-
Innlegg
984 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
6
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Mindre jobb = mer tur og mindre/billigere utstyr?
josteink svarte på knutis sitt emne i Generelt om friluftsliv
Offshorearbeid: ligg 100 vis av offshore jobber ute. Som nyutdanna søkte eg hos 3 ulike bedrifter innen offshore, fekk jobbtilbod hos alle. Og eg har inga spesialisert offshore utdanning eller nokon kontakter innad i bedriftane. -
Mindre jobb = mer tur og mindre/billigere utstyr?
josteink svarte på knutis sitt emne i Generelt om friluftsliv
Bra, heia heia, du er på rett veg. Har skifta jobb, tener MYKJE mindre i månaden, men har 2,5 t + lite/ingen overtid i veka og mykje meir tid til friluftsliv. No kan eg bruka alt utstyret eg har kjøpt før og aldri fekk tid til å bruka då -
Pollenvariasjoner seier noko om sommertemperatur men ingenting om vinternedbør. Kloss inntil bre kan ein derfor ha varmekjær løvskog, f.eks. slik ein har ved briksdalsbreen, der det veks Hassel, ask, older og rogn 100 m fra brefronten. Ved å bruke denne typen metoder til å sei noko om temperatur så er det sikreste å bruke fleire ulike metoder (treringer, sedimentprøver, analyse av insektfauna etc etc) for å få fleire indikasjoner. Dersom det eksisterar ein aktiv bre i eit område vil denne avgje sediment. Det er ein klar samanheng med størrelse på bre og sediment"produksjon". Både i jostedalen og ved enkelte andre brear finn ein at det i denne varmeperioden framleis var ein input av bresediment som tyder på at det her framleis var ein liten del av breen som var aktiv. Dette er i motsetning til f eks hardangerjøkulen , der innvasking av sediment heilt forsvinn. Det er derimot heva over tvil at breane her i landet var på eit minimum i forhold til seinare periodar.
-
Hei, i høve til istider og bre og varme perioder: Skandinavia har vært dekka av is store delar av perioden kalla kvartær, dvs siste ca. 2,5 mill år. Gjennom denne perioden er det registrert ca. 50 "kalde" perioder, dvs så kaldare enn i dag og mykje større brear og større områder med permafrost. Desse byggjer på djuphavskjerner og siste 940 000 år òg på iskjerner. Veklsinga mellom kalde og varme periodar er antatt i hovudsak å vera styrt av jordas variarande nærhet, helning og vinklling til sola. I tillegg vil andre faktorar forsterke eller svekke denne påverknaden. Dei siste 750 000 åra så har kva "kald" periode vore ca 100 000 år og kvar varmeperiode ca 15000-25000 år. Detta har resultert i at f eks sognefjorden har blitt erodert ned over 2000 m, noko som får grand canyon til å likna eit bekkefar. I noreg hadde vi ein varmeperiode for ca 7000-5000 år siden, og i denne perioden var breane i noreg på eit minimum, men mange av dei var framleis her, m.a. jostedalsbreen og folgefonna var ikkje heilt vekke. Hardangerjøkulen derimot antas å vera smelta vekk, basert på sedimentstudier. Kaldare og meir nedbørike periodar førte til ei framvekst av breane att, og nokre brear har ei maks utbreiing siste 10000 år i løpet av dei siste 300 åra. Brear er veldig dynamiske og varierar ein god del avhengig av nedbør og temp. I tillegg er det stor forskjell geografisk, sjå www.nve.no. Skal ikkje state ein ny klimadebatt i denne tråden då det er ei avsporring, men ville berre supplere litt i høve til tidlegare klimahistorie. Om det er bra eller dårleg dersom breane forsvinn er vel opp til kvar enkelt art å finne ut av. Er verdt å tenka på at ein stor del av noregs vasskraftprodusjon er avhengig av brevatn, i tillegg er nokre av verdens tettast befolka land avhengig av smeltevatn frå brear. Personleg meiner eg at "nothing cooler than ice" og dersom menneskeskapt oppvarming førar til brenedsmelting så er det svært trist. Bra illustrasjoner på www.viten.no, men noko av det er ikkje heilt i tråd med det som ein har av kunnskap pr i dag klima/brehistorie i noreg.
