Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    984
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    6

Alt skrevet av josteink

  1. Om det er lov til å setje garn vil stå på fiskekortet, MEN normalt er det ikkje lov så eg ville ikkje satsa på det.
  2. Ja, no ser det ut til at våren kjem til helga Hugs at fisket i ferskvatn er veldig tregt på denne tida fordi det er veldig kaldt i vatnet. Personleg så fiskar eg i sjøen på denne tida og drøyer ferskvassfisket til slutten av april, då er det godt fiske i ferskvatn ute på øyane her vest for bergen. Det einaste eg kan tenka meg er Lotevatn oppe ved Skare men det kan nok vera at det er is her enda, spør på sportsbutikkane i Odda. Dersom du vil kjøre langt så er Opsangervatnet ved Husnes, Kvinnherad isfritt no, her er det campingplass til telt (kanskje ikkje opne no). Myrdalsvatnet over Rosendal er isfritt, her er det mange plasser å slå opp telt, ca 5 km å gå på grusveg, ikkje fiskekort.
  3. JA, det ligg is på vidda no og heilt fram til i juni mange stader. Nei du får ikkje kjøpt fiskekort for alle vatna, fordi det er eit kaos av grunneigarar. Sjekk inatur.no for fiskekort på nett. Ja det er lov å fiske i nasjonalparken. For info og fiskekort så spør ein sportsbutikk i odda, desse har ein del kort i tillegg til at dei kan gje deg masse info. Dersom du er gira på fiska no så må du nok finne eit vatn som ligg lavt, dvs neste ved sjøen.... og dei er det ikkje så mange av i sørfjorden. Det er nokon i Jondal og Kvinnherad.
  4. Neppe, dersom det her er snakk om ein permanent bygning som har ein bruk som ligg tett opp til hytte eller bu så kan dette falle inn under plan- og bygningslova kapt 20 om søknadsplikt. Byggjemateriale vil ikkje ha noko å sei. Ein gapahuk som er heilt eller delvis bygd igjen vil vera i gråsonen. Edit: denne saken kan nok ha ein relevans sjølv om det er snakk om lavo: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.7690889
  5. Er vi (vannvittig) offtopic? Lag ein egen tråd om "Generelle politiske ytringar"!
  6. For hardangervidda kan du kjøre opp til Haukeliseter, enkelt å gå herifrå og nordover. Her kan du gå alt etter formen, men mange vatn i dette område med fin fisk i, f eks holmavatn eller mannevatn. Fiskekort på Haukeliseter. Andre enkle mulighetar er inn frå Tyssedal og ringedalsvatnet, merka T-sti, evt reinsnos og t-sti innover her. Verharde område med snø som ligg lenge.
  7. Hei, kor vil du, kvinnheradsfjella eller hardangervidda, to forskjellige ting. I tilllegg er det ca 10000 vatn her så greit om du er litt meir spesifikk på området. generelt så kan du vente til juli før du fer inn på hardangervidda, dette er høgt og isen ligg lenge. For vatn som ligg lågare, dvs under skoggrensa så blir det fart når lauvet kjem på bjørka, dvs frå mai. For hardangervidda så kan du gå på biblioteket og låne Tore Quenild si bok om Hardangervidda, masse fisketips. For Kvinnheradsfjella så kan du jo spørre på forumet her, ein del som kjenner til fiskevatn. Kart på nett: http://www.norgeskart.no/adaptive2/default.aspx?gui=1〈=2 Finnes i tillegg eige kart over folgefonna og eit over hardangervidda vest på papir. Du kan sette opp telt over alt i utmark.
  8. josteink

