Vi kom til Gjendebu torsdag ettermiddag med båten, eg og to andre karar. Veret var sånn midt på treet, men etter ein bedre middag, litt vin, peiskos og gode historier, la vi oss i håpet om strålande sol neste dag.
Sola kom og vi kom oss av garde mellom 830 og 9. Tunge sekker med mange ting som er kjekt å ha. Etter lang tur i fjellbjørkeskogen over Storå og Veslå, vart vi forbigåtte oppover Svartdalsoksla(?) av spreke ungdomar frå Vik i Sogn, Sveits, etc.
Dei hadde kursen mot Svartdalspiggen, men var noko lettkledde, men svært lette på foten også.
Veret vart finare og finare.
Den store steinen ved det første vatnet var godt merka og lett å finna. Ruta oppover var betre merka med vardar en vi hadde venta utifrå fleire beskrivingar frå andre også her på forumet.
Vi valde snørenner for siste fjerdedelen oppover. Snøen var passe hard å trakka trinn i, så det gjekk fint. Sol og tretten grader på toppen. Lite vind.
Frå Gjendebu, bruka vi bortimot 6 timar på turen opp. Vi tok det med ro slik som karar midt i livet med heilt vanleg kondisjon må gjera for å ha det bra. Litt fotografering,feilnavigering og nyting av storslagen utsikt er med i tida.
På nedturen traff vi to - tre andre grupper som skulle til topps og nede i Svartdalen ein flokk på 60 - 70 reinsdyr (tammrein?). Borte på Oksla gjekk vi på ei rypemor med ein skokk med ungar som ho freista å redda på lure måtar.
Vi var noko seine til middagen, men rekna med at kokken på Gjendebu hadde kikkerten retta mot lia og noterte etternølarane.
Og jammen fekk vi rett. Ein halv time og 0,5 l etter annkomst, kom finnbiffen på bordet.
I fjor var det Surtningsui. For neste år veit vi ikkje heilt. Tar gjerne mot tips om 2300 metere som kan vera oppnåelege.
To fra Osterøy og ein fra Vestby