-
Er bare å ta raka vegen det, gå frå Kvanndal til Lussand, opp på fjellet derifrå, ut til hamlagrø -> bergsdalen -> Gullbotn-> gullfjell ->Unneland -> opp ved borgastemnen -> vidden -> fisketorget og ein røylelaksrundstykke i plastfolie med japanarane Denne ruta føl fjellet heilt ut. Spørsmålet er om du verkeleg vil enda opp i bergen men det får no vera opp til deg Evt kan du følgje Rv7.
-
Enig, og i tillegg ha den egenskapen å kunne eta eit stort måltid og så ikkje ha behov for å eta på eit par dagar, lett sekk på helgeturar
-
Ja bra tråd! Ta tog eller buss dersom det er , gå turar i nærmiljøet (som er sterkt undervurdert), bygg ein trekano, kjøp klede som held i 20 år. Men er det meir miljøvennlig å bruka telt i høve til hytte????
-
Har gode erfaringar med UTE, dei er kunnskapsrike. Dei rekruterar stort sett folk frå same miljøet, dvs klatremiljøet. så innen klatring og alpinisme så kan dei mykje. SKal eg imidlertid ha ei veke på fjellski på høgfjellet eller til fots med fiskestang i børgefjell så har dei ikkje peiling, ettersom det ikkje er slikt friluftsliv dei driv med.
-
Leve av Naturen (Mat, Urter og Planter)
josteink svarte på Ivan77 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Hm, har ofte tenkt på at eg skulle ta ei helg (har desverre ikkje meir tid enn det) på hausten og padle avgarde utan mat eller telt, og sjå korleis det hadde gått no på hausten. Her på vestlandet er relativt lett å skaffeseg mat på denne tida, masse feit makrell og lyr i sjøen, sopp og bær i skogen og store feite blåskjell langsberge, og i tillegg ein god del stor krabbe som kjem opp om kveldane. Fisking hadde noko fått eit litt anna perspektiv når det gjald å gå sulten eller mett. -
Derfor er de høyeste fjellene langs ekvator
josteink svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Synes dette var ein merkelig artikkel.... Alderen på fjellkjededanninga er ein av dei viktigaste faktorane for høgde, dei høgaste fjellkjedene er og dei yngste. I skandinavia så har vi restar av ei gammal fjellkjedefolding medan alpane og himalaya er svært unge. I følge denne modellen skulle antarktis vera paddeflat og fjella gradvis høgare til ekvator, men her er det store avvik. Datamodellering = trash in = trash out. Ein anna ting som ikkje er tatt i betrakning er at brear som er frosen til underlaget (slik ein finn ein del av i polare strok) ikkje har noko erosiv kraft på underlaget. At derimot erosjonsgrada er større i strok med altive brear det kan ha noko for seg, men å laga ein generalistregel ut av det er vanskeleg. -
No er vel dette ikkje nokre reglar som skal verta tredd over hovudet på folk men det er faktisk slik at ein del folk ikkje har peiling på korleis ein skal oppfør seg utendørs (dvs dei har ein adferd langt utenfor det som normalt vert sett på som rammene for god oppførsel), dette gjeld f.eks å setja opp telt kloss i annnenmannstelt sjølv om heile vidda er tilgjengelig, stille seg opp kloss inntil og fiske, sitje på kanten av toppen og kaste stein utenfor etc etc. Og ja ein finn mange unntak men dette er meir normer om korleis ein skal oppføra seg ikkje reglar. Grunntanken bakom etikken er jo at ein tek omsyn til andre folk, ganske enkelt. Første mann opp er første mann ned, og dersom det er snakk om ein kaffekopp på toppen så slå av ein prat og spør kvar vedkommande har tenkt å køyra ned, sånn for høflighets skuld. Dette gjeld vel meir for toppar med lite folk, om ein er nr 18 eller 22 har ingen relevans egentlig (Ringstind i pinsen...).
