Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Agnar

  1. Ja det blei ein skikkeleg fin tur. Etterpå vart det nokre dagar på Beitostølen, med besøk på Bitihorn, med barn og barnebarn. Tenkte eg skulle fått med Rasletind siste kvelden, men måtte prioritere familielivet.
  2. Sist veke vart tilbringa i Jotunheimen, med fire dagar på vandring. På veg mot Eidsbugarden vart siste regnbyga passert i Årdal, men om kvelden var det perfekt for ein kveldstur til Skinnegge. Dei neste tre dagane var det mest sol, med litt skodde på toppane om morningen. Søndag starta litt grå, men det skein opp på ettermiddagen. Så då gjorde det ingen ting om regnet kom dagen etter, då skulle vi berre tilbake til Eidsbugarden med Bitihorn. Og sjølv om det låg litt nysnø på Besshø fredag og på Glittertind på lørdag, var det behageleg temperatur å gå i. Så meir perfekt går det ikkje an å få det. Og det er store kontrastar, frå dei slake toppane på sørsida av Bygdin, til irrgrøne Gjende med utsikt til stortoppane i alle retningar. Med lange periodar utan å sjå andre, til litt meir folksomt på Veslefjell.
  3. Du skriv ikkje kvar du kjem i frå, eller kvar du skal gå når du rundar Vesteråshornet. Frå Slettdalen er det på kartet tydeleg sti nord for fjellet, og ned i Vesteråsdalen, og Geiranger. Har vore oppe til Heimste Vesteråsvatnet, og meiner å hugse at det såg greit ut å gå ned her.
  4. Boka blir lagt ut for salg på torsdag (05.juli). Blir presentert på Fløyen, i Bergen. Samme opplegget som den for Sogn og fjordane, med samme forfattar og fotograf.
  5. Agnar

