Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. Når det gjeld Wiki: Burde vi satse på ein "fjellwiki", eller meir bredt? Tenker her på om det kan vera mogleg å samarbeide med nokre andre tilsvarande sider som fjellforum, bare med litt anna utgangspunkt. Har nevnt nokre av dei i innlegg før i tråden. Ser blandt anna at brattesider.no har eit lite wiki-prosjekt. Er det ein idè å få med slike i eit felles prosjekt? Blogg: Kanskje. Ingen problem å tilby det, men litt usikker på om det kjem til å slå gjennom. Forum: det skal vi nok ordne
  2. Du kan også sjekke ut http://wordpress.com / http://wordpress.org Wordpress er eit mykje nytta program for heimesider/blogger. Du kan velge om du vil installere det sjølv på eigen server (wordpress.org), eller om du vil ha ei gratis løysning på wordpress.com. Har sjølv laga fleire sider med Wordpress og det er veldig fleksibelt. Anbefaler ei ferdig løysning slik som å wordpress.com om du ikkje har kjennskap til ftp, php og databaser. Slike gratis tjenester er blitt ganske fleksible, f.eks. tilbys det 3GB lagringskapasitet (2500-5000 bilder) og stort utval av tema/design for sidene. Mange nettleverandørar tilbyr kun små nettsider gratis. Altibox, dvs også EB.no, tilbyr bare 25-50MB nettsideplass.
  3. Det har lenge pågått ein diskusjon om frigjevnad av norske kartdata. Idag er Statens Kartverk ca 97,5% statleg finansiert og brukarbetaling for kart står for ein svært liten del. Vêrdata frå Metrologisk institutt vart i fjor fritt tilgjengelege, og mange har argumentert for at det samme burde skje med kart og eigendomsinformasjon. Imidlertid har Departementet no bestemt at dagens ordning skal vidareførast: http://www.digi.no/php/art.php?id=790894 Vedtaket er som følger: ”det fortsatt kan kreves betaling for kart- og eiendomsdata tilsvarende kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og tilgjengeliggjøring av data. I tilegg kan det påregnes en rimelig avkastning av investering” Det er omtala fleire stadar at Statens Kartverk og spesielt "Norge Digitalt" var sterke påverkarar for å unngå ein ny ordning. Eit svært interessant dokument frå 2006 dukka opp: Referat frå møte Referat frå møte (google) Det er fleire meiningar, men det nokre hovudpunkt som er interessantet synes å vera: # Hvis gratisprinsippet innføres må det tydeliggjøres hva vi skal gjøre med de pengene som blir borte, for enkelt å foreslå bevilgning over statsbudsjettet # Skal Norge ligge i verdensklasse på geodata, må noen betale regninga # Geodata er felles eiendom – produsentene som leverer til fellesskapet, må kompenseres. Grunnlovens erstatningsregler må vurderes. Overforståande viser vel tydeleg "Norge Digitalt" sin visjon med å ha eit samarbeid innanfor offentlege organ og enkelte private bedrifter - og stenge ute alle andre. Det er verdt å merke seg at "Norge digitalt" er utveksling av geodata i vid forstand - men i denne samanhengen er det tilgangen til Statens Kartverk sine produkt som er interessant. Turistforeningen og "Norge digitalt" Referatet omhandlar også Turistforeningens søknad om å verta med i Norge Digitalt, noko det vart utrykt skepsis mot. Turistforeningen er idag medlem av Norge Digitalt og eg har ikkje klart å finne fram til dette vedtaket. Det er i det heile ein svært lite ope prosess, få referat er lagt ut på nettet, postjournalen innebærer ein tungvindt ordning med å etterspør dokument. DNTs medlemskap i Norge Digitalt er kanskje grunnen til den manglande engasjementet i forhold til frigjevnad av kartdata? Det er i alle fall nærliggane å stille spørsmålet. I 2006 veit eg at mange i Turistforeningen ikkje var særleg nøgd over den dyre og dårlege løysningane som dei nytta på det tidspunktet mtp kartverk. Turistforeningen har mange kontaktar høgt oppe i departementet og kunne heilt sikkert ha lagt eit stort press i denne saka. Skal "Norge Digitalt" legge primissane for kven som kan bruke Statens kartverk sine produkt på internett? Det er svært nærliggande å stilla dette spørsmålet. Eg er positiv til at "Norge Digitalt" har knytta til seg Turistforeningen, men det bør då også opne for at alle andre "ikkje-kommersielle" organiasasjonar kan knytte seg til. Ingen andre tilsvarande organisasjonar har fått blitt medlem, noko som er svært uheldig. Min påstand er at "Norge Digitalt" effektivt har sørga for at det er "geodataenes venner" og eit ytters fåtall andre som får fri tilgang til Statens kartverks produkter utan å betale. Enten får det være betaling for alle private aktørar, eller ingen. Dagens ordning favoriserer private og organisasjonar med gode "kontaktar".
