Nei, det har ikkje skjedd noko meir her ut frå det eg har av info.
Forslag til tiltaksplaner for villrein i Knutshø, Rondane og Dovre er lagt ut på høyring i går:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/felles-innsats-for-villreinen/id3090325/
Nettsaken er vag i sin ordlyd men inne i tiltaksplanane (Rondane) så ligg mellom anna:
- Tiltak 16: Innskrenking av åpningstid for overnattingstilbud i villreinområdet
- Tiltak 17: Regulering av ferdsel utenfor verneområder i Rondane villreinområde
- Tiltak 18: Vurdere regelverksendringer for å muliggjøre regulering av ulike former for ferdsel innenfor verneområder i Rondane villreinområde
I tillegg ligg ganske konkrete anbefalinger knytt til flytting av stier og indirekte regulering av ferdsel, som at bruer ikkje kan leggast ut før 18 juni. Det vert og opna for å sjå på om ein kan endre vernestatus slik at ein har heimel for å forby ferdsel. Ser at enkelte ferdselsformer som kiting og sykling skal vurderast om det kan påleggast restriksjoner.
Mellom anna dette:
- Regulering og innskrenking av åpningstid for Grimsdalsvegen og Haverdalsvegen
- Sykling, både motorisert og ikke-motorisert, på Grimsdalsvegen og Haverdalsvegen forbys i samme periode (før 18. juni og etter 10.oktober), samt nattestengning også for syklister (21.00-07.00) fra 18.juni til 15.juli 37
- Forbud mot camping i en sone på 1 km fra begge sider av Grimsdalsvegen og Haverdalsvegen, inkludert fjelltelt. Camping tillates kun på fjellcampen ved Barthbua, ved Steinbrotet i Haverdalen og på eksisterende vinterparkeringsplass ved Eftansåe
- Selvbetjeningstilbudet på Grimsdalshytta legges ned ("Tiltaket oppfordrer til at DNT frivillig slutter seg til gjennomføringen av tiltaket")
- Selvbetjeningstilbudet på Rondvassbu legges ned ("Tiltaket oppfordrer til at DNT frivillig slutter seg til gjennomføringen av tiltaket")
Og så vidare, ein heil del fleire punkt som legg opp til å redusera tilrettelegging for almenn ferdsel.
Antar at det i kommande plan for Hardangervidda vil vera noko av det same som vert vurdert.