Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    984
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    6

Alt skrevet av josteink

  1. Har berre prøvd Osprey poco premium, men denne er veldig god på ryggen. Ungen sit høgt og ser godt og er kjempenøgd med meisen. Ville ikkje ha premium fordi vi ikkje trudde at det var naudsynt med ekstra dagstursekk bakpå men det var denne butikken hadde inne. No har den kome veldig godt med, er no glad for at vi enda opp med denne. Kan anbefale utan å ha prøvd andre men med mykje erfaring frå å bera tungt på ryggen.
  2. Kompass og ledelinjer. Telt ved bekken eller vatn, då vil du ha eit tydeleg orienteringsmål, men ingen spøk med tåke, mørke og tett skog.
  3. 1000,- var eit veldig godt kjøp. 182 er minimum lengde så du kjem til å verta nøgd med dei. Har gått og kjørt med ein del korte ski og dei er urolege og lite stabile. VIKTIG: prøv sko før du kjøper. Stor forskjell i passform mellom og innad hjå dei ulike merka, finn nokon som passar foten din og kjøp dei. Her snakkar eg av realkompetanse. God tur!
  4. Ein viktig ting som eg ikkje trur nokon har nemnd er at i tillegg til tjukk overdel, underdel og fotposer (!), så er det viktig at du held deg litt i aktivitet når du byrjar å fryse. Dersom det er kaldt kan du pakke deg inn i jekla myklje kle men det som hjelper på å få opp kroppstemp er innimellom å springe ein tur i snøen, sage litt ved, hente ein stor stokk, bera litt vatn etc etc.
  5. Therm-A-Rest Ridgerest Solite til 224,- på http://komplettfritid.no/skattekista/turutstyr/therm-a-rest-ridgerest-solite-regular-liggeunderlag
  6. Men då er det vel kanskje den blanke versjonen du har? Har to trangiakjeler som har tilbrakt mange timer på bål gjennom sikkert 20 år men dei er "vanleg" aluminium, og ikkje anodisert aluminium. Usikker på anodiserte verrsjonen, såg nesten litt for fin ut?
  7. Fleece - når det blir vått så er det ikkje egna til noko. Laga av kunstfiber som til dømes kan føre til utslepp av masse mikroplast ved vask og bruk. Desse vert i liten grad broten ned i naturen. Egna som inneplagg eller ute når det er tørt. Synes og at det vert slitt fort ned og at det mister isolasjonseffekten fort. Ull - tyngre enn fleece. Mykje varmare når det vert fuktig, basert på eit halvlangt liv i ein vestlandsfjord og eit turliv i vått klima. Ein ullgenser kan du vri opp og den varmare framleis, ein fleecejakke som er våt er bare kald. Bruker aldri fleece på tur lenger. Ull er eit naturprodukt som òg kan komposterast og som ikkje fører til utslepp av mikroplast.
  8. Hei, korleis er det å hive ein kaffi kjele av anodisert aluminum på bål, nokon som har erfaring med dette?
  9. Sjekk oversikt over kva produsentar som er opne om kvar dei produserar utstyret sitt. Å halde dette hemmelig kan vera ein måte å fråskrive seg ansvar på og her kan vi utdøve forbrukermakt slik at dei som produserar billegare og billegare friluftsutstyr kan nyte godt av dei same arbeidstilhøva som vi tek for sjølvsagt hjå oss: http://www.framtiden.no/gronne-tips/klar/velg-merkene-som-har-apne-fabrikklister.html#.V_8-AGMU9U8.facebook
  10. Kun god erfaring men har heller ikkje hatt noko reklamasjoner, og det er jo då ein får testa servicen.
  11. Tips til sekk til junior mellom 10 og 15 som skal brukast til overnatting og liknande, ser for meg ca 45-55 L. Er det sekker som kan "utvidast" slik at ungdomane kan bruke den om 4-5 år og?
  12. Går mykje åleine. Har med fyrstehjelpsutstyr og jervenduk original, og tek færre sjanser. Tidlegare hadde eg med meg desse små naudblussa med utskytningspenn, den ligg no ikkje lenger i sekken utan at det er noko grunn til det.
