-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Då blir det Pinsetur til Nordre- og Midtre Folgefonna! Planen er å gå opp på Nordre Folgefonna og så vidare som A8G16 har foreslått. Retur ned frå Holmaskjær. Det blir nok ingen "på langs" tur denne gongen, sidan værmeldinga for fredag og lørdag ikkje er så veldig gode. Men søndag og mandag ser lovande ut. Vi pakker iallefall med høg solfaktor denne gongen... Er nokon har vore på breen i det siste? (snø- og føreforhold) Andre tips?
-
Håper nokon andre kan svara deg bedre enn meg, fordi eg ikkje er så kjent i dette området! Gjekk omtrent den ruta du skisserte motsatt veg i vinter, så eg kan ikkje fortelja deg noko om korleis det er sommarstid. Likevel synes eg dagsetappane virker fornuftige. Kan tipsa om at det er ei ny turisthytte ved Altevatn. Den ligg i øvre del av hyttefeltet like ved demningen. Kanskje greit å ta med seg kartreferansen viss du skal innom her (sjå turistforeningen.no), då det er mange hytter i området. Det blir vel littegrann kortare viss du ikkje går nedom Innset på veg over til Lappjordhytta (men du skal kanskje innom Husky-farmen på Innset?) Nede ved Tornetrask (den store innsjøen), så har Svenska turistforeningen ei open hytte: Pålnosstugan. Enkelt utstyrt, men den blir gradvis pussa opp. Ang transport Det er 2-3 togavganger på Ofotbanen mot Narvik kvar dag. Sjekk ut rutetidene her: http://www.ofotbanen.no/billettbestilling.asp?menu=billett Veit ikkje kva for stasjon som blir nærast. Det går flybuss ut til Evenes. Frå Tromsø til Kilpisjavri går det buss ein gong til dagen, men eg har ikkje rutetidene. Håper dette hjelp litt!
-
I farten husker eg bare 3 statskoghytter eg kom forbi. Den i Børgefjell var låst (Vestre tipplingen). Hytta ved Rasajavri på finnmarksvidda var veldig godt låst igjen, med store lemmer foran vindua og ei jernstang over døra. Hytta på Holderen fjellgård i Nord-Trøndelag var låst, men nøkkel var tilgjengeleg (men det trur eg ikkje er normalt). Her var det forøvrig ei turitshytte like ved (Bekkestuga, dnt-lås) Det kan godt hende nokon statskoghytter er opne. Ei hytte like ved Finskegrensa skulle vera open, men der var eg ikkje innom
-
Bergens tidene skriv idag: "Fotturister lopper hytter Den særnorske selvbetjeningsordningen på norske turisthytter kan være i fare. Årsaken er at gjester gir blaffen i å betale for mat eller overnatting. " http://www.bt.no/lokalt/hordaland/article271415.ece Synd at det er slike problem mange stadar. Forstår ikkje dei som ikkje gjer opp for seg på hyttene? No er det nok eit lite mindretal som ikkje gjer opp for seg, men det øydelegg tydelegvis for alle andre. I vinter var eg innom ganske mange sjølvbetjeningshytter og det er ei skikkeleg god ordning. Det såg nå ut til å fungere brukbart overalt i Norge, med eit unntak: Finnmarksvidda. Der er opne hytter ein saga blått - alle hyttene er svært godt lukka og låst. Kom imiddlertid over eit tilfelle som eg las om i hytteboka på Hellevassbu; Der hadde det vore nokon på ein "gratistur" tidleg i vinter, noko som førte til at neste besøkande måtte rydde opp. Ellers hadde det vore flott om dei aller fleste betjente hyttene kunne få eit lite òpe anneks utanom sessongen. Nokon turisthytter har det idag, mens andre har det ikkje. Det kan gjerne vera ubetjent - utan proviant - etter mi meining. Trondhjem turistforening hadde dette på sine hytter - kjempebra! Alternativ eit lite "nødrom" slik ein har i Sverige. Forøvrig i Norden: I sverige er dei fleste turisthyttene kun opne når dei har hyttevakt. Dette er normalt frå midten av februar til 1.mai, samt om sommaren. Utanom desse tidene er det kun eit lite rom med 2-3 senger og nødproviant som er òpe. Det er nokon mindre hytter som blir drifta som i Norge. I Finland er turisthyttene eigd av "Finske Statskog". Det er ei ordning slik at nokon hytter er opne, mens andre krev nøkkel. Det ligg alltid ei open hytte nær ei låst hytte. Alternativt så er hytta delt i to, ein låst del og ein open del. Forskjellen på hyttene er at dei låste har madrassar, det har ikkje dei opne. Ellers er dei utstyrt som ei norsk ubetjent hytte, med ganske enkel standard. Frivillig betaling på dei opne hyttene. Nøkkelen til dei låste hyttene er vistnok vanskeleg å få tak i og dobbelbookinger er etter det eg har høyrt, ikkje uvanleg. På Island var det stort sett hyttevakter på turisthyttene etter det eg fekk med meg (men kanskje det ikkje er slik overalt?). Det var også mogleg - og nokon gonger heilt nødvendig - å reservere plass. Standarden var som ubetjente hytter i Norge, med unntak av dårleg utval av gryter, tallerker,kjøkkenredskap etc.
