Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. Værforholda på Hardangervidda i februar kan variera kraftig. Mitt råd må vera å forbereda seg både på låge temperaturar og sterk vind, samtidig som det er verdt å ta med i beregningen at det også kan bli mildt, noko som kan føre til ganske utfordrane forhold. Dei gongene eg har vore på vidda i den aktuelle perioden, har det vore alt frå strålande sol til skikkeleg uvær. YR.no skriv "Ver merksam på at vindstyrke og –retning er avhengige av svært lokale forhold. Modellane som ligg bak yr.no vil i nokre situasjonar varsle svakare vind og feil vindretning. (...)Vi vil rå deg til å lese meteorologens varsel i tillegg til å sjå på symbola. Meteorologen veit ofte når modellane varslar for svak vind, og tek høgde for dette i «Meteorologens varsel»." Når det gjelder dataprognoser av typen som presenteres på met.no/yr.no/storm.no, så er det ein tommelfingerregel å legge til minst ein vindstyrke, det er iallefall min erfaring. Meldes det t.d. Frisk Bris, så kan dettebli stiv/sterk kuling, så les tekstvarselet. Eit ekstremt godt eksempel for dette var påsken 2007, der datasimuleringen ofte ga låge vindstyrker i forhold til det som var reelt (og i høgste grad gjaldt dette Hardangervidda!). Mogleg at statitikken tar opp i seg noko meir relle værforhold, men vindmålerane/værstasjonane står vel ikkje så veldig høgt i terrenget (Finse, Dyranut, etc).
  2. Det skal fungere om du har eit vanleg abonnement hjå NetCom, med eit par unntak (Youngtalk, Mytalk og alle prepaid/kontant). Har kun fått testa dette med Telenor, men dette ifølge nettsidene til Netcom.Prøv telefonen på ein open plass, hald antennen rett opp og vent ei god stund. Om du ikkje får dekning i løpet av 10-20 min, så er det nok noko feil med operatøravtalen eller telefonen (prøv eit anna sim kort, fortrinnsvis eit "ekte" telenormobil abo). Kundeservice hjå Telenor og NetCom har ingen peiling på satelitt-systemer. Dei svarer rett og slett heilt blankt på dei spørsmåla eg har stilt... Når det gjelder dekningen for Iridium: Det er dekning *overalt* der kor det ikkje er frekvensrestriksjonar (kun 3-4 land). Dekningen er ikkje nødvendigvis så veldig overlappane, så perioden med dekning kan variera. Det er spesielt høge fjell eller anna som gjer at ein ikkje har full horisontsikt som gjer at det ikkje oppleves kontinuerlig dekning. Satelittane handover seg mellom perfekt etter mi erfaring, så lenge ein har sikt til "den neste". Har hatt samtalar på 10-20 minutt utan problem og har svært sjeldan blitt brutt. Tommelfingerregelen er at jo lenger nord, jo bedre overlapping og bedre dekning, dette mest pga satelittanes polarbaner. I Norge og Grønland t.d. så plar det å vera svært få perioder med "dødtid" av den grunn. Har ikkje opplevd at Iridium ikkje har fungert i løpet av få minutt, plar fungere i løpet av 30 sek. Vidare kan atmosfæriske forhold påverka også dette systemet, det kan i visse tilfelle føre til dødperiodar.
  3. Vi hadde med ein Globalstar-telefon for å teste om Globalstar fungerte på Grønland. Det gjorde den ikkje! Om det derimot har vore dekning der tidlegere er litt uklart (ref Globalstars tekniske problemer). Det var planlagt Globarstar-Gateway på Island, men det vart aldri noko av. Vi hadde også med Iridium, den fungerte utan problem. På Grønland sør for ca 70 grader nord, så har også Inmarsat og fleire andre geo-stasjonære satelitt-systemer dekning. Derimot er det kun Iridium som har dekning for håndholdte telefonar. Dei aller fleste ekspedisjonar nyttar difor Iridium. Forsikringsselskapet vi hadde påla oss å ha Iridium. Sjå også denne tråden https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=9756 Thuraya er eit lovande system, men mest aktuelt i midtausten og asia. Ellers har det skjedd på satelitt-fronten.
  4. Det trengs kun 1 nødpeilesendar pr gruppe. Husk å søke Tele Greenland om lisens. Dette kjem i tillegg til registreringen i Norge (eller eit anna land).