  4. Takker veldig for gode tilbakemedlingar. De andre må gjerne også kommentera. Det er heilt klart eit vegval, og vi vil tenke oss godt om før det blir nokon eventuelle val. Det er jo brukarane som er Fjellforum, utan dei er det ingenting. Viss vi ser på alternativ: 1) Bli med ein stor aktør, slik som nrk/turistforeningen sin portal 2) Samle ein litt større gruppering til å lage ein eigen/felles portal og utvide forumet (wiki etc). 3) Ingen endring 1) Det ei rekke problemstillingar som Erik og Essem påpeiker, så dette er igrunnen bare ei lufting av moglegheita. Imidlertid har vi få ressursar, det er grunnen til at vi i det heile vurderer det. Det er også eit poeng at ein sterk aktør kan overkjøre andre. Vi håper det ikkje vil skje med fjellforum i så tilfelle, sjå 2) 2) Idag er det mange unytta moglegheiter innanfor friluftsliv på nett. Det med å ha ei stor Wiki side/portal kombinert med eit forum som fjellforum er ein veldig god ide. Vi har sysla med den iden ei god stud. Imidlertid kunne det gjerne ha vore ein større bredde, slik at det blir fleire brukarar og betre innhald. Det kan vera ein god idè som Erik foreslår å prøve å samle ein koalisjon for å lage ein slik wiki/portal. Eg ser då for meg kanskje litt vidare friluftsliv enn det namnet fjellforum indikerer (vi har jo padling, sykling, jakt, fiske osv, ikkje alltid dette har noko med "fjell" å gjera). Å samle den koalisjonen blir ikkje nødvendigvis så lett. Viss vi ser på nokre aktørar og mi vurdering: padling.no - største padleforumet. Her er det Norsk padleforbund som styrar steepstone.com - klatreforum. Kanskje eit wiki/portal samarbeid brattesider.no - stort klatreforum. Burde vera gode moglegheiter. fiskersiden.no - stort fiskeforum. Driv delvis kommersielt, tvilar på at dei er interessert fiskeforum.no/com - lite forum, kanskje moglegheiter kammeret.no - det ledande jaktforumet. Kanskje eit wiki-samarbeid friluftsliv.no - har eit lite forum, men ganske dedikerte folk. Dei sa nei ved forrige korsveg, men kanskje no som motvekt til DNT/NRK? gamme.no - har ymta frampå om samarbeid Meir private sider: fjellinordvest.no, ifriluft.net m.fl. - her burde det vel kanskje vera mogleg å få til noko meir. Særleg også av typen ekspedisjonssider, blogger o.l. Komersielle aktørar Klikk.no/friluft har stadig sendt oss forespurnader om "samarbeid". Kanskje det kan vera mogleg å ha eit laust samarbeid med ein slik aktør også (tenker då ikkje på noko som liknar nrk/dnt). Ein del ildsjelar er det jo her på forumet også, og om vi får med mange kan det jo bli bra. Men er dette realistisk? Og vi har i praksis nesten ikkje inntekter, f.eks. om vi må over på bedre server. Vi kan nok prøve å sette opp nokre private filservere for bildefiler (static) for å hjelpe på litt, men det erstatter ikkje ein dedikert, rask server. Vi kjører idag på eit standard webhotell, 160GB båndbredde, 8GB disk og ein super leverandør når det gjeld oppetid og stabilitet (takk til Netbox.no) 3) Å ikkje gjera nok kan fort føre til at vi sakte men sikkert mister aktivitet og at andre overatar. T.d. DNT/NRK eller andre. Meiningar, kommentarar, råd og tips mottas gjerne!
  5. Det er mogleg Fjellforum kan bli med å samarbeida om turportalen. Kva synes folket om det? Ragnar Fjellforum (Innlegget er forkorta)
  6. Når eg nevnte 121,5Mhz var det i forhold til nødpeilesendere på denne frekvensen. Det er fortsatt VHF nødkanal som før. Når det gjeld sporingssignal, så trur eg ikkje 406Mhz blir nytta til dette formålet. Ein av grunnane er kanskje at det er "burst transmitions", dvs at det sendes i korte periodar og med høg effekt. Det er imidlertid forslag om å gå over til sporingssignal på 406Mhz på sikt i staden for 121,5Mhz som idag nyttes (25mW). For å skilje ELT og PLB er det blitt lagt inn morsekoden for bokstaven "P" i sporingssignalet. Fann ei side med lydeksempel: http://www.equipped.com/faq_plb/default.asp?Action=Q&ID=33
  7. Er det nokon som veit om problemet med falske alarmar er stort i våre område? No er det vel fleire grunnar til falske alarmar, etter det eg har høyrt er det mellom anna: 1) Feilaktig automatisk utløysning på båt/skip, f.eks. at det mistes ei EPIRB bøye eller teknisk svikt som fører til at den går av. 2) Testing som med uhell fører til at sendaren blir aktivert. 3) Forstyrrelser, atmosfæriske forhold o.l. som fører til falsk alarm eller feilatig ID nr (sjeldan med 406Mhz, men vanleg for 121,5Mhz) 4) Utløyst med vilje, under alkoholdpåverknad, innbrudd, 'uhell' osv. Frå første 01.02.2009 er det vel slutt for 121.5Mhz, og kanskje det blir noko færre falske meldingar. I Norsk økonomisk sone vil det alltid vera mange utanlanske nødpeilesendarar, det seier seg sjølv. Norge har også ei rekke plikter mtp redning i dette området, og om HRS ikkje klarerer å lage fungerande rutiner mot COSPAS-SARSAT og nasjonale organisasjonar for å hente ut nødvendig informasjon, så er det ikkje særleg imponerande. No er det imidlertid også mogleg å registrere seg i eit internasjonalt register i tillegg, dette har HRS forhåpentlegvis tilgang til: www.406registration.com Eg synes det høyres litt rart ut at ein ikkje sett i gong aksjonen pronto når alarmen går, særleg om det er frå eit område med lite skipstrafikk eller få andre reelle indikasjonar på at dette er falsk alarm. Eg las t.d. i Svalbardposten at Sysselmannen vart litt oppgitt av å ikkje bli varsla med ein gong ein nødpeilesendar vart utløyst (mai 2008). Slik eg forstod det prøvde HRS Bodø å få tak i ein kontaktperson, før dei videreformidla alarmmeldinga og at dette vistnok tok litt tid. Det ville vel vera meir fornuftig å videformidle til Sysselmannen straks (opp til 30min responstid for helikopteret), og så heller bruke tida etterpå til å sjekke meir opp og eventuelt kanselere. Eventuelt sende ut eit varsel om 'mogleg' nødsituasjon. Det beste hadde nok uansett vore om HRS (eller Justisdepartementet) la press på Post- og Teletilsynet om å endra den norske registeringsprosessen for nødpeilesendarar. Etter mi meining bør dette vera gratis og det bør ikkje vera type-restriksjonar ut over det COSPAS-SARSAT opererer med (NPT registerer ikkje PLB'er som ikkje er norsk typegodkjent). Eg kan ikkje sjå at NPT har rettningslinjer som hindrar dei i å harmonisere regelverket i forhold til andre land på dette punktet og det er for meg ei gåte at dei tviheld å denne posisjonen. Kuttar ein søknadsprosessen, fell også mesteparten av kostnadane vekk, enkelt og greit.
