-
Innlegg
995 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Alt skrevet av josteink
-
Hr Lewis har innrømma bruk av doping og testa faktisk positivt 3 ganger før OL i 1988, men US dopingkontroll lot han alikevel stille opp i OL :-/
-
Hei, mindre folk enn ved normannslågen men ikkje folketomt. Er fin fisk i mangen av vatna her, slik det er med mesteparten av vidda, berre å koma seg ut. utfordringa i dette området er at snø og is kan ligga lenge, så dropp byrjinga av juli, august er betre. Sjekk Tore Qvenild si bok om vidda, her finn du mange tips.
-
Topptur om vinteren! Trenger tips!
josteink svarte på Miss Winther sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hei, skal du på ein bratt topptur , f eks opp på ein tind og køyre bratt og langt ned, eller skal du på ein slak nut? Vinter eller vårskitur? rando eller fjellski? Begynn i det små, ta ein roleg og fin tur, bygg opp erfaring. Hugs at hund og stålkanter er ein dårleg kombo! Dvs at du må køyre raskare enn hunden, siden dei fleste hundar gjedna vil hoppa framfor deg når du køyrer ned. Ut over det er det berre å spenna fast fellene å komma seg ut, topptur er som ein vanleg skitur, berre litt brattare. Finnes ein del bøker med toppturmål med ei god skildring av kva og korleis, evt ut.no. -
Då er nok tinnhølen eit godt utgangspunkt, ikkje folketomt men store og lettgåtte områder.
-
Ja ikkjenoko problem men vidda er stor og dersom du kun kan gå 1 t frå bilen så er det begrensa kva du når over. Er nokre ok områder inn frå haukeliseter ved f eks holmasjøen, der er ein del ok fiskevatn. Muligens det er ein del mulighetar inn frå aust via mogen eller møsevatn men er ikkej godt kjend der.
-
Hei, må dåke kome attende til same punktet eller satser dåke på kollektivtransport? Langs rv 7 er det mange fine startpunkt der du kan gå mot sør eller aust eller vest. F eks dyranut og sørover til langavatn og så mot vest til kinsarvik eller eidfjord. Mange fine områder nord for europaveien over haukeli også, her er det berre å velga og vrake, f eks mot litlos og torehytta - hårteigen. Eller kva med å ta bussen til haukeli og gå over til kvennedalen og følgje denne fantastiske dalen ned til møsevatn? Alle vatn er gode fiskevatn på vidda meir eller mindre, så det er meir eit spørsmål om å vera der når det skjer. Anbefalt lesning er Qvenild si bok : http://www.bokklubben.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=3818168 NB dersom det det er midten av juli kan du oppleva at høgareligande vatn på vestvidda er dekt med is.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Kombinasjonen veldig godt, lett og enkelt er uslåeleg. Svartkjele i alu med kokekaffe er klår favoritt, noko må ein berre ta seg tid til
-
Du forvekslar ulike meiningar om ein sak med å vera usaklege og fanatisk. Eg har ingen problem med å høyre at andre har andre meiningar enn meg og det burde vera ditt standpunkt dersom du skal engasjera deg i ein diskusjon uansett kva sak det er, men eit godt tips er å argumentera ut frå saka. Kan du gje meg ein sakleg grunn for kvifor det skal opnast for motorferdsel i rekreasjonsøyemed? Få argumenta på bordet så kan vi heller diskutera dei framfor å diskutera personane bakom
-
Bra! 6000 mil, wow. Eg synes alle skal legga til grunn same lovforståelse som deg, at det er opp til kvar enkelt å bestemma om dei skal følga norsk lov eller ei. Berre hugs å finn ei subjektiv grunngjeving som forklaringsmodell kvifor det er greit. Eg har veldig lyst på elgjakt, så då må det vel vera greit å reisa opp i dalane og skyta ein (eller to) elg, det er tross alt 100 000 elg i noreg, ein frå eller til gjer ingenting. La oss slutte med den langsiktige planlegginga av samfunnsutviklinga, no må det vera opp til kvar enkelt å realisera seg sjølv, så lenge ein ikkje blir tatt.
-
Finn framleis ikkjenoko brev frå MD til SOM i januar. Ventar i spenning.
