Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Agnar

  1. For å forsøke å reparere dei skadene som har oppstått ja, pga stor slitasje.

    Og så blir det stadig hevda at DNT har ein agresiv propaganda for å få folk til å gå Besseggen. Når såg noen sist at

    DNT reklamerte for Besseggen? Tvert imot, dei har i fleire år prøvd å spre trafikken på fleire områder, fordi det blir

    for stor slitasje, og trengsel på enkelte hytter. Men då blir sjølvsagt det gale òg..........

    Dessutan så ligg det så vidt eg veit ei DNT hytte i eine enden av Besseggen, og ei privat i den andre, så kvifor er

    det berre DNT som genererer trafikk på Besseggen??

  2. Agnar: Det jeg tror Svein sikter til er at det er problematisk HVIS det kommersielle kommer i konflikt med deler av grunnfilosofien til foreningen OG man prioriterer dette i delvis konflikt med sin egen grunnfilosofi. Det er selvsagt ingenting i veien for at en ideell organisasjon drives i balanse, det er helt klart positivt.

    Den dagen DNT vil merke opp og sette opp et par turisthytter i Børgefjell, vil være en trist dag.

    Har vore ute og reist i dag(nei, ikkje på fjellet), så derfor litt seint svar.

    Ja, Morten, det er ikkje alltid så lett å få tak på kva Svein meinar, det er som oftast

    vage påstandar, og lite konkretisert.

    Eg skulle gjerne hatt svar på kva det kommersielle med DNT er som ikkje kan forsvarast:

    er det det at organisasjonen er for stor, er det dei betjente hyttene, er det kursaktiviteten, eller er det andre ting? Det rare er jo at det er personar som ellers

    er for at pengemakta skal råde, som synest DNT er for kommersiell.

    Så seier du at rabatten på hyttene er eit incitament for å bli medlem i DNT, og at det forklarar det høge medlemstalet. Ja vel?? Er det i tilfelle noko uvanleg at ein organisasjon gir rabatt til sine eigne medlemmer, og det er vel fordi friluftsfolket er

    interessert i tjenestene som DNT kan tilby, at det er 200.000 medlemer?

    Du kan ta det heilt med ro Morten, DNT kjem ikkje til å merke, eller bygge på Børgefjell.

    Og kvifor? Fordi det er ein nasjonalpark der, og det blir ikkje gitt tillatelse til meir

    tilrettelegging i ein nasjonalpark. Og det er jo poenget med den tilrettelegginga som er i

    Jotunheimen, kva kom først, DNT(og private aktørar) eller nasjonalparken?? Så kan vi gjerne diskutere om det ved opprettelsen av ein nasjonalpark burde fjernast all tilrettelegging som er der på det tidspunktet.

    Til slutt Morten: du veit at eg har eit nyansert syn på DNT, eg blir berre så provosert av

    bedrevitere som kjem med flåsete påstandar.

  3. Utspilt sin rolle, med det mener jeg at kommersiell drift nå er fokuset. Er du uenig i det Agnar? Fortsatt driftes lokalforeninger mye på dugnad, de ulike hyttene har sine ildsjeler osv. Men hva er f.eks snittalderen på ildsjelene? Er det nok "rekruttering"?? Trekkene er vel ganske klare...

    Ikkje einig i det heile. I din terminologi er kommersiell drift det samme som profitt eller avkastning. Kva slag avkastning er det ein idèell organisasjon skal ta hensyn til?

    Er det galt at ein sørger for å ha ei drift som går i balanse? At hyttedrifta gir rom for

    opprusting og vedlikehald? Eller at ein kan skape nokre få arbeidsplassar,

    det er vel til og med eit par i Ålesund tenkjer eg?

  4. Jag tar mig friheten att starta en ny tråd i det här ämnet, eftersom det knappast hör hemma på Leirvassbu.

    Undrar om dom personer som har gjort ner DNT och deras arbete i fjället är på något sätt representativa för norskt fjälliv. Dom har ju inte blivit emotsagda av någon i forumet. Har inte heller följt debatten tidigare, men talar utifrån mina egna erfarenheter.

    C.

    Dei er på ingen måte representative Camilla.