-
Eg har brukt denne sekken i ca 5 år (kjøpte den i 2000), men no er den bare i bruk som ekstrasekk. Synes det er ein god og grei sekk for bører opp til 20-25kg. Over det blir sekken veldig ubehageleg. Sidelommane på sekken er flytta bakpå og det synes eg fungerer greit. Det er også lett å kome til innhaldet i sekken på grunn av den doble glidelåsen som går eit stykke ned. På tur syntes eg imiddlertid ikkje dette var særleg nyttig sidan eg ofte gjekk med innhaldet oppi ein stor pakkpose. Vintersoveposen går nedi botn av sekken, men det er bare såvidt. Det er vanskeleg å få denne ut utan å fjerne resten av innhaldet i sekken, det er upraktisk vinterstid. Eg enda ofte opp med å ha teltet på toppen av sekken fordi dette skulle ut først av sekken ved leirslaging og det var upraktisk å kome til det når det låg lenger nede. Dette førte til at sekken vart ustabil på grunn av høgt tyngdepunkt. For lengre turar virker sekken litt liten i volum. Den beste detaljen er nettinglommene på sida. Her er det plass til f.eks. ei 1 liters drikkeflaske, skismørning, etc og den fungerer meget godt (kjenner ikkje til andre sekker som har akuratt denne typen lomme, heller ikkje andre bergansmodeller) Synes altså at det er ein god sekk, men ikkje for langtur. Har forøvrig gått over til Bergans Viking 1 og er fornøgd med denne.
-
Frå Blåsjø til Snønuten (1606 moh) i Ryfylke (15-16.10 2005)
Ragnar publiserte et emne i Turrapporter
Det var utsedvanleg fine vèrmeldingar for denne helga, så eg måtte nesten ta ein tur til fjells. Snønuten i Suldal var målet og eg hadde tenkt å gå inn den vanlege ruta frå Mostøl. Fredagskvelden fekk ein onkel av meg nyss om turen og ville gjerne bli med. Han var ganske kjent i området og foreslo å kjøre til endes på anleggsvegen inn til Skreivassdammane, ved Blåsjø, og ta ein rundtur derfrå. Lørdags morgon bar det innover Ryfylke. Etter to ferjer, ein stengd veg, ein heller dårleg grusveg og nærmare fem timar, så var vi klar for tur. Steinkilehytta Frå Skreivassdammane gjekk vi nedover til til hyttene ved Breidavadd, før det bar nordover om Skorpevaddet til Grjotdalen. Herfrå kryssa vi over elva, kom på nordsida av Litlafjellet og gjekk langs Leirdalsvatna inn til Steinkilehytta (Suldal fjellstyre). Det var bare delvis sti og ein del var merka med små vardar (Nødlingar). Vi fann greit fram og nådde hytta litt før sju, i det det mørkna. På hytta var det fire under rypejegarar, samt to grunneigarar som var ute for å sjå til villreinen. Då det var litt for varmt inne på hytta for soveposen min og det faktum at det var utruleg fint måneskinn ute, gjorde at eg tilbrakte natta under òpen himmel. Snønuten Litt over halv ni satte vi kursen for Snønuten. Først opp Steinkileskaret og ned til Midtvatnet. Der tok