magnum_mauser
Passivt medlem-
Innlegg
102 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av magnum_mauser
-
Finnes ikkje i min strl pr i dag, men kan sjå ut som den kan være eit alternativ.
-
Desverre so er produsentane fryktelig glad i nylon og anna syntetisk stoff. Mjukt, tynt og sårbart, både tøyet og mannen bak. Når ein går f.ex ettersøk her på Vestlandet der det er meir einer og granfelt enn anna vegetasjon, er ikkje tynne og lette fritidsbukser det beste alternativet. Eg fant ei bukse frå Härkila som eg trudde var perfekt til mitt bruk, men den viste seg desverre å ha eit snitt som passer mannfolk med syltynne bein 🤨
-
Ser etter ei fritidsbukse av hybridprinsippet. Men dei fleste eg har funne har ofte eit eller anna ekkelt nylonstoff i store deler av buksa. Og eg ser etter ei bukse i litt grov bomull, som f.ex g1000, men som er forsterka med ein eller anna vantett membran i bein og sete. Nokon som veit om det eg ser etter finnes? Og det kan ikkje være noko med slimfit, då mine bein mot normalt ikkje har fasong som piperensere 😁
-
For å få opp ei kompasspil på skjermen som viser deg kva retning du må gå, og avstanden til eit angitt punkt - då må ein over på gps? Eg blir nedringt med jakttilbud i november og desember av grunneigere som vil ha hjelp med å skyte ned kvoten på hjort. Og eg er desverre født uten snev av retningssans! Hvis eg lukker auga og snurrer meg rundt 2 ganger, går eg meg vill på eige gards og bruksnummer! Norgeskart friluftsliv har greie kart med eigedomsgrenser, noko som er gull for meg som skal jakte i ukjent terreng, men den viser desverre ikkje kva retning eg skal gå for å komme til eit punkt - då blir alternativet å gå eit stykke og sjå kva retning eg flytter meg på kartet og det er tungvint. Det er ei pil ut frå min plassering, men kor den peiker må gudene vite. Eg tenkte at den kanskje viste retningen telefonen min peikte når eg holdt den horisonalt - men eg blir ikkje klok på den pila. Noko som kombinerer kart eigedomsgrenser og skikkelig navigasjon på mobil, finnes det? Eg har fått lagt inn kart på min gamle oregon, men den er mildt sagt tungvint i bruk og det å legge inn ei rute er ein dagsjobb.
-
Eg har lenge leita etter nye fjellsko. Eg ville ha lette sko, som var passe stive til mine bratte vestlandslier og dei burde kreve minst mogleg vedlikehald. Først forsøkte eg alfa orre, som hadde vore dei perfekte skoa for meg, dersom dei ikkje hadde hatt so fordømt smal lest. Deretter forsøkte eg alfa lyng, eller var det kvist - eg hugsar ikkje. Men dei var uansett so glatte at eg ville ikkje ha dei. Deretter prøvde eg Alfa Juvas, som var i overkant agresive, og sjølv om lesten var litt breiare enn orre - so var den fortsatt for smal. Til slutt fekk eg tilsendt eit par med walk king air, desse sitter godt på foten, er lette og syntetiske - so solangt er alt bra. Men det eg er spent på, er korleis dei syntetiske skoa holder seg over tid - er det nokon som har brukt desse over litt tid og kan seie noko om det?
-
Alfa walk king air og ny kikkert, samt ein haug med julegaver- lenge leve black friday 🤣
-
Ull med membran mot vind, bra eller klamt?
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Jakka i khaki green er bestilt, takk for tips 🙂 -
Eg er varmblodig og produserer massevis av overskuddsvarme, sjølv ved lav/moderat aktivitet. Derfor er eg veldig glad i ull, og hater alt som blir klamt (og kaldt). Eg går ofte turer og er ute berre med ullundertøy og ein god ullgenser, og det fungerer godt. Men ein er veldig sårbar for vind, eit lite vindpust og ein kjenner kulden tvert. Eg ser at ymse produsenter som Härkila, Seeland og andre, produserer ullgensere med membran som holder vinden ute Vil desse i praksis også holde min overskuddsvarme inne, med det resultat at eg blir klam og kald? For å seie det på ein anna måte, puster denne typen membran like dårlig som goretex og andre membraner som skal holde vann ute?
-
Etter mange år med tung styrketrening, so er det eit problem for meg og få bukser der eg har plass til lår og legger. Eg er 1,80 høg og 93 kg, og revelution race gpx pro i xl, samt norwand pro passer meg bra. God kvalitet i forhold til pris er det også når ein velger desse buksene.
