-
Innlegg
994 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Kristoffer Clausen og ett år i villmarka
josteink svarte på Danish sitt emne i Bøker - media - foredrag
Ser at han har gått ne 21,5 kg på 3 månadar. Han skal ha ete seg opp ein del på førehand så han har nok litt eksta å gå på. Fyrste månaden før hjrtejakta overlevde han på småaure tatt frå vatnet han la seg ved, han gjekk då ned masse i vekt, istadenfor å legga seg ved sjøen og eta feit sjøfisk og skjell med meir... Er interessant at han går ned i vekt sjølv om han har overflod av mat siste tida. Snart et hjortejakta slutt, lave temperaturar og korte dagar. Ingstad hadde ikkje med noko basisvarer anna enn det han fiska og skaut dei åra han flakka rundt. Maten bestod i eit kjøtmåltid til frukost og eit til kvelds, men i god indianer/eskimotradisjon så utnytta dei alt på dyret og kjøtet var egentlig det som var sett på som sekundær mat medan innvoller, mage, nyre og margbein var det ettertrakta som mat. Fordelen til Ingstad var vel at det var ingen restriksjonar på antal eller type dyr. Ingstad fekk spørsmål når han var 100 år om han nokon gong kjeda seg i lange vinternetter i villmarka, og han svarte at han aldri hadde kjeda seg, fordi livet i villmarka var altfor krevande til det. -
Ja, å ta landsgjennomsnitt for rovdyr er ikkje noko god statistikk, ettersom dei ulike dyra er i ulike områder. Men for 2008 var det kun i Hedmark at bjørn stod for mesteparten av drepte husdyr. I resterande bjørnefylker er det gaupe og jerv. Ser at nordtrøndelag har gått frå store sauetap til nesten ikkje sauetap ifm bjørn, tipper det har med tiltak og reduksjon i sauebestanden? Korleis har meir bjørn og mindre sau påverka hjorteviltbestanden der? Største problemet til Lierne og områda rundt var vel at her var det eit område med mykje husdyr medan det på svensk side skulle vera kjerneområde for bjørn...apropos rovdyrpolitikk. Forrige innlegg var satt på spissen, la meg nyansera litt. Største problemet til norsk rovdyrpolitikk har vore litt av begge deler, nemleg at ein skal ha rovdyr og husdyr, og dermed endar ein opp med store konflikter og store erstatningsbeløp, i tillegg til utskyting av rovdyr og delvis rovdyrbestander igjen. Dersom ein skal ha ulv og bjørn i noreg må det faktisk settast av areal til desse, og ikkje ha rovdyr i eit fragmentert jordbrukslandskap. MEN nokon område må då ta den byrden det faktisk er å rovdyr, og der har rovdyrpolitikken vore uklar og sprikande. Skal ein ha rovdyr vil landbruket sin utnytting av utmarksressursar verta totalt endra i desse områda. I tillegg skal faktisk rovdyra slå seg til ro i dei avsatte områda, og ikkej slkk det er f eks i Rendalen, som er eit preferert område for ulv men der politiske bestemmelsar la dette område utenfor kjerneområde... Spørsmålet er jo om ein skal ha rovdyr og kvar... og der har rovdyrpolitikken vore nja, tja jo, nei... No har vestlandet ein stor del av husdyrtap på alle rovdyr utanom ulv, deriblant 250 sau tatt av bjørn. Ser og at Oslo har 12 sau tatt av gaupe..
-
Kan avkrefta det ryktet. Den russiskse forskaren, Ovsyanikov, er i live. Deltok ma i sommar på eit seminar om isbjørn i Canada.