vi sørsida langs vatet og prøvde å sjå oss ut ei rute til toppen. Det vart til at vi gjekk på skrå oppover til vatn 1269, holdt rett på nordsida av høgde 1348 og gjekk inn i dalen ved vatn 1313. Området var ganske kuppert, men opp dit var det greit å gå. Frå vatnet gjekk vi bratt opp ei noko laus fjellside, før det flata ut før det siste toppartiet. Her rota vi oss oppi eit meget glatt snøfelt. Så var det ikkje mange metrane før vi var oppe ved toppvarden og kunn nyta den flotte utsikten. (Det kan henda at det er enklare å gå litt nord frå vatn 1313 og følge ein slakare rygg oppover) Etter ein time på toppen kom det opp nokre folk frå Mostøl. Vi tok avgarde nedover mot Øvre Reindalen og kom oss brukbart ned i eit lite dalføre. Sidan vi såg ein varde i skaret sør for punkt 1408, tok vi opp her og ned til eit lite vatn. Det var imiddlertid unødvendig, då det hadde vore lettare å gå dalføret nedover til vantet. Herfrå tok vi peiling på sørenden av Svartavatnet og der var det greit å ta seg ned. Vidare rett sør og inn på ein sti som tok oss ned til Kringleåna. I Nordaustenden av Gravetjørna kom vi over ein sau og to lam, som vi seinare ga beskjed om til rette vedkommende. Vi kryssa så over brua sør til Nøvlenuten, men her var det ikkje antydning til sti og vi rota litt for å koma oss ned til brua. Ved Nøveltjørna kom vi såvidt innpå ein merka T-sti, før vi kryssa over bekken i sørendan av tjørna. Vidare følgde vi nødlingar (små varder), men det var ikkje like lett. Vi gjekk ned eit søkk og runda sansynlegvis rundt pkt 1102, gjekk så mellom nokre små vatn og kom ned i Breiavadet. Så varte det ikkje lenge før vi var oppe ved Skreivasskleivane og då var klokka blitt sju på kvelden. Legg merke til at vegen frå Oddatjørndammen (frå nedsida av dammen) og inn til Skreivass er i dårleg forfattning, men den var kjørbar. Den opnar når all snøen har smelta vekk sjølv (august??). Sjekk med Statkraft viss du har tenkt deg inn dit. Vegen inn frå Gullingen til Oddatjørndammen er asfaltert og har grei standard. Legg ved nokre bilde -
Nordveggen på Glittertind er omtalt i bladet "Klatring", #57, november 2003. I motsetning til i føraren, så blir det omtalt ein frisk 5-er taulengde ganske i starten på ruta. Vidare "Stort sett 3+ med veifinning og rutevalg som det største utfordringene". Trur ikkje den ruta er noko å trakte etter og det er nok svært få som prøver seg.
-
Det må vera Breifonn/Breidfonn, som ligg på grensa mellom Rogaland og Hordaland, søraust for Røldalsvatnet. Søk f.eks. i norgesglasset for å finne den på kartet Meiner å huske at Stavanger Aftenblad skreiv noko om at breen har smelta kraftig dei siste åra, men det ser ikkje ut til at artikkelen ligg på nettet. Kanskje nokon som har vore der og som har meir info?