- 17 svar
-
- 2
-
Tips til ulloverdel til min søster som er ein frostpinne
magnum_mauser publiserte et emne i Bekledning
Søstra mi er ein notorisk frysepinne! Er ho på besøk hjå meg og eg går rundt i shorts og tshirt, sitter ho gjerne med pledd over seg og synes det er kaldt! Eg har derfor kjøpt ymse ullklær som julegaver dei siste åra og det har vore godt motatt. Tidligare har ho fått tynne overdeler i ull fra f.ex devold og bergans. Men eg ser at ho har gjerne brukt 2! tynne overdeler samtidig, fordi ho synes det blir for lite med 1, då fryser ho fortsatt. Det her er ikkje bekledning til friluftsliv, forøvrig - dette er til kvardags og lav aktivitet. Eg tenkte derfor om eg skulle sjå etter noko som yter litt meir enn ein tradisjonell tynn overdel, no er det straks mykje salg på nett og då kan det være greit og ha planen klar. Det eg i utgangspunktet kunne tenkt å kjøpt til ho var ein 400 eller 600 grams ullfroté frå woolpower. Men desse er skjelden på salg, og eg er redd dei blir for kjedelige i design og farger til ei forfengelig dame. Nokon som har tips til tilsvarende varme ullplagg til dame, som ser litt meir "forseggjort " en woolpower? -
Eg har høyrt ulike råd for vedlikehold av fjellsko og støver for kvar gang eg har kjøpt nye. Alt frå "smør tynt og ofte, aldri noko med silikon - kjempeviktig" til "mariner dei i minkolje med jevne mellomrom, og vær gjerne raus". Derfor har eg nokre konkrete spørsmål som eg håpar dei som faktisk veit, kan svare på - dei som trur, kan heller avvente og lære sammen med meg 😉 Det gjelder forøvrig lærsko med membran, som alfa bever og liknande. - Kva skal ein smørje/behandle dei med og kor ofte? Eg har høyrt at alt med silikon er nei! Og har høyrt at ved å smørje dei, øydlegger ein membranen - ein burde berre bruke litt skokrem av og til. Eg har også opplevd å smørje sko og enda opp med ein sko som rett og slett vart for mjuk - det var igrunn veldig ugreit. Men kva eg smurte dei skoa med som gjorde dei mjuke, det hugsar eg sjølvssgt ikkje. - Det å få ut fuktighet etter bruk er viktig. Eg har hverken aviser eller reklame, so det å stappe dei fulle i avispapir er enklare sagt enn gjort. Ein standard skotørker som blåser varmt, men ikkje veldig varmt - vil det tørke ut og ødlegge skoen?
-
Tynn og "lodden" fleece til mellomplagg
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Eg er varmblodig og svetter lett - derfor sverger eg også til ull når eg skal være i aktivitet. Men i tilfeller der eg skal være passiv eller ved lav aktivitet, som smygjakt - då kombinerer eg gjerne med fleece. Ull transporterer fukt effektivt, tørker raskt og du bli ikkje kald sjølv om du er klam. Men eg synes fleece varmer bedre og er eit godt valg for komforten. Men for mitt vedkommande er det ikkje eit alternativ med medium og høg intensitet- då er det ull som gjelder. Det merket du anbefaler, korleis er det angående levetid og passform? Eg digger 400 og 600 grams genserane til woolpower, men dei (som det meste av ullprodukter), mister gjerne litt fasong etter ei tids bruk. -
Tynn og "lodden" fleece til mellomplagg
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Ingen?🤔 -
Eg har sett nokre gensere på ymse sportsbutikker som har tiltalt meg. Dei er relativt tynne, svært lodne og mjuke - tilsynelatande veldig behagelig, det er enten fleece eller ullfleece. No er eg på leit etter nye mellomplagg, då mine woolpower 400 og 600 gram byrjar å bli "slappe i fisken". Desverre har eg aldri hugsa å sjå etter kva gensere det er, dei eg beskriver over her, når eg har vore rundtom på butikker og sett. Er det nokon som har forslag til kva gensere eg har sett på? Eg har forsøkt å google fleece mellomplagg, uten å finne noko som minner om dei genserane eg meiner.
-
Eit lite tips til dei som vil ha seg ei god og holdbar steikepanne til dei kortare turane, so selger rusta Jamie Oliver si karbonstål-steikepanne på tilbud til 199 kr. https://www.rusta.com/no/no/stekepanne-jamie-oliver-p970009160101.aspx Tradisjonelle karbonstål-panner er svintunge, men denne er ein "lettvekter" og kan fint brukast på kortare turer der vekt ikkje er nøye. Den duger også supert på grillen, eller på blusset til grillen om du skal lage ein saus eller anna digg tilbehør- og den er uslitelig 😉
-
Eg var på leit etter ein halvhøg og lett sko som takla kuppert terreng og glatte berg/stein. Først kjøpte eg alfa orre a/p/s og førsteintrykket var veldig bra, men det var ein innvendig søm i den skoen som ikkje harmonerte med mine føtter. Forhandleren var veldig serviceinnstilt og eg fekk levere dei tilbake. I butikken har dei to andre tilsvarande sko eg kan velge mellom, alfa lyng og mammut kento. Eg er ingen vandrer, men kortere turer i relativt høgt tempo og eg jobber som ettersøksjeger på vestlandet, so det blir turer i svært ulendt terreng- der ein strengt tatt ikkje burde ferdast. Eg har breie føtter og høg rist, noko som var grunnen til at eg desverre måtte skrinlegge orre. Eg har lest litt om dei to alternativa eg sitter igjen med, og det er blanda tilbakemeldinger. Alfaen får mykje skryt, men kritikk for å være farlig glatte - noko som ikkje er gunstig for mitt vedkommande. Mammut får også litt blanda tilbakemeldinger, uten eg har funne konkrete ting som trekker ned. Er det nokon som sitter på erfaring/kunnskap om desse skoa og kan gje meg litt råd?