-
Leve av Naturen (Mat, Urter og Planter)
josteink svarte på Ivan77 sitt emne i Generelt om friluftsliv
I forhold til hjernestørrelse så har denne ingenting med diett å gjera. Størrelsen på hjernen vår auka antatt fordi vi byrja å gå på to bein og nytta hendene til å lage reiskap og andre ting, dette krev ein del hjernearbeid i forhold til å slo noko i hovudet og ete det rått. Ein som prøvet dette ut i praksis er http://www.envillmann.no/ Interessant prsjekt sjølv om han er veldig jaktfokusert, og heller et småaure enn å legga seg ved kysten og eta skjell, stor sjøfugl og fisk... -
Takk for svar! er den lett å lappe dersom det går hull? Kor mykje bølger tar den før vatnet skvett inn? Må den padlast med kajakkåre, går det greit med kanoåre?
-
Byrja å gå med gummistøvler eller joggesko, feltbukse frå militæret og ein eller anna vindtett treningsjakke. Regnklede var gode Hellyhansen totalt tette kle. Har i dag masse goretex drit som eg slit ut etter 2-3 år, betre å gå med så lenge det funker... På sommerstid har eg gått tilbake til støvler og hellyhansen regnbukse når det regner mykje, einaste som funker på turar i myrete og vått terreng då.
-
Sjekk tråden her, står litt nedover der om slukvalgt Hardanegrvidda. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17154
-
Kvifor ikkje??? Han spør vennleg om nokon kan dela fiskevatn med han, ingenting å bli opprørt over det er det vel?? Mange fiskevatn har godt av å bli fiska i, og bør ha eit visst uttak. Slike vatn deler eg gjerne med andre. Andre vatn har liten tetthet og bør ha eit begrensa uttak, slike vatn delar eg ikkje med andre. Utforsking av ukjente vatn vert det uansett alltid, men kan vera greit å veta om nokon som gjer matfisk dersom alt anna feiler. Fiskeinfo: Har dåke tenkt på Sirdalen? Innover frå Rosskreppfjorden er det mange småvatn og bekkar med ein del fisk i, søk på fiskersiden.no eller fluefiske.net for tips. For fiskeinfo, sjekk ut: http://www.sportsfiske.nu/
-
Spennande, har byrja å sjå litt på ein slk eg og. - kor mykje bølger tåler ein slik? - kan ein sitje på huk, td for å kaste litt med fluestanga? - er den ustyrleg med lite last?
-
Strengt tatt Haukeliseter - Lysebotn eller Sirdal, buss/båt ut til Stavanger. Terrenget frå Sirdal/Lyse til Stavanger er ikkje så veldig spennande.
-
Hei, krysse vidda som i FInse-Haukeli? Er god kommunikasjon mellom haugesund/STavanger til Odda og Haukeligrend, haukeliekspressen. Ta bussen til Odda, derifrå går det buss til Eidfjord og over Rv7 til Haugastøl. 15 min togtur til Finse. Gå til Haukeligrend, buss til Haugesund eller Aksdal, flaggrute eller kystbuss til Stavanger. Evt hopp av bussen i Kinsarvik og gå opp på vidda her, følg vestvidda sørover og til Haukeligrend, ein veldig fin tur og mindre folk, evt gå motsett så slepp dåke 700 m stigning frå Kinsarvik og opp. Evt ta buss til Haukeliseter og gå til Stavanger. Og som det er sagt, vidda er lettgått, ikkje ambisiøst i heile tatt.
