Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    994
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Hei, når vi er to stk og koker frukost, lunsj og middag så held ein liten biltemaboks i ca 2 dager, men opplever at dette varierar mykje i forholdt til temp pg evt vindskjerming og slikt. Brukar risengrynsgraut til frukost som treng litt koking i forhold til å berre varme vatn, same med middag.
  2. radical er einlitt tyngre binding som kanskjeog er litt meir solid, speed radical er mindre og lettare og av nokon oppfatta som mindre robust. Eg seier kanskje fordi eg har ikkje opplevd at det er forskjell på dei to bindingane utan at eg driv hardtesting. Ser på nett at det for speed radical ikkje er anbefalt å droppe over 10 m, men for meg er ikkje dette så aktuelt med denne skia uansett. TLT speedturn har eg ikkje køyrd med og veit lite om. Leit litt på nett, står veldig masse om pros og cons om dei ulike, står ein del på friflyt.no også.
  3. Vokl nukka er gode ski, har desse med dynafit binding. Dei er imidlertid rekna som smale ski i norge så kanskje du bør ha dei 10 cm lengre enn du ville valgt med ei breiare ski, for å ha god flyt og ikkje "falle gjennom" når du køyrer fort. Dette er imidlertid ei ski som eg har vald fordi eg ville ha ei lett ski som var ok nedover. Villa ha valgt ei breiare ski dersom eg fokuserte på nedoverkøyring. Ei grei allround ski til rando er 85-95 mm, men her er det mange meiningar ute og går. Nukka er smalare men eg er som sagt veldig fornøyd. Gjekk frå Vokl polarbear 96 mm på midten til denne og det er ei anna verd å gå oppover med Nukka, og eg angrar ikkje på å ha gått ned i bredde. Markerbindingen er blytung i forhold til Dynafit, skal du ha ski til topptur så er det ingen grunn til å gå for marker. Har kjøpt ein del ski på www.sportconrad.de, dei er jamt over rimeligare på randoski enn i noreg. Ser dei har Nukka med dynafit radikal kostar 509 euro, dvs 509 + frakt 20 euro (?) minus 19 % tysk moms x 8,25 (eurokurs) x 1,25 (norsk moms) = ca 4500,- . Dersom du går for Dynafit speed radical uten stopper med fangrem (som er dei eg har på mine ski) så vert det litt billegare. Mange vil ha stopper på ski (og det er lurt), eg gjekk for lettast mogleg. Elles er jo dynafit manaslu, dynafit sevensummit, osv osv, er blitt eit veldig godt utval i lette toppturski. Blar ofte vera ein del gode tilbod i ein del norske butikkar så det er berre å shoppe litt rundt her i landet også.
  4. josteink

    Bivuakksko

    Min erfaring er den samme, dei fungerar inne på hytte eller på tørre lyngrabber, ut ove det så blir dei for tynne. Brukar dei inne i forsvarets fotpose og det fungerar betre, genrelt er forsvarets fotposer noko av det beste eg har på føtna på vinterstid
  5. Raskaste er å ta tog til Voss og hoppe på buss til Odda, og deretter hoppe på haukeliekspressen. Tek ca 2 t til Odda og går vel omtrent ein buss kvar 2. time. Frå Odda og opp til Haukelisæter går det ikkje så ofte buss, sjekk www.haukeliekspressen.no. Har ikkje oversikt over austsida men toget må vel heilt til Drammen før kollektivlinjene møter kvarandre?
  6. Er planen å gå n-S på vidda eller A-V? N-S så kan det vera greit å parkera langs E134 over Haukelisæter og gå mot nord, f eks til Liseth eller Garen langs Rv7, eller omvendt. Går buss til Odda og inn fjorden til Eidfjord og opp til Maurseth. NB kan vera litt andre ruter i påsken med helligdager og skulefri, mange av bussane opp til Maurseth er skuleruter. Sjekk www.skyss.no .
