magnum_mauser
Passivt medlem-
Innlegg
102 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av magnum_mauser
-
Eg skulle gjerne hatt eit bilete, men desverre hugsa eg ikkje å forevige øyeblikket. Men i fjor haust kjøpte eg alfa walk king air og var veldig spent på korleis desse vart i bruk. Etter eg hadde gått dei skikkelig inn, bar det avgårde på ein lang tur etter hjort i stupbratt vestlandsterreng. Etter mangen timer med hard gåing, konkluderte eg med at skoa var nok hakket "tettare" i negativ forstand enn tidligare tursko med lær, men ikkje verre en at totalopplevelsen var god. Når eg ser ned på skoa, ser eg at dei skummer ut ventilasjonshulla som er på siden av skoa😂 Dei såg ut som dei var hardt angrepe av rabies og eg gav dei umiddelbart goodwill fordi det vart tydlig for meg at skoa gjorde sitt ytterste for å få fuktighet ut 😂
-
Kvalitet/levetid på ullplagg frå forskjellige produsenter
magnum_mauser publiserte et emne i Bekledning
Ull er fantastisk og forbruksvare i min husholdning. Men det er også relativt kostbart og eg synes å merke at det kan være markant forskjell i kvalitet blandt dei ulike produsentane. Eg har mykje klær frå aclima, dei har godt design og funksjonalitet, men eg synes dei krymper meir i vask og mister passform enn andre plagg eg har, samt det skal ikkje mykje til før plagga blir ødlagte. Eit anna merke som har utmerka seg for min del, er Devold. Eg opplever plagg frå devold som svært slitesterke, sammenligna med f.ex aclima. Eg har til dømes ei ulljakke frå devold som eg har brukt ekstremt mykje, og solangt virker den å være uslitelig. Det kunne vert interessant å høyre kva dykk meiner om dei ulike merka, og gjerne konstruktivt. Med det meiner eg ikkje kva den enkelte føretrekker, men kva er dykkars erfaringer av dei ulike merka satt opp mot kvarandre. Ull er sopass kostbart ar det er greit å legge pengane i det som varer lengst.- 20 svar
-
- 1
-
Hvis du steiker fisk (eller rister/steiker brød til egg om morgonen, har eg eit tips du virkelig bør prøve. Kjøp italiensk ansjos (salt type som ligger i olje, IKKJE den norske typen). Denne får ein kjøpt i delikatesser eller dagligvarer med godt utvalg. Ta 10 - 15 ansjonser i ein morter og mos dei, tildett kverna pepper og ca samme mengde skikkelig smør som ansjos og bland sammen. Du har no eit absurd godt smør til steikt/bakt fisk, rista brød&egg osv. Har du dette med deg i ein liten boks og kan smøre den over ein nysteikt ørret, vil eg våge å påstå at det blir ein høydare!
-
Som jeger og ettersøksjeger i bratte vestlandsterreng, får buksene mine svært hard medfart. Eg har brukt ein gammal modell frå Härkilla, extreme og ein nyare modell som heiter pro hunter x. Av jaktbukser er desse som panservogner å rekne, dei tåler enormt med juling. Dei er forsterka med nubuck skinn opp til midten av låra og dette skinnet bør behandlast med jevne mellomrom. Dei gamle extreme-buksene har eg smurt med Härkilla sitt fett for lær/skinn, det fungerer reint praktisk men skinnet blir veldig mørkt på farge av vanlig fett. Finnes det spesialprodukter for nubuck som smører/impregnerer, uten at ein endrer utsjånaden/kvaliteten til nubuck'en?