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hei, dette er oppskrifta på vådeskudd. " Det har alltid fungert fint før....". Drill og avtaler er ikkje bra nok, sannsynligheten for at noko skal skje er meget liten men konsekvensen er veldig stor. Ingen planlegg vådeskudd, derfor er meiner eg det er ein ufravikeleg regel at børseløpet aldri peikar mot eller i retning av jaktkameratane mine.
- 144 svar
-
- 3
-
-
Austlege delar av dovre, grimsdalen og rondane er det lite snø. Evt kva med områda ned mot feminden og aust for røros, eller lierne i nordtrøndelag, skogsterreng sombør vera snøfritt tidleg?
-
Da som festa seg med dette programmet var vel mest at to ungjenter fiksa hagler, rensa hare, vassa i myr etter and og handterte båtmotr og våpen i tillegg til å ha masse livsglede. Heromkring er det ikkje akkurat malen for folk i byrjinga av 20åra.
- 144 svar
-
- 4
-
-
Eit kjapt søk i postjournalen viste ingen brev frå MD til SOM i løpet av siste veka, tipper dei treng svartida fullt ut her.
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Finnes det i det heile noko argument for at kommmunane fritt skal kunne etablera så mange scooterløyper som dei vil overalt, utanom verneområder (som jo er ein liten del av norsk utmark)? Det einaste argumentet som eg ser ligg føre er at dei som eig scooter skal ha ein mulighet til å køyre ein stad, noko eg kan forstå ut frå ein scootereigar sitt synspunkt. Imidlertid verkar det som at dette noko kortsiktige argumentet manglar ei vurdering som strekk seg lenger enn neste sundagsturen. I dag er dei fleste scooterar eigd av fastbuande i distrikta og det er få hyttefolk som investerar i scooter fordi det er små mulighetar for bruke den og det manglar tilrettelegging (iallefall i område sør for Trondheim). Ein auka grad av mulighetar for å bruke scooter og ein auka grad av tilrettelegging vil føre til at fleire vil nytte seg av tilbodet som dette gjer. I Oppland fylke er det i dag 48 000 fritidsbustadar. Med ein auka grad av tilrettelegging er det svært sannsynleg at dei som i dag ikkje har sett behovet eller ikkje har hatt mulighet til å køyre scooter vil gå til anskaffelse av scooter. Eg meiner det difor er svært sannsynleg at ein utstrakt mulighet for kommunane til å etablera scooterløyper vil føre til ein svært stor auke i talet på scooterar. Allereie i dag ser ein i Voss kommune at det er ein auke i tal på hytteeiegarar som eig scooter og at det dei siste vintrane har vore ein sterk auke i talet på saker som omhandlar uloveg køyring (vel og merke grunna både fastbuande og tilreisande). At ein kommune vil sei nei til scooterløyper som kan føre til at det vert meir turisme i området og med auka inntekter til kommunen fell på sin eigen urimelegheit. Mindre ressursar til tilsyn både til SNO og redusksjon av handlingsrommet til fylkesmannen i tilsynssaker gjer at ein i tillegg til auka tilgong til løyper kan forventa auke i ulovleg køyring. Det er nemleg ein tett samanheng mellom oppfølging og handheving av regelverk, og graden av ulovlighet. At ein kan forventa ein radikal auke i talet på scooterar med ein auka grad av tilrettelegging er noko som i liten grad er trekt inn i diskusjonen, der ein har nytta tillit-til-lokaldemokratiet argumentet til å slå i hjel dei viktige samfunnsspørsmåla som ligg i tilknyting til problemstillinga.
- 1 234 svar
-
- 7
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hei, Var to veker i dolomittene i fjor i juni. Flotte områder der, litt meir tilrettelagt enn i norge men det er godt med ein weissbier til lunsj på ei eller anna fjellhytte og å nesten aldri måtte tenke på nistepakke. Vi var frå bolzane, såg på øtzi, og tok runden østover og enda opp i toblach. Vi likte oss best i nordlige delar, dvs frå bolzane, toblach, cortina område. På sørsida av dolomittene var det mindre å sjå, meir folk og dårlegare mat. Sommeraktivitetane dreier seg mykje om sykling, masse veldig bra tilrettelagte sykkelturer på egne vegar i alle variantar. Anbefaler. Anbefaler innichen aust for toblach, fantastisk flott liten by. Dersom du skal her i juni el byrjinga av juli så er seisser alm flott plass, gamalt stølsområde oppå kalksteinslettene. på denne tiden er det fantastisk flora i området. Står masse på nettet om dette området. Cortina er jo verdt eit besøk, snobbeplass delux men veldig fin og med masse aktivitetar for alle. Stor fin nasj park vest i dolomittene, men vi kom aldri så langt.