  7. Ja, det har du heilt rett i, alle kan ikkje kome seg ut eller rundt eller på anna måte gå langt. Men "forsøksprosjektet" (som vi disuterar i denne tråden) går ikkje på folk med ulike funksjonshemmngar, det går på alle. Vi kunne og hatt ein diskusjon på i kva grad ein skal tilrettelegge for ferdsel for alle men det høyrer heima i ein eigen tråd. At ein kanskje burde ha ein type handikapptransport langs nokre få utvalde strekningar er ikkje ein dum tanke, siden naturopplevingar er viktige i eit folkehelseperspektiv. Og berre for å ha sagt det og ikkje berre vera sur og negativ så synes eg at det heilt sikkert kan finnast løysingar for å kunne utvide skuterkøyring, f eks som det er vist i tidlegare innlegg om samlokalisering ved veg og skuterbaner/park. Det er i tillegg fleire turisthytter som har beltebiltransport der denne løypa bør kunne brukast av fleire. Imidlertid bør dette vera styrt frå regionalt eller nasjonalt nivå.
  8. Spørsmålet om tal på forsøkskommuner dreier seg om kor mange kommuner ein kan ha inn i eit forsøk før det vert ein endra praksis og ikkje eit midlertidig forsøk, slik intensjonen i forsøkslova er tenkt. Når fleire av dei fremste på rettsvitenskap i norge har uttalt offentleg at å opne for at alle kommuner som søker får aksept for å vera med i "forsøket" er å sjå på som ei lovendring og ikkje i tråd forsøkslova (dvs alle som har uttalt seg offentleg). Dersom ein ynskjer å opne for at kommunane skal etablera skuterløyper så skal ikkje dette gjerast gjennom forsøkslova, men gjennom lovendring av motorferdselslova. Dette skjer ikke fordi at det tek tid og at det er usikkert om det er fleirtal for endringa, då er det enklare å ga bakvegen og sleppe desse tunge prosessane med alle dei som er så negative. For meg som innbyggjar er det eit problem at storting og regjering i praksis endrar lovgivning utan at det ligg ein demokratisk prosess i forkant, uavhengig av kva sak det gjeld.
  9. " Man trenger ikke ha fjellet fullt av løyper for å gi folk en mulighet til å komme seg." Kanskje folk må akseptera at dei må bevega seg for å kome seg ut? Og kanskje finnes det mindre konfliktfylte måter å tilrettelegga for at folk skal kome seg ut i naturen?
  10. Har spurd spørsmålet mange ganger i denne diskusjonen men har aldri fått svar. Prøver meg igjen: Kva grunnar med ei samfunnsmessig overvekt av fordelar er det for å opne for at kommunen skal stå fritt til sjølv å opne skuterløyper?
  11. Spørsmålet er meir kva du skal bruke skoa til, det finnes heller ikkje i skoverdenen noko som høver for alt. Skal du gå mest på høgfjell eller i skogen? sti eller steinur? er du opptatt av vekt eller solide sko? tung eller lett oppakning? Reine skinnsko (som det ikkje er så mange att på markedet av) er solide og kan impregnerast godt slik at dei held vatnet ute. Eks er Scarpa SL som er fullærssko og ein knakande god sko, men desverre litt for smal over vrista for meg. Desse er oftelitt tyngre og stivare, som kan vera ein fordel dersom du vasser rundt i steinur og slikt. Dei fleste skoa har i dag goretexmembran men min erfaring er som over at dette er vasstett ei stund og ikkje meir enn det. Finn du ein sko som sit godt så gå for den uavhengig av om det er goretex eller ei.
  12. Hei, fann dette på postjournal, har tinga innsyn i dokumentet:
  13. Den var jo kjempeflott! Kor tung er den? Tåler den å bli dratt over stubber og krasje inn i tre og slikt?
  14. Flotte bilete og underholdande tekst
  15. Flott vårtur inn frå skare til Sauabrehytta, i tillegg er det mange andre fine turar i dette området. Mange turlag har helgetur over folgefonna, ein flott tur som du bør få med deg når du er på desse kantar. Skal vera flotte plasser inn mot Bordalsnuten og kyrkjenuten frå seljestad.
