-
Innlegg
984 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
6
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Hei, dersom du skal ha 4 måltid om dagen så blir det ein del mat å bera. Eg har alltid med meg frukost, lunsj og middag, sistnemde vert eten på ettermiddag-kveld. Har då aldri behov for eit kveldsmåltid. I tillegg er det godt å ha noko kjeks, fisk eller etkvart seint på kvelden framfor bålet, men i femund burde du kunne satse på fisk. Rømme og smør held seg ganske mange dagar, du merker etterkvart at det vert harskt, til å steike i bruk olje. Mht middag, så er eg ikkje så glad i realturmat og ville supplert med : - ferdig steikt kjøttdeig, pasta og pastasaus, kjøttdeig og gryterett, fiskeposesuppe med sjølvfiska fisk og heimetørka grønnsaker, potetmos og betasuppe blanda i kvarandre + litt salt pølse, ris og parisiennesaus med fisk, evt ris kokt med ein buljongterning og fisk (veldig godt!), gratinerte poteter (posepakke, liten og lett) + steikt lungemos (godt krydra) m.m. I tillegg kan du jo vurdera om du skal dra med deg ein biff samt litt friske grønnsaker som du steiker til fyrste dagen, då skal du kanskje ikkje bera så langt alikevel... Fordelen med real er jo at du ber lettare og har enkel tilberedning. Ta i tillegg med ein 3-5 hg sukker, kan vera at du finn ein del bær (blåbær, molter, tytebær etc etc). Då rører du ut med litt sukker og har ein kongedessert
-
Hei, som det er sagt, lag litt lyd, nynn og plystr når du går i tett vegetasjon og ikkje har oversikt. Er elg og kalv som kan vera int å møta på, men har fleire gonger passert ku og kalv på nært hold så dei fleste er ikkje aggresive. Moskus, sikkerhetsavstand ca. 200 m, dei gidd normalt ikkje koma springande etter deg så med mindre du trakkar deg tett opptil dei så går det fint. Dessutan så vil du nok møta dei i opent lende og då er det jo ikkje noko problem å få auge på. Flotte dyr foresten.
-
Ja, spesielt på austvidda er det heilt på tryne med private vatn. Ville vore grusomt om nokon tok ut nokre fiskar med stang i dette området... Mykje betre på vestvidda i så måte, med store statsallmenningar som ein no kan kjøpa kort for samla. Dersom du skal ha kort for Kinso området så ta å ring til turistinfoen i Kinsarvik, har tidlegare ordna det slik at dei sender giro som eg betalar og tek med som gyldig fiskekort.
-
Vidden i Bergen - mulighet for fottur 1. mai?
josteink svarte på Knut-Erik sitt emne i Fjellvandring
Dei hauane er så lave at der er det ikkje noko snø igjen no, bare å vandra i veg -
Hei, på vidda kan du stort sett gå over alt, er eit lettgått terreng. Dersom du foretrekk å følge sti, så er det mange mange T-stier på vidda. Ei fin rute for ei veka er frå Finse til Haukeliseter. Ta toget til Finse, og buss til bergen frå Haukeliseter. Mellom desse to punkta finnes det mange stiar å velja, det er stort sett det same kva du vel då det er fine stier alt. Eks kan du velje finse - Krekkja-Stigstuv-Sandhaug-Litlios-Hellevassbu-Haukeliseter. Her kan dåke gå litt plassar men ha den stien som ein raud tråd. Det fine med telt er jo å kunne leggja seg på fine plassar og gå litt utenom dei mest trakka stiane. Eit anna alternativ er å ta toget til Ustaoset, gå over Hallingskarvet, over mot (evt rund Hardangerjøkulen) og ned mot Hallingskeid eller Uppset, og tog herfrå tilbake til Bergen. Fiske: Dei fleste vatn på vidda er det fisk i. Den ruta som går frå finse til haukeliseter passerar mange gode fiskeområder. SØk på dette forumet og på fiskersiden.no for tips. Når du veit nøyaktig rute så send meg ein PM så kan eg gje nokre tips. Tidspunkt: tidlegast slutten av juni. Beste tidspunkt slutten av juli og august. Meir snø og is til lengre vest du kjem, går du tidleg så er det ein fordel å leggja seg aust for vasskilje. Vær: høgfjell, masse klede, varme soveposer. Her kan det vera alt frå +2 og regn til +22 og strålande sol. Anbefalar at du søker litt rundt på turrapportar og les, mykje info her om terreng og liknande som kan gje deg ein oppfatning om korleis det er p åvidda. Til slutt, vidda er heilt fantastisk, og eit flott turområde.