    Fagre Stryn

    Tilbrakte helga i Stryn, og det blei to flotte "dalaturer". Lørdag i Erdalen og søndag i Sunndalen.
  6. Grovabreen ligg innafor Jostedalsbreen Nasjonalpark, men heng ikkje saman med hovedbreen. Den ligg på grensa mellom Jølster og Førde, og er høgste toppen i Førde kommune. Værmeldinga sa enkelte byger ut på dagen, så vi skulle egentlig ha komme oss avgårde grytidleg, men først kl 9.00 kunne vi gå ut av bilen på Dvergsdalstølen, etter ein fin biltur langs eit blikkstille Jølstravatten. Og på stølen var det også stille, og sola strålte frå blå himmel. Etter å ha kryssa elva, og gått nokre få hundre meter var det berre å spenne på skia. Snøen var hard etter den kalde natta, så det var lett å ta seg innover Fagredalen. I bjørkeskogen skremte vi opp eit par ryper, som likte lite å bli forstyrra i beitinga tidleg på morningen. I botnen lengst inne var det å ta fatt på 500 høgdemeter opp til sjølve breplatået. Frå 1200 m gjekk det over til nysnø, men skiene sakk berre 5 cm ned i snøen. Etter ein kort matpause på dei siste steinane på 1500 m, bar det innover breen, og no begynte dei varsla skyene å legge seg ned på fjella rundt oss. Så det var berre å traske innover og håpe på det beste. Og sjølv om utsikta vart dårlegare etter kvart, hadde vi blå himmel over oss heilt til topps. På toppen var det like stille som då vi starta frå bilen, så det var verkeleg ei flott oppleving. For ikkje å snakke om returen, med 5 cm pudder, så sjølv ein amatør kunne sette telemarksvingar. Så returen gjekk rekordraskt, og heile turen var unnagjort på 5 timar. Tilbake på stølen gjekk dei første bygene på nordsida av Jølster, men kva gjorde det når vi hadde sol på heile turen.
  7. Då var du nok i Romarheimsmarka, utan at eg kan namnet på stølen. Bak fjordstykket ser vi det nordlegaste av Osterøya bl.a.
  8. Det mest benytta her i området er uten tvil Blåfjellet. Fekk 196 treff, og det såg ut som det var brukt over heile landet. Ved å søke på Blåfjell, vart det 344 treff, men då er det alle namn med Blåfjell i.
  9. Ikkje så lett å kjenne igjenn frå den vinkelen, men flott bilde det der. Var nesten full parkeringsplass då eg kom, obs! i Corsaen. Såg ut som alle heldt seg nede i dalen denne dagen, men det viste seg jo at det var lettare å gå høgare oppe. Ellers er eg nok for dårleg kjent til å kjenne igjenn alle toppane i området, men såg i alle fall Honndalsrokkjen som eg passerte tidlegare på dagen.
  10. Etter først å køyrt til Ålesund, sjekka inn på hotell, og så køyrt til Ørskogfjellet, vart det ein sein start lørdag. Dagens mål var Sprovstinden, og planen var å gå opp langs alpinbakken mot skardet under Sandtinden. Men med all nysnøen som kom før helga vart det tungt å trakke spor, så eg bestemte meg fort for å ta ein anna retning. Så eg la i veg innover dalen mot Måslia, der det var godt opptrakka spor frå før. Langt inne i dalen var det ein som hadde teke opp lia, så då var det berre å følge sporet. Oppe i skardet vart føret fastare, men det vart å krysse opp mellom steinane mot den avblåste Sandtinden. Runda denne i sørkanten, før det bar litt nedigjenn før siste stigninga mot Sprovstinden. Oppe på toppen var det hardt og glatt, og svære skavlar mot stupa i nord. I det flotte været var det eit fantastisk panorama frå toppen. Frå Ålesund i sørvest, og heile synsranda i sør og aust låg ei utruleg tinderekke, med alle Sunnmørsalpane og Romsdalsfjella. Alle krittkvite etter siste snøfallet, og bada i sol frå blå himmel. Ein sur austatrekk på toppen, gjorde opphaldet kortare enn ønskelig, men klokka sa òg at det var nødvending med ein rask retur til bilen. Søndag var det grått igjenn, men det vart ein liten tur til Storhornet på Godøya.
  11. Sognefjellet skal etter planen opne 1. mai, men ikkje alle klarer å vente så lenge. http://www.bt.no/lokalt/sf/article356021.ece
  12. Blir det ikkje ein veldig dryg tur frå Vikafjellet til Fresvikbreen, med ein del opp og nedturar? Vert veien innover Fresvik-Jordalen brøyta, eller må ein vente til snøen er vekke? Lurer på ein tur om 3 veker, dersom det går å køyre innover dalen.
  13. Då er det nok Såta/Lendafjellet, nord for Kvamskogen.
  14. Hadde ein flott tur der i fjor vår, så det gjorde nok utslaget. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5309&highlight=jostefonn
  15. Det var no ikkje mykje å forholde seg til på dette bildet. Sist helg var du på Holtsnipa, så det kunne jo vere derifrå, men den ligg no ikkje på Gaularfjellet. Kan det vere på, eller nær Gottophesten, og teke nordover mot høgd 1505, og vidare austover mot Jostefonna?
  16. Var ikkje mykje rasfare då vi gjekk der, men det var jo om natta, og med fleire kalde grader. Den største rasfaren i mai er vanlegvis på ettermiddagen når sola har fått godt tak i sørhellingane, og er ikkje av dei farlegaste rasa.
  17. Kanskje du finn litt nyttig informasjon her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=2888&highlight=lodalsk%E5pa
  18. Stå på Morten. Vi klarer godt å ta i mot nokre fleire praktbøker om Jotunheimen i åra framover. Tøft gjort å sei opp jobben for å satse på prosjektet for fult.
  19. Kan det vere Sulefjell og Suletinden bak, med Suleskardet i mellom? Men i om det er rett så har du vel ikkje stått på Vestlandet når bildet blei teke.
  20. Finner eit par feil på lista for Sogn og Fjordane. I Hyllestad er den høgste toppen Risnesnipa, 777m er rett. Toppen ligg litt vest for Lihesten. I Gaular er det to toppar med samme høgde, 1354 m: Geitebotsfjellet og Skarfjellet. For hhv Bremanger og Balestrand, er vel dei mest brukte namna Gjegnen og Jostefonn.
  21. Va da meg du sikta til no?(skjegget, meiner eg).
  22. No var det på tida at det blir rydda opp på den gamle hotelltomta, så alt blir no bedre enn slik det har sett ut i årevis. Daglegvarebutikk og bensinstasjon ligg no berre 5 minutt unna, så det er vel ikkje marked for fleire pga denne bygginga. Det som er betenkeleg er jo at presset på utbygging no kan bli flytta oppover mot Tyin, etter den enorme utbygginga som går for seg frå Tyinkrysset og vestover mot Filefjellet. Området minner meir og meir om Beitostølen.
  23. Kan bakgrunnen vere Lihesten/Lifjellet?
  24. Spørst kva du meiner med sted. Det geografiske punktet ligg vel i området Otta - Vågå - Dombås, så eg føresler Sel i Gudbrandsdalen.
  25. Gjekk turen i dag, starta rett nord for vatnet på Kringla, ved E39. Trur nok dette er kortaste ruta. Gjekk opp dalen med det "velklingande" namndet Skitdalen. Vidare opp til Blåfjellsvatnet, øst for dette og delvis på varda sti i lettgått terreng innover mot Svadfjellet. Returen gjekk via Sætrestølen, som ligg flott til i ein nydeleg dal. Vart litt lenger med denne omvegen, så eg var tilbake ved bilen etter knapt 5 timar. Kameraet er på tur, så det vart ingen bilder.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.