-
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
@Blaser du som har brukt denne før, vil du tru at gnaging mellom "sekken" og rifla blir eit problem? -
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
@Blaser takk for eit grundig og informativt svar. Eg er overbevist og "rumpetaska" er bestilt 😊 No veit eg ikkje om du er jeger, men nicket ditt kan tyde på det. Eg har ei Blaser r93 med høgt gradert (og kostbart) treverk, som gjere til at eg har vegra meg mot å bruke f.ex stolsekker som gnager mot rifla. Har du erfaring med denne i kombinasjon med våpen, og om gnisninger kan bli eit problem? -
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Du har stålkontroll 😁 eg kan heldigvis ta deg på ein ting, og det er at eg prioriterer kaffi over vann, so ,05 liter kaffe og 0,3 med vann 😂 -
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Den ser interessant ut, einaste ankepunktet er at termos og drikkeflaske må inn i hovedlommen slik eg ser det ut frå bilda - det er ingen utvendige løysinger for å kunne feste flasker osv. -
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Eg har ei Bergans Microlight, som i utgangspunktet er ei super jakke til det aller meste. Den tar lite plass og eg skal få den i sekken i tillegg til ei ulltrøye - takk for tipset. Eg har aldri tenkt på den type plagg som mellomplagg, er opplært til at det skal være ull, fleece osv - ein lærer stadig noko nytt. -
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
Eg ser kva dykk skriver om større sekk, og i utgangspunktet er eg einig. Og skal eg avgårde på lengre turer, dvs over mangen timer/heile dagen - so velger eg ein større sekk. Men dei aller fleste jaktturane mine er morgon/kveldsøkter på alt frå 1-3 timer og blir sekken for stor - blir den ikkje med. Den eg brukar no, merker eg ikkje at eg har på meg, reimane er svært tynne og eg trenger ikkje tenke på at sekken må av hvis eg skal skyte, det må eg med dei andre sekkane eg har. I ein perfekt verden, skulle den sekken eg har vert på f.ex 7-8 liter og då hadde eg hatt plass til ullfroté'n frå woolpower 😂 -
Jeger med liten sekk trenger tips til mellomplagg.
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Bekledning
I dag har eg plass til ei litt tjukk ulltrøye i tillegg til ei brynje. Eg har litt meir plass å gå på - men eg har ikkje plass til ein vanlig genser. Med det spelerommet ønsker eg mest mogleg varme og komfort, eg kan sjå etter ei litt tjukkare ulltrøye, ein av desse tynne men superlodne fleecegenserane, eller kanskje eit eller anna ultralett innan primaloft? -
Eg hater! unødvendig store ryggsekker nesten like mykje som eg hater lommer fulle av stæsj 😂 Derfor enda eg opp med ein liten ryggsekk frå swedteam på 5 liter, som alltid er med på jakt og ettersøk. Den er minimalistisk, men det er det som må til for at eg skal gidde å dragse den med meg kvar gang eg går på jakt. Der har eg plass til det mest nødvendige, som tau, ekstra kniv, hodelykt, engangshansker, våtservietter/papir osv, samt nistepakke og eit klesskift. Sistnevnte er utfordrande, eg er konstant varm og svetter berre av tanken på fysisk aktivitet - til tross for at eg er i relativt god form. Og alle mine terreng byrjer med at eg klatrer høgdemeter og deretter blir det posteringsjakt eller smygjakt og det å vrenge av seg ein kliss våt overdel og få på seg ein tørr overdel når eg er komt opp i terrenget er alfa omega for å halde ut på jakt over tid. Eg får plass til ei brynje pluss ein devold expedition, eg forsøkte å få med ein 400 grams ullfroté, men den vart for stor. Og eg kjenner etter nokre timer i fjellet at eg burde hatt med meg noko som varmar litt meir enn devold'n - men eg har begrensa med plass. Her inne er det flust av dyktige friluftsmennesker som kan bekledning; har eg andre alternativer som varmer litt bedre enn devold expedition, men som ikkje tar so mykje plass i den lille sekken som ein standard ullfroté/ullgenser?
