crispi besseggen i 2 år, då var sålen heilt slitt ned. Skinn sko som supre Scarpa SL holdt 3 år får sålen var slitt ned, men skinnet her er mykje betre enn typisk besseggen og skarven, som har mykje tynnare skinn. Skikkeleg skinnsko er meir holdbar men krev meir stell og er tyngre enn membranlettvektar er min erfaring.
  4. Litt frustrasjon som skal ut no. Eg kjøper mykje på finn fordi 1)har ein tanke om at å kjøpe brukt reduserar forbruket mitt og 2)det er veldig mykje bra friluftsutstyr som ligg ute. MEN ein del reglar burde ligge i bakhovudet på folk som legg inn annonser. Dette er mellom anna at alt som er gamalt, dvs eldre enn 5 år er ikkje retro eller vintage og kan med det doblast og 3doblast i pris. SKriv rett ut at dette er eit gamalt telt eller ein gamal primus, ikkje sett retro framfor alt som er gamalt. Ja det er sikkert ein def på retro og folk må få gjera som dei vil bla bla. Visst du har ei god gamal fiskestang å selga så sei "god gamal fiskestang" ikkje "Retro fiskestang kr 5000,-". Bra utstyr er bra utstyr, du treng ikkje snobbe det opp. Og når du legg ut noko så sjekk prisen i resten av den digitale verden. Har du brukt noko så kan du ikkje selga det dyrare eller like dyrt som nytt. Når Ringstind SL1-2 ligg på Helsport sin outlet til 3799,- så bør du kanskje ikkje legga den ut til 4900,-... finn.no har masse bra men ein del ting er håplaust overprisa. Det er greit, det er jo opp til kvar enkelt å sette prisen og enda opp med å ikkje selga men av og til tenker eg at "jeeeezzzeeezzz, ta deg 5 min research". Dette var ein synsebasert ytring som kommenterar folk sine frie val, eg er klar over det, men av og til slår den sosiale-kontroll-nerden inn over meg. Rår alle til å bruke finn.no til å kjøpe utstyr, det er overaskande mykje bra der ute. Dropp billeg kinashit, kjøp brukt
  5. Har eit par plagg som er arva og er 30 år og eldre, og som framstår som uslitelige. Eit av desse er min eminente blå bomullsanorakk som er arva frå bestefar min, av merket Skogstad. Eg veit ikkje kor gamal den er men tipper på tidleg 80 eller 70 tal som betyr godt over 30 år og framleis svært god. OG eg får masse positive tilbakemeldingar om at det er ein flott jakke. Eg tenker jo at det er svært få, om nokon, av mine plagg som kjem til å ha ei levetid på over 30 år. dei fleste av mine friluftsplagg har levetid under 5 år....
  6. Ja på den sida du har sett opp teltet er det ikke noko drikkekvatn, drenerer til samnanger. Flott bilete!
  7. Ingstadskia har bittelitt spenn men det er lite så ja det er litt smørelomme men veldig lite. Vekt på skiløper har lite å sei når det er så lite som det er på desse skia. Nårt det er sagt så har eg brukt desse skia i eit par år til ulendt kupert terreng utanfor opptrakka spor og eg er nøgd med dei til dette bruket. Skulle eg gått lengre turar i flate områder er det betre å ha ski med meir spenn.
  8. Hei, vi har fjellpulken barnepulk og pariser. Har brukt barnepulken litt men når vi er på tur med eldstemann 4 år så har vi gått over til å laste opp pariserpulken med alt utstyr og lage eit rom framme eller midt i der ungen sit. Vi har brukt Underlag, reinsdyrskinn og jervenduk og då er det godt og varmt. Viktig å ha godt underlag siden det kun er eit tynt plastlag til underlaget slik at alle humpar og ujamnhetar kjennes svært godt dersom du sit oppi. Denne løysinga er veldig fleksibel, dvs at det er lett for ungen å kome inn og ut av pulken, det er stort lastevolum og pariser er veldig lett å laste inn og ut og kan brukast til akebrett med meir. Og ikkje minst så er det lett for ungen å hoppe oppi utan å ta skia av dersom det er ein litt bratt bakke (det går sikkert an med fjellpulken og). Minuset er at den er mindre stabil men som sagt der vi går bruker vi dette oppsettet. Sist vinter så var ikkje fjellpulken ute av garasjen. Fjellpulken er veldig god å dra lengre strekker og er stabil på variert underlag. Den har liten lastekapasitet, usikker på om du får bagasje til 2-3 døgn med oppi den med ein unge i, vi hadde ikkje klart det. Men med pariser kan du berre henge den bakpå fjellpulken og dra 2 pulker. Fjellpulken fungerte veldig bra når det skal sovast 1 t medan eg ruslar rundt med ski innover fjellet. Som sagt så kjem det litt an på behovet og kvar du går. Vi går ikkje på noko lengre turar i ulendt terreng så pariseroppsettet fungerar strålande for oss.
