-
Innlegg
984 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
6
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Nedbygging av friluftsområder og forgrønningen av Europa
josteink svarte på Fjellfilmeren sitt emne i Samfunnsdebatt
Hei, her er ein gjennomgang av temperaturendringar rundt arktis siste 10000 år frå amerikanske met institutt: http://www.ncdc.noaa.gov/paleo/globalwarming/holocene.html Gjennomsnittstemperatur for den nordlege halvkule siste 2000 år: http://www.ncdc.noaa.gov/paleo/globalwarming/paleolast.html Desse var dei beste oversiktsstudiane eg fann i farten. Er gjort ein heil masse i norge og men dei fann eg ikkje i farten på nettet. Du kan imidlertid søke på "Klima holocene norway" så får du mange enkeltstudiar. Det er imidlertid store geografiske lokale variasjonar i temperaturendringar siste 10 000 år, og ein eller to studiar kan vanskeleg generaliserast til å gjelde eit større område. -
Nedbygging av friluftsområder og forgrønningen av Europa
josteink svarte på Fjellfilmeren sitt emne i Samfunnsdebatt
Den varmaste perioden etter siste istid, Dvs ca 11000 år var for omtrent 8000-6000 år siden. Etter dette tyder alle data i noreg på at gjennomsnittstemperaturen har falle ganske jamnt med botn i perioden 1600 til 1900 ( lille istid). Så til tross for at jorda mottek mindre solinnstråling så har temperaturen stige jamnt siden 1880. Høgare temperatur er lik meir nedbør. Berre siden 1980 har nedbøren i Hordaland auka med 21 % og det er i gjennomsnitt 42 fleire nedbørsdagar i året, så ting var litt betre i gamle dagar.- 31 svar
-
- 1
-
Skitur/hytte på rundt Hordaland/Sogn og fjordane
josteink svarte på Geitebukk sitt emne i Fjellvandring
Hei, næraste "lette" terreng er kanskje Bergsdalen - hamlagrø og inn mot turisthytta Vending. Har ikkje gått her med pulk men er rekna som ein enkelt fjellskitur. Har gått med pulk mot Høgabu i same området men der vil eg ikkje gått med barnepulk. Reknar med at det er snakk om korte turar siden det er med småbarn? I så fall kan området rundt hamlagrø vera ok utgangspunkt. Dersom du ikkje er avhengig av hytte så kan vel kanskje Mjølfjell og nordover Rjoanddalen ein mulighet, her kan du kjøre evt ta toget. Kan vera utfordrande å finne p-plass, du må kanskje opp til vandreheimen for å parkera. Alterantiv er å ta tog opp til Hallingskeid og bu på hytta her og ha dagsturar ut frå denne. Alternativt er Finse ein mulighet. Dersom du vil køyre kort kan du ta turen til Gullbotn og gå inn forbi lysløypa og oppi botnane men då må ungane vera vane med å gå litt på ski. Eit anna alternativ er å køyre mot Kvitingen, og finne nokre fine teltplassar rundt her. Greit skiterreng for små ungar så lenge du ikkje vil gå langt inn på fjellet. I tillegg har du Kvamskogen men dersom du ikkje vil drukne i bergensarar så er dette ikkje plassen. -
Takk for veldig informative svar! Ser at eg skal kjøpe med ei bok og to der eg kan lesa meg opp på alt det tekniske
- 31 svar
-
- 1
-
Hei, flott video. Kva kamera har du brukt og kva innstillingar? Personleg så ville eg tona ned hastigheten på nokre av dei sky/skodde sekvensane, spesielt kanskje den fyrste, blir litt for raskt til at ein ser mønster og formasjoner i skyene. Sekvens 3 er veldig fin der i forhold til hastighet. Likte veldig godt siste sekvensen der ein ser at det fjørast og sola går lågare
- 3 svar
-
- 1
-
Tusen takk for gode tips! Usikker på kva eg skal gjera enda men skal sjekka ut nokre fleir kamera men trekk konklusjonen at det fekk veldig gode kritikkar i 2011 på dpreview.com så då er det vel fult mogleg å ta ok bilete i dag. I forhold til bildebrikke og sensor som bør handtera lite lys, er det ikkje optikk som er viktig her?
- 31 svar
-
- 1
-
Hei, ser at det er mange fotokyndige personar på forumet og håpar de kan hjelpa meg med dette spørsmålet. Finn Panasonic lumix GF1 kamerahus rimeleg på nett. MEN er denne teknologien utdatert no (lansert 2010) eller kan eg kompensera med gode linser og få god fotokvalitet av desse? Eller må eg gå for eit speillaust kamera frå 2013-2014 (som er mykje dyrare)? Er ein 3/4 MOS sensor på GF1. Eg ynskjer å ta gode tur og landskapsbilete med eit kamera som er lite nok til å vera med på tur, men som kanskje har fotokvalitet betre enn kompakt.