-
Her i huset er bolognes'n min ein høydare, både blandt små og store. Eg har laga denne retten i mange år og har etterkvart justert den til å bli nøyaktig slik vi synes den er best. Den er knallgod som saus til pasta, i lasange og som fyll i pizzasnurrer. Eg legger her ut ei relativt stor oppskrift, fordi eg lager utelukkande ein svær porsjon og so fryser vi ned og har mange middagar på lur - på kortere turer er det supert å ha med seg ein porsjon av denne, smaker supert med potetmos eller litt pasta. Ingredienser: 1,5 kg hjortekjøttdeig (alternativtkarbonadedeig 1,2 kg svinekjøttdeig 300 gram evangerbacon (eller anna godt bacon) 5 løk 7 gulerøtter 7 stilker stangselleri 7 dl rødvin 1,5 liter kjøttkraft 1 glass tomatpuré 2 bokser med hermetiske tomater (helst flådde heile tomater 1/2 glass med finhakka soltørkede tomater Fersk rosmarin 1 ss knuste fenikkelfrø 2 stjerneanis Framgangsmåte: Eg bruner alt kjøttet først, tilsett salt og pepper, slik at du ikkje må krydre deg ihjel på slutten av koketida. Grønnsakane skreller eg og køyrer i foodprosessoren, alternativt hakker du dei sjølv - men denne retten skal stå i ovnen i mange timar, so ikkje hakk det for fint. Finsnitt bacon og finn fram ein stor kjele og fres baconet, tilsett knust fenikkelfrø og finhakka rosmarin. Når fettet på baconet har smelta, tilsetter du grønnsakane og litt salt og lar dei svette i ca 10 minutter før du tilsetter kjøttdeigen og steiker vidare i 5 minutter. Deretter har eg tomatpuré i ei skål, tilsetter ca 1 dl av rødvinen og blander godt, dette heller eg deretter i gryta og lar den surre i 5 minutter til før eg tilsetter resten av rødvinen og lar dette småkoke i ein halvtimes tid. So tilsetter ein kjøttkrafta, finhakka hermetisk tomat og stjerneanis og har på lokk - men la det være ei lita glippe i lokket. Og herfrå kan ein enten fortsette å koke på plata, men eg føretrekker å sette heile gryta i ovnen på 140 grader og lar den stå 2-3 timar å kose seg. Deretter tilsetter eg boksane med hermetiske tomater, knuser dei og blander godt, før gryta får 2-3 nye timer - blir bolognesen for tørr, tilsetter du meir kjøttkraft/buljong undervegs. Den er ganske tyntflytande i starten, men når den er ferdig skal den ha kokt inn til ein ganske tjukk og god saus, den skal ha blitt redusert med ca 1/3. Fjern stjerneanis og smak til med salt/soya og pepper. Det er litt jobb første timen, men deretter lager den seg sjølv. Og det tar totalt frå 6 til 9 timer, men det er absolutt verdt ventinga
-
- 5
-
Swarovski cl 8x30 til smygjakt i skogsterreng. Samtidig er den so liten og hendig at eg forhåpentligvis gidder å drakse den med meg på turer uten børse også 😊
-
Eg har utforska litt oppskrifter siste veka. Eg kjøpte ein svær pose med bønner på elkjøp som eg tenkte var grei nok til utforsking - men eg må vedgå at den var bedre enn eg hadde forventa. Men, når ein leser oppskrifter på brygging med aeropress so er det gjerne 2 tilnærminger. Den første er å bruke relativt finmalt kaffe, mellom 11 og 14 gram - for å lage ein kopp kaffe. Den andre tilnærminga er å bruke grovare malt kaffe, og opptil 35-40 gram for å brygge ein kopp. Eg ser på sistnevnte metode som sløseri, då eg fint klarer å lage ein god kopp kaffe med 12 gram. Men når ein ser på oppskriftene som har vunne Aeropress-mesterskapa, so er det gjerne varianter av den siste tilnærminga dei bruker. Eg prøvde derfor oppskrifta til vinneren av Aeropress 2019, og du verden for ein solid og god kaffekopp! Hvis eg kjem meg opp om morgenen uten å vekke dei sovande terrorcellene (ungane), so er den oppskrifta ein magisk måte å begynne dagen på!
-
Eg vart overbevist til å kjøpe ei kasse med tactical, var var 21 pakker i boksen og ein hadde dermed nok mat til ei veke - han som solgte meg denne lovprisa kvaliteten! Eg vart veldig skuffa, på alle måter! Ingen målekant, so ein må gjette seg fram til mengde vann. Alt smaker skikkelig syntetisk og direkte guffent - og alt har samme form/konsistens. Av frystørka turmat er tactical foodpac det dårligsste eg har smakt og for min del er Real gourmetmat i forhold
- 186 svar
-
- 5
-
- real turmat
- drytech
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Takk for bidraget @cosinus, eg har sett etter oppskrift for å kunne lage to kopper kaffe i slengen 😊
-
@Prebb oppfinneren bak aeropress hevder bastant at ein får ein bedre kopp kaffe ved å først brygge ein svært sterk kopp ved relativt lav temperatur og deretter vanne den ut til ein americano - har du forsøkt denne framgangsmåten?
