
ørjan
Aktiv medlem-
Innlegg
200 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av ørjan
-
Reknar med du meiner stasjonen på Berakupen som ligg ei mil nordaust for Hedlo. Denne gjev bra dekning innover vidda, mellom anna på/ved Hårteigen og på ein knaus 100 meter aust for Torehytten.
-
Gjekk Østerbø - Lærdalsøyri som del av turen Osa - Lærdal med Bergen Turlag i juli 2005. Me hadde med oss ein lærdøl og fann dermed greitt vegen ned til Øyri (kom ned ved ferjekaia). Planen var eigentleg å kome ned på Rikheim, men med lærdøl på laget vart det Øyri. Også mogleg å gå ned til sjukehuskrysset og Tynjadalen til Tønjum. Kvar hadde de tenkt å gå (og kvar kom de ned)? Eigen tur i 05: http://fjelluft.com/skarvheimen/osalaerdal140705
-
ÅST si side om Hornindalsrokken: http://www.aast.no/tur-hornindalsrokken.htm
-
Itte je, men NRK: Det er overskrifta på nyhetsmeldinga (klikk på den for å lese meir). Alltids lov å håpe at det kjem så mykje snø
-
Det har kome forholdsvis mykje snø til no denne vinteren, så det er håp om vekst for breane: * 10-12 meter nysnø på breane * Snø i metervis i høgfjellet Men det kjem vel ein sommar også
-
Arnt har eit haustbilete frå toppen av renna mot hylla: http://www.westcoastpeaks.com/pics/hteig_haarteigen_downE.jpg
-
Er det snø på den sentrale delen av H.vidda nå?
ørjan svarte på Fjellfanten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Iflg dagens Sogn Avis kom det i november og desember det doble av normalen med snø på Steinmannen ved Jostedalsbreen. NVE har grunna dårleg ver ikkje klart å gjennomføre den vanlege turen tidleg i januar, så dei er spente på om dei i det heile finn målestonga når dei kjem seg opp. Stonga er tre meter høg og skal normalt skøytast på denne tida av året. Ved Skålabotnen på Sognefjellet er det om lag to meter. -
Prøvde meg opp påska eit år, men snudde halvveges i renna då det vart for hardt underlag. Hadde nok gått opp renna dersom eg hadde hatt med isøks og stegjern. Meir usikker på om eg hadde gått vidare derifrå, antar at galleriet bortover frå toppen av renna er veldig utsatt vinterstid. Etter galleriet vil eg tru det er barnemat til toppen. Du bør vere merksam på eventuell rasfare i renna, tenkjer då på skavlar som heng over. God tur!
-
Hovudregelen er noko slikt som at nyare namn, td Falketind og Centraltind, har ubestemt form, medan eldre namn har bestemt form. Så dersom Vinje ikkje hadde døypt om Falketind, hadde namnet vore Koldedalstinden. Med bestemt form.
-
Enda opp på Hallingskeid i den store snøjakta. Stort sett fine forhold torsdag og fredag med lite vind og sol. Vart litt meir vind laurdag...
-
Tippar Store Rauddalstinden (2157) med utsyn mot Vestre (2059).
-
Det vart ingenting av det vurderte kiteforbodet, men det vert sagt at vernestyresmaktene må følgje med på om kiting og andre aktivitetar i framtida gjev konsekvensar for dyrelivet, td villreinen. Altså eit lite ris bak spegelen for å unngå koloniar med kiterar (og skigåarar etc: les daglege skarverenn) frå Finse mot Geilo/Krækkja/Ustaoset.
-
Vegen over Valdresflya er p.t. stengt grunna uver.
-
Nesten nytt år og ny plan for korleis dei skal få alle turistane til å besøke Veitastrond. NRK Sogn og Fjordane: Nye turistplanar for Veitastrond Dei vil altså byggje sykkel- og rideveg inn til breen frå Tungestølen. Det meste av vegen vil gå i nasjonalparken, så det skal nok litt til før dei får lov til å gjennomføre dette dersom det krev større inngrep. Gangtid fram til breen er no, på eksisterande sti, i overkant av ein time.
-
Rv 51 Valdresflya er open, men nattestengt mellom 20 og 8. Oversikt: Natt- og vinterstengte veger
-
Valdresekspressen har avgang kl 13.05 frå Oslo 1. juledag, ankomst Tyinkrysset kl 1755. Avgangane frå Oslo kl 9 og 17 er innstilt 1. juledag.
