-
Innlegg
994 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Tiltak for villreinen - forslag om å stenge turisthytter Hardangervidda
josteink svarte på Karita sitt emne i Samfunnsdebatt
Nei, det har ikkje skjedd noko meir her ut frå det eg har av info. Forslag til tiltaksplaner for villrein i Knutshø, Rondane og Dovre er lagt ut på høyring i går: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/felles-innsats-for-villreinen/id3090325/ Nettsaken er vag i sin ordlyd men inne i tiltaksplanane (Rondane) så ligg mellom anna: - Tiltak 16: Innskrenking av åpningstid for overnattingstilbud i villreinområdet - Tiltak 17: Regulering av ferdsel utenfor verneområder i Rondane villreinområde - Tiltak 18: Vurdere regelverksendringer for å muliggjøre regulering av ulike former for ferdsel innenfor verneområder i Rondane villreinområde I tillegg ligg ganske konkrete anbefalinger knytt til flytting av stier og indirekte regulering av ferdsel, som at bruer ikkje kan leggast ut før 18 juni. Det vert og opna for å sjå på om ein kan endre vernestatus slik at ein har heimel for å forby ferdsel. Ser at enkelte ferdselsformer som kiting og sykling skal vurderast om det kan påleggast restriksjoner. Mellom anna dette: - Regulering og innskrenking av åpningstid for Grimsdalsvegen og Haverdalsvegen - Sykling, både motorisert og ikke-motorisert, på Grimsdalsvegen og Haverdalsvegen forbys i samme periode (før 18. juni og etter 10.oktober), samt nattestengning også for syklister (21.00-07.00) fra 18.juni til 15.juli 37 - Forbud mot camping i en sone på 1 km fra begge sider av Grimsdalsvegen og Haverdalsvegen, inkludert fjelltelt. Camping tillates kun på fjellcampen ved Barthbua, ved Steinbrotet i Haverdalen og på eksisterende vinterparkeringsplass ved Eftansåe - Selvbetjeningstilbudet på Grimsdalshytta legges ned ("Tiltaket oppfordrer til at DNT frivillig slutter seg til gjennomføringen av tiltaket") - Selvbetjeningstilbudet på Rondvassbu legges ned ("Tiltaket oppfordrer til at DNT frivillig slutter seg til gjennomføringen av tiltaket") Og så vidare, ein heil del fleire punkt som legg opp til å redusera tilrettelegging for almenn ferdsel. Antar at det i kommande plan for Hardangervidda vil vera noko av det same som vert vurdert.- 103 svar
-
- 2
-
-
-
Metan i husdyr blir danna i mage hjå drøvtyggarar, og metanutslepp kjem ut oralt, og ikkje slik du viser til, bak på husdyr.
-
Bruk litt tid og gjer ein fleip eller fakta, du har feil tidspunkt men det verste er at samtlige av punkta dine er eit samrør av feil og samanblanding av info. Samtlige er trygt plassert i boksen faktafeil. Det einaste som er uklart er om du meiner at endring i ozonlag, sur nedbør, global oppvarming bare er tull, og kvar koblar du at polane skal snu opp mot miljøhysteri? Det er lov å stille spørsmål men du konkluderar på samtlige punkt. Det er forskjell på konklusjon og spørsmål.
- 36 svar
-
- 5
-
-
Dersom det er snakk om mykje bagasje så er det stort sett pulk, men merk at bakdelen med pulk er at det er god plass til masse utstyr, som gjer at ein tek med seg ein del ekstra. Eit anna punkt er at når du går med pulk så går det litt seinare siden du har med deg ein slede bakom, medan med sekk så kan du gå litt meir skikkeleg på ski. Du får ikkje heilt same fart og flyt med pulk.
- 17 svar
-
- 3
-
-
Hei, variasjoner i golfstrømmen er kjend, og så er det med jamne mellomrom forska på og publisert ulike modelleringer, Denne artikkelen, summerar opp veldig bra essensen i dette, nemleg at sjølv om ein mindre sterk golfstrøm fører til kjøligere klima så vil global oppvarming kompensera for dette. https://www.forskning.no/golfstrommen-havforskning-klima/kollaps-i-havstrom-gir-kuldesjokk-i-norge-viser-modell-men-hvor-realistiske-er-slike-studier/2325324
- 36 svar
-
- 1
-
-
Nei du overforenkler ikkje, du kjem med regelrett feilinformasjon, fullstendig feil 100 % utan noko som helst substans eller fakta. Faktisk så klarer du å ha ei opplisting som både er feil i forhold til årstal og i konklusjon. Les deg opp på kva du uttaler du om før du poster denne typen feilinformasjon.
