-
Innlegg
104 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av kjellinge
-
Kostnadane med kabel i jord og sjø vil vel ikkje gå nevneverdig ut over overskudda til kraftselskapa, då desse kostnadene vil verta tekne inn over nettleiga. Så me kan ikkje gleda oss over det heller. Forøvrig publiserer aksjonen mot kraftlinja i Hardanger følgande reknestyke for linja i Hardanger: Luftlinje : 450mill Jord og sjø : 2100-3200mill Så jordkabelen er jo "litt" dyrare då...
-
Ikkje det at DNT si prisliste ikkje kunne vore betre men ein del uheldige utslag vil den vel uansett ha... Er ungane under 13 og medlemmer ligg dei gratis (prisane du har her er for ungar under 13..) Medlemskap kostar 90,- Rett pris blir derfor 90x3+260*4 eller 1310 kr. Er jo litt betre enn 1820... Dersom ein tur til IKEA snackbaren framstår som eit alternativ - kanskje til og med betre alternativ enn ein dagstur - kva gjer du då på fjellforum ? Vil vel tru at det kjem litt anpå kva dei er van med, og korleis du sel alternativa...
-
Fyrst : No er det vel neppe naudsamt å merka til nokon topp, eller å merka nokon plass i det heile. Slik sett er vel det ikkje betre med den merka ruta mellom Voss og Torfinnsheim enn mellom Voss og Gråsidetoppen. Ein del merka ruter er kjekt, spesielt for nybyrjarar i fjellet - at nokon av desse rutene går til ein topp gjer vel ikkje meir eller mindre enn at dei går igjennom skogen. Men når det merkast kan det godt gjerast på ein estetisk god måte, og der må eg sei at Ottanosi stakk seg ut i negativ retning. Dei svære raude pilene såg ikkje ut. Rett og slett dårleg arbeid. Det som likevel var verst på Ottanosi var alu-stigen dei hadde plassert på eit litt "vanskeleg" punkt. (Har berre vore på Ottanosi på sommarføre av dei tre nemde)
-
-
Trur nok Mågelibanen ikkje er i vanleg drift. Eg brukte omlag tre timar til Trolltunga frå Skjeggedal/Botnen av Mågelibanen. Tur/retur på ca. fem og ein halv time med pausar. Sjå elles : http://www.visitodda.com/newsread/news.asp?WCE=dokument&D=15&N=5092&COMP_ID=2&L=1
-
Hei, Noen som har erfaringer/anbefalinger - god/dårlige - med sykkelhengere. Skal brukes til en liten kar og helst litt bagasje i tillegg... Kjell Inge
-
Har eit par av desse vindvottane. Gode vottar det, til sitt bruk, men foret i dei gjer at - det er vanskeleg å bruka andre hanskar enn dei som fylgjer med - det meste anna blir for tjukt - når ein svettar på hendene blir foret fort vått og det tørkar ikkje so fort.
-
-
No har ikkje eg sett noko stillingsannonse, men i årboka står det at det var 58 søkarar til generalsek. stillinga. Stillinga har vel då gjerne vore utlyst ??
-
Vesolod e rett!
-
Vel, Kanskje litt lettare no ? Ikkje det at eg tykte utsikten egentleg trengte å spritast opp, men tykte berre fyrste versjonen, som er ein samantrykt versjon av dette, vart utruleg tøft
-
Det er vestlandet, men med ein liten vri.
-
-
Humm....foreslår Oksen sett frå Sørfjorden ?
-
Har lurt litt på denne sekken sjølv. Er det ikkje mogleg å kjøpe sidelommer til den i tillegg?
-
Hei, Nokon som har erfaring med Bergans si Anatomic bukse ? KI
-
mitt er fra 11 september. Nysnøen låg i eit tynt lag på dei gamle snøfennen då. Var jækli med snø oppi der til langt ut i juli så tvilar ikkje på at det var skiføre. Nysnøen låg på toppane over 1100 meter her i dag. Jæææækli flott. Pokker så eg gledar meg til vinteren no!! Lurar og, for min del, på når melderskin og ulvenosi skal verta bestege.... Og om nokon skulle lura så er toppen til Jarle Fuglafjell - berre så det er sagt. Høgst i Kvam kommune.
-
Ute (www.ute.as har vel seks nummer i året. Innholdet er vel kanskje ein kryssning mellom Fjell og vidde og Fri flyt.