  8. Den sida det refereres til er useriøs: -Koklusjonen i undersøkinga det vises til stemmer ikkje (sjå link nedanfor) -Testen er forøvrig ikkje ein test av Nødpeilesendarar, men av GPS posisjonering som brukes i PLB'er. -Artikkelen er skrivd av nokon blotta for teknisk kompetanse. For å lesa den aktuelle testen sjå her: http://www.equipped.org/406_beacon_test2_toc.htm Og legg merke til når det gjeld 2003 undersøkinga: "This evaluation was primarily concerned with the self-locating performance of these beacons in real-world conditions, as well as other lesser issues, and not the beacons' performance vis-à-vis COSPAS-SARSAT or other regulatory standards, per se" Det vart kun testa 3 PLB'er med intern GPS, dei andre med ekstern GPS, noko som er urelvant for dei fleste. McMurdo har på ingen måte noko feil eller avvik i forhold til sine EPIRB/PLB i forhold til standard, det påstår då heller ikkje undersøkinga. Det vises til at PLB med innebygd gps har dårlegare følsomhet for gps posisjonering i 2003 testen, vis-a-vis dei med ekstern gps. Hugs også at det ikkje er tatt hensyn til "varmstart/kaldstart", noko som er SVÆRT sentralt. Å kaldstarte ein GPS er noko heilt anna enn varmstart. 2003-testen innehaldt også eit betalt produkt, sjå fotnote 4. Nye EPIRB modellar er forbedra for rask gps-posisjonering. Den nye testen i 2005 viser også at alle EPIRB/PLB har forbedra seg med bedre gps-posisjonering. Det er ingen spesielle avvik for modellane til McMurdo. Testen frå 2003 har difor lite eller ingen relevans.
  9. Røvær, ei øy utanfor Haugesund, er bilfri. Der kan du handle på Røvar Landhandel! www.visitrovar.no og www.rovar.no Har ikkje vore der sjølv, men det skal vera fint der ute.
  10. Arcteryx Alpha SV, ca 4 1/2 år. Glidelåsen er i ferd med å bli dårlig, men først den siste tida. Problemet er at den ikkje alltid lukker skikkeleg, setter seg fast, "brekker" seg. Likevel ingen problem med å få glidelåsen igjen og brukar fortsatt jakken utan særlige problem. Er uansett veldig nøgd, både med jakka og denne typen glidelås. På nye jakkar av denne typer er glidelåsen litt kraftigare, heilt sikkert ein fordel.
  11. Det ser veldig bra ut! Det brukes skråfoto frå selskapet Blom, og på den måten kan ein legge bilde på 3D-modellen av Oslo m.fl. Samme foto som er tilgjengleg på blandt anna Gule sider, det nye her er ikkje foto, men 3D modellen. Der Blom ikkje har skråfoto, ser det ut til å vera samme kjelde som Norgeibilder.no. Google Earth o.l. nyttar utelukkande tradisjonelle fly- og satelitt-foto som er tatt med nesten vertikal vinkel, då blir byggningane ikkje så bra sjølv med ein god 3D modell.
  12. Ja, eg gjekk nordover. I slutten av april forsvann snøen kjapt, så det er nok ein fordel å vera framme til ca 20.april for å unngå råtten snø eller lite snø. Dette avheng jo av kva område det er og varierer (det veit du nok meir om enn meg - eg er ikkje lokalkjend). Det er ofte varmare og betre temperaturar i slutten av mars og i april. Eg gjekk i april pga at dette var ein del av ein Norge på langs tur (6.april frå Sultjelma), på ein 2mnd tur ville eg nok ha starta i slutten av februar eller starten av mars, men då vera forberedt på kalde dagar. Temperatur og vær Forskjellen på feb/mars og mars/april i området er stor. For å illustrere dette: Frå 20.februar til 06.mars 2006 var det mellom -26 og -39 grader på dagtid i området mellom Sulitjelma og Abisko, ein eg kjenner litt til der i den perioden, altså svært krevande forhold. I slike temperaturar er det ikkje sikkert det er særleg lurt å gå om du ikkje må. Du bør uanset ha ansiktsmaske og stormbriller (slalombriller) som dekker 100% av ansiktet. 1mnd etterpå var det heilt grei temperatur, kun -5 til -10 grader nattestid, påskesol om dagen. For kautokeino kan du jo ta ein kikk på denne statistikken: http://www.yr.no/stad/Noreg/Finnmark/Kautokeino/Kautokeino~298383/statistikk.html Det er ingen problem å gå i februar/mars om du er innstilt på å takle desse kuldeperiodane. Telt og hytter Hilleberg Nammatj 3 GT skal vera eit godt telt, eg har ikkje sjølv brukt det noko særleg, men det burde gjera jobben. Viss du har pulk, så kan du jo ha med det litt meir i forhold til å gå med sekk, spesielt i forhold til ekstra mat og meir drivstoff/bensin. Det er jo eit stykke mellom kvar butikk i dette området! Eg kjem på Kilpisjarvi,Abisko og Ritsem om hytta er open der. Det er godt å kunne fyre litt i teltet om det er kjøleg. Imidlertid er det tyngre i oppoverbakkar med pulk og det er også noko slit gjennom bjørkeskog og i bratte nedoverbakkar. I djup nysnø er det også svært utfordrane å gå med pulk, eg var nede i 3km på 8timar! Pulk/sekk er ein smaksak, både fordeler og ulemper. Hugs å skaffe deg norsk DNT universalnøkkel for dei norske turisthyttene - dei er låst. Merk også at det er stor forskjell på turisthytter til DNT og såkalla "statskog" hytter. Som Stegern