  5. Dette med kart er ganske håplaust for små nettsider. Lisensreglane idag favoriserer idag stort nettstader med økonomiske musklar, samt dei som skulle vera så heldig å ha "andre" avtalar (Norge digitalt t.d., men også fleire andre). Det trengs både disposisjonrett og publiseringsrett. Disposisjonretten for heile Norge vil fort koste 20-30.000 i rasterutgåve pr år, ca 90.000 for vektorformat. I tillegg kjem 2,5-8 øre pr navigering/zoom/oppslag i kartet (+ mva). Eit statisk kart koster vel omlag 150kr pr år, men då må ein altså først ha disposjonsrett for det aktuelle området. Det er Norsk Eiendomsinformasjon som sit med dei komersielle rettane til dei fleste Norgeskarta. På forum og blogger postes det stadig utsnitt frå mapsource, gjerne med rute innteikna på 1:50.000 kart. Er litt usikker på kva Belanor og Statens kartverk eigentleg meiner om dette, men det virker som om det er akseptert og kanskje faller litt vidt inn under "privat bruk". Geodata har laga til eit rasterkart med høgdemodell, den er iallefall veldig fin ved planlegging av turar: http://demo.geodata.no/gdwk44/ (Velg "Georaster")
  6. I fleire år hadde vi igrunnen tenkt på å ta ein tur til Gjegnabu og Gjegnen, etter ein tur der vi måtte snu mot samme mål. Fredag ettermiddag satte vi oss i bilen frå Bergen. Vêrmeldingen var ikkje så god, då det var varsla kuling og mykje nedbør. Det var temmeleg mørkt då vi kom fram til Hope i Hyen (Gloppen Kommune). I halv åtte-tida tok vi på oss hovudlyktene og rusla oppover den lange stigninga opp mot Lavesteinen. Vi hadde valgt denne ruta sidan den er ein del enklare samanlikna med Skorsteinsbotn, særleg i mørket. Oppover var det mykje bjørkeskog og vi såg i ettertid at vi nok skulle ha lett litt meir etter eit tråkk som går opp gjennom skogen. Ved Lavesteinen på drøyt 700 meters høgde var det tid for ein liten pause. Været vart etter kvart ganske surt med regn og til dels kraftig vind, over 1000 meter var det i tillegg snø. Det gjorde turen noko glatt til tider, då det er mange svaberg. I lyset frå lyktene våre såg vi ikkje så veldig mykje, då det også etter kvart kom tåke. Med GPS var det likevel ikkje så alt for vanskeleg å ta seg innover, men vi hadde ingen rute å følge og det tok difor ganske lang tid. Vi tok på skrå oppover det store snøfeltet (markert på kartet), men her var det litt hardt i tillegg til at det såg bratt ut, så isøksene måtte fram. Det hadde nok vore betre å gå på oversida heile vegen. Klokka passerte midtnatt før vi gjennomvåte og litt slitne skimta den etterlengta Gjegnabu. Etter ein tur på taket for å ta lokket av pipa, vart det fort varmt inne i den vesle hytta. Gjegnabu er ei skikkeleg koseleg hytte som igrunnen bare består av eit stort rom i tillegg til inngangspartiet. Hytta ligg også glemt saman på ein smal kam med bratte sider på begge sider. Det vart ein sein kveld med historier og god mat før vi la oss. I løpet av natta blåste det godt og det kom 10-15 cm tung nysnø. Målet vårt for lørdagen var å ta oss opp på Gjegnen (Blånipa), 1670 moh. På morgonkvisten tok vinden gode tak i hytta og det såg ikkje ut til å lette med det første, så vi tok heller ein roleg formiddag. I tolvtida kom det veldig overraskande ein person gåande mot hytta. Kven kunne no dette vera som var ute i slikt vèr!? Det viste seg å vera hytteoppsyn Martin M. som skulle opp å klargjera hytta for vinteren. Han kunne beretta om ein særdeles glatt og våt tur opp frå Skorsteinsbotn, det vil sei "gamleruta". Etter fleire artige historiar om hytta og området, tok han avgårde igjen. Vi tok også ut og skulle gjera eit lite forsøk på Gjegnen. Det vanskelegaste punktet er igrunnen ikkje så lagt frå hytta. Her var det nokre bratte sva med som også var delvis snødekte, men med isøkser fekk vi lirka oss over. Inn mot Gjegnalundsbreen var det enkelt å finne vegen, men det var vått og sleipt. Innimellom fekk vi littegrann sikt, men stort sett var det tett tåke. Til høgare vi kom auka også vinden på, så vi fann fort ut at det ikkje var aktuelt å gå på toppen. Vi snudde eit lite stykke før breen og prøve oss på ei alternativ rute tilbake. Den viste seg å vera noko bratt og glatt, så vi måtte fram med tauet for ein liten rapell. Utpå lørdagskvelden var det verkeleg store nedbørsmengder og eg vart klissvått bare av ein kjapp liten tur utanfor. På hytta var stemningen upåklageleg og det vart ein verkeleg avslappane kveld. Gjegnabu må utan tvil vera Norges koselegaste turisthytte. Naturen i området er også formidabel. I ein liten periode såg vi den storslåtte utsikten ned mot X- og Y-vatnet frå hyttevinduet og eg kan bare tenka meg korleis det ser ut under blå himmel. Søndag stabla vi inn masse ved til besøkande i vinter og returnerte samme veg vi kom opp. Mykje av snøen hadde smelta, så det var enklare å ta seg nedover. Alt i alt ein veldig fin tur sjølv i det noko "barske" vêret.