-
I fjor så gjekk isen i Hamlagrøområdet (dvs oppå fjellet) i slutten av juni. SKiføre ei stund framover med andre ord. Dra utover mot kysten, dvs Tysnes, Stord, sotra. Her er det vår og vakande fisk på denne tida.
-
Hei, dersom dåke skal gå i slutten av juni bør dåke droppa Hardangervidda, evt trekke godt øst for vasskilje (f.eks. Ustaoset - mot Mårvatn o.l.). Dette fordi det er vår her oppe enda og det vil ligge ein del snø på vestvidda, og barmark vil typisk vera veldig fuktig og med mykje smeltevatn i elvane. Skarvheimen er eit godt alternativ då snøen fer tidlegare her, utan at eg sjølv har gått her. Andre områder som burde vera interessante er Rondane. Her fer snøen tidlegare og det er lettgådd område. Går buss frå Bergen til Hjerkinn, deretter er det bare å legga ruta sørover. Femundsmarka, jekla tungvint å koma seg frå vestlandet hertil, men fint og lettgådd område. Sirdals/Setesdalsheiane er også eit alternativ (buss frå bergen til Haukeli, deretter er det å vandra sørover). Forstod det slik at dåke ikkje har gått lengre turar? Kan vera greit å gå ein 2 - 3 dagars tur fyrst fordi då blir dåke vane med å gå med tunge sekker (20-25 kg), dåke lærar kva dåke treng og ikkje treng (pakklister er relativt, DNT sine gjer eit godt utgangspunkt), kva mat som funker, kva som er ikkje bør vera med og masse praktiske ting som er nyttig. Mht tunge sekker så er det noko som uansett går seg til, dog med litt ømme skuldrer etter fyrste dagen I tillegg kan dåke trena orientering med kart og kompass dersom dåke ikkje kan dette. I nærheten av bergen er Hamlagrø eit veldig fint område for kort tur. Når ein går lengre turar så kan det vera greit å ha ei arbeidsfordeling også, rigging av leir, oppvask, middaglaging, orientering etc etc. Eg vil anbefala Monsen si bok om villmarksliv og turplanlegging, gå på bibloteket å lån denne. Han tek opp ein del tung rundt turplanlegging som er veldig nyttig og som ikkje er på DNT sine sider (siden dei rettar seg inn mot hytteturister). Ta telt, som tidlegare sagt, duk funker når det er under tregrensa og det ikkje er knott/mygg. Å vera på lengre turar (over 4-5 dagar i min verden) er utruleg herleg og veldig forskjellig frå 1-2 dagars turar på mange måtar, håpar dåke får ein flott tur. Legg gjerne inn ein turrapport etter fullført tur.
-
Hei, kor langt forbi turtagrø er vegen brøyta no i påsken? dvs i retning sognefjell og evt over mot Årdal? mvh J
-
Skal kjøpe masse utstyr.Hvilken nettbutikk er "overall" billigst ?
josteink svarte på kenny28 sitt emne i Alt annet utstyr
tynt liggeunderlag til å ligga unde dowmatt, kjøp billegt på biltema. funker til sin bruk. Fiskeutstyr, sjekk www.pro-fish.dk på sommerstid brukar heller ikkje eg lykt. Større sportskjeder (gsport, mxsport, intersport etc etc) har ofte enkle lykter til ein billeg penge, petzl til 200-300,- Vasstette bokser og liknande, sjekk ulike reisebutikker, evt H&M for små bokser og flasker. Større bokser har europris og rema o.l. Sag: jernia Pakkposer: Clas O har billege og solid pakkposer. Benytter personleg 1 pakkpose til kamera. Eller så nyttar eg plastposer. -
Kjøpte Norrøna arktis anorakk i haust, kjempebra plagg. Har nesten bare benytta denne i vinter. Bur på vestlandet med fuktig klima, men litt fuktighet har gått heilt fint (dvs ikkje striregn men fuktig snø o.l.). Har pelskant og kjem ikkje til å benytta goretex på vinterturar meir. Ser no etter ei god bomullsbukse i same stilen.
-
evt så er hammerheadbindingen ein meget god og stabil binding, med gåfunksjon på (justering av motstand). Enkel og funksjonibel binding. Sjekk på www.friflyt.no for ulike innspel på bindinger og funksjonalitet. -J
-
Hei, JA du har eit luksusproblem i mai vil det vera mykje snø sør for bergensbanen, dvs på høgfjellet sørover, til du møter skogen i agderfylkene. Dersom du har muligheten til å låne eit par ski så vil det vera heilt fantastisk å dasse frå hytte til hytte i setesdalsheiene og områda der på denne tida. Dersom du vil ha snøfrie områder må du nok ned i skogen, dvs mot kysten oppover i vestagder eller austover. Her er ein link som syner kva hytter som er i området: http://www.turistforeningen.no/location.php?fo_id=6291 Sjekk ut området rundt Skien og Porsgrunn, her er det mange hytter i lavlandet.