-
Arne Nævra og ein russisk isbjørnforskar var på ei øy utenfor Sibir ein haust. Her samla det seg stor mengder isbjørn, dvs 50-150 individ rundt hytta. Dei nytta ikkje skytevåpen eller liknande, men ein 3 meter lang 2tomsfirtoms, interessant å sjå ein liten russisk forskar jaga 2 store hanbjørner med ein planke i handa
-
Bare eit par kommentarar på bjørn her: - bjørn tek nesten ikkje sau i det heile tatt (ei heller ulv). jerv, rev og gaupe står for nesten alle sauedrap (av rovdyr). Å sei at ein ikkje kan ha bjørn pga at den truar verdiskaping i distrikta er ikkje eit argument. - Ang risiko, Lars Monsen var ei veka i telt rundt i Lierne i byrjinga av 2000-talet, der han bevisst braut alle reglar for bjørnesikkerhet. Han lagde lite lyd, kokte mat i teltet, lagra mat rett utenfor teltet. Alt han høyrde til det livsfarlege dyret var noko som rusla i skogen rundt teltet eine kvelden. Kan i tillegg få sei at Polen har 750 ulv og 100 bjørn, og veldig mykje mindre naturområder enn det er i noreg. Til tross for dette er det ikkje dei siste 10 åra registrert bjørne eller ulveangrep på mennesker her.... I forhold til personskade bør vi kanskje skyta ned elgbestanden ettersom denne kvart år står for mange personskader? - Rovdyr tek jaktbart vilt. Å driva ein form for predatorkontroll synes eg er ok så lenge predatorbestanden tåler eit uttak og det er ein bevisleg effekt. Å drive uttak av ein rovdyrbestand der det nesten ikkje er individ igjen er bare tull. Dersom ein skal opne for å ta ut rovdyr fordi dei tek ut jaktbart vilt så gjer det ein presedens som fører til at alt av rovfugl og rovvilt kan jaktast ned. - Rovdyrpolitikken i Noreg er prega av ein tankegang der rovdyr er store og truande, øydelegg for verdiskaping i distrikta og trugar menneskeliv. Bra med haustingstankegang men når oppfatninga vert at einaste føremålet til naturen er å vera av direkte nytteverdi for menneske så er ein på ville vegar.
-
Bergans turbukse. Valgt fordi det kune vera eit alternativ som turbukse. Bruksområde på vår, sommar, haust i fuktigt ver. Heilt grei buske, vasstett dei fyrste månadene, lek no som ei bomullsbukse. Stoffet er lite slitesterkt, riv lett hol i kontakt med grovt fjell og skog, vanskeleg å velikehalde t.d. sy saman sjølv.
-
Hei, må laga nokre nye knivslirer til elti par knivar der slirene ligg ein stad i skogen. Det viser seg desverre at det ikkje er mogleg å få tak i slike knivting her i byen, er det nokon som veit om ein god nettbutikk der eg kan finna skinn til knivslirer og tråd m.m. ??
-
Hei, har ein kamerat som ikkje fekk kjøpe jaktkort i eit terreng i Hardanger fordi han ikkje kunne framvisa noko skriftleg at han hadd skote 50 skot på leirduebane. Har aldri vore borti at dette har vore praktisert nokon andre stader. Nokon som veit om dete er nytta andre stader? Er i utgangspunktet positiv til at folk skal trena meir med hagle men her synes eg at det eksluderar folk. Personleg så jaktar eg nesten berre med kal. 22. på rype, og difor så stiller eg meg undrande tilat det vert krevd eit antal skotne hagleskot.
-
Kjenner egentlig berre til Snoop daddy men dette er vel ei fornying av denne skia, ut frå måla og bruken. Ei lett ski som har eit bredt bruksområde. Godt grep på hardt underlag. Dette er for Snoop daddy skia vel og merka. Ser at dei og har salomon lord skia og Rossignol B94, til fine prisar.