-
Vedlagt bilde ligner da litt på eit av dine Jarle ?? Fotasperr er flott både å sjå på(som her) og sjå frå
-
Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er
kjellinge svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Er en lignende sak i Etne for tida....nok en sak for vardevelterlauget! http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_hordaland/5091598.html http://www.haugesunds-avis.no/ -
Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er
kjellinge svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Hvorfor skal ferdsel tillates ?? Er ferdsel på "naturens premisser" mer verdig en nasjonalpark enn f.eks. fiske ? Hvordan vet du det morten ? Fantastisk konstruktivt å gjennta dette utsagnet.... ...men det er nok merka ruter i Jotunheimen. Samtidig så kom ikke her og fortell meg at det er noe problem å gå rundt i dagesvis uten å bli plaget av røde ter stort sett over alt. Andre steder så er det faktisk et poeng å få merka stier - spessielt i de mer og mer tilgrodde vestlandsfjordene. Her er nemlig en god del av det herlige kulturlandskapet fra hine hårde dager som mange her setter så høyt i ferd med å gå tapt. Det ekte Kulturlandskapet var jo noe som ble laget i gamle dager. -
Kvamskogen...er ein slik plass som er tapt. Det er egentlig knekkande likegyldig om dei byggjer hytter mot byrkjefjell/steinskvandalen eller ikkje. Heile området har politikarane i Kvam ødelagt for lenge sidan. Skandaløs behandling av eit område som kunne vore ei perle - og dispensasjonar frå planene som er lagt er så mange at dei strengt tatt ikkje hadde trengt planar. Kvamskogen er ein sjeldan stygg plass med hytter(som ingen kan beskulda for å ha blitt bygd terrengvennlege), hundrevis av "campingvogner" med fortelt som er større enn vogna og lecastein som hjul, vegar over alt, bommar, svære parkeringsgjørmer og rot og skrot over alt. Eg bur 10 min frå Kvamskogen, men er der "aldri". Kvifor barnefamiliar frå Bergen eller andre stader skal reisa dit for å oppleva natur skjønar ikkje eg. Eg er faktisk litt for at stader som kvamskogen godt kan ha auka hyttebygging fordi det allereie er så ødelagt - dersom dette føre til at ein unngår utbygging andre stader. (....men politikarane og grunneigarane i Kvam går med planar om større hytteområder fleire andre stader i kommunen og så teorien ryk vel allreie der...)
-
Det var oppsiktsvekkende stor forskjell på de to... Vang karen framstod egentlig som en som ikke har peiling på fjell i det heletatt. Tror han har blitt fortalt det der med indrefilet som han maste om gjentatte ganger- for jeg tror ikke han sjøl skjønner noe slikt...
-
Ja, DNT kunne godt reklamert mindre for besseggen. Men at de tjener så jækla mye på det tviler jeg litt på. De har vel bare den ene hytta der med et begrensa antall sengeplasser...
-
Gjekk tilsvarande tur 3.juli men Jordalsnuten måtte venta. Sparar nokre godbitar til seinare turar Gjekk rett opp på Vardanosi frå Jordalen. Me tok i tillegg turen innom Fetanipa og Bakkanosi. Fantastisk utsikt frå dei toppane. Som også gjer seg på snø. På Bakkanosi var me heldige nok til at skavelen var smelta akkurat den meteren me trengde for å komma ut på kanten....Returnerte ned Lyngskaret og Slettedalen. Brukte omlag 6 timar på den turen. Kanskje ioverkant med snø Styvidalseggi er ein annan godbit eg har sett att, men eg veit ikkje om ein treng rapell nokon plass der. Ser greit ut frå avstand. Men det er mogleg det er litt problematisk nokre hundre meter etter 1445 punktet. Har også fundert på om det ikkje er mogleg å gå ned/opp frå Vassete-Hjølmo området, tykkjer det ser slik ut nede i frå dalen men veit det ikkje. Tverrbotnnut er grei å gå både via Jashaugen og Smørbotn. Eller Kolsetebotn for den del, spessielt om ein vil ha med seg Smørbotnnut også. Kan skriva under på at fangsanlegga på Handadalseggi er imponerande. Men det er kanskje ikkje den mest spennande steinrøysa eg har gått i...men for all del totalt verdt turen. Forøvrig traff eg der mitt bevis på at sauer er dumme, då eg traff på ein skalle som måtte ha minst ein km uansett retning til næraste grastust. Men kem pokker veit, ho skulle vel gjedna sjå på fangstanlegget. Sjekka gps-loggen frå Gjiljabotnnipa og den viser 1506 på toppen så eg ser ikkje vekk frå at du har rett (men eg venta ikkje på noko stabile målingar sidan slikt opptar meg lite, og sidan det var ein utriveleg plass å vera i ganske stiv kuling) Turar i Fresvikjordalen området skuffar aldri....