-
Var ein kjapp tur i Jotunheimen i helga. Fredags ettermiddag satte eg meg på flyet frå Stavanger. Etter ein times venting i Bergen, bar det vidare med Widerøe til Sogndal. Thomas, Ingunn og Kamilla kom kjørande frå Bergen og plukka meg opp på lufthamna. Telta vart satt opp eit lite stykke frå Turtagrø under ein haustklar stjernehimmel. Laurdag vakna vi til ein flott morgon, med sol, skyfritt og vindstille. Planen å prøve seg på Store Austabotntind og litt over 10 gjekk vi oppover frå Berdalsbandet. Det var svært glatt oppover på grunn av ei tynn ishinne på steinane (dette smelta utpå dagen). Det var kome eit snølag på ca 2100moh og høgare. Vi hadde isøkser, men ikkje stegjern. Frå skaret sikra vi ein taulengde oppover ryggen grunna snøen. Eg tok meg så vidare over til snøfonna, men her var det særdeles glatt (her er det også ganske luftig). Vidare oppover kunne det nok ha gått ann å karra seg opp også utan stegjern, men i og med at ikkje alle var like klatrevandte og på grunn av tidsaspektet, så var det enkelt å bestemme seg for å snu. Eg la igjen ei slynge og klatra ned igjen. Vi returnerte litt ned i sida og sikra her også. Virka nesten som om det var enklare å halde seg oppå ryggen i staden for nedi sida. Norgesguidane hadde to taulag som vi traff då dei var på veg ned. Dei sikra heile vegen frå skaret til toppen og ned igjen (4 taulengder?). Og dei hadde sjølvsagt stegjern - noko vi absolutt burde ha pakka med oss. Legg ved nokre bilde. Samanlikn med bilda som Vestmar la ut forrige helg: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=3623 F.eks. dette: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1188 EDIT: Fleire bilde og lengre turartikkel på breogfjellsport.no
-
Flott helgetur frå Flørli i Lysefjorden til Børsteinen (02-04.09 2005)
Ragnar svarte på Ragnar sitt emne i Turrapporter
Beskrivelsen min var kanskje litt uklår; gjekk den merka stien til stidelet mot Børsteinen/Sandvatn. Ut frå kartet trur eg ikkje det evt. er raskare å gå meir direkte mot Børsteinen, men det hadde vore litt artig å prøve ein gong. Ruta må isåfall gå opp rett nord for Strålaus (1142), vidare austover og ned på sørsida av Stora Tjodanvatnet. Men det kan jo hende det er vanskeleg å ta seg fram den ruta, terrenget i området kan jo vera litt kinkig. Skulle tru at mange vil bruke meir enn 5,5 timar på denne ruta, spesielt sidan det er ganske langt i distanse. Frå Langavatn til stidele brukte eg 1,5 time utan å gå veldig fort (oppgitt til 2 timar) og 4 timar derfrå til Børsteinen. Hadde veldig lett oppakning. Normaltid er nok 7-8 timar pluss litt tid ved tung sekk og ved vått vèr, så opp mot 11 timar forundrer meg ikkje. I boka "Frafjordheiane Nasjonalpark", utgitt i 1987, var Langavatn-Børsteinen satt opp med 5 timar og Børsteinen-Sandvatn til 4 timar, men her var det også fleire andre meget opptimistiske tidsanslag, f.eks. Langavatn-Lysebotn: 3-4t! Definitivt ikkje normale tider. Forøvrig vil eg anslå den nye ruta Flørli-Langavatn til ca 7 timar etter dnt målestokken. Det er nok eit definisjonspørsmål på kva som telles som trinn. Det er jo mange "lister" i dei slake partia og er dette eigentleg trappetrinn? Imponerande med 23 minutt! Det går nok ein del raskare ved tørt føre og ved aktivt bruk av rekkverket. Eg talte ikkje trinna, bare refererte til det som stod i hytteboka. -
Flott helgetur frå Flørli i Lysefjorden til Børsteinen (02-04.09 2005)
Ragnar publiserte et emne i Turrapporter
