Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Agnar

  1. Sist veke vart tilbringa i Jotunheimen, med fire dagar på vandring.

    På veg mot Eidsbugarden vart siste regnbyga passert i Årdal, men om kvelden var

    det perfekt for ein kveldstur til Skinnegge. Dei neste tre dagane var det mest sol,

    med litt skodde på toppane om morningen. Søndag starta litt grå, men det skein opp

    på ettermiddagen. Så då gjorde det ingen ting om regnet kom dagen etter, då skulle vi

    berre tilbake til Eidsbugarden med Bitihorn. Og sjølv om det låg litt nysnø på Besshø

    fredag og på Glittertind på lørdag, var det behageleg temperatur å gå i. Så meir

    perfekt går det ikkje an å få det.

    Og det er store kontrastar, frå dei slake toppane på sørsida av Bygdin, til irrgrøne Gjende

    med utsikt til stortoppane i alle retningar. Med lange periodar utan å sjå andre, til litt meir

    folksomt på Veslefjell.

    post-517-133474478586_thumb.jpg

    post-517-133474478593_thumb.jpg

    post-517-1334744786_thumb.jpg

    post-517-133474478607_thumb.jpg

    post-517-133474478613_thumb.jpg

    post-517-13347447862_thumb.jpg

    post-517-133474478627_thumb.jpg

  2. Du skriv ikkje kvar du kjem i frå, eller kvar du skal gå når du rundar Vesteråshornet.

    Frå Slettdalen er det på kartet tydeleg sti nord for fjellet, og ned i Vesteråsdalen, og Geiranger.

    Har vore oppe til Heimste Vesteråsvatnet, og meiner å hugse at det såg greit ut å gå ned her.

  3. Grovabreen ligg innafor Jostedalsbreen Nasjonalpark, men heng ikkje saman med hovedbreen.
    Den ligg på grensa mellom Jølster og Førde, og er høgste toppen i Førde kommune.
    Værmeldinga sa enkelte byger ut på dagen, så vi skulle egentlig ha komme oss avgårde grytidleg,
    men først kl 9.00 kunne vi gå ut av bilen på Dvergsdalstølen, etter ein fin biltur langs eit
    blikkstille Jølstravatten. Og på stølen var det også stille, og sola strålte frå blå himmel. Etter å
    ha kryssa elva, og gått nokre få hundre meter var det berre å spenne på skia. Snøen var hard
    etter den kalde natta, så det var lett å ta seg innover Fagredalen. I bjørkeskogen skremte vi
    opp eit par ryper, som likte lite å bli forstyrra i beitinga tidleg på morningen.

    I botnen lengst inne var det å ta fatt på 500 høgdemeter opp til sjølve breplatået. Frå 1200 m
    gjekk det over til nysnø, men skiene sakk berre 5 cm ned i snøen. Etter ein kort matpause på
    dei siste steinane på 1500 m, bar det innover breen, og no begynte dei varsla skyene å legge
    seg ned på fjella rundt oss. Så det var berre å traske innover og håpe på det beste. Og sjølv
    om utsikta vart dårlegare etter kvart, hadde vi blå himmel over oss heilt til topps. På toppen var
    det like stille som då vi starta frå bilen, så det var verkeleg ei flott oppleving.

    For ikkje å snakke om returen, med 5 cm pudder, så sjølv ein amatør kunne sette telemarksvingar.
    Så returen gjekk rekordraskt, og heile turen var unnagjort på 5 timar. Tilbake på stølen gjekk dei
    første bygene på nordsida av Jølster, men kva gjorde det når vi hadde sol på heile turen.

    post-517-133474465734_thumb.jpg

    post-517-133474465748_thumb.jpg

    post-517-133474465764_thumb.jpg

    post-517-133474465777_thumb.jpg

    post-517-13347446579_thumb.jpg

    post-517-133474465804_thumb.jpg

  4. Forøvrig pryder Sprovstinden forsiden på westcoastpeaks.com, Agnar.

    Ikkje så lett å kjenne igjenn frå den vinkelen, men flott bilde det der.

    Var nesten full parkeringsplass då eg kom, obs! i Corsaen.

    Såg ut som alle heldt seg nede i dalen denne dagen, men det viste seg jo at det var lettare å

    gå høgare oppe.

    Ellers er eg nok for dårleg kjent til å kjenne igjenn alle toppane i området, men såg

    i alle fall Honndalsrokkjen som eg passerte tidlegare på dagen.

  5. Etter først å køyrt til Ålesund, sjekka inn på hotell, og så køyrt til Ørskogfjellet, vart det ein sein start lørdag.

    Dagens mål var Sprovstinden, og planen var å gå opp langs alpinbakken mot skardet under Sandtinden. Men

    med all nysnøen som kom før helga vart det tungt å trakke spor, så eg bestemte meg fort for å ta ein anna retning.

    Så eg la i veg innover dalen mot Måslia, der det var godt opptrakka spor frå før. Langt inne i dalen var det ein som

    hadde teke opp lia, så då var det berre å følge sporet. Oppe i skardet vart føret fastare, men det vart å krysse

    opp mellom steinane mot den avblåste Sandtinden. Runda denne i sørkanten, før det bar litt nedigjenn før siste

    stigninga mot Sprovstinden. Oppe på toppen var det hardt og glatt, og svære skavlar mot stupa i nord.

    I det flotte været var det eit fantastisk panorama frå toppen. Frå Ålesund i sørvest, og heile synsranda i sør og aust

    låg ei utruleg tinderekke, med alle Sunnmørsalpane og Romsdalsfjella. Alle krittkvite etter siste snøfallet, og bada

    i sol frå blå himmel. Ein sur austatrekk på toppen, gjorde opphaldet kortare enn ønskelig, men klokka sa òg at det

    var nødvending med ein rask retur til bilen.