    Catch & Release

    Enig, men eg satte ting litt på spissen for diskusjonen si skuld
  9. josteink

    Catch & Release

    Kan vel dele debatten opp i to tema, ein diskusjon om etikk og ein om forvaltning. Alle som skriv her inne og bedriver sportsfiske gjer dette utelukkande fordi dei synes det er veldig veldig morro. Ingen av oss som skriv her inne MÅ fiske for å overleve, sjølv om vi av og til fiskar for å suplere middagen. Det er ikkje noko problem å ta med ekselent frysetørka mat notildags. Fisken har smerte når den sit på kroken, uavhengig av om den blir kakka i hovudet eller slept uti att etterpå. Dersom du hadde spurd fisken, så ville nok den foretrukke C&R. Er du sportsfiskar og tek fisken mewd heim til middag så er det lite etisk forsvarleg som å drive C&R, fordi argumentet om å påføre fisken smerte er det same i begge tilfeller. Du fiskar uansett fordi det er skikkeleg morro. Om forvaltninga kan ein sei veldig kort, Dersom du likar å fiske stor fisk så slepp uti den store fisken att, dersom du likar å fiske 1 hg fisk så kakk all stor fisk i hovudet.
  10. Hjortedyrbestanden (elg, hjort og rådyr, ikkje reinsdyr) i norge har ein svært høg tetthet i forhold til f eks nordamerika. I yukon-territoriet i Canada er tettheten av elg f eks 1/10 av det det er i hedmark. Grunnen er at i norge har vi hatt ein meir eller mindre vellykka retta avksyting, sett ut frå eit utbytteperspektiv. Dvs at det er eit veldig høgt tal på produksjonsdyr enn f eks i canada. Det er med andre ord meir enn nok mat utanom sau i norge. At det ikkje er villmark att i norge er eg imidlertid enig i.
  11. Eg var han eine... For landbruk, ettersom eg har jobba store delar i landbruket sjølv, og har "litt" peiling på kostnadar og samfunnsøkonomien på små deltidssauebruk. Landbruket må og ha krav til eit visst lønnsomthetsnivå. Ei undersøking av samfunnskostnadane ved småskala distriktlandbruk har imidlertid ikkje landbruksdepartementet lyst til å starte opp med. Det er ikkje utan grunn at landbruksnæringa i norge kun nyttar kulturlandskap og oppretthalding av busetnad som argument for si oppretthalding av småskala deltidslandbruk.
  12. Dei private som har eigedoms- og bruksrett burde kanskje og gjerde inn saueflokkane sine. Og så kan ein jo stille spørsmål med om kor mykje levebrød som faktisk går fløyten ved å innskrenke utmarksbeite for sau i austlege delar av norge, og kanskje setje det i eit samfunnsøkonomisk perspektiv og sjå på verdiskaping kontra utgifter med å halde liv i ei småbruksnæring i distrikta.
  13. Hei, den såg veldig bra ut, skal prøvast! Har du prøvd å skifta ut halvparten av sukkeret med honning? mvh J
  14. Problemet i noreg er ikkje at rovdyr vert vane med folk men at folk ikkje er vane med rovdyr.
  15. Ser at det i dag er regn og + grader på finse, og dvs at det regnar nok ganske høgt opp i Raundalen og i dag, spørs om du får så mykje laussnø. Når det gjeld værvarselet med symbolteikn som du får opp på yr eller storm så er desse modelleringar basert på værvarsel og tek utgangspunkt i næraste værstasjon, som ofte kan vera ganske langt vekke. Personleg så les eg ikkje symbolvarselet fordi det bare er tull og feil, stort sett. Les tekstvarselet!
