Gå til innhold
  • Bli medlem

Qme

Aktiv medlem
  • Innlegg

    89
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Qme

  1. Eiriksun; gjekk Jakta og Slogen same dag så det skulle ikkje vere så vanskeleg å få til når ein først er på Sunnmøre Var 16 år den sommaren om det hjelp Som essem skriv, snø i inste del av Konedalen men også eit lite felt oppe ved foten av sjølve fjellet. Ein kan gå rundt det, men råsa kryssar dette feltet som brukar å smelte vekk til august(alt etter snøforhold), ikkje særleg bratt men det var nettopp her det skjedde ei dødsulykke ikkje mange år tilbake der ein mann fall på snøen og sklei utfor ein hammar. Bruk isøks, men tau skal ikkje vere nødvendig.
  2. Skulle til å sei det same ozzi; det er ikkje akkurat sjeldan det flyg helikopter i området for å hente ned skadde turistar
  3. Takk for svar! Bestiller den nok med ute.no då eg helst skulle hatt den på døra til neste veke... Ellers nokon som kan tilføye litt info om den slik Bugge har gjort? Spinkelt bæresystem?
  4. Nokon som veit kvar ein kan få kjøpt Osprey Aether 85 L sekken (på nett?) ? Har prøvd sportsnett.no , men dei sa importøren var på ferie og ba meg prøve igjen i slutten av august(!) (er det holdbart? )
  5. Går fint ann å gå på Slogen uten isøks/stegjern no. Greitt å ha isøksa ned igjen då om en vil renne på snø
  6. Hadde tenkt å melde meg på eit par av turane, men var jammen fullt for over ei veke sida! Romsdalingane har verkeleg fått til noko der kan det verke som, ettersom oppslutninga har vore så bra dei siste åra
  7. Qme