-
VELDIG nedsatte prisar på eit par ting i bergans outlet: http://nettbutikk.bergans.no/outlet
-
Fjellskipakke (med innslag av telemark)
josteink svarte på Aleksander Berget sitt emne i Vinterutstyr
Skal du gå mest bortover i kupert terreng eller mest oppover og på toppturer? Mest bortover så vel du fischer 109 eller 99 eller Ingstad skia f eks i kombinasjon med høge lærsko. Skal du gå mest oppover så går du for ei breiare ski og f eks t4. Å gå mange dagar på flatt underlag med plastsko og ski totalt utan spenn er som å køyre oslo-bergen med traktor på lavgir. Eg brukar høge asolo lærsko og ingstadski, som eg synes fungerar fint til å køyre med MEN har valgt dette fordi eg går mest bortover. Finn ut kva du skal mest og velg ski ut frå det, du endar på eit kompromiss uansett.- 11 svar
-
- 1
-
Er viltforvaltning ei samfunnsoppgåve? Viltforvaltning i dag har som formål å oppretthalde ein jaktbar bestand med størst mogleg overskot, dvs størst mogleg produksjon som kan takast ut under jakt. Dersom viltforvaltning var ei samfunnsoppgåve ville avskytinga vore annasleis og det burde vore utført av profesjonelle jegrar. Jakt slik det er utført i noreg i dag er kun for fornøyelse og er inga samfunnsoppgåve. Fiskeravgifta varet fjerna for ferksvannsfisk men eksisterar framleis for anadrom fisk, der forhåpentlegvis avgifta går tilbake til kultivering og forskning.
-
Har du noen kjappe tips til Folgefonna på langs?
josteink svarte på Magávi sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Krossdalen ved sommarskisenteret er vanleg startpunkt for å gå over fonna. Overgangen frå nordfonna til Kvitnodalen kan vera utfordrande. Ligg sikkert ute ein del gps spor som du kan laste ned men på sørfonna er det viktig å ikkje dreia for mykje mot vest men å holda seg på høgda heile vegen sørover, ingen katastrofe om du kjem for lang ned men då får du oppoverbakke att når du skal over høgste delen av sørfonna. Det som er spesielt over fonna er at det er lite haldepunkt, du går høgt og avstand er eit relativt begrep, spesielt på sørfonna. Når du kjem til siste halvdelen dvs før det byrjar å gå nedover så får du auge på Ulvanåso, og då er det berre bruke dei, forutsatt at du ikkje er for mykje mot vest. Då krev det imidlertid god sikt. Har ikkje gått av/på fonna der du skisserar men det burde gå heilt greit. Har gått av/på andre stader over blådalen-møsevatn-sauavatnet og det er relativt greit. Kan vera greit med god sikt på nye plassar i dette terrenget ( det gjeld for all ferdsel her), vindholer langs kanten her kan fort ha 10 m skrentar og er ikkje avmerka på gps eller kart. Orientering på flatene er interessant, mange får ein a-ha oppleving når dei snur seg og ser på sporet sit som svingar her og der sjølv om dei var overbevist om at dei gjekk rett fram. Har du kompass og kan bruka det så er det ikkjenoko hokuspokus men det er ikkje alltid lett å krysspeile til eksakt posisjon. God sikt er VELDIG greit å ha her oppe. Utfordringa er som regel ikkje oppe på fonna men når du skal av og treffa rette dalen. Dersom du treng litt meir info ta å ring til Kvinnherad turlag. Her er det folk som har gått på kryss og tvers over fonna gjennom heile året og som med glede delar si røynsle om dette. -
Har norrøna trollveggen, veldig solid og slitesterk (og dyr). Har og hatt ein av dei dyrare goretexjakkene til Berghaus, solid og slitesterk. Som det er sagt tidlegare så er det viktigast at du ser på materialet og ikkje på merket. Arcteryx, norrøna, berghaus, mountain equipment etc etc har alle slitesterke kle men då må du ikkje kjøpa lettvektsjakkene.
-
Komplett fritid: 20 % på tursekker og vintersoveposer, rabattkode "20"
-
Kor bra er f eks Klattermusen froste? Held den vatnet ute betre enn goretex og andre membraner?