  13. Spennande prosjekt! Har teikna og konstruert eit par telt men styrt vekk frå tunnelformen, det er enklare med rette vinklar og linjer. Korleis har du tilpassa/teikna teltet slik at det passer med bogen som teltstanga utgjer?
  14. Aldri med tube, dødvekt. Stang knekker du når du fisker eller går med den i handa, ikkje på sekken. Demonterar stanga med snelle på og festar den på siden av sekken i lomme der, lik det Bjarne gjer.
  15. kan kjøpe ein del stoff frå aliexpress. Har kjøpt ripstop nylon til tarp, bra produkt MEN merk at vekt er såsomså her. Kjøpte noko som skulle liggje på 50 g/m2 men heima så målte eg til omtrent 68 g/m2, som er ein relativt stor % avvik (og at prisen på så tungt stoff var same frå tyskland).
  16. det er to ting her, men det viktigaste er at skigåing ofte skjer på våren når det er vannvittig mykje snø på bre og ein skal ikkje rote seg inn i sprekkeområder (som vikern seier) og at vektfordelinga er spreidd ut over eit myjke større areal med ski på beina.
  17. Ein om dagen: https://www.nrk.no/hordaland/redningsaksjon-pa-hardangervidda-1.13117014 Kanskje vi må ha ein eigen tråd " Dagens rediningsaksjon". Kan vera eg har dårlegt minne men er det ikkje uvanleg mange redningsaksjonar i år?
  18. På ein maitur i Kroatia skulle vi ta ein køyretur opp på fjellet ovenfor Makarska, der ein kan køyre opp til ca 1500 m høg topp og gå litt rundt. Her vart vi stoppa ved ein bom halvegs opp og ein skogvoktor kom ut frå ei bu og informerte oss om alle farane ved fjellet. Dette innebar huggorm (!), at det vart kald om natta og vi måtte kome oss ned før den tid, at det kunne bli kald vind og at vi måtte ha med vatn og mat dersom vi gjekk vekk frå bilen. Men kanskje ein i noreg istadenfor skal sei at " Du er her på eige ansvar. Timepris for å bli henta av helikopter grunna dårleg utstyr og ikkje retta seg etter følgjande råd er xxxxx nok".
  19. Det er skiltet hinsides godt ved startpunktet. Her står det skilt med kor langt det er, det viser at dersom du er komen så langt innen visst klokkeslett, så må du snu (står også skilt på dette punktet oppå på fjellet), skilt som fortel om fare for nedkjøling og klimaforskjell osv osv osv. Det står ikkje på skilting og informasjon. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Slik-skal-de-unnga-en-ny-skrekksesong-ved-Trolltunga-3450746.html MEN berre det at det faktisk ikkje er stengt og forbudt å gå vert tatt som ein aksept på at dette uansett ikkje er så farleg.
  20. Skal prøve denne, men lage dei som små flate sjokolader istadefor, enklare å ha med på tur då.
  21. Hm, fann dette: http://www.campsaver.com/copper-spur-ul-4-tent-4-person-3-season#tabshere litt dyrt men lett.
  22. Tja, kanskje i enkelte klimasoner i norge men her vestpå får du kondens på innsida av ytterduk stort sett heile året. Med høg luftfuktighet så er dette ikkje til å unngå. Sjølv på varme sommarnetter skjer dette med mindre det bles ganske friskt. Du kan justera dette litt med å ha god lufting men er då avhengig av ein viss trekk. Har ein del teltyper og teltdøger bak meg men kondens det blir det stort sett.
  23. Legg spm i denne tråden her: - er det ok plass i fortelt til fyring med primus? - står 1-2 personer. Er det plass til 1 vaksen og ein unge under 10?
  24. Har shangrila 3, som er eit supert telt for to men med lite fortelt. Har brukt det i litt vind (sterk bris) og det fungerar bra. Skal i løpet av hausten ta det opp i høgda med mitt duomid når stormane kjem og sjå korleis det oppførar seg. Skal ta bilete/film og leggja ut her.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.