  7. I tillegg til Ute, så virker det som Outdoor har veldig god peiling og utvalg (markveien 3, like ved Torgalmenningen)
  8. På den vanlige ruta aust-vest er det svært sjeldan isbjørn. Hvitserk traff dog på ein bjørn innpå isen for nokre år sidan (dei hadde kun signalpistol eller signalpenn trur eg). Skulle det vera noko bjørn i området, så er det jo nede ved fjorden eller umiddelbart oppe på isen, men vi vart igrunnen fortalt at det ikkje var bjørn her lenger. Både DPC og heimestyret på Grønland seier vel at våpen er unødvendig i området. Vi hadde med oss signalpenn og signalpistol. I ettertid synes eg det hadde vore nok med eit par signalpenner. Slike er også greie å ha i andre situasjonar. Ein annan ekspedisjon (med folk frå Svalbard) campa nede ved fjorden eit stykke frå Isortoq. Dei hadde då satt opp snublebluss. Dette var nok kanskje mest fordi dei er vant med forholda på Svalbard og eg tvilar på at dei brukte blussa meir enn den natta. Det var også littegrann forvirring på om det var ok å ha signalpistolen/signalpennen i bagasjen på flyet. Svært få som veit kva dette eigentleg er, det er jo ikkje eit våpen akkurat, likevel skal bagen skal merkast av personalet ved innsjekk. Det er ikkje lov å ha med nødrakettar på fly (siden det er bare 1 del), men signalpistol og signalpenn var greit. Air Iceland hadde ingen problem med dette så lenge vi viste det fram ved insjekk (nevn at det er mot isbjørn og gjerne at det kun er "flash"). På helikopterrutene til Air Greenland var det heller ingen problem, men formelt sett skulle eigentleg kapteinen ha signalpistolen under flygning (vart ikkje praktisert).
  9. Tillatelser/forsikring Når det er snakk om turar utanfor bebudde område på Grønland så er det ein god del ting å ordne på førehand. Først og fremst må det søkes om ekspedisjonstillatelse og søknadsfristen er 3mnd før turen startar. Vidare blir ein alltid pålagt å ha søk- og redningsforsikring som blir ganske dyr pga forsikringsbeløpet (typisk 6000 pr person for 30 dager). Av utstyr må du ha: GPS, Iridium satelitt-telefon og nødpeilesender (sistnevnte må ha tilleggslisens frå Tele Greenland og det er 3mnd søknadsfrist for dette). Vidare krever også forsikringsselskapet at det skal vera fulle rasjonar (6000Kcal/20000KJ pr pers pr da) og ekstra proviant! Politiet på Grønland skal sjekke gruppa og utstyret før avreise, så husk då kopi av pass, forsikringsbevis, ekspedisjonstillatelse. Sjølve sjekken av utstyret er bare overflatisk for norske grupper. Reise Det går nesten daglege flyavgangar frå København til Kangerlussuaq (Søndre Strømsfjord) på vestkysten. Skal du til Østkysten så flyr Air Iceland (airiceland.is) 3-7 dagar i veka frå Reykjavik på Island til Kulusuk. Vi betalte 1400 til Island, ca 1900 Island-Grønland og litt over 4000 for Grønland-Danmark-Norge. Spesielt på ruta Reykjavik-kulusuk er det lurt å bestille lang tid i forvegen (såkalla "bonus" pris). Helikopter Kulusuk-Tasiilaq koster rundt 700kr. Mellom Tasiilaq og Isortoq må ein før isen går opp også ta helikopter. Det går nokre få turar med rute-helikopter i veka som kan vera aktuelle, ellers må ein chartre ein tur. Helikopteret tar 9 personar, men viss det skal vera med pulker og masse utstyr, så blir det bare plass til 4-6 personar. På ruteflygningar kan ein ikkje ta med seg drivstoff. Frå iskanten ved Høgde 660 og ned til Kangerlussuaq bestiller dei aller fleste transport med bil/terrengbuss, her er det fastpris alt etter kor mange personar ein er (4personar: 1600, over 4 personar: 3200 viss eg ikkje hugsar feil). På turen vår i mai brukte eg nok i overkant av 30.000 totalt. Er nok noko rimelegare seinare på året, då ein kan nytta båttransport. Sjå ellers linken som vart posta ovanfor her
  10. Fekk såvidt testa globalstartelefonen i helga. I ein ikkje alt for djup dal i Jotunheimen (Koldedalen), tok det rundt 5 minutt å få kontakt. Ingen problem med å sende sms (som var det eg testa), og systemet funger tilsynelatande som før.