-
Hei, fleire av toppane rundt Hurrungane er flotte topper som ein kan gå på utan tau. Kanskje den finaste toppen her er Store AUstbotntind, og den er fin å gå på utan tau, dog litt luftig. Er egentlig rekna som lett klatring men ved lite snø er denne ein grei klyvetopp. Har dåke bil, det er dårleg med rutebuss til turtagrø meg bekjent, går buss til Årdal og sogndal frå bergen. Ta evt kontak med turistinfo her http://www.norway.com/directories/d_company.asp?lang=47&id=17051 Er mogleg å ta taxi frå Årdal og opp. For andre toppar i området, sjå: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1497 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=144 http://www.westcoastpeaks.com/Norway/sognogfjordane.html Er skrive masse masse om dei ulike toppane påwww då dette er eit svært mykje besøkt område. Søk på dette forumet etter dei ulike toppane eller generelt, så vil dke få masse info om dei ulike stadane.
-
Hei, liggeunderlag blir alltid pakka utenpå sekken, vil a det tilgjengelig. Desverre er det blitt litt in hos enkelte produsenter å laga backpackersekker blotta for praktiske detaljer, som festereimer p¨å siden og under, i tillegg til nettinglommer. Teltet stapper eg inn i sekken til slutt etter at eg har pakka ferdig sekken. Opner nedre luka, og stapper det inn, på denne måten får eg fylt opp ein del av tomromma som vert nede i sekken under pakking. I tillegg er det lett å få tak i ved utpakking.
-
60 minutes nektes å lande på dovrefjell.. "Heia Norge!"
josteink svarte på askogvoll sitt emne i Generelt om friluftsliv
Usikker på kva det her vert sikta til men når FM skal ut på befaring så er det stort sett til fots med sekk og notatbok. Ha aldri sett eller høyrd at FM har nytta helikopter til denne typen aktivitet. -
Sjekk litt i denne tråden her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17154&postdays=0&postorder=asc&start=25
-
Hei, er nokre områder rundt Stavanger som er verdt å prøve seg. I stavanger er det STokkavatnet og Hålandsvatnet, søk på desse på google.no og du får det du treng av tips. Ellers er det Frøylandsvatnet ved Hommersåk, delvis fritt fiske. Sandnes kommune har laga eit lite hefte om fiske i kommunen, søk på sidene deira, meget nyttig lite hfte. Kan ellers nevna tengesdalsvatnet og Skjelbreidvatnet, tatt fin fiske i sistnevnte, mykje fiskarar men og ein del fisk. Fisk vatna rundt Dalsnuten, mest smått. Lengre turar: eit hav av vatn i Frafjordheiane, Hunnedalsområdet, Bjerkreimsheiane og lenger inn til Sirdalen. Med unntak av sistnevnte er det under 1 t køyring. Frafjord: nordsida, fisk i dei fleste vatna her men varierande kvalitet. Fin fisk i Holmavatnet. Fiskekort fåes kjøpt nede ved vegen, trur det er lov å fiske i dei fleste her. Månadalen, fisk i dei to vatna, størst i det øverste. mykej småfisk lenger nede. Hunnedalen: Mange vatn på nordsida av vegen, nesten alle er fisketomme. Fisk i Djupavatnet og Hunnevatnet. Lenger inne er det fisk i valevatnet. Fisk i bekken opp til blåfjellenden, ikkje noko i vatnat rundt her. Ellers fisk i rundavatnet ved Langavatnhytta, nydeleg elv og dal nedover til inntaket (dvs plutseleg forsvinn leva inn i eit hol i fjellet..), og i magasina rund vegen over til Lysebotn. Sørsida, P ved Øvstabø, gå sti sørover, den som leter finner . Ein del tomme vatn mot NA (antatt alle, har ikkje prøvd alle...). Fin fisk i Maudal, Myravatn og dalføre innover. Tips: søk på Maudal i www Bjerkreim: bra med bekkerøye i dei fleste vatn, td området rundt Jensavatn, ein del småfisk. NB høgareliggande vatn verkar fisketomme. Javel, her har du litt å gå på, anbefaler også ei helg i Hjelmelandsfjella og omegn.