Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    994
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Flott at du konfronterar slikt. Paradokset er at ein gjekk frå ei ordning med vannskuter der kommunen kunne avsette område for vannskuter gjennom kommuneplan, til å opne for fri bruk overalt men med avstandskrav på 500 m til land, ein forutsetning som er nesten umogleg å handheve langs største delen av kysten.
  2. Nei, dette gjeld at Sivilombudsmannen har vurdert regjeringa sin bruk av forsøkslova. Sivilombudsmannen representerar ikkje stortinget sitt syn men er ein uavhengig instans som vurderar offentleg forvaltning sin lovutdøving. Dei uttalar seg som ein fagleg instans med stor tyngde og det vil vera veldig spesielt dersom offentleg forvaltning ikkje rettar seg etter sivilombudsmannen sine uttaler.
  3. Hei, som nokon har vore innom tidlegare så er slutten av juni tidleg på vestvidda spesielt i områda torehytta-trolltunga, det kan vera store mengder snø her då og det er nok is på dei fleste vatna. Det har vore ein rekordtidleg vår i år men eg ville ringt til litlos og høyrd om snøtilhøva før eg for og i tillegg kanskje sendt ein epost til turistforeninga i Odda for å høyre kor mykje snø det er på vestsida. Ut over det er det ein flott tur du har skissert, masse fin natur og anna. Middag på Litlos skal vera bra, dersom du har tid kan du jo ta turen innom sandfloeggi, som er høgaste toppen på vidda.
  4. Kva verktøy er best til å hole ut ein kopp?
  5. Flott plass for ein telttur!
  6. Hei, rimeleg jakke. Korleis er den i bruk, passform, hette, vindtetthet med meir?
  7. Hei, korleis er jakka i bruk, er stoffet så tynt at det ikkje tåler ein tur gjennom vierkrattet? Er det for tett ved høg aktivitet?
  8. vestsida av hardangervidda kan det vera ein del snø tidleg i juli, sentrale og austlege delar bør ikkej vera noko problem i juli. Lite snø i rondane i juli. vil du ha store tinder og slikt er kanskje ikkje hardangervidda plassen, sjølv om det er flotte toppar nord for rv7 og vestover mot hardanger. Hardangervidda er imidlertid stor så om du har 14 dagar så kan du få sett mange fine plassar. Kva med å gå nordover i rondande, masse toppar som er relativt enkle å gå på evt om du har tid kan du krysse vegen på Dovre, f eks gautådalsseter og gå utover Sunndalsfjella, litt vidde og flotte topper, interessant dyreliv.
  9. Har exped vela 1, stort fortelt egentlig og ikkje noko problem med hund, sjølv om eg kun har hatt med meg ein halvstor ein.
  10. Tusen takk for veldig gode svar Montane var eit merke eg ikkje har sjekka så det skal eg sjå på. Når eg skreiv superlett så meinte eg vel egentlig lett, dvs 100 eller 300 gram er ikkje så viktig, heng ikkje med i produktutviklinga på UL utstyr.
  11. Treng ikkje vera vasstett, nokon som har gode erfaringar???
  12. Hei, er det nokon som har gode erfaringar med måling til trekano, som kan anbefala noko? mvh J
  13. Gjer og støtte til Brage som har oppdatert oss på utviklinga i saka!
  14. Her ein veldig nyttig blogg om kva som er lov og ikkje iht allemannsretten. For eksempel når er det lov å telte, kvar kan ein bade, kan ein plukke blåveis, er det lov med terrengsykling overalt, etc etc: http://allemannsretten.no/
      • 2
      • Liker
  15. Skal du sjå elg så må du holde deg til kulturlandskapet, dvs dyrket mark og jordbrukslandskap, helst seint på kvelden eller morgonen. Elles så er det flott ute no, med tiurleik og orrfuglleik, i tillegg er det jo kjekt å sjå etter spor etter alle moglege dyr på denne tida. Berre å komme seg ut, god tur!
  16. Sitat: "På linje med resten av bransjen har også de opplevd en kraftig økning av salget av de ekstreme maskinene, skriver Nordlys." :flowers:
  17. Må berre få understreka dette, tren på velt og redning ein sommardag, slik at du veit korleis det er å gå rundt og at du beherskar å kome deg ut og slikt, det gjer deg ein trygghet når du padlar litt rundt i bølger og vind.
