Gå til innhold
  • Bli medlem

friflex

Aktiv medlem
  • Innlegg

    69
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av friflex

  1. Ja, har veldig lyst på en selv, men må bestilles over nett, ikke noen importør i Norge enda. Skrev mail til firmaet bak Jetboil og de foreslo og bestille fra REI.com. Har ikke bestilt enda. Den fikk veldig god omtale i Backpacker sine utstyrrsomtaler som en av de mest spennende nyvinningene på markedet
  2. Arne Randers Heen gjorde dette ein gong på 50-talet, før han så ringte Statens kartverk, eller hvem det nå var som målte høyder på den tiden, og fortalte at han at han hadde vært på Pyttegga og kontrollmålt og var helt sikker på at den var høyere. Tipset ble fulgt opp, og forbannelsen så stor da de så den støpte varden med en rød strek med innskriften "2000m" , at de rev ned hele varden. Så ble det meg fortalt av en fjellfører på Pyttbua en gang, men om det stemmer skal jeg ikke garantere!
  3. G-sport er ikkje forhandlerar av North Face feks, så prisane der er det den enkelte butikk som får med leverandør. G-sport har derimot bedre prisar hjå en del andre merker, noko som gjer at dei kan selge billigare varer enn feks XXL av desse varene.
  4. K2 er den nest-mest dødelige 8000'meter med ein dødsprosent på 26,77% av dei 198 som har vore på toppen, medan denne prosenten har vore 19,7% sidan 1990-2004 Den farligaste 8000'metern er Annapurna, som har dødsprosent på 40,77% av dei som har vore på toppen, medan prosenten frå 1990-2004 har falle til 19,7% (verdt og merke seg at i eldre tid var denne prosenten heile 66%, på ei tid då den var 41% for K2 og 37% for Everest. Everest ligg no på 4,4% frå 1990-2004) Nanga Parbat var også eit særs farleg fjell som har bedra statistikken sin mest av alle 8000'meterane. Fram til 1990 var dødsprosenten her på 77%! Då medrekna igjen av dei som hadde vore på toppen. (31 menneske omkom her før første bestigninga i 1953) Men etter 1990 har her vore ei dramatisk endring, og "berre" 5,5% av dei 147klatrarane som har vore på toppen sidan 1990 har omkome (8 personer). Totalprosenten for Nanaga Parbat ligg då no på 28,24%, men synk framleis raskt.
  5. Skal ein først nemne andre kva service angår, må også Helsport takast med. På same nivå som Norrøna, dog ikkje dei mest innovative løysingane på teltfronten..
  6. Velkjent service frå Norrøna ja, derfor er det kjekt og selge det og fordi ein kan garantere kunden god service ved feil, manglar osv.. Men med prisane Norrøna opererer med i forhold til feks Bergans, skal ein ha nokre gratisreperasjonar før det løner seg. Men vil ein ha garantert kvalitet er Norrøna top notch!
  7. Har sjølv veldig slarkete anklar etter diverse rivne og strekte leddband, har funne eit par fjellsko som passar meg veldig bra! La Sportiva Trango S; dei veg berre 1260 gram, er forholdsvis stive (som eg føretrekk i ur, hardt underlag, eller for å seie d enkelt, turar der eg må borti uvegetert terreng), dei gir god støtte til ankelen som eg treng, og kantane på sålen er såpass stive at dei egnar seg godt også for vanskelig klyving. Vektforskjellen frå "Makalu" som eg brukte før merkast særs godt på ein heil dags tur, 500g mindre per fot blir nokre kilo i løpet av ein dag med gange!
  8. Hmm, spørs om hotmail har vore litt ustabilt, men har vertfall fått en del andre mailar siste døgnet, fint om du prøver på nytt!
  9. Er mange gode såler å få på markedet i dag, nokre kanskje eit hakk betre enn Sorbothane og. Dersom du går til ei sportsforretning som har litt kompetanse på området vil dei kunne støype sålar til deg, noko som er heilt fantastisk på føttene, har dette både i alpin/telemarksko, og i fjellskoa mine. Comformable er ein såle som har gjort underverk på mine føtter, men også Sorbothane er gode, brukte desse mykje i samband med fotball, då eg var plaga med senebetennelsar i akilles. Kikk rundt! Å få støypt sålar kostar sjølvsagt litt meir enn Sorbothane, då butikken må bruke av arbeidstimar for å støype/varme (tek litt for arbeidet), men så blir sålane også tilpassa din fot. Sorbothane har dempande egenskapar, der sålane gir meir etter der d er mest trykk, men sålen er ikkje tilpassa din fot (fortsatt god hjelp framfor sålar som følger med skoa dog!)
  10. Fritidssport i Bergen har kompetansen du er ute etter uten at dei prøver og loppe deg for pengar, ellers ville eg nok godt for ei rett øks, og ikkje ei klatreøks til å ha på brekurs, treng meir ei øks med litt lengde på skaftet både for å sjekke dybde på snøbruer, og som støtte ved diverse teknikkar.
  11. Skulle på tur i dag tidlig, og sjekka været både klokka 7, 8, 9 og 10, men aldri faen som tåka letta frå 800m og opp, nå seinere når eg har tatt på meg nokren timers ekstra jobbing kom sola. Ille!
  12. Om været held seg nokonlunde bra i morgon drar eg inn i Romedalen, startar på Høgehornet og ser kor langt eg kjem... Reknar med det kan bli problem opp til Mannen vertfall, men ellers er det nokre andre usikre punkt på vegen dit og. Kjem med ein kort turrapport om d skulle bli, kjem ikkje til å ta med tau og sikringsmiddel, då prolapsen i ryggen føretrekk lett sekk. Så får eg heller svelgje skamma og snu dersom forholda skulle tilsei d
  13. En kompis av meg gjekk frå Raudfonntindane og opp på Mannen uten tau, men sa det var hårete... Egga mellom Mannen og Kjerringa er heller ikkje allverda uten tau, ein del sleipe sva, men her er det jo ikkje noke problem og gå ned av egga og heller sleppe det hersens tauet. Mulig eg tek turen denne veka, men då må det bli meir sikt enn kva det er for augneblinken. Når vi først er inne på Sunnmørsfjell; du har ikkje tilfeldigvis gått på Skjerdingstindane frå Viddalsetra? Tenkte på å få tatt begge desse og Staven i næraste framtid, kanskje også ta med Keipen,Risenosa og Salefjellet i same slenge om været var fint og beina ville vere med
  14. friflex