  11. I praksis er det påbudt med guide for turister i nokre løyper og område for snøscooter på Svalbard, det var dette eg sikta til. Påbodet om guide ved bruk av scooter gjeld hovedsakleg eit område på austkysten: http://www.sysselmannen.no/Snøskuter%20tilreisende.pdf Forøvrig er det forskjell på ferdselsrestriksjonar for fastbuande og tilreisande, sjå http://www.sysselmannen.no/Snøskuter%20fastboende.pdf og http://www.sysselmannen.no/show.asp?page=goxpage00000063.html Trur ikkje det har vore eit problem, då dei aller fleste turistar uansett ikkje kjører veldig lange turar utan guide. Det er også visse andre generelle ferdselsrestriksjonar, samt forbud mot å gå i land frå båt fleire stadar. Når det gjeld vanlege turar utanfor forvaltningsområde 10 på Svalbard, så er det ingen spesielle krav om dokumentasjon av ferdigheter/kunnskap eller utstyr. Det er kun obligatorisk meldeplikt, dokumentasjon av søk- og redningsforsikring eller bankgaranti og at ein har med nødpeilesender som er kravet (forutan vanlege regler/forskrifter slik som beskyttelse mot isbjørn etc)
  12. "Allemannsretten" hindrer t.d. ikkje ferdselforbod i ein del naturreservat, så ein kunne vel ha kalla heile vidda for naturreservat og innført slikt ferdselsforbod. Dette skjer sjølvsagt ikkje, då det skal vera veldig gode grunnar for eit eventuelt forbod. Allemannsretten er vel hjemla i "Lov om friluftslivet": http://lovdata.no/all/hl-19570628-016.html. Slik eg har forstått det er det altså fleire andre lover som går over denne. Forøvrig har eg ingen tru på noko påbod om guide, forutan kanskje visse område på Svalbard.
  13. http://www.vann-og-avlopsetaten.oslo.kommune.no/article66182-11208.html
  14. Det stemmer nok dette. Dei aller fleste turistforeningane/turlag opperer med ulike sessongar for hyttene. Utenom dette er praksisen litt ulike, nokon låser av hyttene, andre lar dei stå opne. Det er også individuelle forskjeller, som f.eks. at nokre hytter skal vera stengt i visse periodar pga villrein o.l. I jotunheimen er det f.eks. slik at Olavsbu blir låst av medan sjølbetjeningsjytta på Gjendebu var open heile vintaren, sjølv om den stod oppført som stengt (iallefall slik i 2006) Stavanger turistforening låser hovudsakleg ikkje hyttene sine, forutan Flørli (vinterstid) og Ådneram (heile året). I tillegg er eit par hytter stengt under jakta. Det er ein del som har brent seg på dette...særleg etter å ha tatt båten til Flørli. Det er også alt for få som er klar over dei ulike opningstidene, så her har Turistforeningen ein jobb å gjera. Snakka med turistforeningen (dnt Oslo) om dette for ei tid tilbake. Grunnen for å stenge av var hovedsakleg pga vedforbruk/proviant. Skulle dei vera oppe heile året, måtte ein kjøre inn dette to gonger pr år (som koster mykje penger). Fekk følelsen at det var under vurdering å la enkelte hytter vera opne heile året. Forøvrig synes eg iallefall at ei sikringsbu skal stå open heile året