Flørli i Lysefjorden Fredag ettermiddag tok eg hurtigbåten "Fjordlys" inn Lysefjorden til Flørli. Her i den fraflytta bygda har Stavanger turistforening overtatt eit hus som blir nytta som turisthytte. Huset har blitt grundig pussa opp og framstår no som ei flott ubetjent turisthytte med fin utsikt over Lysefjorden. Fredagskvelden vart nytta til ein liten tur opp til Flørlistølen, ca 400 moh. Flørlitrappene - Langavatn Vakna til ein utruleg flott dag, med solskinn, knall blå himmel og heilt vindstille. Etter ein roleg morgon på hytta, rusla eg nedover mot kaien på Flørli. Her startar ei 1600 meter lang tretrapp langs røyrgata til den gamle kraftverket (det nye ligg lagt inne i fjellet). Langs trappa er det også ein "trollbane" (vogn som går på skinner som blir trukken opp med ein wire). Trappa og banen vart nytta til bygging og vedlikehold av røyrgata. Det heitar seg at det er 4444 trinn i trappa, men ifølge hytteboka på Fløyrli, har nokon kome fram til 4528 trappetrinn. Mange er det iallefall! Så det var bare å rusle i veg oppover. Trappa er ganske smal og var fuktig etter regnvèret dagen før. Langs sida var det stort sett ein wire eller rekkverk å støtte seg til. Særleg der trappa har ei helling på 51 grader var det fint å halda seg i noko, her var også trinna lite "djupe" (kun ei fjøl). Men syntes ikkje det var spesielt utsatt eller vanskeleg å gå opp, sikkert litt meir "luftig" å gå nedover. For kvar 500 trinn var det eit lite skilt som fortalte kor mange trappetrinn som var unnagjort. Det brattaste partiet var ca mellom trappetrinn 2200 og 3500, men her var det også lange veldig slake parti. Det er fleire moglegheiter for pausar undervegs på små plattingar. Utsikten over Lysefjorden og ned til Flørli var formidabel og ga inspirasjon til å forstette oppover. ca 1 time og 10 minutt tok det til toppen inkludert små fotostopp. (Det er mogleg å gå ein sti opp frå turisthytta å vidare innover fjellet istaden for trappene. Trappene brukes på "Eige ansvar" og det er lite/inget vedlikehald). Etter har ha passert det regulerte vatnet Stora Flørlivatnet, så gjekk turen vidare opp på Kvernafjellet, heilt på kanten av stupet ned mot Lysefjorden. Her var det veldig fint å gå! Vidare i nokså rett linje langs små tjern og over myrer, før stien tok opp mot Låtervikvatnet. Stien er blitt merka i tilknyttning til prosjeket "Lysefjorden rundt", men dei malte T'ane slutta brått rett før Låtervikvatnet. Det var ikkje synleg sti vidare, men greit å ta seg opp ovanfor eit bratt svaparti til ca 1040-meterskota på kartet, vidare litt sør-austover og deretter ned i bekkedal fram til stien Kjerag-Langavatn. Så bar det litt opp og ned små kollar og senkningar, før det idylliske Langavatnet dukka opp. I ettermiddagsola frista det veldig med eit fjellbad og det var godt og forfriskande. På hytta var det allereie ein del folk, så hemsen måtte tas i bruk (det er få senger på Langavatn) Langavatn - Børsteinen - Lysevegen Søndagen skulle eg ta bussen ned frå fjellet ca 14.30, så eg loffa avgarde allereie klokka 08.00 frå Langavatn turisthytte (!). Var litt usikker på kor lang tid det ville ta fram til Børsteinen, så det gjaldt å ikkje somle alfor mykje. Stien mot Børsteinen var tydeleg ikkje mykje brukt, men fine varder (utan T'ar) viste vegen. Langs Halvfartjørn og gjennom Nordre Halfardalen strålte formiddagsola. Stien bukta seg litt oppe i dalsida og tok etter kvart slakt opp over Halvfarheii. På denne aude strekningen traff eg forøvrig ein annen vandrar som hadde kome opp frå Valevatn og overnatta i telt. Etter ca 5,5 time kom eg fram til Børsteinen turisthytte og venta der litt før eg rusla det siste kvarteret ut til vegen. Den siste avgangen med Sirdalsekspressen for sessongen kom så ca kl 14.45 og frakta meg ned frå fjellet. Dette fjellområdet sør-aust for Lysefjorden er utruleg flott. Det er imiddlertid ganske store spor etter vasskraftsutbyggingane, med både nedtappa vatn, bekkeinntak og høgspentlinjer. Men likevel er det eit fantastisk område som forholdvis få har oppdaga (Med unntak av Kjerag då...) Legg ved nokre bilde -
Direkte link: http://www.danskbjergklub.dk/debat/viewtopic.php?t=1956
-
Spørsmål om Skagastøls-/ Styggedalsryggen.