påpeiker, sjekk desse ut på inatur.no Eg var nok også litt snar - nokre av desse er nok ulåste medan andre er låste (avhengig av område). DNT hyttene kan du finne her: www.turistforeningen.no/turplanlegger/ . Dei svenske hyttene har, som du sikker veit, alltid eit ope rom utan lås. Hyttene i nasjonalparken, t.d. Padeljanta, var forøvrig veldig dyre. Kosta vel rundt 300kr (?), så eg sov ikkje der (ikkje drifta av STF) Primus Eit anna råd er å tenke på at du faktisk er 100% avhengig av primusen for å skaffe drikkevatn om det ikkje er hytter i nærleiken. Difor vil eg anbefale ein ekstra primus i reserve (evt ein liten gassprimus). Sjøv om det kan vera ope vatn i råker eller ved elveutløp, så ikkje risiker å dette uti bare for å hente vatn. Det kan vera ganske umogleg å nå ned, sjølv om det er fristande. Det kan godt hende det er overvatn på isen om du spar deg ned eit stykke, dette gjeld særleg seint på vintaren - då kan du spare drivstoff på dette. Ei god spade er sjølvsagt, det må vera med. Eg foretrekk ei spade med stort blad av metal/aluminium, slik som nokre av dei frå G3 eller Black Diamond. Den såkalla "røde" fjellspada er også god. Eg har mindre gode erfaringar med Composite-blad (plast), då desse er problematiske når det er veldig hard snø. Navigasjon Det tar litt lengre tid med GPS utan kart synes eg, spesielt om du har tenkt å gå i "white-out" eller dårleg vær. Sikkerhetsmessig har det mindre å bety om du kan godt med vanlige kart, så det er ein smaksak. Ein kan lett bli litt lat om ein har GPS med kart og ikkje følge godt nok med - ein feil eg sjølv har gjort til tider. Likevel, med digitalt kart treng du kanskje 4-5sekund på å finne ut kor du er også på papirkartet, du kjenner lett igjen formasjonane eller kurvene; skal du gjera det på ein GPS utan kart, må du drive å lese av koordinater, noko som ikkje alltid er like trivielt. Dette gjeld særleg om du må gjera dette mange gonger. Ein GPS med kart vil også hjelpa til med fin-orientering og å se dei aller mest skjulte detaljane. På dei svenske 1:100.000 karta er det veldig vanskeleg å skilje ut dei enkelte høgdekurvane om du går i vanskeleg eller bratt terreng. På ein GPS zoomer du bare inn og ser dette ganske nøyaktig, ha eit auge for detaljar! Eit spesielt godt råd er å sjå etter ruglete eller ujamne høgdekurvar - då skal ein vera obs. Også ved ferdsel i ukjent terreng er det vedig greit for å unngå overraskande bratte skrenter, bekkedaler og anna som det kan vera lett å oversjå på eit papirkar med mindre du les det godt. Men det går heilt sikkert greit med ein vanleg GPS, det essensielle er å ta seg inn om du er usikker på kor du er. Eg går heller nesten aldri med den påslått med mindre det er ein god grunn for det. Imidlertid hender det eg har den på for å lagre track-log, i tilfelle eg må snu og gå tilbake f.eks. til ei hytte. Då sparer du veldig med tid og det er ein reel ekstra tryggleik å ha den moglegheita. Og akkurat det er jo temmeleg likt om du har kart eller ikkje. "Sjekkliste" På min tur hadde eg følgande liste over ting eg måtte passa meg veldig for: 1)Skrenter og bekkedaler. Ikkje sjeldan eg passerte skrenter på 5-10meter++ eller ein bratt bekkedal. Desse kan vera vanskelege å sjå ovanfrå og på kartet er det ikkje nøvendigvis opplagt at noko slikt venter (god kart-lesing må til). Å gå utanfor slike små-stup kan vera mindre bra, sjølv om det også heldgivis somregel ender godt. 2)Dårlig is og svekka is ved inn- og utløp av bekker og elver. Gå ikkje gjennom isen - konsekvensen kan fort bli fatal spesielt om du er åleine. Ha alltid isbrodder rundt halsen om du krysser vatn. Sjølv midtvinters kan det vera opne inn- og utløp, kanskje dekka av eit tynt islag - dette gjer det ekstra farleg. I området du skal på tur, plar vel isen vera god på den tida, men vær altså veldig obs på inn og utløp likevel. Ikkje stol på snøscooterspor - du går rett gjennom stader der den klarer seg fint. Dette kan bare ikkje understrekast nok. Likevel kan det godt hende det er trygt å gå på is med mase overvatn - men då skal du vite kva du held på med. Skia hjelp også veldig, det skal litt til å gå gjennom. På regulerte vatn er det lurt å få kontakt med nokon som er lokalkjende, slik at du veit kor det er trygt å krysse. Ved Altevatn er det visst ein del område du bør vera obs på om du skal krysse midt over denne. Akkajaure ved Ritsem har merka løype over - følge denne. 3)Skred. Alltid ein faktor, særleg tidleg på vintaren. Unngå bratte heng, vurder snø og legg ruta di sikkert etc. Skred plar ikkje ofte gå i skråningar som heller mindre enn 25-30 grader. Likevel er eg somregel ikkje så bekymra for dette om skredfaren ikkje er stor. Du bør kunne vurdere skredfaren sjølv. Spesielt obs etter dagar med nedbør i form av snø og deretter vind, ein veldig dårleg kombinasjon. Skredvarsel er ofte veldig generelle, det er veldig forskjell frå stad til stad.