  15. Ikkje optimalt med "dårlig" brennstoff på ein slik tur, men anbefaler brennere som ikkje er kresne på verken dårleg parafin, tilsettningar og som er lette å fikse i tilfelle ein må gå for parafin. Heptan/rensa bensin er absolutt å anbefale, lite kjekt å mekke for mykje primus på isen. Heller ikkje kjekt å puste for mykje avgassar frå tilsettningar når det er kaldt. Ofte ikkje å anbefala å sitte utandørs, det blir for kaldt. Ta også med minst 1-2 ekstra brennar + alt av reseverdeler. Vi bestilte 40liter Heptan (rensa bensin) fleire månader i forvegen (5literskanner). Vi tok også med oss bensinkanner på totalt 35 liter fra Norge, då det ikkje var særleg av slikt på Grønland. Då vi skulle hente dette Heptanen vår i Tasiilaq, viste det seg at dei likevel ikkje var der. Imidlertid hadde dei fleire 60 litersfat med Hetpan og vi hadde jo kanner å ha det på. Det viste seg også at det skulle vera nok Hetpan til oss i Isortoq istaden og vi fekk reservert denne, så vi slapp å ta det ombord i helikopteret. Folka i Tasiilaq meinte at det var omogleg å ha med bensin ombord på helikopteret, sjølv om vi hadde fått skrifteleg bekrefta at det skulle vera iorden på charter. Vi delte oss i to då vi reiste til Isortoq, dei som reiste først skulle hente bensinen vår. Då dei kom fram var det først ingen bensin, så viste det seg at det mangla ein del (33liter kontra dei 45 vi skulle ha). Medan dei ringte tilbake til resten av gruppa, forsynte ein annan ekspedisjon seg av den bensinen som var der, så vi måtte plutseleg skaffe heile mengden. Grunnen til alt rotet var at denne ekspedisjonen også skulle ha reservert bensin, men då av typen "Rense-bensin" på 0,6 litersflasker. Det viste seg også at dei som hadde resververt for denne gruppa, ikkje hadde peiling på kva dei dreiv med, og det var langt på vei nok av desse flaskene. Rett før siste del av gruppa skulle reise frå Tasiilaq, fekk vi då tak i det omtalte fatet med 60liter Hetpan og fekk det med oss til Isortoq, så over på kannene våre. På ruteflygning får ein nå ikkje ha med seg bensin, dette på grunn av internasjonale transportvilkår. På charter er det ok så lenge kannene er gode og heilt toppa pga trykkforskjell. Dåer opp til pilotane å bestemme (vanlegvis ok) Alt som kan ordnast i Tasiilaq bør ordnast der, dobbelsjekk alltid alle avtalar i god tid. Isortoq er ein svært litan stad og det er vanskeleg å få til avtalar der som er 100% sikre. Det er knapt nok eit menneske der som kan engelsk, svært få som kan dansk...prøvde å ringe dit, men ikkje lett å bli forstått. På servicestasjonen i Tasiilaq ønska dei veldig å få inn bestillingar på bensin seinast i september/oktober året før, slik at dei kunne planlegge kor mykje som skulle kjøpast inn. Parafin vil det nok alltid vera nok av, då det også brukes til oppvarming. I august/september er det vanlegvis båttransport inn til bygdene og forsåvidt heilt til isen. Då vil det jo vera ein smal sak å få med seg det som trengs av bensin. Problemet i mai er at det er at alt må tas med helikopter og at det er 7mnd sidan sist forsyningsskip. Frå Kangerlussuaq er det også lurt å sjekke alt veldig nøye. Også her kan det vera mangelvarer, det er bare 5-600 innbyggarar og forsyningsskip to gonger pr år. Ein annan ting er at pakker og gods til Grønland har ein tendens til å bruke lang tid. Også ved flygningar til Kangerlussuaq ville eg ha sjekka svært nøye at alt vart med frå København. Det har hendt mange gonger at ting har blitt liggande i Danmark.
  16. Innlegget mitt om Isbrann dreide seg om dyrka mark, dvs innmark. Har forstått det slik at mange grunneigere ikkje vil ha løyper over sin grunn pga dette. De mest iherdige scootermoststandarane i Norge vil eg sei er hundespannkjørerane? Dei held vel til der det også kjøres snøscooter. Forøvrig forstår eg kva du fram til.