- 36 svar
-
- 3
-
-
Sjekk her: https://www.frivest.no/lokalt/stord Ligg nokre tips. Elles er Digernes vest for E39 rett nord for brua mykje nytta av hengekøyecampere.
-
Ja du finn ly på vidda, det er ikkje ein fotballbane. Masse terreng rundt omkring som gjev le, dersom du kan leite litt etter gode teltplasser. Og du kjem til å ha ein del vind, som er bra i forhold til mygg.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Har hatt brusletto speider med butt tupp og ein bruslettokniven til våras frå dei var omtrent 4-5 år. Begge knivane har blitt mykje brukt og fungerar fint til barnenevar.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Toppturer i Rogalandsorådet for nybegynner?
josteink svarte på StianK78 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hei, områda innover mot Sirdal - Hunnedalen og deromkring synes eg funker best på fjellski, siden det er relativt flatt terreng type hei. Dersom du har utgangspunkt Fidjeland så er det nokre fine nutar her som egnar seg for rando. Elles er det jo Sauda og Røldal som utmerkar seg. -
Skal du ha lettast mogleg ski til turen opp? Eller skal du ha best mogleg flyt nedover? Skal du roleg nedover eller fullfart? Eg har hatt korte (160 cm) og smale ski som var super opp men ikkje gøy nedover, og no har eg halvbreie ski som er litt tyngre men veldig mykje kjekkare å stå nedover. Er 176 cm og har 170 ski. Dersom eg skal kjøpe meg nye ski vil eg ha dei minst 180, for å få meir flyt og stabilitet nedover. Mitt råd er at du ikkje kjøper for korte ski, dersom valget står mellom litt for korte eller litt for lange, så ville eg valgt litt for lange. Dette fordi litt lengre ski blir litt tyngre oppover ja men litt for korte ski er ikkje kjekt nedover på varierande føre eller i djup snø. Som andre har sagt over, eg ville personleg sei at 184 cm til ein på 202 er for kort, ut frå slik eg står og går på ski.
-
Hjelp! Jeg skal bygge/sette opp en primitiv gapahuk selv.
josteink svarte på Frihet85 sitt emne i Telt og lavvo
Masse godt materiale i eingangspaller, desse får du gratis på dei fleste byggeforetninger og alle andre butikker som bruker dette. bare gå og spør. Har bygd mykje forskjellig av desse. Det andre er at dersom du kan skru noko ved hjelp av drill så gjer det, veldig mykje enklare når du må korrigera på noko (og det må du). Lafting er gøy men krev veldig mykje arbeid og tid for å få det bra. -
Og dersom norge hadde vore eit av dei mest korrupte landa i verden så hadde vel korrupsjonen sikra at ingen vart tatt for korrupsjon? Og dersom oppdrettsnæringa styrer politikken så er det rart at dei har pålagt seg null vekst i produksjon i store delar av norge? I det heile så er Norge ganske dårleg på korrupsjon openbart. Ta f eks tidlegare høgre sin ordfører i Stavanger, der det er partiet sjølv som oppdager og tek tak i saka som fører til at ordføraren går av, her må høgre gå i seg sjølv siden dei openbart ikkje har forstått korrupsjon. Men seriøst, ja det er nokon som nyttar sin offentlege stilling til egennytte, men i norge så har vi eit system som faktisk er basert på openheit og transparens, og som faktisk fungerar bra. Du blander saman at enkeltpersoner sine handlingar og at systemet ikkje fungerar. Personer vert stilt til ansvar for sine handlinger fordi både system fungerar og den fjerde statsmakt driv mykje god journalistikk.
