-
Innlegg
984 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
6
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Lette toppturski til vestlandet, ønsker råd. Åsnes Tind 76?
josteink svarte i et emne i Vinterutstyr
Hei, når det gjeld sko så er det kjekt at dei er lette og rimelege MEN det viktigaste er at dei sit godt på foten din. Det er stor forskjell på passform, også innen same merke, så prøv skoa så du veit kva som passer foten din. Ellers så har fischer og vokl rimelege og lette ski. Har hatt fleire par fischer og vokl og har vore nøgd med dei, dei kostar 1/2 av trab og dyrare er ikkje nødvendigvis betre. Kjørestil og føre er viktig for korleis skia kjennes ut.- 35 svar
-
- 1
-
- topptur
- toppturski
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
bruker ein del www.grejonline.dk Elles har eg byrja å kjøpe sluker på europris og biltema og så pimper eg dei ligg opp med oransj gummislange eller liknande, fungerar utmerka i sjøen for mein del
- 13 svar
-
- 1
-
På det strekke kan du jo legga opp ruta slik at du er i nærleiken av T- hytter og/eller toglinje og veg, slik at du kan ha ein nødutgang dersom du føler for det. Passe sekk str er frå 60-80 men det avheng av om du skal gå hytte til hytte, kor langt du skal gå mellom proviantering etc etc.
-
Hei, med små ungar ville eg ikkje gått så langt som til mannevatn men berre over kanten til venaretjødn eller loftsdokktjødn, alt etter dagsformen. det er ca 150 m stigning opp her frå haukeliseter. All stigning kjem opp frå vegen så det er relativt bratt opp her. Ideelt sett er det mindre stigning ut frå rv7 men det er jo ganske mykje lenger å køyre med små ungar i bilen. Desom de køyre opp setesdalen så er kanskje suleskarsveien eit alternativ?
-
Sør i landet, vil det sei at det er enklast med E134 Haukelifjell? I såfall er haukeliseter fjellstove eit godt utgangspunkt, går t-sti mot nord her og ikkje så lang veg til fyrste vatn og vassdrag. Litt stigning fyrste stykket.
-
Flott for reiser til varme land men, sitat "Med et innebygget rensefilter blir 99,9999% av alle vannbårne bakterier og 99,9% av parasitter filtrert vekk fra vannet du drikker." Kvifor vert alle bakteriar fjerna men dei adskillig større parasittane ikke filtrert?
-
Ja punktum. Ikkje gå på bre dersom du aldri har gjort det og har naudsynt kompetanse (som er like viktig som rett utstyr). Sjekk her: https://www.ut.no/tur/2.3874/ ring til DNT og spør om det er mogleg å gå opp til jøkelhytta, då kjem dåke ganske høgt.
- 12 svar
-
- 1
-
Veldig underholdande men synes forflytningspresset går ut over dramaturgien, det er veldig mykje "menn under tarp spiser fisk". Hadde vore kjempeflott å fått meir oversiktsbilete frå ein fjelltopp, turar i terrenget eller slikt.
- 170 svar
-
- 3
-
- monsen
- monsen og mattis
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Snøskred som tek liv kjem grunna svake lag i snøen, dvs kornsnø, iskrystaller eller liknande med hardpakka snø oppå. Det svake laget kolapser og snømassen oppå raser. Dette er den vanlegaste skredtypen. I mildversperioder vil lagdelinga bli pakka saman og øydelagt, dvs snøen vert våt og "pakkar" snøen under slik at den ligg veldig stabilt. Det er difor vind, snø og langvarig kulde er uheldig i skredsamanheng, lagdelinga i snøen vert liggande over lengre perioder sjølv med fint ver. Sommersnø har vore gjennom mange mildversperioder og regn, så denne snøen klarar du ikkje løyse ut sjølv med dynamitt. Ein skredtype du kan møte på er sørpeskred. Dette er når når det har kome våt nysnø oppå gamalt fonnsnø. Nysnøen er metta med vatn og flyt oppå hardpakka fonnsnø. Dette er skred som bevegar seg sakte og i liten grad er fare for liv og helse, ingenting å uroa seg for. Ein mykje større fare er når du går på bratte fonner med hard snø på sommaren, kjem du på skli her så kan du treffe botn i høg fart og med såre hender.