    Rondetoppene

    Eirik Tryti tok jo alle toppane på eit døgn (23t+) var vel noke sann som 50km han hadde gått totalt
  15. Alle seriøse produsentar av ryggsekkar lagar sekkar som er spesialtilpassa for kvinnelig anatomi. Kva størrelse dei startar med eigne sekkar for kvinner varierar dog litt, men dei fleste under 60l kjem som "unisex" då det her ikkje er dei heilt avanserte bæresystema likevel. Angåande det med ein sekk som passar både til 30l og 100l forstår eg kva Lyngve meinar, men ville aldri nytta ein sekk som rommar 100l på ein tur der du berre har med nok pikkpakk til å fylle 30l. Då ber ein rundt på minst 1kg ekstra sekk, mens ein kunna spart mykje vekt på å gå med ein liten dagstursekk på mellom 30-50l. Dessutan er sekkane som tek 100l og har skikkelige bæresystem svært dyre, så det er billigare i lengda og slite på ein mindre sekk i tillegg til den store, enn å slite ut ein sekk til 2000+kr. For dei som vil ha ein god sekk til dags, og evt helgeturar med lita oppakning, vil eg anbefale og ta ein titt på DaKine sine sekkar. Dei osar kvalitet, har mange smarte løysingar og er svært prisgunstige i forhold til dei fleste andre merke av tilsvarande kvalitet og tekniske løysingar. Dei lagar særs gode klatre-, ski-, snowboard-, fjell- sekkar i alle i størrelsar frå 18l og oppover.
  16. Nokon av dykk som har gått traversen Høgehornet- Sveddalstinden- Nordre Raudfonntind- Midtre Raudfonntind- Søre Raudfonntind- Mannen- Kjerringa- Årsæterhornet? Hadde vore ein jævla fin eggtravers, som eg har fundert på ei stund. Veit det strengt tatt er klatring opp til Mannen, og ein kanskje må ned frå egga vidare til Kjerringa, men ellers skulle eg likt å få info på vegen frå Høgehornet t.o.m Søre Raudfonntind, går dette utan tau?
  17. en ting litt musikk eller radio i ørepluggene kan vere fint til, er når teltkameraten din snorkar så det overdøver både fuglesang, fossebrus &co
  18. friflex

    Turmat!!

    Bruker Real Turmat ein del sjølv, og er nøgd med fleire av rettane deira. På turar der eg skal vere i hard aktivitet og veit eg kjem til å trenge meir mat enn vanleg, brukar eg å sette til ein pose potetmos i pakken, og helle på ekstra vatn, dette held til at eg blir stappmett vertfall!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.