Ragnar svarte på Alek sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ang Slingsbybreen På denne sida det nokre bilde frå 2002 www.kaasin.no (Bilde 4-12) -
Austbottentindtraversen i ord og bilder (13.08 2005)
Ragnar svarte på Gunnar sitt emne i Turrapporter
Slo isaman dei fire delane til ein felles. For å få kontinuitet i det, så flytta eg arnt sin posting nedst (forandra klokkeslettet) Håper det er iorden Ragnar Moderator -
Garmin Ique er ein pda med innebygd gps. Har sett denne i bruk og gps/kartdelen virka veldig bra. PDAen kjører Windows mobile og har små versjonar av word, excel o.l. Reknar med at bluetooth kan nyttast for å koble seg opp via gsm/3g telefon til internett. Veit ikkje om det er mogleg å koble til ekstert tastatur, men reknar med det sidan den har usb-port. MEN den er aboslutt ikkje vasstett, toler sikkert ikkje så mykje og det er ikkje AA batterier. Alså ikkje den perfekte gps'en for turbruk og kanskje heller ikkje det du er på jakt etter... Les meir her: http://www.garmin.com/products/iQueM5/ Treng du bare å notere og sjekke epost, så klarer du deg lenge med ein forholdvis ny mobiltelefon. Fleire modellar blir levert med mykje programvare installert, inkludert tekstbehandling, nettlesar og epostklient. Ein rimeleg og bra slik mobiltelefon no om dagen er 3G telefonen Nokia 6630. Både surfing og epost fungerer upåklageleg. Har ikkje høyrt om modellar med gps på det norske markedet den siste tida (viss vi ser vekk frå "dekselet" til nokia 5140 samt den eldre Benefon Esc), men reknar med at det eksisterer eksterne gpsmodular med bluetooth som kan tilkoblast. Batteriet på mobiltelefonen fort blir tappa ved aktiv bruk, så det kan bli problematisk med tanke på å turbruk.
-
Sjekk ut temaet "Drikkevann i fjellet": https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=440 Desse temane kan også vera interessante: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1627 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1110
-
Sportsnett meinar kanskje at den femte sesongen er "høgde"? (altså at teltet egner seg for bruk i stor høgde)
-
Kartbutikk, norske,svenske og finske kart
Ragnar svarte på fjellulven sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Akkuratt som i Norge har Sverige ein 1:50.000 kartserie, men denne er ikkje heilt landsdekkande ("Terrängkarta "). Fjellområda har iallefall eigne kart i målestokk 1:100.000 ("Fjällkarta"). Meir informasjon hjå Lantmäteriet http://www.lantmateriet.com/templates/LMV_Page.aspx?id=913 På sida står det noko om at visse fjellområde skal få nye kart i målestokk 1:50.000. -
Kom til toppen ca 16.10 lørdag, men følget eg traff på hadde vel gått opp breen frå Koldedalen? Dei var 7 stykker, kanskje det var fleire som satt nede i skaret? Gjekk opp på Slingsbytinden ja og returnerte mot Urdadalen, men tok hylla tilbake til ryggen igjen. Såg spor i snøen etter folk som hadde gått opp med isøks. Forøvrig var det iallefall også ein annan som gjekk ryggen denne dagen, men han returnerte samme veg (trur han var på toppen rundt 14.30)
-
Trur ein Garmin 60CS kan oppfylla mykje av det du ser etter http://www.garmin.com/products/gpsmap60cs/ http://gpsinformation.us/gps60c/g60review.html Prisen ligg på rundt 4300-5000,- i Norge Sjå også desse trådane: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=2457&highlight=60cs https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=2188&highlight=60cs
-
Vakna opp til ein fin morgon, med sol og nesten skyfri himmel. Teltet var slått opp eit lite stykke frå Torfinnsbu ved Bygdin. Det vart ein varm frukost denne dagen og litt før 11 rusla eg bort til Torfinnsbu for å ta båten til Eidsbugarden. Båten var heilt full, men heldigvis skulle mange av for å gå tur frå Torfinnsbu, så eg kom meg no ombord. Litt over kl 13 kunne eg parkera bilen inne i Koldedalen for å så rusle oppover den merka stien Uradalsvatnet. Uranostind viste seg fram med sin skarpe egg, og det var opp dit eg hadde tenkt meg. Kryssa så over elva der stien tar av til Fondsbu/Eidsbugarden og la i veg oppover mot sørtoppen på Uranostind. Her var det