- 15 svar
-
- 4
-
Kan berre snakke ut frå lokal kjennskap og ja jakta har blitt redusert her. Tidlegare var det eldre folk som jakta litt inimellom og unge som hadde tid til å sitje på åte, men no er det nok heilt vekke. Gamlingane er vekke og unge i dag driv med jakt på kjøtvilt. Kanskje det hadde vore ein ide å koble samanhengene mellom småvilt og jakt på rev meir? I tillegg er det jo faktisk ok økonomi i å jakte rev (dersom du ser vekk frå timetal). Kunne tenkt meg å jakta rev men har ikkje tid til det..............
-
Sjekk: https://www.fjellforum.no/forums/topic/40308-billig-lettvekter-i-kvalitet/
-
Er nok tips i lenka di til å fylle nokre månader iallefall. Einaste eg kan kome på som manglar er Solrenningen i Modalen, populært med kano og Ølvatnet-Hallandsvatnet-Hauglandsvatnet på Radøy skal vera fint med kano når det er litt vatn i elvane. Flott kart frå BOF foresten.
-
Hei, forsterkning er noko grov cordura trur eg, var nokre restar som låg i ei eska. Dersom du har ok styrke på ripstop nylon så ville eg tru det er meir enn nok.
-
Hei, har i eit anfall av fingerkløe laga meg ein tarp. Stoff kjøpt frå ali express. Planen var å lage lettvektsvarianten men 45 g/m2 vist seg å vera ca 67 g/m2 og då vart det berre ein solid vanleg tarp. Tipper stoffvekt var før påføring av silikon. Størrelse er 3x3 m og vekt ca 800 gr med alt. Veldig enkelt å sy, men har ikkje lagt min flid i god utforming:
-
Viktig å ta med i ein sauedebatt at det døyr flest sau på innmarksbeite og ikkje på utmarksbeite. Det er sjukdom (frå bla flått) og ikkje fall i ur eller myr som står for det aller aller meste av tap. Som vestlending med røter i primærnæringa kan eg heller ikkje vera samd i at dei beste utmarksbeita er austpå, eller oslogryta som alt aust for vasskilje vert kalla her
- 75 svar
-
- 1
-
Intensjonen min var ikkje å starte ein ny tråd om ulvedebatt men å poengtera at det øverste organet i norsk forvaltning bevisst undrar for openhet og medverknad. dersom eg skal bygge på trebrygga mi med 1 m skal det ut på minst 4 vekers høyring før eit evt vedtak, på bakgrunn av forvaltningslova sine føringar. Endring av norsk lov kan gjennomførast med 5 dagars høyring, i vinterferien og helg. Flott praksis dersom lovendringar skal gjennomførast med eit par dagars høyring, uavhengig av tema. Når det gjeld ulvesaka så er det så store interessemotsetningar at det burde minst vera mange vekers høyringsfrist, men då ville jo dei ulike interessene kunne få mulighet til å uttale seg.....
- 75 svar
-
- 4
-
Miljøverndepartementet legg ut ei lovendring med fem - 5 - dagars høyringsfrist. Såg dette desverre ikkje før i dag... https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/forslag-til-endring-av-naturmangfoldloven--18-og-rovviltforskriften---lisensfelling-av-ulv/id2540101/ Udemokratisk og ubegrunna kvifor det er trong for så kort høyringsfrist når dei skal endra norsk lov. Raser det inn med ulv i austlege delar av norge som tek gamle og barn ut av sengene sine, slik at det er trong for akutt handling?