    Gandalf

    Nokon som har prøvd den nye La Sportiva Gandalf skoen? Ser det er både ein approach-sko samtidig som den er meint for klatring. http://sportiva.com/products/prod/855 Det må vel vere ein godt erstattar for fjellsko om ein likar litt raske fjellturar, samtidig som ein held oppe gripevna? Har søkt etter den, men er vel ikkje komen på sportsbutikkane i noreg enno??
  8. På G-sport i Ørsta fører vi sjokksalg, salg som varer etter det som er annonsert i lokalavisa(Ofte mandag-laurdag, eller berre den dagen annonsa er i avisa. Annonsa om Realturmat til 19,- stk gjeld til laurdag... Veit vi har nokre kasser ståande, så mogleg vi sel akkurat denne typen(Storfegryte) fordi vi har så mange av dei. Obs! kun 2 stk. per kunde hjå oss. Bestill 2 stk per haud i familia då vel??
  9. Vi førte tilbodet på G-sportbutikken der eg jobbar. 19,- for Realturmat-STORFEGRYTE, maks 2 stk. per person
  10. Stilig tur dette! Spora i nordsida høyrer nok til desse karane her: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=2424 ???
  11. Hei! Det har skjedd mange gangar, at det blir meldt fint veir dei komande dagane på vervarsla anten på nett, radio eller TV, utan at det blir sagt noko om skodde(tåke). Veit at det kan vere svært lokale skilnadar når det gjeld dette "fenomenet" men her ein dag var store delar av Sunnmøre dekt av skodde heile dagen, utan at det var nemnt så mykje som "morgentåke" nokon stad. Eg hadde sjølvsagt sett meg ut denne dagen(fordi det var meldt bra tre dagar på rad) men utgjort at den eine dagen eg skulle på tur, var det kvitt ned til fjæresteinane, og på toppen av fjellet eg var på såg ein knapt ein radius på 5 meter. Då blir mitt spørsmål: Kan ein forutsjå skodde ved hjelp av enkle tommelfingerreglar? Nokon som har tips? Veit at sola varmar opp bakken, og skodda forsvinn difor utover dagen, men dette er ikkje alltid det gjeld, for eksempel når det ligg store snøfelt som held temperaturen nede? Takk for kommentarar
  12. Ja, heilt klart viktige punkt du kjem med der Marcus. Punkta "Ensomheit" og "Villmarksfølelse" er nok ikkje det ein tenkjer fyrst på når det gjeld Sunnmøre og Lyngsalpane og det blir akkurat her det ein må vege opp kva som tel mest for å finne forskjel på desse landområda, fjordstrøka eller innlandet. Og klart, nokre trivast best i slikt terreng og har nok sin favoritt topp frå eit av desse områda, medan ein som likar frilufts-følelsen, med telt og nokre dagars mars vekk frå liv og røre vel nok eit av dei meir langstrakte og rolege områda inne i landet.
  13. Ja, den perfekte tind... Her er det nok fleire ting som spelar inn, men etter mi meining finn ein nok ikkje den gjevaste toppen i innlandet. Dette mest på grunn av mangel på ein djup og smal fjord som set landskapet i perspektiv. Nå er det sjølvsagt to forskjellege type landformer det er snakk om( Sunnmøre-Lyngsalpane vs. Hurrungane-Jotunheimen) men med høgd over 1500 meter rett opp frå fjorden, med kvasse eggjer, bratte renner, og eventyrlege sider så må denne 10/10-toppen finnast ved eit slikt område som har dei kriteria som er eg nemnte no. Det finst maaange rå, ville og uforgløymelege turar og fjell i andre fjellområder også, men når startbasis ligg på omlag 1000 moh, og det det elles er snakk om grått fjell og kvite vidder så langt ein kan sjå så får nok auget mitt eit meir harmonisk syn på dei ville tindane avbrotne av djupe fjordar på Vestlandet og i Lofoten/Lyngsalpane. Er det andre meiningar om dette? Vil ikkje drage i gang ein kamp om kva som er flottast av Jotunheimen og Sunnmøre, det blir det berre bråk av og kan tadet individuelt seg i mellom ein annan gong, kom gjerne med konkrete eksempel på ein topp de meinar er flott og skil seg ut ifrå mengda
  14. Likte framstillinga! Dette burde fleire byrje med, samanlikne fleire toppar frå forskjellege stader. Erling12 her har allereie funne ein mal, og sjølv om samanlikninga kan fort bli noko personleg(alle har forskjellege meiningar om ting(i dette tilfelle fjell)) så kjenner eg meg igjen på fleire av kriteria som blir nemnt, og som eventuellt manglar for å få 10 poeng. Sum var 60 poeng, reknar med det var av totalt 100 poeng? Dvs. at begge desse gigantane hamnar berre på 6/10 i gjennomsnitt??? Det må vel vere topp-kandidatar i det norske land på hvertfall 8-9?? Isåfall kva for ein topp får 10/10 lurer eg på!!?
  15. Ja, Hjørundfjordportalen har byrja å ta form... Dei fleste turrapportane er som du seier ozzi, frå den mest "kjende" delen av Sunnmøre, der mest alt er "oppdaga"(fleire aktørar, ikkje alle som skriv). Denne sesongen og delar av forge har fleire av "oss" trekt over på andre sida av fjorden, og har byrja å "oppdage" "nye" toppar og turar, som ein kanskje ikkje har sett bileter eller turartiklar med folk på vinterstid på før. Turar som Råna, Urkedalstind, Store Brekketind, Nordre Smøskredtind er for mange kanskje kjende, men også på vinterstid? Boka "Skiturar på Sunnmøre" har nok gjort folk oppmerksame på at her er mange flotte skituarar, men få har komt i hug den andre sida som dei ikkje tok med i denne boka. Eg er ganske så sikker på at om få dagar får vi sjå endå nokre rapportar frå dette området, ettersom det har vore(og er meldt) bra veir dei siste og neste dagane... Er litt usikker på rennene frå Langhornet. Sida er sørvest-vendt, og etter det eg såg så hadde ryggane mellom dei smelta fram og bidreg nok til at rennene krympar endå raskare. Sida ned mot Kvistaddalen( Feks. Klovtinden-Kvistaddalen) er fin no og held seg betre enn den mot feks. Skårasalen . Klovetinden er forøvrig ein enkel og flott tur, om du ikkje rotar deg bort på Søre