    Om det er 5 - 6 personar på Fjellforum som kjem med negative uttalelser og er i mot DNT, så

    talar vel DNT sine 200.000 medlemer sitt klare språk.

    DNT har gjennom snart 140 år lagt ned eit enormt arbeid for å fremme friluftslivet for folk flest. Det

    meste av arbeidet blir gjort på frivillig basis, og å hevde at organisasjonen har utspelt si rolle blir

    ganske latterlig.

  5. i følge http://www.tindevegen.no/ bruker den å åpne den 15.

    Og i følge samme sida pågår fresing, så det blir nok opning før den 15. Meinar det er slik at samme ustyret vert

    brukt først til Gaularfjellet(opna til påske), så på Sognefjellet(opna sist torsdag) og til slutt på Årdal - Turtagrø.

    Det meste av veien er privat, berre det første stykket opp frå Årdal er fylkesvei.

  6. Tøni: problemet med å gå frå vest om vinteren er ofte skavlen heilt på toppen, no var den ganske

    høg etter mykje nysnø og austavær siste tida.

    Morten: vi tar den til sommaren ein gang som fottur. Helga vart perfekt, med Brann - Vålerenga i

    kveld. Valgte ikkje å bli med på Sognefjellet med gjengen, det blei ikkje vær til toppforsøk for dei.

  7. Fekk tilbud i går om å bli med, men hadde egentlig tenkt på andre gjeremål. Men då eg stod opp kl 7, og himmelen var blå, var det berre å sende melding om å bli henta. Kl 9 var vi klare til avmarsj frå Sæle i Bygstad, ein kortare variant enn
    "normalveien". Skiene måtte berast til over skoggrensa, ca 20 min. Så var det berre å få på fellene og legge i vei.

    Sola hadde alt fått tak i den første stigninga, men snart vart det fast og fint underlag. Bra stigning opp mot Marifjellet,
    før det flatar ut nordover mot Heilevangstaurane. Ny stigning opp her, før vi kom opp på sjølve ryggen som fører utover
    mot toppen. Litt opp og ned, så er vi ute på den smale egga, med 300 m under skavlen på nordsida, ned på Blåfonna, og 700 m skrånande ned på sørsida. Men i dag var det godt feste i den akkurat passe faste snøen.

    Oppe på toppen viste varden at det nok er mindre snø enn vanleg, sjølv om det har komme mykje i løpet av april.
    Nista vart inntatt i ly av varden, mens det berre var å nyte den flotte utsikta. Etter 15 min var det imidlertid slutt, då
    auka vinden på og eit skikkeleg rennefok gjorde det utriveleg akkurat på toppen. Så då var det berre å gje seg i kast
    med returen, som nok gjekk på atskilleg meir råten snø, etter kvart som det minka på høgdemeterane.

    post-517-133474416645_thumb.jpg

    post-517-133474416657_thumb.jpg

    post-517-133474416666_thumb.jpg

    post-517-133474416669_thumb.jpg

  8. Ja nå sparte du folket for mange adjektiver, Morten, ved at jeg slapp å skrive rapporten!

    Du fekk no med ein del akjektiv allikevel då Erik, berre topp det.

    Praktfulle bilder frå begge to, men kanskje på tide å investere i gps slik at navigeringa

    går lettare i mørket??

    På bildet frå Hurrungane, blir det Gjertvasstind som ligg rett i mot, til

    høgre for Storen? Ein gjeng her som har tenkt å gå den til helga frå Sognefjellet. Litt

    fristande å bli med, men er litt skeptisk etter all snøen som har komme lenger vest dei siste

    vekene.

  9. Med base i Sogndal er det ei mengde med turmål som kan nåast med 1 times køyring.

    Reknar med at Sognefjellsvegen er open til Turtagrø, og då er Store Soleibotntind og Dyrhaugsryggen innan rekkevidde. Sognefjellet med Fanaråken eller Steindalsnosi går greit.

    Vidare vestover ligg Fortunsdalen og Mørkrisdalen med masse moglegheiter. Oppover Jostedalen er Vangsen eit fint mål, eller ein kan komm innover mot Jostedalsbreen.