- 75 svar
-
- 7
-
Til arkeologene blant oss: Fortidsminner på flellet
josteink svarte på Tom42 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Flott område ja. Ein av elste funna i noreg ligg jo oppe med flørlivatnet, antatt så gamalt (fritt etter minnet ca 10500 bp) at det framleis var bredekt område i lyse/setesdalsheiane. Antatt dei fyrste pionerane oppover kysten.- 40 svar
-
- 1
-
Vatn i alle formar er noko av det beste leiketøyet for ungar (og vaksne). Ein bekk, litt is eller snø og timane går med lått og løye. Skikkeleg tørrfrost i bergen har gjort småbekkar og myrer om til nydeleg leikeapparat, skikkeleg gøy.
- 4 598 svar
-
- 21
-
Banan på vintertur er ikkje bra, blir brun og endrar konsistens i minusgrader.
-
Til arkeologene blant oss: Fortidsminner på flellet
josteink svarte på Tom42 sitt emne i Generelt om friluftsliv
I tillegg ligg det vel spor etter tufter/steinbu ved finnsbergvatnet som antatt er steinalder (ca 8000 år før notid?). dette er vel ein av dei eldste konstruksjoner ut over teltringer ein har i noreg? finnsbervatnet er uansett verdt eit besøk. Interessant her er at sedimentkjerner frå vatna rundt jøkelen syner at avsetningar frå bre forsvinn ca 8000 år siden. det er sannsynleg at jøkelen forsvann heilt i løpet av denne perioden, for så dukke opp at rundt 3500 år siden. i myrer på vidda viser funn av pollen og trestammer at at det vart kaldare sommartemp omtrent ca 8000 år siden. tregrensa vart lågare og floraen vart dominert av meir hardføre artar. og jøkelen, den forsvann. -
Til arkeologene blant oss: Fortidsminner på flellet
josteink svarte på Tom42 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Veldig interessant tråd dette her. Er som @Lompa seier at stein kan ha lagdeling eller struktur som gjer at dei ved spalting får veldig rette flater, hogging av stein er jo ein gamal kunst. Ser av bergrunnskart (www.ngu.no) at det er godt nede i grunnfjellet dette her men at det er båndgneiss (gul farge). Tipper at blokka er båndgneiss, som jo har markert lagdeling og er velegna for steinhogging. -
Flott, heier på alle som har telt i hagen Tur = lystbetont utandørsoppleving, ingen km-krav
- 4 598 svar
-
- 3
-
Nybegynner - overnatting i skog - hva trenger vi?
josteink svarte på Tempus sitt emne i Fjellvandring
Mat: tredagers tur = 2 frukoster, 3 lunsj og 2 middager pr personer. I tillegg ta med ein nøtte/rosin/sjokoladepakke + + + Tips til frukost er 1 porsjon havregraut eller risensgrynsgraut eller noko børd med pålegg. Eg går for 1 dl ming hurtig grøtris + 1,5 dl tørrmjelk (viking) 0g sukker og kanel. Eit tips for å få meir ut av dagen er at dåke riv leir og pakker sekker nesten ferdig og så et frukost. Lunsj: har dåke tid til å stoppe og koke opp lunsj eller vil de ha kald lunsj? varmlunsj er f eks pakke nudler, enkel pastarett, rett i koppen med polarbrød osv, lunsjkake bakt heime, brød og pålegg etc etc Søk litt på fjellforum om tips. middag: på ein 3 dagers så ville eg droppe real og tatt med litt god mat, f eks kjøttdeig-pasta - gryterett i pita- suppe med masse pasta og pølser- fantasien set grenser. Kjekt å ha noko godt å eta på når de har slått leir og skal slappe av. Lag ferdig mest mogleg før turen så slepp de å dra med så masse dall og matlaginga går kjappare. Ta med kart og kompass uansett! Sjekk pakklister og sommertur f eks på dnt sine sider. Ikkje dra med for mykje.- 28 svar
-
- 1
-
Ja og den er bra, men håpar på enda fleire innspel på dei rimelegaste telta.