  16. Kva er det med folk som ikkje vil streve litt for å komme til snøen då? Som det har vorte sagt her er Kvistaddalen(Skårasalen), Standaleidet(Kolåstinden, Nordre Sætretind) gode moglegheiter for kort eller ingen skibering. Trandalsdalen(Blåbretind++) og har også lang og open setreveg. Indre strøk av Hjørundfjorden(Viddal-Risenosa og Skjerdingstindane) har gode forhold. Kan tenke meg eit godt utgangspunkt frå patchellhytta også gjer susen.
  17. Erling12: Eg spurde seinast i går om forhold på Sognefjellet/Hurrungane. Svaret var avsmelta ryggar, tau over breane p.g.a lite snø osv. Våren kom fort i år, ikkje berre på Sunnmøre. Naboen klipte plen 16.april, ikkje kvart år ein gjer det. I fjor var eg på skitur 5 juli...
  18. Glømde å leggje ved ein link: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=hovudside&fane=1 Dagleg oppdatert side, mange turrapportar, opptil fleire kvar veke. Der finn du siste nytt innanfor skiturar på sunnmøre, føre, bilete o.l. Sjekk også fane til venstre: "Toppturar i vinterfjell"
  19. Var på Skårasalen i påska, men var i Kvistaddalen(Langhornet) seinast onsdag 22/4. Sætrevegen er heilt snøfri no. Gode snøforhold enno, og ein får setje på seg skina med ein gong på sætra der. Nedkøyringa til Skår er flott, men i påska høyrde eg rykte om ein times bering av ski ned til ferjekaia og fjorden. Kolåstinden? Rett som essem skriv, men sidan snøsmeltinga har fått stor fart, er nok ikkje nedkøyringa ned brefallet aktuellt lenger, då er det kun skråkøyring mest heile ruta...
  20. Tenkte å reklamere litt for Sunnmøre og Hjørundfjordportalen. Den øvste linken er til den siste turen eg var på. Skrivestilen er kanskje litt intern, mein for brukarane av Hjørundfjordportalen, men turen og bileta vil eg dele med alle. Link to er også frå same sida og heiter Toppturar i vinterfjell, ei side som stadig blir større og større og inneheld mange turar og opplevelsar i desse traktene. Hjørundfjordportalen innheld mykje god informasjon om området, lokale nyhende og alt frå båtruter og overnattingsstader. Tur til Langhornet 22/4:http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=2375 Toppturar i Sunnmørsfjell: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=143 Kos deg!
  21. Hei! Kika i skiboka til FriFlyt og fekk auge opp for nokre flotte turar på Sognefjellet/Hurrungane. Ettersom mykje tida går med til Sunnmørsalpane heile vinteren tenkte eg at ein tur sørover kunne gjere godt når snøgrensa har trekt seg så høgt opp her oppe langt uti mai. Har fri frå 21.mai til 24. mai tenkte å muligens prøve meg på Dyrhaugsryggen, Store Ringstind og noko på Smørstabbreen kanskje Store Bjørn eller Store Smørstabbtind. Er det nokon som kan skrive kort om kva eg "går til" på kvar av dei nemnte toppane? Lengd, start, evnt. hindringar/faremoment, nedkjøring? Veit står litt om det i den nemnte boka, men ikkje så altfor mykje. Evnt. føre og veir på denne tida. Er det noko ein bør ta ekstra omsyn til? Er godt kjend på Sunnmøre og har nokre turar i beina, så kan vel dryge det til å kalle meg ein erfaren skigåar. Tindeprofilen til Store Austanbotntind er svært freistande, men her er det lett klatring som må til?? Kva utstyr? Start og ankomst? Kom gjerne med tips til andre toppar som ligg i området rundt Sognefjellet. Hadde tenkt å overnatte anten på Turtagrø eller Bøvertun Har ikkje sjekka evnt. andre innlegg om dei nemnte toppane, uansett ingen er like
  22. Vel, ein kan no vitje naboen til Kolåstinden då, Nordre Sætretind 1365 moh. Kan vere krevande ved vanskelege forhold opp Insterenna, men har også tilkomst opp Fladalen. Alle av forslaga eg kjem med er tenkt skred-trygge dagar. Turen kan fort bli vanskelegare ved andre forhol enn då eg sjølv var der. Mine favorittar, då med tanke på nettopp utsikt, variasjon, anmarsj og særleg nedkøyring: -Urkedalstinden 1534 moh, Urke -Sandegga 1389 moh, Skjåstad -Randers Topp 1419 moh, Årsneset -Tårnet 1338 moh, Trandal -Dalegubben 1344 moh, Sæbø Vi har i tillegg Skårasalen 1542 moh, med vakker nedkøyring til Skår ved Hjørundfjorden. Stadig fleire tek denne turen så det er ikkje uvanleg å møte 50-60-70 stk. på toppen ein fin dag. Kjekt for dei som likar å gå på kjøpesenter å vandre i folkemengdene Det same gjeld Grøtdalstindane 1331 moh, Bondalen, som også har fått bra besøk siste åra. Ellers er Saudehornet 1303 moh, i Ørsta sentrum vorte ein klassikar for mange.
  23. Kolåstinden er grei den, men ikkje noko meir en det etter mitt syn Mulig eg har vorte imun mot nokre av dei Sunnmørske tindane?Det foresette i hvertfall at ein renn attende brefallet, eller så er jo mest heile ruta ein diagonal(skråkøyring) frå aust til vest. Har vorte nokre turar i påska rundt om kring på Sunnmøre, det er utruleg kor snøgrensa har trekt seg opp berre denne korte perioda. Likevel som 500fjell sa, så er det ein god del snø igjen i høgda, og per dags dato ganske stabile forhold. Veit dei som var på blant anna Vassdalstind(det sei litt) uten problem førre søndag. Så ta turen til Sunnmøre, her er enno snø igjen, men di lenger ein ventar di lenger må ein bere skina for i år kan det verke som vi ligg eit par veker før med snøsmelting
  24. Link til den tragiske hendinga: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.6523815
  25. Nokon som har testa forholda dei siste dagane på Sunnmøre? Det er lite snø i lavlandet, må vel opp til nesten 300 moh for å finne fast og gammal snø, men i tillegg har det snødd i høgda dei siste dagane. Nokon som veit kordan føret er og om det er stor skredfare? Såg dei gjekk ut med faregrad 3 på Strynefjellet. Er det forsvarleg nok til å prøve seg ut ein tur denne helga?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.