  13. Det er heilt sikkert nokon andre som kan svare betre enn meg, men eg kan no i alle fall starte Eg har gått t.d. Sulitjelma-Ritsem-Abisko-Altevann-Treriksrøysa/Kilpisjarvi-Maze/Masi (ikkje så langt frå Kautokeino), og en del av dette langs Nordkallotleden. Dette var stort sett i april måned. Ingenting av den ruta eg tok, var merka på norsk side. På svensk side er det gjerne permanent vintermerking. På finsk side er scooter-trasèen godt merka, og desse kan til ein viss grad bli nytta. Når det gjelder vær og vind, så er det verdt å merka seg at det kan bli VELDIG kaldt i februar og mars, men dette går i perioder. Det kan være lurt å sjekke temperaturstatistikker, men rekn med at det kan bli i alle fall -30 til tider. Dette med tanke på å ha rette sovepose og anna utstyr. Ville ha tatt med meg eit veldig godt telt som står godt i vinden, dette er høgfjellsområder som kan vera temmeleg utsatte når det først er dårleg vær- For navigering vil eg anbefalar GPS, og då helst med digitalt kart. Dette gjeld særleg om du er åleine. GPS er bare eit hjelpemiddel i tillegg til vanlige papirkart og kompass. Pairkartet er spesielt mykje betre når du skal planlegge lengre ruter og få oversikt. Til tider er det et krevande område å navigere gjennom, spesielt i dårleg vær. På finnmarksvidda er det lett å bli "lurt" av terrenget, det er få sikre holdepunkt sidan det er ganske flatt. Kautokeino-Kilpisjarvi: Det er få hytter. På norsk side er desse låst, sjekk www.statskog.no På Finsk side er det fleire hytter. Desse er todelt: den eine er låst, den andre er open for alle. Veldig sparsomt utstyr, men det skal vera ved og madrasser. Det er fleire reingjerder på ruta, dei fleste av desse er ikkje vanskelige å krysse. Langs deler av grensa mellom Finland og Norge, er det eit ganske høgt gjerde.
  14. Thuraya fungerer brukbart i Sør-Norge, har ikkje testa i nord. Det nyttes geosynkroniserte satelittar og det kan samanliknas med vanlige TV-satelittar (geostasjonære). I djupe dalar eller andre stadar med avgrensa sikt til horisonten, kan det vera vanskeleg å få kontakt. Siden satelitten står (nesten) heilt i ro, så er den alltid på samme punkt. Det er difor nokonlunde enkelt å sjå på eit kart t.d. kor det er dekning heilt lokalt. Ofte er det nok å flytte litt på seg. Om du imidlertid er midt i Jotunheimen med 2000meter topper på alle kanter, er det mindre sjanse for å komme gjennom. Her i Bergen by må ein t.d. gjerne flytte litt på seg for å få kontakt, då eit av de 7 fjell til tider blokkerer litt. Håper det var oppklarande. Thuraya har ikkje dekning på Svalbard. Med tid og stunder kan det hende det kjem ein satelitt som også dekker Amerika (og deler av Grønland også), men det er fram i tid. Thurya har små og fine telefonar med ein liten, ekstra antenne som skyves opp ved bruk. Fleste modellar har fargeskjerm og god samtalekvalitet. I forhold til Globalstar eller Iridium, så er dette meir ein "vanleg" mobiltelefon å rekne, ikkje ein stor koloss. Thuraya kan sende og motta SMS på heilt vanleg måte (roaming med Telenor og Netcom). Ved mykje bruk er det eit prisgunstig ECO ordning, rundt 2.30kr pr minutt frå veldig mange land, deriblandt Norge. På Everest og K2 er det nesten bare Thuraya som brukes til håndholdt satelitt-kommunikasjon, men her er også vinkelen litt meir gunstig (rundt 35-40 grader, mot rundt 10-20 grader i Sør-Norge) Thuraya har innebygd GPS, det er mogleg å sette opp ein slik tracker tjeneste, der du på menyen velger å sende ein ny oppdatert posisjon. Omtrent likt som på SPOT, kan posisjonen vises på eit kart, som kan delast til venner og kjente. Tjenesten baserer seg på SMS, så du må betale for kvar oppdatering. Det er også meir "knot", så det konkurrerer ikkje akkurat ut SPOT.
  15. Det beste hadde sjølvsagt vore å ha fri redning på heile Svalbard, som elles i Norge. Men no er Svalbard litt spesiell med tanke på svalbardtraktaten mv, og det er vel i den samanhengen at det har blitt slik det er no. Når det først er ei påtvungen SAR-forsikring/garanti, så har eg forståing for at dette skal dekke alle tilfeller, slik at staten ikkje sit igjen med rekninga eller at privatpersonar pådrar seg stor gjeld pga dårlige forsikringsdekning. Det er eit utal forskjellige forsikringsordningar, om det er gjennom eit vanleg forsikringsselskap som Gjensidige eller forsikring knytta til ulike organisasjonar (f.eks. Alpeklubb). Så lenge du får forsikringsselskapet til å signere papira frå Sysselmannen, så gjeld den. Dvs at gjerne denne "alpeforsikringen" kan i ein del tilfelle gjelde på Svalbard har eg forstått (ikkje alle), men at SPOT forsikringen er såpass avgrensa at den ikkje oppfyll krava. Forøvrig så trengs det ikkje forsikring om ein i gruppa bur på Svalbard, då er det kun meldeplikt. Det er SPOT sjølv som har bestemt seg for å satse på ein forsikring med strenge vilkår (GEOS Alliance). For min del ser den meir ut til å vera ein ekstra forsikring i tillegg til ein vanleg (SAR eller reiseforsikring), kan nesten ikkje sjå kor i verda den faktisk er særleg nyttig i seg sjølv? Einaste eg kan tenke meg er land med dårleg redningstjeneste, der ein då kanskje kan få ekstra ressurser utanfrå. For stort sett praktiseres enten meir eller mindre fri redning, eller så må ein ha ein meir dekkande forsikring/garanti (eksempelvis Grønland og Svalbard). Det ville jo ha vore veldig interssant å fått sett kva slags utbetalingar GEOS Alliance faktisk har hatt det siste året Når det gjeld vurdering og godkjenning, så er det litt avgrensa kva Sysselmanen skal kontrollere. Hovudsaka er å sjekke om det er ein komersiell tur (med turleiar) eller ein privat tur, då det er ulike reglar. Deretter om turen går i spesielt restriktive område, og om ein evt har ein god grunn for å dra dit. Kompetanse eller utstyr blir ikkje vurdert, sjølv om nok mange er av den oppfattning. Eg veit fleire aktørar på Svalbard som meiner Sysselmanen bør kontrollere også dette. Forsikringsbeløpet er slik eg forstår det avhengig av estimerte utgifter for SAR i det aktuelle området, stort sett standardiserte summer (typisk 50.000-150.000). For Grønland er det betrakteleg høgare summar det må garanterast for, gjerne eit par mill DKK - noko som også fører til høgare forsikringspremie.
