Gå til innhold
  • Bli medlem

jh

Aktiv medlem
  • Innlegg

    36
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av jh

  1. Sidan bruken er topptur er det vel irrelevant at Rossignol B78 er bedre i bakken? Coomba/Coomback (2010 modellen) er eit flott valg. Det er mykje enklare å kjøre i diverse føre til fjells på ein stor ski enn ein smalare. Coomba/Coomback går jo og for å være lettkjørt. Trur ikkje du gjer eit feil valg med Coomba. Husk på å putt på eit par bindingar med gå funksjon.

  2. Dersom du skal bruke skoa til topptur er ikkje t4 å anbefalle, den blir

    fort for stiv og tung å gå med. Men t2x som den heiter no er glimrande

    kombi sko, er noko høgare enn t1 men samtidig fleksibel og fin.

    Den har også walk modus som gjer den enklare å gå med!

    Scarpa har også Thermo innerstøvel som er varm og god,

    samtidig som du kan forme den etter foten ved å varme den opp i

    steikeovnen før du plasserer den på foten. Dette fungerer glimrande:D

    Tips: Dersom du skal bruke skia til topptur så er det ein fordel å

    teste dei i laussnå, å køyre i preparert bakke er noko heilt anna enn

    å køyre i pudder/laus-snø!

    T4 er den mjukaste Scarpa skoen, T1 den stivaste og høgaste (T1 race er enda stivere, men er neppe aktuell sidan den ikkje har gåmodus)

    Ellers så støttar eg forslaget om T2x, det er ein fin sko som passar til både topptur og bakke. T4 blir alt for puslete til å køyre sikkelige ski med. T4 funkar greitt til litt oppogned tusling på fjellski. Ellers går det veldig fint å gå på topptur med T1. Mine T1 sko har fleire dagar på topptur enn i bakke. Men det e sjølvsagt litt tyngre.

    Det beste er om du og kan prøve sko frå andre merke, som Crispi og Garmont, da desse har litt anna passform. Det kan hende dei passar foten din bedre. Anbefaler som Frodeky å kjøpe ein sko som har thermo innerstøvel. Hugs på å få den tilpassa foten din!

  3. Sidan du stort sett skal bruke dei til topptur er det lurt å satse på ei ski som ikkje er for tung. Er kjekt å ha litt saft i låra igjen til nedturen, som jo er grunnen til oppturen :wink: Hvis du skal ha bindinger i tilleg bør du kjøpe nokon som har gåmodus. F.eks G3 sin Taraga Ascent eller Black Diamond 01. Det er _stor_ forskjell å gå oppover med desse bindingane i forhold til dei utan gåmodus, som Rottefella R8/R6/R4.

    Har køyrt litt på K2 Shuksan, som er ei toppturski. Synes den er utruleg anvendelig til all slags føre. Ser det har kommet ein jentemodell av den skien: http://www.telemark-pyrenees.com/shop/product_info.php?cPath=1_10_295&products_id=3358

    Angåande lengde så vil vel alt fra 160-170 funke fint.

    G3 og Black diamond lagar og nokre fine ski egna til topptur.

  4. Synes G3 targa ascent bindingen har fungert veldig bra. Har stort sett kjørt på hammerhead stilt inn veldig stivt/aktivt, og var derfor litt skeptisk til G3 bindingen, men det var det ingen grunn til. Det er litt mindre motstand når ein løfter helen, men det kjem jo berre an på kva ein er vandt til. G3 ascent er absolutt ikkje noko dårleg valg. Du bør iallefall ikkje kjøpe ein binding utan gå-modus. Så hvis du allerede har støvlar for 75mm standaren er G3 targa ascent, BD 01 og voile switchback dei som er å anbefale.

  5. Omtrent like lange som deg sjølv pleier å fungere fint, så 170-180.

    Ville ikkje gått noko særleg under 170 cm.

    Det spørs og litt korleis du køyrer på ski og kva du skal bruke dei til. Skal du råkøyre ned fjellsider i store svinger med stor fart så treng du lange og stive ski. Skal du berre småputle rundt og kosekøyre på ski så velg nokon kortare, sidan korte mjuke ski er enklare å svinge med.

