Gå til innhold
  • Bli medlem

Qme

Aktiv medlem
  • Innlegg

    89
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Qme

  1. Hallo! Er det nokon som har Aztec pro ski med NTN-binding og Crispi Evo sko til salgs? Er det nokon som har erfaring med desse?
  2. Takk "barre"! Tingen er at eg har ikkje fått betaling frå avisa før heller( har gitt dei bilete og artiklar for nokre veker sidan). Muleg det har oppstått ein missforståelse eller noko då, men eg har sendt eit formelt brev via e-post. Men eg skal følge denne saka. Det skal nok bli ei ordning, men hadde vore fint om dei spurde før dei publiserte bilete mine, men som sagt vi har hatt ein avtale før så mogleg det her oppstått ein misforståelse. Eg er mest gla for at hytta no blir utvida. Mogleg at avisa fekk ideen frå artikkelen min, snakka med DNT ålesund og spurde om det var planar for utviding av hytta. Det var det tydlegvis og dette enda med oppslag i avisa der dei brukte bilete mitt. Synd eg ikkje sende inn artikkelen først då, så kunne dei følge den opp med den glade meldinga at ho VERKELEG skal utvidast.
  3. I lokal avisa Møre Nytt (utgåve 25 sept.) stod det at Patchellhytta skal utvidast. Kanskje har artikkelen nådd fram det skal ikkje eg spekulere i (sjølv om dei brukte bilete mitt (utan å ha spurd på førhand)), men det stod nemnt at turistforeninga i Ålesund også hadde vorte oppmerksame på det store besøkstalet og såg seg no nødt til å byggje på. Så då er det berre å ta turen til Sunnmøre og Patchellhytta, no er det snart god plass til 50 personar!
  4. Eg var ein tur på Patchellhytta og Slogen denne helga. Her er ein rapport frå turen: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1969
  5. Bjørke ligg inst i Hjørundfjorden. Huset mitt ligg rett under Storhornet 1600 moh. Har nådd toppen 8 gangar;) Her er mykje å ta til på. De byrjar å "minke" på fjelltoppar på denne sida av fjorden, har vore på dei fleste kjende, men manglar derimot dei fleste på den andre sida (Rånahalvøya). Så det er berre å ta turen til Sunnmøre
  6. 500fjell: Eg gjekk Jakta og Slogen på samme dag. Hadde de ikkje vore for at eg og far min måtte rekke fjøsen, så hadde vi nok tatt Store Smørskredtind også. Men då ville eg ha gått: Jakta- Smørskredtind- Slogen i den rekkefølga. Dagen var veldig varm og trykkande men tid var de nok av. Gjekk Viddal-Jakta-Øye-Slogen-Øye. Fin tur:) Bur i nærleiken, (Bjørke) så hiv meg kanskje med ein gong? Trur vi er på same alder;)
  7. Det er to normal-ruter til Jønshornet. Det er finast å nytte denne rundturen: http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/jonshornet.html Har gått den sjølv i fjor august, 16 år, synst Arnt (det er hans side) er litt streng når han skriv vanskelegsgrad 4(YDS), det var trass alt ikkje så knepent opp egga mot toppen, men er det vått så er det ei anna sak. Ruta: Gamlestøylen-Ramtinden(1198)-Jønshornet-Jønshornrenna-Molladalen-Melbøsetra. Melbøsetra-Molladalen-Jønshornrenna-Jønshornet og retur samme veg er også ei vanleg rute men då får du ikkje variasjon. Ein slår to fluger i ein smekk med den rundturen som er nevnt øvst. Og det er vel ikkje så dumt for tilreisande som gjerne skal nytte dagane før ferien er over?
  8. Hei! Eg bur i området og veit korleis du kan gjer dette. http://www.ruteinfo.net/ruter-f1/t/22-432.htm Dette er linken for bussruter Bergen-Ålesund På rutetabellen finn du Vartdal, før Festøya. Ca 10 km etter Vartdal kjem de til Barstadvik. Ved Barstadvik hoppar de av bussen, er de i tvil kvar det er spør busssjåføren, han veit. Frå Barstadvik er det skilt Erdal, umogleg å ta feil, det er ein brei dal innover mot Melbøsetra. Dokke haikar/går fram til Melbøsetra der normalruta til Molladalen startar. Heldigvis for dykk, ligg Molladalen ganske nært bussforbindelse, noko som er sjeldan på ein plass som Sunnmøre med mange små bygder og lange fjordar. God tur! Er det noko du/de lurar på så berre spørr:)