  16. Ragnar

    Arc'teryx Alpha

    Eg har 2003/2004 modelen av Alpha SV. Den har vore god heilt til no og eg er nøgd, sjølv om den er blitt litt slitt etter omlag 5 års bruk. Den er som mange andre jakker på markedet veldig formsydd, så viktig at den "passer". Dei nye modellane har ein noko meir kraftig frontglidelås, det er ein fordel, då min glidelås er litt utsatt under ising. Sjølve stoffet jakken er laga av er veldig slitesterkt, men vekta er likevel ganske låg. Det overrasker meg ikkje at UTE i Trondheim anbefaler denne jakken sterkt, dei plar ikkje gjera det utan grunn. Dette med Norrøna heng nok saman med varierande kvalitet dei siste åra. Dette gjeld også Bergans, som har hatt spesielt mykje reklamasjon på fleire av jakke-seriane. Sidan UTE ein nisje butikk, få dei bestille inn varer som dei vil frå dei aller fleste leverandørar til ein ok pris, noko som er svært uvanleg. Andre kjeder "må" ofte satse på bestemte produkt/produsentar. Men ein skal kanskje vera litt forsiktig med å avskrive Norrøna, eg har sjølv gode erfaringar også med produkt derfrå (+Bergans).
  17. PLB og SPOT er svært ulike, sjølv om kanskje virkemåten synes å vera nokonlunde samanfallande. PLB har svært strenge spesifikasjonar, alt for å skape eit så trygt nødsystem som mogleg. Dette inkluderer blandt anna levetid på batteri, IP klasse, ytelse under låg/høg temperatur mm. F.eks. må du skifte batteri ca kvart 7.år hjå autorisert verkstad! Eit anna krav er kor lenge den skal kunne sende nødsignal, dette er vel minst 24 timar. På denne måten oppretthaldes det ein god teknisk kvalitet og du vil nok aldri oppleve at den sviktar. Nødsignal sendes på 406Mhz kontinuerleg i tillegg til eit svakare sporingssignal på 121.5Mhz. Copas/Sarsat har totalt 4stk satalittar i polarbanar som plukkar opp nødsignal, i tillegg til 4 geostasjonære satelittar. Det gjer dekning absolutt alle stader på jorda. Varslingstid er i praksis alt frå nokre få minutt til eit par timar. Typisk 30 minutt til ein norsk sentral får beskjeden og har fått satt igang aksjon har eg høyrt (?). Eit signal på 406Mhz treng ikkje heilt fri sikt til satelitten, enkelte mindre hindringar kan den nok trenge gjennom. Likevel er det jo å anbefala å ha fri sikt mot himmelen. Sjølve posisjoneringa skjer enten ved hjelp av ein innbygd GPS eller ved å utnytte doppler skift for mottatt signal frå polarbanse satelittane. Om den ikkje har GPS, blir posisjonen angitt med ca 5km (?) avvik, så brukes sporingssignalet for eksakt posisjonsbestemmelse. Dette kan nok ta noko lengre tid enn om ein fekk posisjonen eksakt frå GPS, så innebygd GPS er anbefalt, sjølv om dette koster ekstra. Ein annan ting er at ein i Norge må ein typegodkjent PLB for norsk bruk og også betale for lisens. I mange andre land er dette unødvendig og lisensen gratis. Utanlanske PLB'er kan likevel bli nytta i Norge. Når det gjeld SPOT, så er det basert på satelitt-telefon nettverket til Globalstar. Det er i praksis ein modifisert utgåve av ein satelitt telefon, som er programert til å sende tekstmeldingar automatisk, eller ved manuell aktivering. I tillegg er det ein innebygd GPS. SPOT er nok også kraftig bygd og utvikla med strenge krav, men her er det ingen garanti med tanke på batteri t.d., så dette må brukaren passe på sjølv. Likt PLB så mottar den ingen ting, ein kan heller ikkje sjå om meldingen kom gjennom. Det brukes ein heilt anna radioteknikk/filosofi, frekvensen er også høgare (L-band, rundt 1600Mhz). Med svært følsomme mottakarar og antennar i satelittane, avansert CDMA koding og feilretting, så trengs det ikkje så stor effekt for at meldinga skal nå fram. Det er også slik at alle meldingar blir sendt fleire gonger, nødsignal blir sendt fortløpande. Det er såleis stor sjanse for at i alle fall nokre av meldingane når fram, om enn ikkje absolutt alle. Det er heilt nødvendig med fri sikt til satelitten (for tida rundt 48 aktive for SPOT, rundt 20 for tovegs satelitt-telefon), sjølv små hindringar kan blokkere signalet. Samanlikna med å ringe med ein globalstar satelitt-telefon, har SPOT mykje større sjanse for å få gjennom meldingen. Dette fordi ein tekstmelding er ein liten datamengde, i tillegg til at satelitt-telfonen først må logge seg på systemet og bruke tovegs kommunikasjon, dette krev god kvalitet på sambandet. Downlinken på Globalstar har også ein høgare frekvens, 2.5Ghz, dette skaper også nokre skilnader. I tillegg kjem dette med at mange av satelittane for tida ikkje lengerer fungerer med tovegs kommunikasjon, men fungerer bra for kun mottak. Ulempen med heile Globalstar-systemet er at det er nødvendig med ein bakkestasjon i området der du er, då satelittane opererer etter "bent pipe" prinsippet, det