Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    994
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Stonz er veldig bra men kun til babyer, vi har desse (også...). Utfordringa er å tilpasse til skisko med tåbinding. Har prøvd overtrekka og det fungerte bra, dvs ingen frysing sjølvom det var godt og kaldt på larudagen men må nok sy dei saman slik at dei vert heile, slik som du har i lenka di over.
  2. Det finnes masse fantastisk gode og varme barnekle idag men når det gjeld sko så er det vår erfaring at det fort blir kalde føter, og vi har prøvd masse ulike sko. Så no har eg laga nokre enkle fotposer/overtrekk til skisko. Materiale er ullsokk og noko cordura frå ein demontert sekk. Skal testast ut i morgon.
  3. Poenget er at folk må komme seg ut uansett. Om nokon har sykkel til 50 000,- eller ski til 30 000,- er ikkje noko problem MEN det er eit problem dersom det vert laga ein forestilling om at du MÅ ha dyrt utstyr for å drive friluftsaktiviteter. Derfor er toppturkonseptet eit bra bilete, du kan fint ha ein strålande dag på fjellet/topptur med billege fjellski, du treng ikkje rando og kurs og slikt, men det er jo eit bilete som blir gitt.... eller? Fokuset er at folk må komma seg ut... men kanskje ikkje der eg er Og ifg helsedirektoratet så beveger vi oss mindre enn før, ca 70 % av norges vaksne befolkning beveger seg mindre enn 30 min pr dag, som er det anbefalte (eg er ein av dei....og ein bod full av utstyr gjer ikkje at eg bevegar meg meir).
  4. Godt innlegg om snobbifisering av friluftsliv, debatt på dagsnytt atten, 52:00 ut i programmet: https://radio.nrk.no/podcast/dagsnytt_atten Før kunne ein gå på fjellski ein tur på fjellet men når byfolk fann ut at det går faktisk an å gå utanfor preparert løype og skitrekk så må ein ha med seg nødpeilesender, skredsøker, abs-sekk og all mulig hjallagreier som gjer heile greia eksklusivt og spesielt, det er nemleg veldig viktig å ha gjort med det rette utstyret enn å gjera det med godt nok utstyr.
  5. Ja, godt poeng, Posten skal ha ROS for at dei kan levera så raskt i desse tider, tommel opp!
  6. Sundag for ei veke siden bestilte eg eit par sko + litt meir hjå Hektapåtur. Måndag fekk eg melding om at pakken var sendt, tysdag henta eg pakken på posten, Torsdag sendte eg skoa i retur for å bytte i ein anna str. og fredag fekk eg melding om at skoa var bytta og sendt i posten same dagen. ALt dette på 5 dagar, djupt imponert over effektiviteten og service, all honnør til butikken, tommel opp!
  7. Mange mulighetar. Utfordringa er at oslotoget berre stopper ved dale, vaksdal og arna. E eit stykke å gå frå dale til bergen. Dersom du vil ha ei overnatting ville eg kanskje gått frå dale-dalestølen og ned i vaksdal og tatt toget herifrå. arna til bergen sentrum er enkel. Arna stasjon - kleiva (fv237) og så over på sti etter ca 20 min på asfalt frå togstasjonen. Merka sti med skilt over til fløyen, her kan du telta til du kjem over til bergenssida og kanskje litt lengre.... kan og ta denne turen frå andre sida dvs bergen - arna. teltplasser finn du etter at du har gått av bilveg. Ligg foresten ein liten gapahuk for rasting ved 300 m koten på veg opp mot borgafjellet lang stien du føl til bergen.
  8. La pluggane på avispapir og spraya laus, har holdt i mange år. Pussing, grunning og lakking høyres ut som overdrive mykje arbeid på eit par snøpluggar, keep it stupid simple!
  9. Apropos fangstanlegg i Reinheimen, veldig interessant program på nrk frå dette området: https://radio.nrk.no/serie/museum/DOOF01003917/30-09-2017
  10. Har ikkje sett den før, god artikkel. Har veldig lyst å bygge kajakk til junior, men må få tida til å strekke til.
  11. Takker, skal ha det i bakhovudet 👍
  12. Ettersom ei vaksen padleåre er veldig stor og tung for ein liten gut så har eg prøvd å lage ei sjølv. Bruken skal vera både til kano og kajakk. Oppskrift fann eg her: http://kajakkspesialisten.no/e_annet_lageare.php Verktøy var sag, høvel, kniv og sandpapir. Brukte gulvlakk til lakk. Materiale var ei 1x4 planke som eg fekk til 12 kr for 5 m (frå restekassen) på den lokale materialebutikken. Anslått arbeidsomfang var 8 t...pluss/minus. Gjorde alt med håndverktøy. Ei båndsag el liknande hadde redusert voldsomt på tidsbruken, saging tok lang tid. Resultatet vart bra og vurderar no å lage ei til meg sjølv. Dessuten må eg nok lage ny om 2-3 år ettersom denne vert for liten.
  13. Som nybegynner er det heilt uviktig for deg om det er front eller bakbrems, ro ned utstyrsfokuset. Gå for 450 settet og invester meir peng i sluker. Det som er viktig for ein nybegynner er å fiske masse og ofte, og du må jo berre komme deg ut sjølv om det er haust. Harr og abbor (og aure og røye) bit i mange månader enda. Du får ikke meir fisk med ei snelle til 1000,-.