  9. Nei, den kjelestøtta passa best i barnebursdag!
  10. Vart sitjande å sjå korleis boksen min kunne gjerast betre, dvs lengre brenntid og mindre sot, og kom over denne lenka. Han prøver litt ulik plassering av hol (ca 3-4min ut i video) og har brenntid på 28 min på kun ein fylling og openbart ingen soting. Eg har laga størst mogleg hol for mest mogle luft men her er det veldig små hol i botn.eg må kanskje laga meg ein til.
  11. US podcast om friluftsliv, litt om alt, litt utstyr, litt turområder og ein av dei betre synes eg: http://trustthetrailpodcast.com
      • 2
      • Liker
  12. Ja har laga tilsvarande men med ein fiskebolleboks med ein maisboks inni.Min erfaring er at dette fungerar bra men at du må etterfylle ine del og at det er stor forskjell på korleis det brenn med og utan kjele oppå. Lagde fyrst med ein lang blikkboks inni, dvs ganske djupt brennkammer. Fekk problem med at det la seg eit lag med halveis utbrent kol i botn og dette blokkerte luftilførselen, noko som gjorde at det ikkje brant godt. På kommersielle varianter så er brennkammeret (dvs indre blikkboks) brei og ikkje spes djupt. Ser at han i videoen har ein ganske djup boks men det fungerar openbart for han. Er veldig rask å lage to ulike varianter av indre brennkammer så kanskje du vil prøve deg fram med ein djup og ein mindre djup? Opplever at vindskjermen eller toppdelen må vera ganske høg for at flammen skal få litt høgde og ha full effekt på kjelen. No trur eg det er ca 5 cm og at det gjer at når eg set kjelen på så soter det ein del. Er ganske vindutsatt og tek merkbart lengre tid når det er litt vind. Kan vera greit med ein vindskjerm av lett aluminium i tillegg. Mitt største problem var å finne blikkboks med rett diameter egentlig, greit å ha eit lite utval å velga mellom. Når dette er sagt så er dette ein veldig god måte å lage ein kaffikopp med lite brensel. I tillegg er det utruleg kor godt det brenn med denne varianten der det går oppvarma luft inn i topp av flammen. Vil anslå at det tek litt lengre tid med denne kontra ein del andre men ingenting slår eit lite minibål. Det er veldig enkelt å lage så berre å prøve. Kan legga ut nokre bilete av min variant.
  13. Spørsmålet når du skal tolke lov og forskrift er : Kva er intensjonen bak forbodet? Er intensjonen å sikre at det i områder med ulike vernestatus ikkje skal foregå fritidsaktivitet som kan føre til ulemper eller skade på fauna? Ein verneforskrift er ikkje uttømmande med tanke på kva aktivitet som kan føregå eller ikkje, så det er faktisk ikkje opptil kvar enkelt å drive tolkning her med utgangspunkt at det som ikkje er konkret nemnd er lov. Kall det ein brannfakkel men modellfly og drone er faktisk heil like.... sett i frå ein reinsdyrkalv eller hekkande fugl. Eg vil sei at det er ganske eintydig at der det ikkje er lov med modellfly må utgangspunktet vera at det ikkje er lov med drone.
  14. Det er vel ein tommelfingerregel at til lettare sekk til mindre vekt kan du bera komfortabelt i denne, ha det i bakhovudet. Er eit par her inne som er innanfor søket ditt, spesielt ULA-sekkane, og dersom du har litt skilling liggande er jo HMG veldig lette og med stort volum. Merk at ULA sekken så er alle lommer utanpå også tatt inn i volumet. Har ikkje ULAsekk sjølv men ser at dei får gode kritikkar. https://backpackinglight.dk/backpacks/60l-and-more/ Og så har du mytrail 70 L, denne er rammelaus, veg 900 gr. Har sett på denne men no lagar eg ein 65 L sjølv så då vert denne ikkje så aktuell. http://greenline.de.com/rucksaecke Og så har du exped og litt meir inne på denne engelske sida, nokon til ein grei haustpris: https://www.ultralightoutdoorgear.co.uk/equipment-c3/rucksacks-c19/all-rucksacks-c134/over-60-litres-t824
  15. Nerdetråd for folk som bruker for mykje tid på å sjå på utstyr, så her er mi liste... Masse billeg på ulike outlet så 5000,- held lenge for bu, bære , sove og matlaging: Sovepose dun Mountain Hardwear Ratio 32 Sherwood Regular 1799,- (Evt Sovepose - noko frå helsport sin outlet f eks Rjukan til 600,-) Sekk Osprey kestrel 1349,- (evt visst pris avgjerande Sekk frå helsport sin outlet - Trolltinden 45 L - 795-) Underlag - Biltema skumgummi, 2 for komforten si skuld - 100,- Telt - kinatelt - noko frå naturehike - cloud 2 - 917,- Primus Firemaple og gass og kokekar APG kjelesett - 123friluft.no 169,- + 169,- + gass til 50,- nok = 388,- Sum totalt = 4553,- Dette er eit oppsett som eg kunne brukt lenge, ref post over. Grei komfort og ikkje altfor tungt utstyr. No kostar jo kler ein del ting så ville nok roke eit par tusen her uansett. Dersom eg legg økonomi til grunn så ville lista blitt ca 1700,- billegare. Dersom du har f eks eit par mådader, dvs frå nyttårsfortsettet til mai, når snøen smeltar, så er det alltid ein del billeg på salg og ulike outlet. Dette er ein rimeleg måte å kome inn på utstyrsmarkedet på.