fungerer som eit spegl. T.d. så manglar det mange slike på å få global dekning, slik som i stillehavet, store deler av afrika, ein del av asia og Grønland. Viktig å sjekke dekningskartet. Satelittane vil også stå lågare på horisonten på våre breddegrader grunna banen dei er satt i, og det er ikkje dekning ved polane. Eit stort pluss er at du kan sende ut desse "OK", og "hjelp/assistanse" meldingane, forutan reine nødmeldingar. Det er fint å varsle at ein ikkje er i nød, men det kan bli problematisk om det av ein eller anna grunn skulle slutte å fungere. Har sjølv opplevd at nokre meldingar ikkje kom gjennom (på globalstar satelitt-telefon vel og merke), og at det av den grunn var nokon som vart litt bekymra sidan det elles hadde vore jamnlege meldingar. For mange vil det nok vera godt nok med ein SPOT sendar, spesielt sidan ein PLB er såpass mykje dyrare. Den beste kombinasjonen er nok likevel ein PLB og ein satelitt-telefon (stort sett Iridium). Det er dette som er vanleg på dei aller fleste ekspedisjonar, om det er til høge fjell rundt om i verda, Sydpolen, Nordpolen, Grønland eller Svalbard. Då er ein ganske godt gradert, ein kan ringe om situasjonen tillet dette, evt løyse ut nødpeilesendaren først sidan dette er langt enklare og raskare i pressa situasjonar. Det er også to forskjellige system og "bokser", og det skal noko til å miste begge eller at begge feiler. Eg ser likevel ikkje heilt vekk frå at nokon kanskje bytter ut PLB'en med SPOT, i tillegg til ein satelitt-telefon i område med god SPOT dekning. Det er jo også stader der PLB er påbudt, så der skjer det nok ikkje (t.d. Grønland og i mange tilfeller Svalbard) Det kan nok vera litt kjipt å måtte sende ut ein nødmelding for mindre komplikasjonar. På svalbard har eg sett at det ofte hentes inn personar som har fått "helseproblem"/mindre skader, utan at ein då treng å sette i gang ein stor redningsaksjon. Dette fordi mange har med seg IRidium i tillegg til PLB. Når ein PLB/SPOT sender nødsignal, så er det jo vanskeleg å gjette seg til kor alvorleg situasjonen er, og ein må nesten difor gå ut frå verste scenario. Spot hadde vore adskillig betre om det var mogleg å skrive ein liten beskjed i tillegg til nødvarselet. Reint teknisk er det nok ingen hindring, då det burde vera minst 120 "ledige" teikn i kvar sendte melding når det er blitt lagt til posisjon og eit ID nummer. Og om ein også kunne ha mottatt meldingar/bekreftelse, så ville det kunne erstatte ein satelitt-telefon for mange (rimelegare) Eit eksempel med PLB på Svalbard i 2004: Ei gruppe på snøscooter kom ut av kurst i dårleg vêr og kjørte utfor ein isformasjon på ein bre. Eit par av scooterane vart øydelagt og ein fekk oksla ut av ledd. Det var lite anna å gjera enn å løyse ut nødpeilesendaren, satelitt-telefon var ikkje med. Ut frå posisjonen frykta ein då ei alvorleg ulykke, med tanke på at meldinga kom frå eit kjent sprekkeområde. Det vart straks rykka ut med helikopter, men pga dårleg vêr var det uråd å lande/sjå noko som helst. Dei neste to dagane var helikopteret stadig i lufta for å utnytte eventuelle opplett i vêret. Snøscootarar og beltevogner/tråkkemaskinar vart så nytta for å prøve å ta seg inn på bakken, utan at det var mogleg dei første dagane. Det vart også flydd opp eit ambulansefly frå Tromsø med spesialutstyr i tilfelle svært nedkjøla personar. Til slutt var det vel ein patrulje der ein gjekk på ski framfor nokre scootere som klarte å ta seg fram, og fekk frakta følget ned. No veit eg ikkje heilt kva som hadde blitt gjort om redningssentralen fekk melding om kva som hadde skjedd over Iridium, men reknar med det hadde vore ein mindre aksjon, der ein venta til vêret vart noko betre. Men det viktigaste var jo forsåvidt å få varsla, det ville jo vore enda verre om ein skulle leite i eit stort område som var alternativet om ein ikkje hadde løyst ut PLB'en.
  18. Har sett eit slikt apparat for bruk av gass i kulde ein gong. Prinsippet var at gassbrennaren stod oppi ein nesten lukka boks og at ein del av varmen frå flammen gjekk ned dit for å halde boksen temperert. På den måten vart det effekt nok til koking sjølv i 20-25 kuldegrader. Sidan systemet var veldig lukka, vart det ikkje akkurat noko særleg varme som slapp ut, sjølv når det ikkje var noko gryte eller kjele satt på (?). Ei heller var det særleg brukbart om ein skulle prøve å tørke noko over gassprimusen. Effekten på ein vanleg bensinprimus var i alle fall veldig mykje større i forhold til akkurat denne innrettninga. Når vekta er omlag lik (pga den ekstra kassen) og maks effekt ikkje på høgde med ein bensinprimus (f.eks. til teltoppvarming/klestørk), så ser eg ikkje heilt den store fordelen for bruk vinterstid.