-
Havregrøt med noko attåt : Smakfull energibombe
magnum_mauser svarte på Bjørn-Ivar sitt emne i Fjellvandring
På dei tider då ein trente som verst var dette frokost nr 1 for dagen. Eg droppa tunfisken, men knakk eit par rå eg oppi - det gjekk faktisk heilt greit å få ned 😂- 78 svar
-
- 1
-
Bergans sin outlet har gode priser. So det vart kjøpt 2 stk myrull, ei jakke til meg under smygjakta og ein kåpevariant til øverstkommanderende i heimen- fordi ho støtt fryser 😂
-
Stole på r-verdi og t-comf?
magnum_mauser svarte på Espen Nersveen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
For min del, som er plagsomt varmblodig so har eg brukt min pose med t- limit på -4 i 8 kuldegrader. Låg då berre i bokseren og sov veldig godt! Men sambuaren min er ein frysepinne som fryser berre av å høyre om kuldegrader på værvarselet - ho må kle på seg ekstra hvis det nærmer seg t-komfort på hennas poser. Eg er meir opptatt for min del av å være sikker på at liggeunderlaget er "varmt nok". For eg har prøvd å ha for dårlig liggeunderlag i kalde netter og då fryser ein uansett kva sovepose ein har. Men dette gjelder når ein skal sove i temperaturer ned mot 5 grader og kaldare. Er vi godt på plussiden gjennom sein vår, sommer og tidlig høst - har eg aldri tenkt på å være på den sikre sida i forhold til r-verdi -
alfa orre a/p/s gtx - nokon som har testa desse?
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Fottøy
Då har eg fått testa skoa litt. Og eg må seie at for min del, dersom dette er sko som er nokonlunde slitesterke, er dette utviltsomt dei beste fjellskoa eg har hatt på mine bein! Det er latterlig lette samanlikna med det eg er vant til, det føles som å ta på seg joggesko! Men det er ein ''aggresiv'' sko, som er meint for turer i tøft tereng, sålen er stiv og det er rikelig med ankelstøtte - og grepet på våt stein er rett og slett magisk. I tillegg er det gamasjen/sokken som forhindrer at ein får rusk inn i skoen, som også er ein fordel. Og når eg kom heim frå fjellet, so skylte eg skoa under vasken nede i boden og satt dei vekk, morgonen etterpå var dei tørre og klar til bruk igjen. Litt små i størrelsen og ikkje av dei breiaste skoa eg har hatt, men ikkje verre enn at det går med mine breie føtter og høge rist. Igjen, er desse skoa slitesterke og holder tett over tid, slik mine andre fjellsko har gjort - er desse for min den ein liten revolusjon. -
Eg har 3 stk av revolution race sin gpx pro - og eg er kjempefornøgd! Eg kan aldri hugse at vind har vore eit problem på dei felta med stretch. Buksene er svært robuste og tåler mykje og hard bruk! Snittet passer meg perfekt, dei er veldig komfortable å ha på og bevegeligheten er veldig bra.
-
Mine høge (og tunge) jaktstøvler er blitt pensjonerte og eg har vendt tilbake til oppsettet eg brukte i mine yngre dager, då eg ikkje hadde råd til jaktstøvler, nemmelig fjellsko og gamasjer. Eg har tråkka ihjel eit par treksta oslo gtx og var på markedet etter nye. Eg har lest litt om alfa orre og etter å ha lest produktomtaler frå folk som hadde dei, invisterte eg då magasinet.no hadde salg. Svært lette og syntetisk sko som ikkje trenger vedlikehold og som tørker svært raskt er musikk i mine ører. Skoa eg har no er med nubuckskinn og bruker 2 døgn på å tørke etter ein lang dag med trasking i våt myr. Men eg er litt tvilande til slitestyrke over tid, men det gjennstår å sjå. Er det nokon her inne som har testa desse skoa?
-
Når eg brukar garmin astro på hundane mine, får eg opp ei "kompasspil" som viser kva retning eg skal gå for å komme til hundane og kor langt det er. Finnes det turkart/apper til telefon der ein kan legge inn destinasjonspunkt og så får ei retningspil og avstand? Eg har brukt norgeskart sin app og geo viewer sin, uten å finne denne funksjonen i desse. Når eg tenker meg om, so fekk eg ein garmin i gave for mange år sia, har aldri pakka den opp ein gang 😳 trur den heiter oregon 450 - den har kanskje denne funksjonen?