først nokre snøfenner og deretter grasfylte hyller oppover steinrøysa. Det var veldig varmt å gå oppover i solsteiken og det gjekk unna ein del drikkevatn. Etter omlag to timars gange frå Koldedalen flata det litt ut, før siste stigninga opp til ein av sørtoppane. Her traff eg på to tinderanglera, der den eine av dei hadde gått opp på toppen og ned igjen på ein time. Eg tok meg nok betre tid tenkte eg og berekna ein time til toppen. Litt luftig og bratt klyving Til sørtoppen var det lett klyving og bortetter til den andre sørtoppen var det eit litt smalt og luftig punkt. Ved sørtoppen openbara sjølve hovudtoppen seg og eggen bortetter såg bratt ut. Hadde høyrt om at ryggen vart veldig smal eit stykke og det var forsåvidt tilfelle. Først var det eit stykke på 3-4 meter der eggen var veldig smal, men det var fottak på sida som vendte ut mot breen. Litt lenger oppe var det eit tilsvarande parti der eg måtte klyve på ein skarp egg 5-6 meter. Ikkje veldig vanskeleg, sidan det var gode fottak på sida ut mot breen og gode handtak på sjølve eggen. Litt luftig, men eigentleg ganske enkelt syntes eg. Like etter dette var det bratt klyving oppover. Gjekk nokre meter til venstre for å så klyve på skrå tilbake til eggen igjen, då det såg noko meir utatt ut å klyve direkte på eggen. Her var det bratt og noko laust, etter mi oppfattning det vanskelegaste punktet på eggen (Kanskje 2+, 2/3). Eg kløyv difor konsentrert og forsiktig oppover. Vidare mot toppen vart klyvinga mykje lettare, sjølv om det var noko bratt. Siste stykket mot toppen var veldig enkelt. Eg var glad for å stå på toppen etter den litt luftige klyvinga på eggen. Korleis det er å klyve ned her, er eg usikker på, det frista ikkje noko særleg Toppen På toppen vart eg møtt av ein kar som var noko overraska over at eg kom opp ryggen - og i tillegg aleine. Følget hans hadde vandra opp breen frå Koldedalen. Gjekk så vidare bort til toppvarden og kunne konstatera at eg var på toppen etter godt 3 timar. Ned til Skaret mellom toppen og Slingsbytinden var det ei slak steinrøys. Etter tre brødskiver og litt drikke, tok eg ein rask tur opp på Slingsbytinden. Ganske lett vandring opp og fin utsikt ved toppvarden. Herfrå såg eg ganske godt kor returen skulle gå, det såg ganske bratt ut! Retur Starta i skaret og gjekk omtrent ned i midten av dette, over eit lite snøfelt. Ned nokre meter gjennom ei lita steinur til eit nytt snøfelt, der eg stara å halde noko mot venstre, for å runde rundt ein liten kant. Vidare var eg av og til ganske usikker på kor langt oppe i sida eg skulle halde. Fortsatte bortover utan å gå særleg mykje ned slik at eg var eit stykke frå "grunnfjellet" på Uranostinden. Her gjekk ferden over 3-4 snøbakkar, som kunne ha vore ekle ved andre snøtilhøve (Isøks kan vera kjekt å ha viss det er noko hardare enn det var no). Såg etter kvart at svapartiet gjekk over i ein liten rygg, som også vises på kartet. Gjekk litt sikk-sakk nedover denne med den raude knausen som mål. Fann fort ut at det ikkje var mogleg å skrå bortover, då det var bratte sva så langt eg kunne sjå. Ned til knausen med raud stein, gjekk eg ned nokre grashyller med ein del laus masse. Ein liten varde på toppen viste at dette var ein farbar veg. Eg pusta letta ut då eg var komen ned. På den enormt breie hylleformasjonen var det bare å traske bortetter snøfelta, eller gå oppå dei raude steinknausane. Etter ein god kilometer haldt eg slakt oppover på oversida av ein raudfarga hammar. Vidare hadde eg tenkt å klyve litt oppover for å kome inn på ryggen, men det var unødvendig. Fulgte bare sida bortover. Hylla vart litt smalare og det vart litt meir steinrøys, men det var ingen problem å gå bort til ryggen rett på oversida av eit bratt område. Det hadde sikkert også vore greit å klyve opp på ryggen, men det hadde blitt lengre. Siste stykket holdt eg meg på små snøfelt og var ikkje lenge nede ved Uradalsvatnet. Herfrå speilte Uranostind seg trollsk i vatnet, eit flott skue. Etter omtrent 7,5 time var eg nede igjen i Koldedalen. Seinare på kvelden var det ein praktfull solnedgang over fjella - flott.