  17. 75dBA på 15 meters avstand er vel målt ved 25km/t? Det er vel her også målt ved jamn fart, noko som vel ofte ikkje er tilfelle. I Sintef rapporten måles det ved 7,5m avstand og ved fleire forskjellige hastigheter og situasjonar, resultatet er heilt heilt anna lydnivå enn det du nevner. Ellers er det vel meir interessant å sjå på lydnivået på lengre avstand, altså kor langt og kor godt lyden forplantar seg. Også her er Sintef rapporten interessant, sjekk f.eks ut simuleringen rundt scooterløypene. Ein annan ting er korleis lyden av fleire snøscootere påverkar intensiteten, men også oppfattelsen av støy. Meiner ein normal samtale gir 70dB lydtrykk ved 15 meters avstand? Skal snakke temmeleg høgt då! Det kan vera fordel å sjekke sine kilder. 40-60dB ved ein meters avstand er nok noko meir normalt: http://en.wikipedia.org/wiki/DB_SPL#Sound_pressure_level Når det gjeld lyd, så er det jo fleire ting en lydtrykket som er interessant, også kva slags frekvenser og lydvariasjon. Spesielt snøscootere har ein tendens til å ha pulserande lyd, av opnebare grunnar. 4-taktere bråker lite, det er eg heilt einig i. Likevel er det jo forstatt få 4-taktere av den totalte scooterparken. Støy oppfattes ut frå kor stor bakgrunnstøyen er. I fjellet, som mange andre stadar, er denne variabel, spesielt på grunn av vind og nedbør. På vindstille dager vil altså eit lydsignal med samme intensitet bli meir framheva då bakgrunnstøyen er mindre, og vice versa. Sintefrapporten er forøvrig her: http://www.dirnat.no/multimedia.ap?id=27468 Her bør ein nok visa til nokre fleire konkrete undersøkingar. Når det gjeld reinsdyra på Svalbard, så er det nok slik. At det er slik på fastlandet, med villreinen der, støtter ikkje undersøkelsen opp om. Dyr reagerer ikkje nødvendigvis kun på lyd, også lukt er ein svært viktig sansefaktor. For å halde oss på Svalbard, blir verkeleg ikkje isbjørn skremt av scootermotorlyd? Anbefaler deg å sjå "Livet er Svalbard" på nett-tv på NRK, skip til episoden med Jason Roberts på fotooppdrag. Blir ikkje isbjørnen her skremt av motorlyden (viktig faktor iallefall). Skulle teorien om at "dyrene lar seg ikke skremme av kjøretøy med motoren i gang", så skulle ein tru at det f.eks. på fastlandet var bare å kjøre fram til ein stor flokk med villrein, utan at den la på flukt. Det stemmer ikkje med det eg har sett. Kva med "isbrann"? Er det ikkje slik at mange ikkje ønsker scooterløyper over sitt dyrka område pga dette? Heilt uproblematisk er det ikkje, særleg ikkje der trafikken er stor. Eit annan ting er å sjå på kor stort arela scooteren "sett marktrykk på" i løpet av ein dag, kontra ein skiløpar. Tenkte meg deg ja... Med mindre trafikken er stor i samme område, så er eg einig i at det er lite påverknad for vekstforhold. ”snøscooter-taxi'en" kan vel også ta med seg ting motsatt veg, sjølv om du nok har rett i at det blir ein del ekstra turer. Skulle likevel tru at pga pris og mindre tilgjengelighet, at trafikken skulle gå noko ned totalt sett også? Mindre snøscootere i aktiv bruk vil vel nødvendigvis somregel føre til mindre total bruk, eller? Eg er igrunnen ikkje imot scooterløyper, men det bør vera god styring med det, ikkje frislepp som det i praksis blir om kummenane får all råderett over dette. Ulempen med scooterløyper er gjerne også at det ikkje er ei veldig definert løype, men "akseptert" å kjøre i eit fleire hundre meters belte frå løypa (300m??). Synes igrunnen det eg har sett av prøvordninga i f.eks. eit par kommunar i Nordland såg ganske grei ut, men heilt uproblematisk er det ikkje. Støtter forørig på ingen måte forslag om å legge løyper i nasjonalparker, også veldig imot løyper i høgfjellet. Einig, straffa er ganske hard, men det er liten sjanse for å bli tatt. Fengsel er kanskje å ta litt hardt i.