- 122 svar
-
- 7
-
-
forsalg helg tur med packraft fra oslo
josteink svarte på nicho sitt emne i Kano, kajakk eller packraft
Tull, ferdsel på vassdrag er ein del av allemannsretten. Det vil sei at du kan ferdast fritt med packraft, kano, båt utan motor med meir på alle vatn. Unntaket er der det er forskrift om ferdselsforbod grunna til dømes drikkevatn eller det ligg føre bestemmelser knytt til vern av natur. Uansett skal ferdselsforbod stadfestast i lov eller forskrift. Grunneiger kan ikkje nedlegge noko forbod om at båt ikkje kan brukast. Her står det meir: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/friluftsliv/friluftsliv-og-allemannsretten/bruke-bat-og-kajakk/- 22 svar
-
- 1
-
-
Samanlikna med dei fleste raser så vil eg ikkje definera rasen i den kategorien. Nyttig lesning med kontaktinfo: https://www.nkk.no/hunderaser-og-kjop-av-hund/rasevelger/raser/samojedhund https://www.nkk.no/hunderaser-og-kjop-av-hund/rasevelger/raser/border-collie
-
Viktig poeng, valpekurs og lydighetskurs er egentlig hundeeigarkurs
- 22 svar
-
- 1
-
-
Hei, det fyrste du gjer før du skal kjøpe hund er å setje opp ei liste med kva du vil bruke hunden til og egeneskaper, og så ei liste over dei ulike hunderasene som er aktuelle. Her er ei god oversikt: https://www.nkk.no/hunderaser-og-kjop-av-hund/ Bruk tid på å velge rase. I tillegg bør du velge ein hunderase som du kan finne hjå seriøse oppdrettere i norge. Alle hunderaser har sine ting. Ettersom du har gått mykje tur med BC så kjenner du antageligvis til rasen. BC er ein veldig intelligent og lærevillig hund, er ikkje utan grunn at gjetarhunder er veldig mykje brukt i lydighetskonkuranse og agility. Den er ein arbeidshund som vil ha og treng arbeidsoppgåver og noko å gjera på. Dette treng ikkje vera gjeting men noko som gjer at den får jobbe mentalt i tillegg til tur. Eg oppfatter at dette ein hund som treng meir stimuli enn f eks ulike retrivertyper. har ikkje BC sjølv men har hatt litt med dei å gjera oppigjennom. Dersom du går for ein BC så må du veta korleis du skal trene og aktivisera denne rasen, uavhengig av om du er fyrstegongskjøper eller ei. Merk at uansett kva hund du kjøper så må du bruke tid på trening og aktivisering i kvardagen (meir tid enn du trudde....ref egne erfaringer). Veit ingenting om samojed men dersom du skal ha ein kløv og trekkhund så bør du sette opp ei liste med hunder som er gode på dette. Og uansett kva du velger så gå på valpekurs og dressurkurs, det er veldig nyttig dersom du vil ha ein hund som du skal samarbeide med.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Hei, eg tenker at det er ei rekke ulike hunderaser innanfor det spekteret du ser etter, nemleg hund som kan gå lange turer og fungerer i kalde temperarturer. Men mesteparten av tida så kjem hunden ikkje til å vera på tur, som det tidlegare er påpeika og det må vel inn i vurderinga. BC fungerar bra så lenge du er klar over at dette er ein hund som treng mykje trening og stimuli. I tillegg vil eg sei at bandtvang gjeld og for BC, fordi du i tillegg til sau skal ha kontroll på at den ikkje vil drive egentrening på rådyr, hjort, hare m.m.
- 22 svar
-
- 2
-
-
-
Osavatnet har fin fisk, men lite fisk. Kurlatjørn har fin fisk, har eg høyrd av ein kamerat. Eg antar du disponerar bil siden du skal inn i dette området. Kan sei at du bør kanskje kjøre inn til gullbotnen og gå inn derifrå. Kan sei at i Bergen så er det slik at til meir urbant til større er fisken. Nestunvatnet er eit godt eksempel, må bare gå klar av handlevognene.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Send litt eposter til diverse butikker og høyr om dei har noko inne eller kan skaffe. Har vore heldig og fått tilsendt gamle deler som har blitt liggende på lager hjå ulike butikker ved stangbrekk. Minuset er nok at prisen på frakt og slikt vil utgjera omtrent ei ny stang.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Tips til robust og billig utstyr for studenter?
josteink svarte på manfred sitt emne i Generelt om friluftsliv
Finn.no , har kjøpt nesten nye fjellsko, bukse , sekk, + + . Bare å søke rundt og så finner du masse der til ein god penge. -
Grimsdalen i nord er lavterskeltur, mange fine teltplasser i nærleiken av veg men går grusveg med litt trafikk gjennom dalen. DNThytte midt i dalen. Ingen høge topper i området om du ser etter det.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Aldri sett vak eller fisk i Markskil, har klassifisert den som fiskelaus (og i nedslagsfelt for drikkevatn). Fisk i Gullfjellstjørnane, men få fisk. Prøv og på nordaustsida av Gullfjellet, her er mange små vatn og tjødnar med fisk.
- 7 svar
-
- 1
-