-
Kristoffer Clausen og ett år i villmarka
josteink svarte på Danish sitt emne i Bøker - media - foredrag
Anbefalar alle som har lest Ingstad sine bøker å lesa dottera sin biografi, der det viser seg at godeste Ingstad også berre fortel halve historien. Clausen føl opp ein norsk tradisjon- 205 svar
-
- 1
-
-
Hei, dette er sagt i friluftsloven og eg er enig i at det i utgongspunktet ikkje er eit definitivt forbod mot dette, eg skal modifisera mitt svar over. Personleg ville eg anta at dersom ikkje anna er sagt så kan eg køyre på ein veg men av erfaring så spør eg nærliggande hus, og har så god som alltid fått positivt svar.
-
Nei, grunneiger kan muntleg vise til at vegen er privat og at han/ho ikkje ynskjer motorferdsel her. Viser til link der det er sagt : "Grunneieren kan imidlertid fritt nedlegge forbud." Mangel på skilt kan ikkje vera til hinder for almenn lovforståelse. Ein kan ikkje fiske fritt i vatn med mindre det står skilt som seier anna.
-
kajakk Sykkel/kajakk-tur til Helgelandskysten
josteink svarte på Linngunn sitt emne i Kano, kajakk eller packraft
1 veke var veldig lite på så masse fine områder, men men. Vega: fint å telte sør på Eidemstranda, og topptur på trollvasstinden. Besøk Sandmo gårdsbakeri på Kjul, heilt fantastisk pizza og bakevarer.Nydeleg padletur rundt Søla og åpnordvestsida av vega. Dønna: dønnamannen er flott, padlemulighetane er uendelege her, sats på øyane i sør, vest eller nordvest for dønna eller herøy. På dønna er det nydeleg strand og teltplass på Sandstrak. NB: det er ikkje tilrettelagt noko særleg for turisme på Dønna eller i Herøy. -
Ja, insektlivet har startet. Med ein gong isen går så startar fjærmygg og steinfluge å klekke. Minuset med veldig sterk varme er stor snøsmelting som gjer masse kaldt vatn, og då er fisken ofte ikkje så aktiv. Er det ope vatn så vil ei stor fortynga fluge gje gode resultat, mønster er ikkje så viktig, fisken er relativ svolten (og ofte mager) etter vinteren.
-
Under åpen himmel med barna – sesongens siste båltur
josteink svarte på passerinum sitt emne i Barn på tur
Veldig flotte bilete og flott blogg, det er kjekt å lese om folk som gjer born og friluftsliv til kvardagsliv -
Det er ein vesentleg forskjell på dnt-hytter og private hyttefelt som du må ta inn i ditt resonement. DNT-hytter er ønska oppført inne i verneområder og villreinområder. Private hyttefelt blir aldri tillatt oppført i ein nasjonalpark eller inne i nasjonalt villreinområde. Samfunnsnytten av ei DNT-hytte er 1000 gonger meir verdt enn ei privat hytte, eg er enig med deg der. Men skal den store samfunnsnytten gjera at DNT kan oppføre hytter overalt uansett konsekvens? Og må folk som ikkje klare bære tungt få tilrettelagt for feerdsel ved å hytter overalt?
- 72 svar
-
- 2
-
-
Spørsmålet er om DNT hytter kan oppføres overalt uansett konsekvens på den bakgrunn av at dei gjer ein stor innsats for å få folk ut på tur?
-
Eit interessant spørsmål. Og dersom ein trekk dette og seier at :Verna natur har ingen verdi dersom ingen får oppleve den! Uten eit hyttenett får ingen oppleve urørt natur! Til fleire som får oppleve urørt natur til meir verdi har den! Større grad av tilrettelegging fører til at fleire får oppleve urørt natur, det bør opnast for større hytter og funksjonelt utforma sti/veg! og så kan ein stille spørsmålet om kor mykje urørt natur er det igjen.