    Nermaste turmåla kan vere frå skianlegget på Hodlekvè i Sogndalsdalen, vestover fjella mellom

    Leikanger og Sogndalsdalen. Toppunktet på Gunvordalsbreen på 1604 moh, og muligheit til

    å fortsette innover mot Steindalsbreen. Også til skianlegget Heggemyrane i Hafslo er kort køyring, her kan ein gå til Asbjørnsnosi på 1610 moh.

    Ellers har Jølster fine toppar, frå Dvergsdalen mot Grovabreen eller Olahansfjellet. Litt lenger køyring til Stardalen, med Snønipa frå Haugadalen, eller Bjørga frå Befringstølen. Her kan ein òg gå opp Kvannebakknova og inn på Jostedalsbreen til f.eks Supphellenipa.

    Ellers er det unormalt lite snø her i fylket i vinter, og etter fleire veker med kaldt vær og lite nedbør,

    er det hardt og mykje avblåst i høgda. Men med 3 veker igjen til påske kan det no forandre seg litt.

    Dette var berre nokre av alle dei mulighetene som finst i Sogn

  10. Tenkte å tilbringe påska i Sogn -- med bil og ski. Vikafjellet er allereie utpeika, og turen til Fresvikbreen er aktuell. Mottar gjerne andre turtips. Vi kan gå 6-8 timar om dagen, og køyre opptil 2 timar.

    Kvar i Sogn har du tenkt å tilbringe påska? Det kan no vere greit å vite, om du skal få turtips.

    Kandalen som Pelle føresler ligg no i Nordfjord, det er no kanskje litt unødvendig å køyre så langt

    for å finne fine turmål.

  11. El Gringo,

    jeg prøvde meg med et svar litt lenger oppe, skrevet igår tors 16. feb. kl 1:29 pm!

    Dine seneste hint styrker min mistanke. :D

    Og jeg ser nå at Agnar er enig! :(

    Heisann Nils.

    Eg la heller ikkje merke til at du hadde svart i går.

  12. Byggestil har jeg ikke peiling på gitt, men én ting er sikkert - denne sæteren er ganske mye lenger nord enn Hemsedal!

    Kanskje husene i sin tid ble satt opp av en emigrert hemsedøl? :D

    Et hint til, da...langt bak de fjellene vi ser i bakgrunnen ligger en viss 2000-metertopp ved navn Gråhø.

    Du er nok i Skjåk, og veien går vestover mot Strynefjellet.

    Nedanfor Grotli er det fleire tidlegare stølsområder med hytter og campingplass.

    Ein av dei er Nysætre.

  13. Likevel synes jeg det er viktig med et overordnet syn som tar hensyn til storsamfunnet som helhet. En kan ikke la naturperler forsvinne fordi kommuneøkonomien på det aktuelle sted rammes ved f eks fredning. Da får heller storsamfunnet trå til å bevilge de pengene som kommunen eventuelt går glipp av.

    Det var nettop dette som var mitt poeng òg, at dette nærdemokratiet som Svein snakkar så sterkt om ikkje er i stand til å sjå heilheita i naturforvaltninga. Det er vel like mykje demokrati om dei folkevalde overlet til eit direktorat å ha siste ordet. Her i fylket har dette med småkraftverk teke heilt av, og dersom alt som NVE har kartlagt som drivverdig vert utbygd, vert det nesten ikkje fossar igjen.

    Men for ein gong skuld kan eg sei meg einig med Svein: at Vestlandet gror igjen er det ikkje tvil om, og det finst det fleire undersøkingar som støttar. Gjende nemner mildare klima og sur nedbør, og det er rett, men ein anna viktig grunn er midre beiting av husdyr, og at utmarksområda vert mindre utnytta i dag enn tidlegare. Så å sei at vi bør legge ned heile landbruket er eit hån mot oss som bur på bygdene, og likar å sjå eit levande landbruk rundt oss. Det gjeld heller ikkje berre arbeidsplassane i landbruket, for kvar som arbeider der, er det fleire som er sysselsett i tilgrensa næringar.

  14. Dersom alle søknadane går igjennom blir det dei nermaste åra bygt ut ei rekke småkraftverk i Ørsta kommune. Ein del er avhengig av dei blir flytta frå kategori II til kategori I i Samla Plan, slik som Sætrefossen blei. Så langt har ikkje Ørsta kommune gått mot ein einaste av søknadane, og Sætrefossen var den mest kontroversielle iflg sakshandsaminga.

