1. Knut Kjærvik, 19 år, Gaupne (utdanning ved HIS Jørstadmoen på Lillehammar).
2. Stetind i Leirdalen 21. juli 1994.
3. Antall toppar: 48 av 300. Går etter Røyne si liste.
4. Har hatt svært mange flotte turar. Kan likevel prøve å rangere dei beste:
a) Toppdag til mange av Bukkeholstindane 16. august 1997. Fekk med meg 5 2000-meterar denne dagen. Gjekk frå Leirvassbu og returnerte same veg. Hadde me vore sikre på at Søre Illåi kunne passerast hadde me reist over fleire toppar samt Bukkehøi, men dette var likevel ein super tur. Totalt ca. 10 timar.
Skitur til Kniven, Geiti og Soksi 12. mai 2001. Fantastisk skitur i godvær i Smørstabbområdet.
c) Hausttur til Store Memerutind (Vesttoppen) og Leirhøi. Igjen ein super tur i området Visdalen-Leirdalen. Flott vær på Noregs 10. høgste topp.
5. Spenning, spesiell stemning, utfordrande osv. Har alltid gått mykje i fjellet, og det naturlege har vore å komme seg opp på toppar og sjå litt meir enn ein gjer nede i dalane.
6. Byrja fyrst å samla seriøst i år (2004). Har vore veldig hipp som happ før, men no er det litt meir systematikk i turvalet. Vil prøve å ta mellom 15 og 25 i året.
Største hinder i progresjonen er at eg går på toppar utan klatring og uten breutstyr. Skal snart ta klatrekurs gjennom utdanninga så då blir det iallefall eit hinder mindre...
7. Usikker... Trur eg alltid har vore oppteken med å komme meg opp frå dalane og på toppane. På grunn av foreldre som tidleg tok meg ut på tur, har fjellgåing vorte ein naturleg del av oppveksten. Slik har eg gradvis fått både meir forståing og interesse for fjellet.