-
Hei, Guideline har gode stenger, du kan trygt kjøpe eit av dei setta der. Som tidlegare sagt så e kl 5 ein god klasse å starta i.
-
Gå ein tur og snakk med ein fiskebutikk. Får ein god begynnerpakke opp til 2000,- dersom det er aure du skal fiske etter. Har god erfaring med prima villmark. Stikk innom ditt lokale bibliotek, der har dei masse gode bøker om emnet samt kanskje litt filmer.
-
Hei, tek opp den tråden her siden eg har litt info å komma med. Har fiska og lege i telt ved Leitesvatnet ein fin sommarkveld. Ingen vak, ingen småfisk i bekkane rundt vatnet og trur derfor ikkje det er fisk her i heile tatt (kanskje nokre få store). Jomfuvatnet; ingen fisk ingen vak her heller. Telta ved Øvre Flørlivatnet ein anna sommarkveld med fint ver og ingen vind. Ingen vak eller noko teikn til fisk her heller. Fann derimot at det var fisk i littla hoggarvatn, småfisk som gjekk langs land som nok har slept seg gjennom tunnelen frå Blåstøldalen. Denne må vel med tid og stunder sleppa seg ned i Store hoggarvatn så då kan det kanskje bli ein god stamme med røye her..? Ellers så er det bekkerøye Rundavatnet og elva nedenfor denne. Fin elv, men mykje fisk. Ellers så var det flott at det har begynnt å komme fisk oppover Blåfjelldalen. Fin elv der som egnar seg for flugefiske.
- 3 svar
-
- 1
-
Hei, når byrjar det å bli isfritt i Sirdalen? Og når går isen rundt Hunnedalen og fjellområda der? Har byrja å bli seriøst rastlaus no, sit lenge og ser på kart og planlegg turar. Hadde planar om å komma meg opp her i slutten av juni, men no flyttar eg turplanane til tidlegare helger, midten på juni, byrjinga av juni....
-
Hei, Femundsmarka: ulike fiskeslag, lettgått, stabilt vær, bålved, ein del folk. Hardangervidda: meget bra aurefiske på dei rette plassane og den retta tida, veldig stort område, brear og fjellvidder i det uendelege, meir verutsatt, ikkje bål, mykje folk på enkelte plassar Kvar plass har sin sjarm. Femundsmarka kan vel kanskje vera enklare når det er varierande ver enn vidda.
-
Ordførere. Hjeelp [Utspill i forb. med brattkjøring i Lyngen]
josteink svarte på morten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
NGI har veldig bra sider mht skred og info rundt dette. Er eit veldig fokus på at "ekstremskikjørere" vert tatt så ofta av ras, men når ein ser på dødsulykker i noreg så er jo skiløperar tatt fleire gonger siste 8 åra. Kanskje all ferdsle i vinterfjellet burde foregå med guide?? Noko som burde vera konsekvensen dersom ein går ut frå ulukker som grunngjeving for dette forslaget. -
Nei, ein søker er egentlig ganske enkel i bruk.
-
Hei, Turen frå sommarskisenteret, over kvitnodalen og til sørfonna er ein lengretur, men veldig fin. Lettaste adkomsten er å kjøra til Austepollen, kjør anleggsveg opp til høgre og inn Rednedalen. her parkerar du ved enden av vegen dersom du kjem så langt, kan vera snø og is gjer at ein må parkeras lenger nede. Bratt opp rednedalsskaret men på våt sommersnø så går det greit. Ikkje gå opp her dersom det har vore kuldegrader, då er det stegjernføre. Ha ein fin tur!
-
Hei, joda det kan vera greit å ha søker sjølv om ein går åleine. Eg tenkjer mest på at eg faktisk kan redda andre meir enn at eg skal redda meg sjølv, skal ikkje bli tatt av noko skred. Mange ulike søkarar på markedet. Nyttar sjølv Barryvox ortovox sin, enkel i bruk og liten og lett. Andre som eg har gode erfaringar er BCA tracker sin, enkel, rask og idiotsikker. Desse har 2 antenner. Alternativer er 3 antenner, forskjellen i praktisk bruk er ikke så stor. Det som er viktig er å trena trena og trena med den du har. Her er nokre linkar til sider som har testa litt forskjellig: http://beaconreviews.com/transceivers/ http://sunalp.no/article.asp?w=&x=2276&Level3=3374443 Evt ta eit skredkurs, veldig veldig nyttig. kan spara deg for ein skredsøker dersom du Her er også ein kjempebra link, bra stoff: http://www.ngi.no/no/snoskred/Lar-om-snoskred/V