  16. Denne debatten dreier seg ikkje om ein set spor etter seg på snø med skuter. Dette er eit prinsippielt spørsmål om ein skal opne for motorisert ferdsel kun for fornøyelseskøyring der det ikkje eksisterar motorisert ferdsel i dag. Og som leiar til neste prinsippielle spørsmål; skal framtidige samfunnsutvikling vera styrt av enkeltindivid sine behov eller langsiktig samfunnsmessig vekting? Kvifor driv folk med friluftsliv i norge i dag? Samtlege undersøkingar (og det er ganske mange etterkvart) om folks friluftsvaner syner det same, nemleg at det er fråver av støy, stillhet, og nærleik til natur og fråver av "sivilisasjon". Det er ein openbar konflikt mellom kva folk ynskjer med friluftsaktivitetane og å ha skuterløyper i same område. Skuterløyper vil medføre meir støy, mindre atraktive områder for ski og anna rekreasjon. Kor mange går på tur langs Rv7 over vidda? Og for å ha stadfesta det, ein 4takter som står på tomgang går veldig stille, ein 4 takter som køyrer i 50 km/t lagar støy! Politikk og forvaltning skal ikkje planleggja for i dag men 20 og 30 år fram i tid. Det er i dag god plass for dei få som har skuter og dei mange som driv ikkje-motorisert rekreasjon. Imidlertid så er det i norske fjell og skogsområder fleire 100 000 hytter i tillegg til bustadhus, der berre ein liten del har skuter i dag. At det no vert opna for å køyre skuter vil føre til at talet på skuterar aukar radikalt. Dette igjen vil føre til eit auka press på for å tilretteleggje for fleire skuterløyper. Og kvar skal skuterløypene gå? Dei er lagt her av rekreasjonshensyn, og det vil sei at dei ynskjer å oppleva fin natur. Konflikten med ikkje-motorisert friluftsliv er openbar. Utfordringa her er at ein stor del av dei som går f eks på ski ikkje vil vera i område der det er skuterløyper. I Finnmark er det i dag mange skuterløyper. Dei få finnmarkingane som går på ski går ikkje i område med skuterløyper, men trekk vekk til andre områder. Det er no lagt opp til at kommunane skal forvalte kvar skuterløypene skal gå. Det er imidlertid ikkje lagat føringar på kor mange løyper eller andre rammer. Kommunal forvaltning tek omsyn til sine lokale interesser, naturleg nok. Kor mange verneområde ville det vore om kommunane sjølv fekk styre dette? Svaret er ingen. Samtlege verneplaner er møtt med lokalpolitisk motstand. Det er difor naudsynt med ei nasjonal styring dersom ein ynskjer å ta vare på viktige verdiar. Det er interessant at dei største samfunnsutfordringane i norge i dag er knytt til livsstilssjukdommar og psykisk helse. Friluftsliv og tilgang til natur har ein svært veldokumentert positiv effekt på alle felt når det gjeld folkehelse. Samstundes så har ein eit paradoks at eit av argumenta for å opne for rekreasjonskøyring er å få fleire ut i naturen gjennom mindre fysisk aktivitet. Dersom ein ser til det fylket med flest skuterløyper i dag, Finnmark, så ligg desse på botn i alle folkehelseundersøkingar når det gjeld livsstilssjukdommar, gjennomsnittleg levetid, psykisk helseproblem i tillegg til arbeidsløyse og uføretrygda. Her er nok det ein meir kompleks årssakssamanheng men det hadde vel ikkje skada om dei lot skuteren stå og gjekk seg ein tur. Min påstand er at å opne for rekreasjonsskuterløyper vil føre til radikal auke i motorisert ferdsel som vil føre til eit auka press for å opne for enda fleire løyper. Dette vil fortrenge ikkjemotorisert ferdsel og folk som tidlegare faktisk gjekk på ski til hytta vil nokøyre skuter istadenfor. Eg kan ikkje sjå at rekreasjonskøyring har nokon som helst samfunnsmessig gevinst sett opp mot ulempene. Så kvifor skal ein opne for skuterløyper? Finnes det ein einaste god grunn for dette?