-
Over tid har eg utvikla ein viss interesse for god kaffe. Før var det vin, whisky og cognac som fekk denne merksemda, men med 2 barn, ulydig bikkje og ein stadig meir autoritær øverstkommanderende for heimen - blir det stadig mindre anledning til denslags 😂 Men eg trur på kvardagslykke, og ved å legge litt sjel i kaffibrygginga - so hever det absolutt livskvaliteten. Eg kjøper ferske bønner frå eit lokalt brenneri og kverner sjølv, eg bruker presskanne hvis eg lager til flere men nylig har eg omsider gått til innkjøp av ein aeropress- og det var eit godt kjøp! Den er jo ufattelig allsidig og kan brukes på uendelig mange måter - i tillegg har ein moglegheit til å lage svært god kaffe når ein er ute på tur. Men korleis brygger du med din aeropress? Etter å ha lest og sett mykje på YouTube, har eg enda opp med 3 ulike teknikker som gir meg svært god kaffi. No har bønnene ein bruker mykje å seie for korleis resultatet blir, men eg har lysbrente bønner og med dei har disse metodane fungert godt. Nr1: 11 gram kaffe, finmalt (mellom espresso og filter i malingsgrad) hell kaffien i bryggeren og hell på 200 gram kokende vann, sett på stempelet slik at det ikkje drypper og la det stå i 2 minutter, deretter ein forsiktig swirl (har vi eit godt norsk ord for det?) Og vent i 30 sekunder før du presser forsiktig. Dette er den metoden eg synes gir den beste kaffien, men denne metoden krever litt meir enn dei to andre - perfekt kaffe å starte dagen med. Nr 2: 14 gram finmalt kaffi i aeropress, hell over 200 gram kokende vann og rør 3 ganger, sett i stempelet for å unngå drypping, vent 1 minutt og press sakte, deretter tynner eg den med litt kaldt vann. Denne går raskt og fordi eg tynner den med kaldt vann er den drikkeklar med ein gang - fin metode hvis eg har det travelt. Nr3: her bruker ein den omvendte metoden, der ein snur aeropress'n opp ned. 16 gram medium/grovmalt kaffe i aeropress'n, hell 230 gram kokende vann over og rør 5 ganger, bruk 2 filter og skyll dei først. Når denne har stått i 1 minutt snur du den rett vei ned i ein kopp og presser forsiktig. Dette blir ein god kopp kaffe som minner om god kokekaffe. Eg vil tru at denne metoden også egner seg godt til meir mørkbrent kaffe, men då kan ein med fordel justere ned temperaturen på vatnet. Del gjerne dine erfaringer med aeropress!
-
Ho har elendige bilder på sin profil på fb, søk på Noréns I Malung. Men bildene på profilen yter ikkje klea rettferdighet 😂
- 15 svar
-
- 1
-
Eg har buksa frå pfanner og det er ei grei bukse. Men eg irriterer grønn over dei sjult djupe lommane øverst 🤯 Legger du nøkler f.ex i dei lommane, må du i praksis ned til knea for å hente dei opp igjen 😂 og lommane på låra er litt for små. I tillegg er snittet på buksa temmelig smalt, so passformen til meg med "skøyteløper-lår", er ikkje optimal. Men eg er komt i kontakt med eit norsk firma som syr vadmelsplagg etter mål, som skal lage ei bukse som minner om pfanner si, men etter mine spesifikasjoner, i tillegg legger dei på skinn til opp forbi knea, og dermed kan ein gå gjennom lyng og einer uten å bli søkkvåt!
-
Omsider kom vadmalsbussarongen. Den var litt tjukkare og "større" en eg hadde sett føre meg, eg trudde dette var ein tynn vadmelsgenser, men for min del passer den bedre til utendørsbruk - den vart for varm å ha på seg innomhus.