  16. Hei, Nesje uttaler seg fordi han er geolog og er nok den personen som sit inne med mest kunnskap om Jostedalsbreen og Briksdalsbreen i verden. Han har med andre ord eit solid fagleg grunnlag til å uttale seg. Store fluktuasjoner av brefronten har skjedd og vil skje som ei følgje av naturlege klimatiske svingingar, ei endring på 10 år er ikkje automatisk noko prov verken for nedkjøling eller oppvarming. Det som er interessant med den nedsmeltinga av brefronten siste 10 år i høve til 1930-1950 som ein ser no er på bakgrunn av to ting: 1) fronten av Briksdalsbreen har aldri vore observert lenger tilbake enn no, jmf NVE sine målinger. Kan tilføye at reel brefront nok er enda lenger tilbake fordi brearmen er i ferd med å avsnøre seg frå botnbreen nede, og haust 2012 vil nok vise ei markert tilbaketrekking. 2) frå 1991-2011 var det i gj snittleg ca 15% meir nedbør på Jostedalsbreen enn i perioden 1930-1950, noko som skulle tilsei ei mykje mindre nedsmelting enn observert. Så spørsmålet er kvifor smeltar breen så fort attende når det er ein vesentleg større del av nedbør? Jo, varmare somrar og lengre smeltesesong på haust og vår (dvs lengre sommer) veg opp for ein auke i nedbør. Dette er i samsvar med prediksjoner til klimamodeller, som viser eit varmare og våtare klima. PS: fint om tråden her berre kan omhandle briksdalsbreen og ikkje naturlege klimaskifte/global menneskapt oppvarming og aboslutt alt rundt dette, det er andre tråder på forumet til det.
  17. He he, nei kvifor tillegga ein av europas fremste ekspert (Nesje) på maritime brear noko kompetanse til å sei noko om breendringar...
  18. http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Oppdrettsrefs-fra-Riksrevisjonen-2666124.html Refs av riksrevisjonen, kanskje det omsider skjer noko ..??
  19. Bål på våt ved, velkomen til vestlandet. Forarbeidet er veldig viktig, har du fyrst fått opp ein skikkeleg glohaug så brenner det meste! Bruk tørre kvist til opptenning, ta berre kvist utan bork eller never, masse fukt i borken. Å finne tørr opptenningsved i våt skog krev litt erfaring, men har du tilgong på granskog så er det alltid håp.Bruk masse småkvist, og då meiner eg skikkeleg smått, f eks tørr/død røsslyng. Auk sakte opp i str på veden. Legg luftig!!!! Ser mange som trøkker for mykje og for stor ved på bålet. Har du litt halvvåt ved så krever det ein del jobb fyrste halvtimen, konstant arbeid med å leggje på ved på rett plass og blås/vift slik at flammane får masse oksygen. Men det viktigaste er at du gjer dette mange mange ganger, læring gjer meister! Snart handterar du dette utan problem. Bål
  20. Loven må ligga til grunn og følgast opp med ein form for sanksjon som gjer at den fatisk har ein funksjon. MEN eg må sei at brotet på bandtvang og størrelsen på bøten var urimeleg, kan lange hasj på plata og sleppe med mindre ....
  21. Takk for gode svar. Oppblåsbare underlag har eg øydelagt for mange av til at eg vil kjøpe fleire. Ser det er eit tjukkare ridgerest enn det eg har til sommarbruk, så kanskje det blir løysinga.
  22. Hei, har hatt ei fin vinterhelg med overnatting i telt. Nok ein gong syntes eg at eg frys nedover mot bakken. Har tidlegare vore nøgd med bamseunderlaget men har byrja å fryse nedover når eg ligg på snø. Er det nokon som har same erfaring? Er alternativet eit tynt biltema underlag i tillegg?
  23. Flott at de tek med unge speidarar ut på telttur på vinteren og viser at telttur på vinterstid er overkommeleg og kan vera ganske behageleg
  24. Andre plassar på vestlandet? Voss, Ulvik, sogndal, Odda, Jondal, Fjærland med meir har alle halvparten av nedbøren i bergen og mindre maritimt klima med kaldare vintrar og varmare somrar, masse plass og billege bustadar. Minst nedbør finn du i området Folldal - Hjerkinn og Skjåkområdet, alt som liknar av kyst kan du berre styre unna. Flott oversikt over nedbør og temp finn du her: http://www.globalis.no/Land/Norge/(show)/maps litt generell men du ser klart kva område du skal styre unna.
  25. og så vil eg anbefala dynafitbindinger, små og lette i forhold til f eks diamir og marker.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.