  18. Flott film, nydelig vatn!
  19. Offentlige myndigheter har innsigelsesrett som dei kan bruka under høyringsprosessen før vedtak vert fatta. Klage er etter vedtak er fatta, og går på sjølve vedtaket. Og ja, berre off myndigheter. Du som privatperson har ikkje innsigelserett, og du er i loven ikkje gjeve opning for å klage på fatta vedtak når det gjeld kommuneplannivå. Kan lite om kommunelov og lovlighetskontroll men siden dette gjeld lovlighetskontroll vil eg tru at dei ikkje er avskore frå å melde dette inn til departementet. Klagerett etter forvlov gjeld enkeltvedtak men i kommuneloven gjeld det "avgjørelser" dvs antar ein vidare tolkning og med det ein mulighet til å prøve det. No kan uansett departementet på sjølvstendig grunnlag ta inn og endre og oppheve alle kommuneplaner dersom dei finn der for godt men ettersom det er Sanner som må gjera det og han har opna opp for prosjektet så er vel det lite truleg at vil skje.
  20. Nei dette er ein veldig god pris. Einaste grunnen må vera at det er ror, men det er ein personleg oppfatning. Glasfiber kontra plast, står side opp og ned om dette på nett. Eg gjekk for plast siden eg er oppe og nede av svaberg, og dreg den over land og opp elver. Hadde eg primært padla sjø og hav så hadde eg vurdert glasfiber.
  21. Er ikkje klageadgang etter fvl. Fylkeskommune og fylkesmann i tillegg til alle andre regionale myndigheter skal ivareta andre lovverk i kommunal forvaltning.
  22. Det er plan- og bygningsloven § 11-15 som fastset dette. Bakgrunnen er at det ikkje vil vera praktisk gjennomførbart å gje klageadgang til dei med interesse i saka, som i praksis er alle i kommunen og ein god del andre. Det vil ikkje vera mogleg å handsame f eks 5000 klager på ulike ting fordi det vil belaste forvaltninga i tillegg til at tidsaspektet vil gjera at prosessen vil ta urimeleg lang tid. Derfor er samfunnsinteressa av å gjennomføra ein planprosess vektlagd meir enn at alle skal kunne prøve vedtaket. Imidlertid så har alle mulighet til å kome med innspel iallefall 2 gonger før vedtak, og såleis er muligheten til deltaking og medverknad ivaretatt før vedtaket vert fatta. I tillegg skal fylkeskommune, fylkesmann og evt departement sjå til at prosessen har gått korrekt føre seg og har mulighet til innsigelse (og oppheving av uriktig vedtak).
  23. Nei, vedtak om kommuneplan kan ikkje påklagast. Dvs at du eller organisasjoner o.l. ikkje har klagerett.
  24. Må få leggja til at alle planer etter plan og bygningsloven uansett skal ha ei skildring av konsekvensane, medan ku forskrifta slår inn der det er trong for ein særskild utgreiing. Dette vil føre til at ein har eit betre beslutningsgrunnlag og kan gjera tilpassingar men beslutninga om å gjera tiltaket er allereie fatta og det vil på dette stadie i prosessen kun vera snakk om tilpassing, tilseier all røynsle med vasskraftutbygging, framføring av kraftlinjer, vegprosjekt osv osv.
  25. Bakgrunnen for å opne for skuterløyper er at desse vert regulert i ein kommuneplan heimla i pbl. Som det er vist til tidlegare så fell desse planane inn under forskrifta og skal utredes. Forskriften og pbl er ikkje berre knytt til utbyggingstiltak men må tolkast vidare i den forstand at endra arealbruk også må vurderast som eit tiltak som etter pbl. Her vil etablering av skuterløyper vera ein så markert endring at det vil vera naturleg at desse fell inn under forskrifta, sett i ljos av føremålsparagrafen i både forskrift og pbl. Uavhengig av kva nivå kommunen ynskjer å regulera det etter så vil det å ikkje konsekvensutreda vera ein ganske klar sakshandsamingsfeil. at regjeringa har opna for forsøksprosjekt kan heller ikkje reknast som avklaring på overordna nivå ettersom detter er etter forsøkslova og ikkje etter plan og bygningslova.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.