  18. Det er eigen erfaring ja, har prøvd i nesten heile Norge. Vel og merke for satelitt dekning, er det gsm så går det innen 10 sekund. Bruker sat telefonen typisk der det ikkje er gsm dekning,gjerne i dype daler eller med fjell rundt, men også opne stader tar det litt tid å få kontakt. Det samme f.eks i Bergen by. Det er jo klart at om en har flaks, så kjem kontakten med ein gong, snakker her om gjennomsnitt. Kjenner også fleire andre som har samme erfaring over lang tid med ulike globalstartelefoner, så tviler på om det er noko galt med telefonen min. Bruker Telenor, som igjen har avtale med Elsacom og dei to aktuelle gatewayer i Europa (G*Elsacom og Gstar-Eu-1, dvs i Frankrike og Italia). Har du satt R290 til utelukkande å bruke satelitt eller har du dobbeltmodus som bruker GSM når det er tilgjengelg? Viss du lar telefonen stå på satelittnettverket i 1 time, mister du aldri dekningen? Det må stå "G*Elsacom eller Gstar-Eu-1" for at telefonen er på satelitt-nettverket. Forøvrig synes eg ikkje det er noko problem å vente 5-20 minutt på kontakt. Dette er også slik ein kan risikera med Iridium, men dette er relativt sjeldan då dei har ein bedre teknisk løysning (router meller satelittane til gateway, istaden for bent pipe til gateway hjå Globalstar). Satelittane beveger seg i hurtig tempo, derav variaerande dekning og slike "dekningsvindu". Som eg påpeika ovanfor: Globalstar har for tida problem med sine satelitter og kan ha begrensa dekning. Dette har blandt anna med at levetida på satelittane er overskriden og at hovedforsterkeren uheldigvis på mange av satelittane har fått lågare ytelse. Dei skal også ha gått ned frå 48 til 40 satelittar midlertidig. Har dessverre ikkje fått testa i det siste kor stor denne effekten har påverka dekningen, men Globalstar opplyser om at det bare er mindre dekningsvindu, dvs at det eventuelt bare skal ta lengre tid å få kontakt, men at dekningsområdet i seg sjølv ikkje har blitt mindre. Problema forsvinn nok ikkje heilt før i slutten av 2009
  19. Kan det vera Slettningsbu? Har bare vore der på snøføre, men synes det ligner veldig.
  20. Det digitale bakkenetter bruker dei fleste "hovudsendarane", eksempelvis slik som Bjerkreimsenderen, Lifjell og Bokn i Rogaland. Desse blir også nytta til ein god del andre system,sliksom viktige tele-samband,så dei hadde nok ikkje blitt lagt ned om vi alle hadde gått over til parabol/kabel/iptv. Bakkenettet inkluderer også ei rekke mindre stasjonar og består av ialt 452 sendarpunkter. I tillegg kjem eit såkalla satelitt-skyggenett for dei som ikkje kan ta inn tv via parabol pga satelittskyggen. Dette er eit nett med omlag 600 små stasjonar som skal dekke rundt 6000 hustander.Det er vel ca 500.000 husstander som idag kun tar inn tv via vanleg antenne, 1.3 mill bruker det som supplement til andre distribusjonsformer. Båndbredden som tilbys i bakkenettet er omlag 66Mbit, aukande til 110Mbit i 2010. Synes denne artikkelen om digital-tv er god: http://www.hjemmekino.no/guide/tvsystemer_dvbt.asp
  21. Det er ikkje bare forsvaret som har store installasjonar på Gaustatoppen. Dette er ein sentral link for radio, tv, mobil, telefon, mobilt bredbånd mm, så tviler på om den forsvinner. Slike "røyrmaster" er vanlegvis bare ei vanleg mast kledd med bølgeblikk for å beskytte installasjonane. Den kunne kanskje med fordel ha blitt kutta litt i høgden, trur ikkje det hadde gått særleg ut over dekningsområdet. Linken på Snøhetta trur eg nok kan fjernast om nokre år, den har iallefall få sivile systemer ser det ut til (utan at eg veit nærare kva den blir brukt til). Det har t.d. aldri vore nmt eller gsm basestasjon på toppen, det ser heller ikkje ut til at den brukes til vanleg radio eller Tv. Det kan jo hende den driver viktige sambandssystem for Forsvaret Dei andre mastene det her er bilde av, er i hovudsak radio, tv, GSM, telefon og breibandslinker. Alternativet til å sette dette på punkter høgt i terrenget, blir å sette opp fleire master for samme område. Desse installasjonane ser også ut til å vera bygd for ein del år tilbake, no er det nok litt meir fokus på korleis dei blir ståande i terrenget. Det er også slik at ein prøver å samle mest mogleg på ein og samme stasjon. Eksempelvis er det slik at Telenor leier ut plass til NetCom og omvent, det samme med norkring, forsvaret, Statens Vegvesen m.fl.