  9. http://www.hustadnes.net/ Sjå under Sunnmørsalpane->Grøndal-Hellesylt;) Hehe, ja eg å far min tok Jakta og Slogen same dag for to år sidan. Varmt, 27-28 grader og knall sol 3400 høgdemeter ca, ein flott tur, men ein merka varmen i granskogen opp frå Øye ja Det har vore knallfint veir på Sunnmøre dei siste to vekene, men no ser det ut til at det tek slutt Akkurat no tordnar det! Kjøme sikkert betre ver også i august.
  10. Hehe, ja det bruker å vere slik på bygda. Når det gjeld turrapportar og slik så har eg ein del av dei. Tingen er at eg held på å lage mi eiga heimeside. Eg har kun ein gratisversjon så eg har ikkje eige namn/domene. Difor veit ikkje eg om eg skal slite meg forderva med å legge ut å fikse til på den sida for så å lage ei ny seinare. Vi får sjå. Den eg har no er: http://www.freewebs.com/fjellfoto/ Den har hverken bilete eller rapportar(to-tre stk ligg ute trur eg?) som ligg ute, men kun nokre datoar og namn frå siste turar. Elles så har eg sendt inn 10 turrapportar(vinter) til hvitedrommer. no, dei ligg under toppturar->Sunnmøre, dette fordi eg var med i ei konkurranse som eg forøvrig vann Men sjekk denne: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=143 hjorundfjord.no er heimesida til fjorden eg kjemifrå og er framifrå god side. Mykje lokalnytt og artiklar frå diverse turar finn du her. På linken som ligg over finn du turar gått av, for det meste av nokre karar frå bondalen, men eg sjølv har også bidratt ein del. Dette er kun turar på ski. Er de noko du/de lurar på om Sunnmørsalpane, så er det mange på denne sida(hjorundfjord.no) som veit det. Er berre å lage seg ein brukar å stille spørsmål om overnatting, båt skyss og kva det måtte vere.
  11. Ja, faren min kjenner nokre lokale her i området som har gjort det. Eg sjølv er berre 17 år så med mi erfaring trur eg denne ruta(Tyssedalen-Tverrelvdalen-1443-Rokkekjerringa1575høgda-Storhornet-Bjørkehornet-Tyssedalen) får vente nokre år til. Har faktisk til gode å bestige Rokkekjerringa, har faktisk aldri vore der sjølv om eg har vore på Storhornet 1600 moh 7 gongar. Elles så er det Rokkekjerringa,og eit par toppar så manglar for at samlinga mi på toppar rundt heile Bjørke som er i boks
  12. Hornindalsrokken frå oppunder Høgehornet 1319moh. Foto:Håvard Myklebust, 26. Juli 2008 Flott tind dette?
  13. Vart ikkje heilt ferdig med å svare i stad Ein kan også starte frå Hornindal, nærmare bestemt Engeset. Det er ein lang og flat tur, med jamn stigning heile vegen. Litt kjedeleg spør du meg. Frå Raudstad kan ein(vanlegast på sommarstid) gå opp Småskårene, eller gå inn Lauadalen til Blåbreskaret. Her kjem du innpå same sporet som frå Engeset. Over Småskårene klyv ein ei kvass eg før du hamnar på toppen av Storhornet. Har nokre bilete her, men er ny i dette "gamet"så eg får legge ut bilete ein annan gong.
  14. Heisann! Rokkekjerringa kan bestigast frå mange stader, men dei fleste hamnar på same stien til slutt. Rett som 500fjell sei, kan gåast frå Raudstad opp Småskårene bak på Storhornet og vidare til 1575-høgda og Rokkekjerringa. Eller Raudstad-Lauadalen-Blåbreskaret-1575høgda-Rokkekjerringa Helsing ein kar som bur på Raudstad
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.