-
Har gått over flya frå kloppen ved Simleøyra (litt lengre nord) og kryssa elva vest for Sandflo mellom vatna 1365 og 1377. Elva var lett å krysse (august 2001). Frå kartet ser det ut til å vere greitt å ta av frå stien rett før du kjem til kloppen over Sandflofossen og følgje elva oppover til vatn 1365. Deretter lett opp ryggen forbi høgde 1642 og opp til toppen. Det er eit heller lett klyvepunkt akkurat når du kjem opp på platået 2-300 meter aust for toppen. Ingen aning, men generelt er det eit veldig rotete terreng i området, mykje småkupert og det blir litt fram og tilbake sidan det er ein skrent her og der.
-
Saksa frå finse.com: Det er gode ski og kite forhold på Finse. Ca 1.m snø. Mildværet den siste uken har gjort snødekket fast og fint. 5 cm pudder på toppen sørger for feste og styring.
-
Hmm, det er ein fortopp mellom Søre og Store, så då er det muligvis den?
-
Store og Søre Midtmaradalstinden?
-
-
Ein liten helgetur heimom foreldra mine og dermed var Turtagrø 35 minutt nærare. Av ymse grunnar har eg gått lite i traktene rundt Turtagrø og Soleibotntinden var eit fint alternativ ein haustdag. Stig plukka meg opp i 10-tida og litt før 11 var me i gang etter å ha parkert ved Tverrelvi. Veret var ikkje det heilt store, men me hadde eit håp om at det var sol over skyene sidan me såg enkelte solgløtt øvst i Soleibotnen. Enkel småklyving før me var oppe ved vatnet som på kartet har fullstendig feil høgde (512 moh). Breklatten i vestkanten av vatnet var langt mindre enn på kartet, men slik måtte det vel gå med ein slik sommar som me har hatt. No var det berre å rusle oppover grusryggen og håpe at veret vart betre. Og brått var me gjennom skyene og himmelen var blå og nysnøen kvit Trehundremetersbakken vart langt drygare enn den såg ut til ved første augekast. Det var eit gamalt spor som kunne følgjast i snøen, men det var noko isete å gå i det. Siste biten av bakken gjekk spora merkeleg nok ut på nordsida av ryggen og det vart noko småbratt og uggent. Her hadde ikkje sola byrja å ta tak, men eit fall ville truleg ikkje vorte så langt. Vel oppe på ryggen var det berre sjarmøretappen att dei siste par-trehundre metrane bort til toppvarden. Der møtte me to stykkjer som var i ferd med å gå ned att. Den eldste hadde forøvrig vore på toppen to veker tidlegare òg. Dei hadde følgt det same sporet som oss til topps og var like forundra over vegvalet til vedkomande som hadde gått der. Utsynet denne dagen var sjølvsagt gnistrande, Storen rett i mot, Ringstind så nær at me nesten kunne ta på han og elles Jotunheimen bakanfor desse to. Fascinerande å sjå toppane stikke opp av skoddelaget som låg tett denne dagen. Store Midtmaradalstinden såg vanskelegare ut enn då eg hadde ein klyvetur der for nokre år sidan, men mykje vert ofte lettare på nært hald. Indre Sogn låg også bada i skodde, men langt borte i horisonten stakk Kåpa og Brenibba opp. Dessverre for langt borte for at kameraet mitt skulle få eit brukbart bilete. Utruleg moro å få ein slik tur der skodda ligg på rundt 16-1700 meter og berre toppane stikk opp. Nedturen vart fin. Dei to me hadde møtt på toppen hadde gått rett fram og laga fine spor midt på ryggen, så me slapp den skuggelagte nordsida. Deretter vart det ein liten tur og sjå på dei små isfjella som flaut rundt i vatnet ved Berdalsbreen. Så var det slutt på nysnøen og det vart tørt og fint ned til bilen og ein fin tur var diverre over.
-
Dei har absolutt høgtsvevande planar på sommarskisenteret på Strynefjellet òg: Planlegg veg til breplatået Skulle bety at dei vil ha veg opp til 1600 meter der langrennstrasèen er. Håpar det er for vilt til at det blir realisert.
-
Tippar det må vere ein av kommunane på Nordvestlandet og hamnar då på Sunndalsøra der det vert 4-5 km til nærmaste fonn. Dersom fonna ikkje vert godkjent (ref ordentlig isbre), kan Aurlandsvangen vere ein kandidat med 6-7 km til Blåskavlen.
-
Briksdalsbreen 122 meter tilbake på et år
ørjan svarte på morten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Med bilete i Fjordingen: - Breen kan brotne Det var ein god artikkel, synd at ikkje heile ligg på nettet.