-
Coomba er ei veldig god ski, den har relativt god grep på hardare føre. Minuset her er at det er ei tung ski, men her må du gjera ei avveiing om du vil ha lette ski eller veldig gode kjøreegenskaper, desse to verkar meir elelr mindre mot kvarandre. Tyngre ski= meir stabil. Ta ein kikk på K2 mt Baker, eller Mt baker light. Dette er lette ski som er litt smalare enn Coomba, men dei er betydeleg lettare. Coomba er heller kanskje ikkje ei nybegynnar ski. Ei slik ski bør ha litt innsving slik at det er lett å svinge i låg fart. I tillegg må du kante ei Coomba ski ganske mykje noko som gjer at du bruke meir krefter på den. Ville ikkje gått over 95 mm på midten til ei begynnarski. Ville og sjekka ut BD Havoc skia mellom anna og Fischer skia som eg synes er lettsvinga. Du må og ta stilling til binding, NTN eller tradisjonell. NTN er ein tung binding, tradisjonelle biningar er lettare + at dei er relativt ukompliserte. Kjøremessig skal NTN vera meir stabil.
-
71 grader nord går Porten i Jotunheimen - he, he
josteink svarte på Mitandi sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hm, synes det var ganske ok bra i fjor, men i år er det jo bare fyrstemann fram, gjerne trakk litt på andre, det er god TV... På ein måte så vert fine bilete på TVen overskygga av irriterande syting og inkompetanse frå deltakarane, kjære dåke er jo på super tur, inga grunn til bekymring. Er vel ikkje berre eg som sit der i stresslessen med ei kald øl og tenkjer "hadde eg vore der, så ...." -
Hei, kult prosjekt! For det første må eg sei at dersom du ikkje har vore mykje på tur før så ta deg ei helg og prøv å lev av fisk og planter, det er ein mager kost. har eit par turar der kostholdet var basert på fisk men fisket slo feil, og det er ein interessant opplevelse... Skal du vera ute so lenge vil du verta veldig kjøttsulten, og då hjelper det ikkej med masse blåbær. Mest fruktbare tida å vera ute på i høve til å sanke mat er sein sommar /tidleg haust, masse bær og frukt, og framleis realtivt varmt. I tillegg startar jakt på ein del fugleartar i august dersom dette er av interesse. Legg leirplassen i nærleiken av sjøen dersom du skal basera kostholdet på matsanking. Jada, eit par fjellaurar er god mat men i skogen og fjellet er det lite mat og aure er egentlig mager kost. Dersom du ligg ved sjøen vil du ha eit vell av stor (feit) sjøfisk, masse skjell, krabbe og i tillegg til ein god del sjøfugl med meir. På denne tida kjem det og ein god del sopp i lavare delar av terrenget. I nordland finnes det mykje urørt kystlinje, og med kort avstand til fjell. Genrelt så kan eg anbefala Lars Monsen si Villmarksboka dersom du treng info om korleis du skal laga leir, korleis kle seg, lage bål, etc etc
-
Og det begynner jo bra
-
Bessegen lørdag 19 september 2009, Helt sinnsykt.
josteink svarte på Lene Eriksen sitt emne i Fjellvandring
Og andre sida av Gudbrandsdalen, i Rondane er det vannvittig mange fine turar ein kan ta, fe. eks bu på Dørålseter og gå på Stor-ronden, diger-ronden m.m. Ein B collie er jo ein veldig terrengsterk hund, så eg hadde ikkje uroa meg over den. Har gått mykej i fjellet i forbindelse med saueleiting og der er det ofte b colllie med, dei er vannvittig til å ta seg fram i terreng. Du bør imidlertid vera obs på at dersom du skal gå mykje i blokkmark, dvs forvitra steinur, så slit dette veldig på potane til hunden og dei byrjar å blø. mykje stein på høge fjell og toppar, potesokker hjelper mot dette. God tur! -
Slik er det å bli begravet av snøskred
josteink svarte på Fimax sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Kunnskap og respekt. Interessant å sjå kor raskt spenningane forplanta seg, i det snøen sprekk opp rundt han så sprekk dekket opp mange titals meter i nedkant. Og så var han kun under i 4 min, så bra jobba av kameratane. Kan anbefala linken www.snoskred.no , her står det veldig masse bra! -
Hei, har ikkje hatt molladalen men vil bare sei at supert initiativ. Hadde sjølv stadnamnoppgåve og det var supert, spes i høve til å lesa Amalie skrams samla verker. Råd frå meg, avgrens området så mykje som mogleg, det er normalt mange stadnamn i eit lite område rundt om kring, i tillegg treng ein færre informantar og dermed sparar tid. Ellers så vil kommunen normalt ha oversikt over kva oppgåver som er skrive om stadnamn siden dei har interesse av å få kopi av oppgåva. I tillegg kan du kanskje avtale å få digitalt kartgrunnlag av dei mot at dei får kopi av oppgåva di.