  16. Du må bestemma deg om det er lett telt eller bunkers du vil ha. Telt er eit kompromiss. MEN kjem du til å vera ute på overnatting på eksponerte plasser når det blåser storm styrke? Har ikkje Reinsfjell men det er ein del folk her som kan snakke om det teltet her i tillegg ligg dte ein del turerfaring på bjarnes turlogg. Har hatt mange tunneltelt og har vore ute i mykje vind på vidda, og har aldri vore i nærleiken av at teltet ikkje toler veret. F eks vil eit fjellheimen (har eigd eit tidlegare) kunne brukast til alt ver som er i norge på sommerstid med mindre du går på teltur med ungane når det er ekstremvarsel, det er min erfaring. Og det er alt for lite fokus på kva telt heller enn valg av teltplass. Har ikkje prøvd ULvariantane til helsport så kan ikkje sei noko om det men det ligg masse info om slikt her. Det finnes ein del lette 2mannstelt, f eks her er eit som er rimeleg og ok lett eller du kan gå for hilleberg nallo eller anjan 2 eller 3, desse er lette, solid og dyre.
  17. Artikkelen som er lenka til over framstår som polarisert og minst like overfladisk som dei insta-folka som den ønsker diskreditera. Når det på den eine sida vert kritisert at fargerike kle og telt må til for verta anerkjend og på den andre sida kun annerkjenner det gamle og tradisjonelle som autentisk kulturarv så er det sjølvmotseiande.Den norske kulturarven er òg folk i gul goretex med hengekøye som poster foto på insta i dag. Kom ikkje her og prøv å definer vekk andre måter å vera ute på sjølv om det ikkje er slik du meiner at det skal vera. Før du veit ord av det vil det til og med vera aksept for raude telt og espressomaskin på primus på tur. Ta med deg bosset ditt, far sporlaust utandørs og så får motivasjonen din for å vera ute vera ein sak mellom deg og telefonen din. Mvh Trekopp-jostein Influenser
  18. Med fare for ein avsporing frå tema men innanfor zpacks sine produkt, kor nøgd er du med tarpen til zpacks? Er den lang nok til å lage eit diamant oppsett, dvs ned til bakken på tre sider, er den lang nok til at du kan ha eit underlag utan at soveposen tek oppi duken då? Vurderar eit veldig lett oppsett med tarp til finver og denne tarpen er til vurdering.
  19. Er jo no mogleg å bestilla frå skandinavia evt europa: f eks www.https://backpackinglight.dk, https://greenline.de.com eller https://www.ultralightoutdoorgear.co.uk. har bestilt frå fyrstnemnde og det har gått heilt fint, dog ein del år siden. Er jo ein kostnad inne i dette men berre med å skifte ut sovepose og sekk så har du kutte ein del i vekt. For sovepose så vil jo sovepose med dun gjera at du kan kutta vesentleg, evt enda meir med ein quilt.
  20. No er det ei lita stund siden innlegget her vart posta men står ganske eintydig forklart at mva ikkje ligg i prisen på bestillingssida:
  21. Interessant butikk med kategorien: Oppblåsbare hoppeslått - Førstehjelpssett - Personleg pleie - Sports Tilskudd - Sportsmedisin Eg visste ikkje at Hoppeslått-kategorien var så seriøst i europa at det inngår både fyrstehjelp og medisin.
  22. Sett opp mot gass så blir det for min del meir søl med min MSR, men eg forvarmer med rødsprit i tillegg.
  23. Nokon burde arrangera ein teltfestival med visning av telt, der fokus er telt, tarp og enda meir telt, spesielt med fokus på litt mindre kjente teltmerker. Kanskje litt nerdete men eg hadde vore med
  24. og ikkje minst mykje meir søl...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.