  22. http://en.wikipedia.org/wiki/Globalstar http://www.globalstar.com/en/news/update.php https://srt.glpconnect.com:2044/osat/ (Globalstar Optimum Availability Tool) Det stemmer at Globalstar har litt problemer for tida. 4 reservesatelitter i tillegg til 8 nye reservesatelitter skal snart vera på plass, men dekningen totalt sett er blitt dårlegare ser det ut til. Globalstar Optimum Availability Tool gir for Bergen ganske mange "vindu" med dekning, skal teste ut om dette stemmer. Det ser ut til at ventetida mellom kvar satelitt-kontakt er blitt noko lengre, men at det i praksis fungerer greit. Neste generasjons Globalstar skal vera på lufta seint i 2009. Simplex-kommunikasjonen (L-band) er ikkje påvirka, dvs at den trackeren nevnt ovanfor ikkje blir særleg påvirka. Likevel er det verdt å merke seg at Globalstar ikkje har global dekning og nok ikkje er så påliteleg som ein nødpeilesendar (PLB)
  23. Dette kameraet stor ei stund på toppen (!) av Galdhøpiggen. Det vart imidlertid flytta ned etter ein sessong. No er det nok mest berekna på å vise forholda i bakken, men det burde absolutt vore eit eige kamera med utstikt mot toppen. Vi burde kanskje ha eit eige "webkameraprosjekt" på fjellforum, der vi jobber for å få fleire/bedre kamera...
  24. Globalstar fungerer bra i det meste av Norge, men bruker ofte litt tid på å få kontakt med satelitt/gateway. Typisk tid i sør-norge har vore 5-20 minutt etter det eg har erfart, tviler vel på at det skal ha endra seg noko særleg. Iridium er overlegen når det gjeld dekning, fungerer somregel innen få minutt og er det klart beste valet i Norge. Ulempen er at det løper eit abonnement med faste avgifter (eller kontantkort som "går ut på dato" etter ei tid) og at telefonane er temmeleg dyre. Globalstar er billigare i innkjøp og krev ikkje eit eige abonnement, så det er ein stor fordel. Det eksisterer ein del repeatere for VHF i fjellet, men mange er nok kun for ei lukka gruppe (t.d. eit kraftselskap). I Ryfylkeheiane er det vel iallefall eit par slike, den eine er vel på Undeknut eller Reinsnuten. Viss man skal ringe ut på telenettet via slike repeatere/basestasjonar, så er ein slags abonnementsordning slik eg har forstått det. Har ikkje så veldig stor greie på VHF, men trur vel heller at ein Globalstar telefon både er billigare og enklare viss du bare skal ha eit nødsamband. Røde Kors setter ofte opp repeatere når det er nødvendig og eg trur ikkje dei har så mange faste installasjonar (?), utan at eg veit så alt for mykje om dette. Operatøren ICE (Nordisk Mobiltelefon AS) skal om litt tid lansere mobiltjenester. Dei har allereie eit ganske omfattande nettverk basert på CDMA2000 i 450Mhz båndet, dvs det samme som gamle NMT-450. Systemet gir god dekning mange stadar i fjellet allereie og det bygges ut i raskt tempo. ICE kan godt bli eit bra alternativ til satelitt-telefon, då samtaleprisane vil vera temmeleg låge.
  25. Ikkje noko nærare enn Beito, men webkameraet på Gålå har utsikt mot Jotunheimen: http://www.webcamsinnorway.com/webcams.php?viewcam=906 Håper det kjem fleire nettkamera i området. Det burde vera ein enkel sak, då t.d. mange av turisthyttene i Jotunheimen snart får/har fått god internett-tilgang: http://eidsiva.net/index.jsp?showmenu=128&page=330 Endå fleire har jo alternativ internett-tilknyttning, sliksom Glitterheim. Sjølv ikkje på Skogadalsbøen er det noko teknisk problem eller store kostnader med å sette opp webkamera. Håper vi får sjå kamera på: Sognefjellshytta, Juvasshytta, Leirvassbu,Spiterstulen, Gjendesheim m.fl.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.