-
ja søringane må jo gå på stiar i tillegg og ikkje i traktorspor, eller finna retningen vha retninga på spinnepor til firhjuling...
-
.... er vi i sogn...Nærøydalen?
-
Og ikkje for å gløyme Flatbreen i Fjærland: http://www.bre.museum.no/Default.aspx?tabid=6509&language=nb-NO Siden 2000 har alle brear på vestlandet minka i volum og utbredelse. I perioden 1960 til 2000 var det eit masseoverskudd på vestlandet som skuldast mykje nedbør i perioden 1989 til 2000, før 1989 var breane sin massebalanse = 0. Siden 2000 har kombinasjonen snøfattige vintrar og svært varme somrar ført til ei stor tilbakesmelting. Naturlige svingingar eller menneskeskapt påverknad, hard too know = meir pengar til forskning.
-
I heile tatt så trur eg alle som ikkje tek seg fram motorisert er full i svartsjuke...
-
No vart hytta bygd i 1968 så då var noko ikkje Plan og bygninglova oppe og gjekk i bushen i alaske, ei heller i noreg. I høve til skatt, ein betalar jo ikkje skatt dersom ein tener under ei viss grense, ergo så kan du berre tene under eit visst beløp og flytte i skogen. Dette forutset jo at du ikkje eig noko som kan skattast, dvs eigedom eller liknanade. Men dersom du flyttar ut i skauen i eit eller 2 år så finn jo ingen deg uansett. I tillegg kanein nok nytte seg av naturalhusholdning, dvs bytte litt elgkjøtt mot poteter, reinskav mot ein kasse øl etc etc.
-
ANg heli og scooter på folgefonna, no er dette blitt nasjonalpark og det er enda strengare å få disp til motorferdsel. Personleg meiner eg at d burde vera ulovleg å krysse luftrom i nasjonalpark med mindre du er 9000 fot over.
-
Kor mange trost pr pers på ein middag treng ein ?
-
Hei, sjekk denne : http://beaconreviews.com/transceivers/ Her er det ulike tester og masse bra stoff om dei ulike merkene. Som grunnlag er det greit å veta at ein får søkerar med 1, 2 og 3 antenner. Det vert anbefalt å kjøpe søker med 2 -3 antenner. 2 antennesøkerar som er enkle å bruke er DPS tracker og Mammut barryvox, har prøvd begge (eig sistnemde) og dei er veldig bra. 3 antennesøkerar er m a barryvox pulse og pieps, begge veldig gode og enkle å bruke. 3 antennesøkerar er litt dyrare men har eit par finesser som ein ikkje finn på 2 antennesøkerar. Det aller viktigaste med skredsøker er ikkje kva merke du kjøper men at du trener med den gjennom kvar sesong!
-
Hyttebyen ovenfor er eit eksempel på dårleg tilrettelegging og dårleg planlegging. Her kan ein sitje og nyte synet av SUVane om sommarskvelden Verdiskapning i lokalsamfunnet er viktig men under rammer som tek hensyn til andre ting enn berre økonomi.