  14. Nei. Dette skal søkes om til kommunen, uavhengig av om det er løyve frå grunneigar eller ei. Ring kommunen og spør. NB: Byggeforbod på 100 m gjeld berre til sjø. Aktsomhetsplikt gjeld til vassdrag også. Kommunen kan setje lokale byggjegrenser til vassdrag i forskrift eller kommuneplan.
  15. Sjekk http://www.helsport.no/outlet/ryggsekker Her er fleire innan din prisklasse.
  16. @Mareng ja ka er det eg ikkje har av telt og soveposer.... men på helgetur med dunpose og rondane 3mannstelt så har eg brukt 48 L sekken min, det går fint MEN visst ein har fiberpose og 3mannstelt og vil ha med litt kle og mat så går ikkje det. Sekk må jo tilpassast vekta du skal bære, dersom ein skal ha med lavo pluss vinterfiberpose pluss masse mat så må du ha eit bæresystem som klarer dette, då må du opp på tyngre sekker i +70 L. PS: har ein Lowealpin sekk 50+10L for salg, ligg snart ute på kjøpogsalg her.
  17. Ikkje kjøp for stor sekk, har ein 80L og ein 95L som aldri blir brukt. TIl helgeturer og slikt bruker vi 50 og 60 L store sekker. Vi har osprey exos sekker i 48 og 58, veldig god bærekomfort og vi er veldig fornøyd.58L har etter vårt hovud plenty med plass for telturer for oss og masse festemulgihet utanpå. Dei fleste sekker får du i S, M og L, men du må noko prøve i ein butikk for kva som passer. Dersom du vil ha større sekk for vekersturer er denne kansjej for liten, alt etter korleis du pakker men vi har og osprey aura i 70L veldig god bærekomfort og plass.
  18. Friluftsloven Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade. Han plikter å se etter at han ikke etterlater seg stedet i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen.
  19. Kan bli trongt på DNT hyttene ja. Har du vurdert andre alternativ, f eks enkle leigehytter som det finnes ein del av men som ikkje er så lett å finne. Ligg noko i Bergsdalen og Stamnes, har aldri vore her sjølv og kan ikkje gå god for dei men spes bygdahytta er på lista over mogleg familietur med ungane: http://www.djf.no/?page=dalestolen http://eksingedalen.no/innhold/haugen-fjellgard Bygdahytta Stamnes (tur nr 5) I tillegg er det litt på inatur.no
  20. Kanskje du kan leite her: http://www.arktiskvillmarksklubb.no evt send epost til dei.
  21. Træet gård osterøy https://www.ut.no/hytte/3.2092/ Modalen https://www.ut.no/hytte/3.2030/ Hallingskeid.
  22. Har sett mykje på Big Agnes, som verkar som lette og gode telt, med den ulempen som US-oppsett alle har, og utan lufteventiler men berre lufting med høg ytterduk. Eg har sett på BA Fly Creek HV 2, etter som det er litt meir volum og litt god høgde, og det er ca 1 kg. Ser at både 1 og 2 manns er til salgs hjå campsaver, til ca 250 dollar, har òg copper spur og ser at copper spur ligg til 360. Tysk butikk med salg på MSR og nemo 1 mannstelt, har carbon og Freelight: https://www.trekking-lite-store.com/zelte/1-personen-zelte/
  23. Minst 2 personer så betyr det at du bør gå for 3 mannstelt, to vaksne personer får det normalt trangt i 2mannstelt. Kva er viktigast, pris eller vekt? søk på finn, masse bra der. Søk f eks bjørn staksett sport, dei sel ein del billege berganstelt, magasinet.no har ein del billege berganstelt.
  24. Og polyester er meir statisk, dvs strekk seg ikkje når det vert fuktig, og er som du seier lettare å jobbe med. MEN er stort sett tyngre stoff dvs over 50 g/m.
  25. Hei, 20D den er meir enn godt nok, i helsporttelt brukar dei 15D på lettvektstelta og Hilleberg brukar 20D i sine lettvektarar. Eg hadde utan å nøla brukt 20D for telt på fjell og verharde områder. Merk at det er forskjell på ulike teltstoff sjølv om dei er 20D (såklart, noko anna ville vore for ukomplisert). Om trådtjuknad: Denier is used to determine the thickness of the fibers in the tent fabric. It’s a unit of density based on the length and weight of a yarn or fiber. A single strand of silk is considered 1 denier. The fibers in a 40-denier nylon fabric have over 6.5 times the diameter of the silk strand, and almost 1.5 times the diameter of fibers in a 20-denier or “20D” nylon fabric. Lettare stoff = dyrare. Du må sjølv bestemma kor mykje du vil betale for pr gram. Dersom du går for 4x3 m med 55 g/m så er du opp i 660 gram (pluss tråd, forsterkning mm), dersom du går for 36 g/m så er du opp i 432 gram, dvs 300 gr forskjell. Dersom du har lyst til å lage noko sjølv så er det berre å prøve og feile, dersom du skal ha ein rimeleg tarp så kan det vera billegare å kjøpe ferdig på nett (f eks magasinet.no). Eg fekk ein dyrare og tyngre tarp enn det eg kunne kjøpt på nett men eg likar å sysle med ting så det var greit. Eg brukte webbing, men søk på nett, ligg tusenvis av ting ute om kva og korleis. Det greie med heimasydd er at dersom det er noko du ikkje likar så berre ordnar du det og fiksar det opp att. Vanleg nylon frå sybutikk fungerar sikkert fint, men visst du skal bestille frå tyskland så kan du jo berre kjøpe alt derifrå.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.