-
Som det er sagt så finnes det ikkje universaløysingar. Alt er eit kompromiss. Ski: Gode fjellski er normalt for breie til at dei er gode til å gå med i oppkøyrde spor. Du kan kjøpe smalare fjellski som du og kan nytte i oppkøyrde spor men du vil då miste litt bredde og stabilitet. Finn ut kva du skal bruke dei mest til. VIktig: skal du gå ein del oppover IKKJE gå for kortfeller, kjøp langfeller. Skal du gå litt opp og bort og ned er kortfeller ok. Om å gå opp til toppen til fots, gå så langt du klarar med ski og feller og så hiv du skia på sekken og går resten av vegen med elle rutan ski, mykje brukt strategi og fungerar utmerka. MEN det er tyngreå gå i snø utan ski enn med. Gode vinterposer som er lette = dun. Går du for syntposer så er det berre å gå opp i + 3 kg , mange rimelege posar innan syntsegnmentet, dun er mykje dyrare. Helsportposar er gode, isbjorn.no har gode posar, ajungilak likeså. Like viktig er eit tjukt og godt underlag som isolerar mot snø. Det er mange trådar her om gode vinterunderlag, søk og les.
- 16 svar
-
- 1
-
Med fiske meines her bevegelse frå a til b, dvs gjennom busk og kratt langs elva og på glatte steinar i elva.
- 24 svar
-
- fluefiske
- lettpakking
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eit av prinsippa med lettvekt er å ikkje ta med seg ting ein ikkje treng, så eg har aldri med meg stangtube. Dei stengene eg har knekt har eg knekt under fiske. Vurder å dropp stangtuben.
- 24 svar
-
- fluefiske
- lettpakking
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hei, her finn du det meste om lading: http://www.kammeret.no/forum/
- 6 svar
-
- 2
-
Takk for påminninga, sendt inn.
-
Men i ein høflig tone
-
Om staten skal støtte landbruksnæringa økonomisk vert ein heilt anna diskusjon. Og nei, det finnes ikkje erfaringer frå andre land som tilseier at det er mogleg å drive lønnsomt på under same forhold som ein har i noreg.
-
Flott av byfolk av og til tek seg ein tur på landet. Eg skal supplera med litt rural kunnskap til diskusjonen rundt kafebordet Dyrevelferdslova gjeld for alle dyr, ikkje noko trong for å endra lovverket her. Tilhøva som du skildrar burde kanskje vore meldt til mattilsynet, som har ansvaret for matprodusentane sitt dyrehald (http://www.mattilsynet.no/om_mattilsynet/varsle_oss/bekymringsmelding.633). Din generalisering om at alle sauebønder er fullstendig ignorante har lite hald i min virkelighet. Har båre mange lam ned frå fjellet for ulike saueeigarar for at lamma av ymse grunnar skal få stell og tilsyn av veterinær. Desverre, som med alt dyrehald vil det vera personar som ikkje bør ha ansvaret for verken to eller firbeinte.
-
Dersom du hadde kjøtproduksjon som næring, ville du då avla opp ein rase som var sky, rask og vill? Og som følgje av dette hadde lav kjøttvekt? Neppe eit foretak som går i pluss. I dag finnes det eit uttal av ulike raser der enkelte klarar seg veldig bra og andre mindre bra, basert ut frå kva egenskapar det er avla på. Gamal norsk spelsau, kalla villsau, er dei som er minst domestisert. Dei har lav kjøtvekt og låg ullproduksjon, men går ute heile året og klarar seg utmerka. Dei er imidlertid fullstendig uegna til å ha på fjellet fordi dei kan trekka langt og vera veldig vanskeleg å sanka. Derfor går dei i hovudsak på avgrensa øyer på vestlandskysten. Så lenge ein nyttar seg av utmarksbeite så vil dyr døy. Alternativet er å ikkje ha sau i utmark. Dette vil i praksis sei at norsk sauenæring avgår med døden.
-
Dersom du berre skal vera i skogsterreng på sommarstid ville eg vurdert ein tarp og myggnett. Enkelt setta opp og lett å bera. Elles kan du gå for eit 2 manns tunneltelt, idiotsikkert. Fortelt: kjekt å ha til å setje våt sekk eller våte kle inn under så du slepp dette i innertelt men ikkje noko must i skogen sommerstid.
- 14 svar
-
- telt
- nybegynner
-
(og 4 andre)
Merket med:
-
3 sesongers dunpose til dame
josteink svarte på Sovjetunionen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
JA! Prøv å sov på eit tynt underlag og du vil oppleva at du er kaldt mot bakken. Invester i eit godt underlag. Finnes mange tråder her på forumet om liggeunderlag, søk og les.