-
Det er nok lagt opp til at du skal kjøpe både frukost, matpakke og middag på dei betene turisthyttene. Dette står for ein stor del av inntekta for vertskapet, som vel ofte tener lite på sjølve overnattinga (Etter det eg har fått med meg, så går ca 10% overnattingsbeløpet til vertskapet, resten til den aktuelle turistforeningen. Dei private turisthyttene drives nok etter ein litt annan modell og kan også sette sine eigne prisar.) Det hadde nok vore vanskeleg for turisthyttene å få det til å gå økonomisk rundt viss bare eit mindretal nytta seg av mattilbodet. Somregel er jo også maten på hyttene meget god og forsvarer absolutt prisen. Likevel kan det fort bli dyrt for ein fjellvandrar om ein skal innta både frukost og trerettars middag. Alternativet er då å søke til sjølv-/ubetente hytter eller ta med telt. Sistnemnde er iallefall det rimelegaste, om ein då allereie har slikt utstyr. Trur det er få betente turisthytter som har eit "sjølvbeteningskvarter" når resten av hytta er òpen, men Haukeliseter har eit slikt tilbod. Der kan ein få rom/sovesal med tilgang til minikjøkken. Sjekk ut www.haukeliseter.no for meir info om det. Utanom sessongen er det heldigvis fleire av dei betente hyttene som har såkalla sjølvbeteningskvarter, evt nødbu (Ofte ei mindre hytte som blir satt i stand som sjølvbeteningshytte). Sjekk imiddlertid dette på førehand, då fleire kjente hytter ikkje har eit slikt tilbod. Størrelsen på hyttene og utvalet av proviant kan også vera høgst varierande. Sjølvbeteningskvarteret på Skogadalsbøen er utmerka, så f.eks. ein vårskitur inn dit kan bli veldig fin. For å gjera det litt rimerlegare ved overnatting på betente hytter, har eg ofte tatt med brødmat og tatt frukosten eit lite stykke frå hytta (f.eks. på veg mot dagens turmål). Har også hatt med primus og posemat for å laga middagen før ankomst hytta. Fungerer bra det også, men det blir ein del å ha med seg i sekken. Viss det er guffent vèr, så kan det bli lite fristande å lage til middagen utandørs.
-
Kom akkuratt tilbake frå ein tur i Ryfylkeheiane. Plukka med meg ein halv bærepose med aviser og røykpakker på ruta mellom Nilsebu og Kleggjadalen igår. Ellers tok eg med meg ein mutter og ein penn på ruta mellom Storesteinen og Eidavatn, men dette er nok heller mista med eit uhell. Generelt sett trur eg søppelproblemet er lite i Ryfylkeheiane, heldigvis. Dei som vandrar i fjellet bør ta seg bryet med å plukke litt søppel, det er nok den einaste måten å bli kvitt problemet
-
Litt info her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1172 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1642
-
Trollheimen: trekanten, hvilken vei ville du valgt?
Ragnar svarte på grethe sitt emne i Fjellvandring
Sjå dette temaet: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=750