  19. Det går lite busser over Hardangervidda så langt eg kjenner til. Fram til 14.september går det ei morgonrute Odda-Geilo Det er ei lokalrute som går opp til Fossli eller Maurset, vest på Hardangervidda. Denne kan du nå med buss frå Stavanger: 0745-0920 Kystbussen Stavanger-Aksdal 0935-1210 Haukeliekspresen Aksdal-Odda 1230-1425 Lokalbuss 991 Odda-Fossli Eller 1410-1640 Lokalbuss 991 Odda-Maurset Rutetidene henta frå nor-way.no og ruteheftet: http://skyss.no/upload/Ruter/Ruter%2016_08/991_Geilo_Odda_Eidfjord_.pdf Frå Fossli er det merka sti både nordover og sørover på Hardangervidda
  20. Så vidt eg veit er Din Sport AS i Førde importør: http://www.din-sport.no/
  21. SPOT er omtala fleire gonger her på forumet: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=13544&highlight=spot https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=13544&highlight=spot https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=12566&highlight=spot Merk at dekningsområdet ikkje er globalt, det er nok heller ikkje så påliteleg som ein nødpeilesendar
  22. SPOT er ikkje godkjent som "nødpeilesendar" korkje av DPC eller forsikringsselskapet slik eg forstår det, kun PLB/EPIRB med eigen radiolisens frå Tele Greenland blir akseptert (samme for Svalbard, men der har også eldre nødpeilesystem vore sidestillt fram til no). Forøvrig testa vi med Globalstar satelitt-telefon på Grønland i 2007. Dekningen for denne og for SPOT er ikkje heilt identisk, betre med SPOT på grunn av fleire aktive satelittar med L-band kontra med både L-band og S-band som er nødvendig for tovegs kommunikasjon, i tillegg til nokre andre tekniske forskjellar (antenne, effekt og feiltoleranse). Det var ingen kontakt i det heile, ingen dekningsindikasjon eller nokon som skulle tilsei at telefonen mottok signaler så lenge vi prøvde. Og vi prøvde ganske mange dager på rad, fleire gonger pr dag og ulike tidspunkt (ca 8-10 dagar). Problemet er nok først og fremst mangelen på dekkande bakkestasjon, kombinert med låg vinkel når det faktisk er bakkestasjonkontakt (Frankrike eller USA), men dette burde ikkje ha vore eit så veldig stort tema der vi var mned god sikt i alle rettningar. Vinkelen til satelitten er imidlertid ikkje noko lågare enn på Svalbard, og der har det jo vist seg at den fungerer nokre stadar ifølge postingar her på forumet. Teoretisk sett kan du ha deking frå 0-15 minutt pr time med Globalstar telefon i Tasiilaq på austkysten pr idag. ifølge Globalstar sjølv. Truleg noko meir med SPOT, men det ønsker ikkje Globalstar å gje ut informasjon om... Treff du då på nokre av dekningsvindua, så går nok meldingane til ein viss grad gjennom. I og med at ein slepp å logge seg på nettverket, samt unngår ulempen med den høge frekvensen på S-band nedlinken, så har ein SPOT mykje bedre utgangspunkt for å få sendt ein melding kontra ein ordinær satelitt-telefon. Er imidlertid litt skeptisk med tanke på den dårlege erfaringa vi hadde med vanleg Globalstar, sjølv om Globalstar etter dette truleg har omrokkert- og satt i drift fleire reservesatelittar som har betra dekninga sidan vi var der. På findmespot.com har Globalstar definert heile området Tasiilaq-Kangerlussuaq med 96-99% suksessrate innanfor 20 minutt, så det er jo bare å klage til Globalstar om det ikkje fungerer. Det skader sikkert ikkje å ha den med heller, foruten den ekstra vekta. På ein vanleg aust-vest kryssing på Grønland, så har både Iridium og Inmarsat nesten kontinuerleg dekning heile veien, men mest vanleg med Iridium. Det siste tida har eg fått inntrykk av at det på uplink med Iridium frå Grønland har vore noko meir forstyrringar enn "vanleg", utan at det igrunnen er noko stort problem. Skal eg tippe skyldes dette atmosfæriske forhold, og dette kan nok i visse tilfelle også ramme SPOT, då det er nærliggande frekvensar.
  23. Om du ikkje har søkt så mykje her på forumet, så sjekk ut vårt temaforum om "Stedsnavn": https://www.fjellforum.no/index.php?nope=81 Skulle tru det er litt å ta tak i blandt desse emna
  24. "Norwegian Expedition Across Greenland 1984": http://www.ig.uit.no/~kaarek/Gr/01.html Svært artig fortalt om ekspedisjon over Grønland i 1984. Mykje av informasjonen er like aktuelt idag. Imponerande å navigere rett på radarstasjonen DYE3 med sekstant,høgdemåler og kompass: "For longitude measurements we used the altitude meter in combination with the map. For latitude measurements we used a sextant - a quite primitive use of such an instrument. For me, who was responsible for the navigation, it was clear that my measurements were associated with large errors. " Ikkje like vanskeleg med GPS... Når du les på kvar del, hugs å trykke "continue" for meir innhald (går litt dårlig fram)
  25. Det kan nok tenkast at forumet forvekslar med andre bilde. Trur det er noko slikt som 140 bilde med namn "03.jpg". Likevel skjedde ikkje dette med meg når eg prøvde å laste opp bildene på ny - så det skjer truleg bare under visse omstende. Indeksbildene er retta til korrekt versjon, men no vart rekkefølgen brutt, skal sjå om eg ikkje får retta opp i dette. Mvh, Ragnar Fjellforum
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.