  17. Hei, ser det er mykje info om telt i cuben på nett men i eit anna klima enn det typisk norske. Er det nokon som har erfaring med bruken av denne type telt i norsk klima? mvh Jostein
  18. Hei, har du noko erfaring med dette teltet i vind og dårleg ver?
  19. Her er forarbeida om intensjon bak lova: "3.1 Lovens utgangspunkt og formål Etter motorferdsellovens § 1 er formålet med loven "ut fra et samfunnsmessig helhetssyn å regulere motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen." Av lovens forarbeider fremgår det at begrepet "naturmiljø" skal forstås i videste betydning. Det omfatter både naturlandskap med mark, planteliv og dyreliv og andre miljøverdier som ren luft, rent vann, landskap, stillhet og ro. Formuleringen "fremme trivselen" innebærer at loven også tar sikte på å tilgodese rekreasjonsverdier, friluftsliv og naturopplevelser. Motorferdselloven har som utgangspunkt at motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er forbudt, jf. § 3 – med mindre annet følger av loven selv eller vedtak med hjemmel i loven. Loven tar imidlertid ikke sikte på å hindre nødvendig ferdsel til anerkjente nytteformål. Det er den unødvendige og fornøyelsespregede ferdselen som reguleres. Dessuten bidrar regelverket til at de transporter som er tillatt, foregår til minst mulig skade og ulempe. 3.2 Krav til aktsomhet, lovens § 8 Lovens § 8 angir de krav som stilles til lovlig motorferdsel i utmark og vassdrag, nemlig at ferdselen skal foregå aktsomt og hensynsfullt. Bestemmelsen gjelder både for ferdsel som er direkte tillatt etter lov og forskrift og for ferdsel det gis dispensasjon for med hjemmel i lov og forskrift. Kravet til aktsom og hensynsfull ferdsel er stilt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og mennesker. Det innebærer at ferdselen ikke skal volde unødig skade på grunn, vegetasjon og dyreliv eller ulempe for andre, og for øvrig ikke unødig forstyrre eller forurense naturmiljøet." Lova sitt virkeområde er med andre ord veldig vidt, og ulemper med ferdsel går langt utover fysisk spor. Lovgiver er ganske eintydig på at motorisert ferdsel er i konflikt med friluftslivsverdiar, jf. utheva tekst. Dette kan naturlegvis diskuterast all den tid det er ein subjektiv oppfatning men alle lover speglar det samfunnet dei vert laga i. Dette byggjer på svært sterk norsk friluftstradisjon der fråveret av støy og motorisert ferdsel er eit veldig viktig moment for friluftsliv.
  20. EIn som bryt norsk lov (f eks med å køyre ulovleg med skuter) gjer noko ulovleg. Om den som bryt lova har eit mindre eller større miljørekneskap enn evt folk som held seg innanfor rammene av norsk lov er totalt irrelevant. Eg trur det er openbart at norsk rettspraksis ikkje kan vektlegga om ein gjerningsman/kvinne hadde på seg bukser i økologisk bomull. At du er uenig i at skuter set spor i terreng og at omsyna i lova er feil vekta er heilt greit men det er ikkje personer i økokrim sine personlege oppfatningar som definerar dette men eit lovforarbeid og ein lovtekst vedteken av eit storting, og ytterlegare definert gjennom rettspraksis.
  21. Kan eg få lov til å peika på at dette er ganske OT, dette er ein diskusjon om kva som medførar mest utslepp medan denne tråden er ei meiningsbrytning om å opne for motorisert ferdsel med skuter i mykje større grad enn det som er i dag. Og utslepp av CO2 og andre drivhusgasser innanfor det som er normalt er ikkje å rekna som miljøkriminalitet. Det er imidlertid ikkje dette som Økokrim reknar som miljøkriminalitet i sin definisjon av motorisert ferdsel, dei peikar på andre omsyn, sjå tidlegare innlegg
  22. Har med åra handla ein del i USA og ser at det er færre og færre merker som dei kan selga utanlands. Er spesielt telt og soveposer som eg har fått billegare. Det må imidlertid vera litt på tilbod skal det egentlig vera ein del å spare på det, med mindre ien kjem over gratis-frakt grensa. Når eg ved ein feiltaking har prøvd å kjøpa varer som dei ikkje kan senda har dei allereie i nettbutikken stoppa handelen så snart eg har skrive inn adresse, det er jo ganske ryddig i forhold til å sende epost etterpå.
  23. Det er spesifisert at dette ikkje gjeld område som er verna etter anna lovverk, td nasjonalparkar, landskapsvernområde etc etc.
  24. Spennande, håper du gjer ei tilbakemelding her på forumet korleis det gjekk og evt endring vekt mm.
  25. Hr Lewis har innrømma bruk av doping og testa faktisk positivt 3 ganger før OL i 1988, men US dopingkontroll lot han alikevel stille opp i OL :-/
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.