-
Eg vil berre slå eit slag for den gamle og trauste vadmelen, dele litt erfaringer og gjerne få litt erfaringer frå andre som bruker vadmel. Eg er født varmblodig, sjølv om eg er trent og i relativt god form - blir eg svett berre eg tenker på ein motbakke. Når ein i tillegg er aktiv jeger og friluftslivsmann busett på vestlandet, blir det mykje svetting! Derfor har bekledning vore ein utfordring for meg, det å sette seg ned og ta ein pause under fjellturen, eller sette seg på post det har som regel medført frysing - hvis eg ikkje har hatt med meg eit klesskift. Men etter eg oppdaga vadmelsklede, har eg hatt det bedre som friluftsmenneske! Pusteevne som er fenomenal og eg opplever at eg jevnt over holder ein veldig behagelig temperatur når eg bruker vadmel. Det er støysvakt og eg opplever det som relativt slitesterkt. Om det blir vått, so blir det tungt - men eg blir ikkje kald. Etter eg oppdaga vadmel kan eg ha turer på fjellet uten å nødvendigvis måtte skifte ulltrøya på overkroppen - og det er nytt for meg. Enkelte vadmelsplagg er relativt dyre, og ein skal være obs på kva ein kjøper, eg kjøpte f.ex ei jakke frå Harkila som viste seg å være "utblanda" vadmel og det merka eg godt på pusteevnen. Men eg kjøpte meg ein anorakk i vadmel frå ei dame som heiter Anna Norén i Sverige og det er ein handel eg er svært godt fornøyd med! Eg fekk den sydd på mål og med eigne spesifikasjoner som pelskrage på hetta og ekstra forsterkninger i skinn på albuane - og det havna på 3000 svenske kroner pluss ca 300 kr i gebyrer. Eg er so til de grader fornøgd med det plagget at eg kan ikkje få sagt det nok! Eg vedlikeholder ikkje mine plagg i vadmel, for slik eg har forstått det, so er det fint lite ein kan og skal gjere? Men kva om f.ex ei bukse i vadmel blir svært skitten, korleis vaske vadmel? Og er her andre som trivast i vadmel? Og i sofall kva plagg har dykk? Eg har bestilt meg ein Vadmalsbussarong, som er ein genser frå Edvardson i Sverige, som eg ser veldig fram til å motta 😁
- 15 svar
-
- 5
-
Eg er blitt frelst på anorakker siste åra (til jaktbruk) og har pr i dag ein i vadmel, ein med membran til våte dager og ein hybrid-anorakk, der armar, skuldrer og hette er i vanntett membran og nedre del er i grov bommul. Sistnevnte anorakk blir ofte brukt, då været her på Vestlandet er ein smule ustabilt. Eg sprayer øverste delen med spray for goretex, men usikker på kva eg bør bruke på nedre delen? Eg har ein voks som eg kjøpte av revelution race, meint til bruk på deira bukser. Denne voksen er hard, som eit såpestykke og skal varmast opp og gniast på. Denne anorakken er mjuk og behagelig i bruk, og bommulsdelen ventilerer greit. Eg er redd for å gjere den potte tett og stiv. Eg ønsker i utgangspunktet at den skal være litt bestandig mot regn, men fortsatt mjuk og ventilerande. Bør eg skaffe meg anna impregnering enn "såpestykke" frå revelution race?
-
alfa orre a/p/s gtx - nokon som har testa desse?
magnum_mauser svarte på magnum_mauser sitt emne i Fottøy
Eg enda desverre opp med å levere desse tilbake, eg var utrulig godt fornøgd med skoen, men eg fekk vondt i beina av den. Orre har rett og slett for smal lest for meg. Eg enda opp med alfa walk king air, som også er ein syntetisk sko, og kan dele litt erfaringer frå den. Eg brukte den knallhardt i november og desember på hjortejakt og er fornøgd med skoa solangt. Men det er verdt å nevne at eg merker at syntetiske fjellsko er tettare i den forstand at dei puster dårligare enn skoa mine i lær og skinn - eg er meir klam på beina i desse. Og eg er spent på levetida på syntetiske sko, om dei kjem i nærleiken av tradisjonelle sko som kan vare lenge dersom ein er nøye på vedlikehold.