    Søndag var det grått igjenn, men det vart ein liten tur til Storhornet på Godøya.

    post-517-133474461339_thumb.jpg

    post-517-133474461354_thumb.jpg

    post-517-133474461367_thumb.jpg

    post-517-133474461381_thumb.jpg

    post-517-133474461394_thumb.jpg

  6. Ved Fossestølen lenger nord på Viksida av fjellet er det berre å tusla oppover mot Fossfjellet i sør, eller austover forbi Muravatnet og over Svelget til Fresvik-Jordalen og kanskje vidare til Fresvikbreen, Blåfjellet, Tverrbotnanuten eller Svinadalsholtane, alle på 15-1600-talet. Frå Storehaugtunnelen sin sørende kan ein gå vestover mot Sopande og vidare vestover mot Rivedalen, Turrdalen, Liabakken med nedrenn mot Bødalen (til snøen tek slutt) eller heilt ut mot Krokeggi og Saursete med utsyn mot Arnafjorden. Vikjafjellet har mykje å by på for skituristen.

    Blir det ikkje ein veldig dryg tur frå Vikafjellet til Fresvikbreen, med ein del opp og nedturar?

    Vert veien innover Fresvik-Jordalen brøyta, eller må ein vente til snøen er vekke? Lurer på

    ein tur om 3 veker, dersom det går å køyre innover dalen.

  7. Det var no ikkje mykje å forholde seg til på dette bildet.

    Sist helg var du på Holtsnipa, så det kunne jo vere derifrå,

    men den ligg no ikkje på Gaularfjellet.

    Kan det vere på, eller nær Gottophesten, og teke nordover mot

    høgd 1505, og vidare austover mot Jostefonna?

  8. Veldig store sprekker på Fåbergstølsnbreen ja. Kjempedigre :? Men man skal jo ikke nedi disse. Fin rute. Ville kanskje foretrukket denne fremfor flanken til Torgeir og Agnar om det er så mye snø. Det er en bratt flanke og jeg er livredd for ras. På breen er det jo bare noen sprekker å passe seg for. Men ville kanskje ikke gått alene opp der.

    Var ikkje mykje rasfare då vi gjekk der, men det var jo om natta, og med fleire kalde grader.

    Den største rasfaren i mai er vanlegvis på ettermiddagen når sola har fått godt tak i sørhellingane,

    og er ikkje av dei farlegaste rasa.

  9. "World Wide Vikings" (wwv) har ein fin oversikt:

    :idea:http://wwv.no/kommunetopper/tabell_fylke.asp

    Sjå også http://wwv.no/kommunetopper/index.htm

    Finner eit par feil på lista for Sogn og Fjordane.

    I Hyllestad er den høgste toppen Risnesnipa, 777m er rett. Toppen ligg litt vest for Lihesten.

    I Gaular er det to toppar med samme høgde, 1354 m: Geitebotsfjellet og Skarfjellet.

    For hhv Bremanger og Balestrand, er vel dei mest brukte namna Gjegnen og Jostefonn.

  10. No var det på tida at det blir rydda opp på den gamle hotelltomta, så alt blir no bedre enn slik det har

    sett ut i årevis. Daglegvarebutikk og bensinstasjon ligg no berre 5 minutt unna, så det er vel ikkje

    marked for fleire pga denne bygginga.

    Det som er betenkeleg er jo at presset på utbygging no kan bli flytta oppover mot Tyin, etter den

    enorme utbygginga som går for seg frå Tyinkrysset og vestover mot Filefjellet. Området minner

    meir og meir om Beitostølen.

  11. Uavklart:

    11) Hvilket sted i Fastlands-Norge ligger lengst unna landegrense og saltvann? (Altså: Hvilket sted ligger lengst inn i riket?) Gol og Etnedal er foreslått. Begge feil. Stedet ligger lenger øst.

    Spørst kva du meiner med sted. Det geografiske punktet ligg vel i området

    Otta - Vågå - Dombås, så eg føresler Sel i Gudbrandsdalen.

  12. Svadfjellet i Gulen kan ein like gjerne gå til frå Indre Oppedal. Det er veg langt innover dalføret der, men om den er open for fri ferdsle anar eg ikkje. Går ein så opp til Inngardsstølen, er det ikkje langt innover til Svadfjellet. Sjølv gjekk eg opp frå Asseim og over Synnlikletten til Asseimsstølen (særmerkt samling med stølshus) ein oktoberdag for nokre år sidan. Eg fekk vita at ein kuinne gå vidare over Portevarde mot Sætrestølen, der Svadfjellet er litt lenger inne. Frå Kringla er det ein god del opp og ned trur eg, men det går no eit dalføre innover der óg. De veit sikkert om den merka stien lenger sør, frå Kringla til Stordalen. Ein kan til og med gå frå Stølsvatnet i Ikjefjordfjella (sideveg frå Stordalsstølen), trekkja vestover mot Myrestølen, vidare gjennom dalføret til Årnesstølen, og vidare mot Svadfjellet.

    Helsing Stuttjukken.

    Gjekk turen i dag, starta rett nord for vatnet på Kringla, ved E39. Trur nok dette er kortaste ruta. Gjekk opp dalen med

    det "velklingande" namndet Skitdalen. Vidare opp til Blåfjellsvatnet, øst for dette og delvis på varda sti i lettgått

    terreng innover mot Svadfjellet. Returen gjekk via Sætrestølen, som ligg flott til i ein nydeleg dal. Vart litt lenger med

    denne omvegen, så eg var tilbake ved bilen etter knapt 5 timar. Kameraet er på tur, så det vart ingen bilder.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.