    Når du får skumma gjennom sakspapira vil du sjå at det var litt meir enn to naboprotestar, Svein, men det er slik som det ofte er i mindre bygder, ein vil helst ikkje komme på kant med naboane og held kjeft. Du har tidlegare sjølv ytra ønske om at fossen vart spart, fordi den er eit flott blikkfang i landskapet. Meiner du framleis at det er riktig ressursforvaltning av

    Ørsta kommune, å tillate alle utbyggingar, utan hensyn til forsvarleg naturforvaltning og hensyn til andre næringar i området, som turistnæringa??

  15. Kommunene er sitt ansvar bevisst tyder det på, så jeg er ikke så alt for redd for at vi skal få naturen "ødelagt". Foruten dette er det løpende vedlikehold og forbedring av sætreveier, litt hyttebygging og noen få kraftverk. Ang sistnevnte likte jeg meg ikke særlig i Riksheimdalen sist jeg gikk der (høsten 2004) pga kraftutbyggingen (-utvidelse). Trandalsdalen har nettopp hatt utbygging, men der har jeg ikke vært å sett - annet enn å ha sett den nye veien fra Dalegubben nå i høst. Jeg er spent på utfallet av f.eks Sætrefossen på Bjørke og en søknad vedr Fladalen/Standaleidet. Begge ser jeg helst ikke blir noe av, men samtidig er det to små bygder som sliter med å finne næringsgrunnlag. Prosjekt Skårasalen har heller ikke blitt noe av, det er nok med Dalsnibba kanskje :roll:

    http://www.smp.no/default.asp?page=1024&item=585172,1〈=1

    Her har NVE gått i mot kommunen og vil spare Sætrefossen, så kanskje det er fornuftig med eit overordna organ som vurderer utbyggingssakene Svein. Kommunane vil gjerne støtte grunneigarane, og tenkjer berre kortsiktig på næringsinntekter og med det auka skatteinntekter.

  16. Berre å bøye seg i støvet for Nils igjen altså.

    Når det det gjeld navnet har eg aldri høyrt noko anna enn Vangsen, og det er jo det som er brukt

    på Fjellluft òg, så eg meiner det er det som blir brukt i Jostedalen. Ved å søkje i Norgesglasset på

    Vangsen, så kjem det opp, men ikkje om det vert brukt o. Ser på kartet at det ser ut som ein o, men

    det må vere ein trykkleif.

  17. Reknar med du meiner Vangsen, Nils.

    Men for ein gong skuld trur eg du har gått deg vill, utan at eg har noko betre

    svar. Det kan nok minne om Vangsen frå nordvest, men då ville du vore på sjølve

    Jostedalsbreen (vi såg den nok på turen vår i fjor). Frå Harbardsbreen trur eg ikkje

    Vangsen tek seg slik ut.

  18. Du skriv ikkje om du kjem med bil til Hemsedal, men i tilfelle kan du kjøre frå Tuv og inn Grøndalen.

    Veien er brøyta til Fuglehaugen. Om du vil gå på ski fra Tuv er det oppkjørte løyper på vestsida av elva heilt til Feten. Herfra kan du følge vegen inn til Fuglehaugen, og vidare i slakt terreng til Kljåen.

    Hytta er lite besøkt, så det går sikkert bra å ha hunden med her. Fin dagstur vidare til Sulebu, med ein del stigning innover dalen. No ser eg du har vært i Hemsedal i helga, så då har kanskje alt orientert deg litt.

  19. Begge ungene har vokst opp med at vi har vært mye ute i skog og fjell, men det ser ut som om man kommer til et skille oppi tenårene - synd, for jeg har beholdt gleden ved uteliv fra jeg var en neve stor til nå....

    Fortvil ikkje. Har fire som alle har blitt teke med på tur frå dei var ganske små. Min erfaring er at om dei misser interessa ein periode i tenåra, så kjem det igjen når dei blir vaksne. Så no har eg ein som gjerne vil på Storen til sommaren, og dei andre blir gjerne med oss på tur, eller dei går med venner.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.