    Er sjølv 180 og køyrer på 184 ski, det fungerer heilt supert.

  6. Jeg har bestandig ment at Norrøna er for de som TROR de går i fjellet jeg :lol: .

    Ler godt hvergang jeg møter en som er kledd i Norrøna fra "topp til tå".

    Selv er jeg ikke så opphengt i merke, bruker bergans, fjellreven, Chevalier, Missing Link, Stormberg +++

    Alt etter som :lol:

    Heh, merkelig å le av ein som velg svært funksjonelle og bra klær. Er ein meir fjellvant/erfaren ved å ha utstyr i fleire forskjellige mærker? Har sjølv vært kledd i norrøna produkt frå topp til tå, fra innsida og ut tilogmed. Berre gode erfaringar med Norrøna.

    Du er ikkje så opphengt i merker, men lister opp merkene du bruker?

  7. teorien med å ha ein prusik er vel hvis ein skulle få eit illebefinnende eller ein stein i hode eller skje noko anna som gjer at ein mister taket på tauet. Det blir ikkje heilt det samme som å berre ha karabineren i sentraløkka. Men sjølvklart, ein kan jo ha backups i det uendelige hvis en føler for det... :D

  8. Jeg lurer stort på hva bredere ski gjør på gjenomslags føre, og hvordan du vil ungå problemene når du slår igjenom, for du slår igjenom :P Men enig at det er verd å prøve, det er jo ingen ting som slår telemark nor det er noe annet en (gjenomslags)skare!

    Med breiere ski held du deg gjerne litt lengre oppå, og held ofte tuppen av skia oppå skara. Og med litt fart er det stort sett mulig å køyre skjerende svinger. Det er jo skrensinga/stoppinga som får ein til å gå på snørra når det er gjennomslagsføre. Men klart, det er føre der det meste blir håplaust, berre at med stort utstyr blir det kanskje litt mindre håplaust :P

  9. Eg er ikkje særlig bekymra for framtida til telemark. No kjem jo Rottefella ut med sin nye NTN system, og Black Diamond holder på med å utvikle enda et nytt binding/sko system for telemark. Har stor tru på at Telemark får seg ein kraftig oppsving når dei nye og bedre binding/sko systema kjem.

    Med kraftig telemarkutstyr er det minimalt med forskjell på kontroll med telemark i forhold til alpint.

    Som leos seier, det meste kan løysast med breiare ski.., og større fart :wink:

    http//www.telemarktips.com er ei fin side for å holde seg litt oppdatert!

  10. Har ikkje buksja sjølv, men har fikla ein heil del med den med tanke på å kjøpe. Det er ivertfall vanskelig å finne ei meir solid bukse. Dette er buksa der alt! er tenkt på. Det er og drop seat mulighet. Og glidelåsen tviler eg er noko problem da det er _Svært_ solide glidelåser og matrialer. Problemet eg ser at det blir kanskje litt for solid, den er rimelig tung og barsk. Men heilt klart eit meget bra kjøp om du er på jakt etter ei solid bukse. Eit lite minus til er at det kunne vært litt lenger i ryggen.

  11. heisann!

    Viktig å hugse på at når du rykker en divisjon opp i ski så kan scarpa t4 skoa bli litt mjuke/lave. Ivertfall merker eg det godt dei gangene eg har kjørt med T4 skoa isteden for T2 skoa på litt større ski. Men det funker greitt så lenge ein tar det litt med "ro".

    Har kjørt med Rottefella Riva II, Chili, og Cobra. Aldri hatt problem med mine bindinger.

    Veit ikkje om Dynastar Legent 3800 er eit godt kjøp eller ikkje, men det ser ut som ein fin ski.

    Oslo Sportslager har også ein del tilbud,

    f.eks

    http://oslosportslager.no/product/2693/2729/341772/Dynastar_6200_telemarkski___Rottefella_Cobra.html

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.