-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Melkesjokolade er for meg obligatorisk på dei fleste turar. For ikkje så lenge sidan innførte Freia nye plastpakkningar på dei fleste produkta. Dette skulle gje betre kvalitet, men det har bare blitt problemer for min del: Lite tett innpakking Liminga i endane går opp etter kort tid i "tursekken" og fører til at den blir mindre vanntett. Noko av poenget med plastikkinnpakkinga fell nesten vekk av denne grunn synes vi. Det var bedre med den gamle pakkninga, sjølvom denne var av papir. Oppbevaring/nedkjøling På tur er det ofte nødvendig å kjøle ned sjokoladen i vann. Sidan eg trudde at pakkninga nå var heilt tett/nesten tett, blei den i sommar lagt i bekken. Dette fungerte faktisk med den gamle papirinnpakkninga, mens nå med den "vanntette, atmosfæriske" pakkninga blei den fyllt med vatn. Sjokoladen blei vassen og lite appetitteleg, nesten uspiseleg. I den gamle pakkninga holdt "sølvpapiret" sjokoladen inntakt og sjokoladen blei kun litt "kvit". Den tidlegare pakken hadde "sølvfolie" som reflekterte mykje varme. I plastikken smelter den nå ganske fort i sommarvarmen, noko som førar til at sjokoladebitane blir "klint" fast i plastikken og sjølv etter nedkjøling er den vanskeleg å få i seg. Den nye emalasjen er også ganke stygg i forhold til den gamle. Gulfargen er direkte stygg Vi ønsker den gamle pakkninga tilbake. GI OSS DEN GAMLE SJOKOLADEN TILBAKE!
-
I følge aftenbladet var 10 dansker var på padletur inn Lysefjorden, i Rogaland, denne helga. Planen var visst å padle kanoer inn heile den godt 3 mil lange fjorden. Bølger og vindkast opptil kuling i styrke, førte til at 4 av dei 5 kanoane blei fyllt med vatn og velta ganske samtidig ved Bratteli, like innanfor Preikestolen. Dei 2 andre berga seg i land. Langs fjorden bur det svært få folk, men akkurat denne dagen var ein kar frå kommunen på oppdrag like ved Bratteli. Han varsla hovedredningssentralen, men for han var det umogleg å koma seg ned til fjorden. Etter 25 minutter kom helikopteret og ein båt. Alle blei redda etter ca tre kvarter i det kalde vatnet, men det kunne fort endt veldig tragisk. Les artikkelen på aftenbladet.no Edit: Oppdatert link
-
I helga var eg oppe på Innerdalstårnet. Det var fryktelig glatt pga at heile tårnet nærmast er nedisa. Oppå dette låg det eit tynt lag med snø, og det var 3 punkt på vegen opp som krevde skikkelig klyving. På tilbakevegen blei tauet tatt i bruk på 2 steder. Ein i turfølget kunne fortelja at han hadde vore med på ein tur til Innerdalstårnet med ein hund. Denne var ganske "fjellvant" og kom seg lett opp (Måtte bærast over eit lite parti). Tatt i betraktning forholda nå, så trur eg ikkje at det er så lurt å ta med seg hund, men om sommaren burde det ikkje vera noko problem... Det var veldig fint i Innerdalen nå, så ein tur i oktober blir sikkert også fin. Men eg ville nok ha tatt med eit tau viss Innerdalstårnet er målet. Isbrodder hadde også kanskje vore fint å hatt Bilder finn du her
-
Det blei ein fin tur til Innerdalen i helga. Været på søndagen var fantastisk, og utsikten frå toppane likeså Har laga ein artikkel om det på breogfjellsport.no, så eg gidde ikkje å skriva så veldig mykje meir enn det. Kan jo nemna at det er litt seint på året for å ta seg ein tur dit. Særleg Innerdalstårnet var glatt, sidan det var is og snø nesten overalt. Må bare få anbefala Trollatraversen for alle Tindebestigere. Denne ryggen såg ganske heftig ut (klatretravers): Edit: Fiksa bildelink
-
Det blei ein kjempetur til Svellnosbreen. Me starta fredagskvelden Klokka halv ti frå Spiterstulen. Oppe på ryggen mot opp mot breen, kom tåka sigande. Det blei difor litt av ein sluttspurt for å koma til topps før tåka, men det viste seg å vera unødvendig; Tåka la seg rett under oss. Oppe på flata nedfor breen fann me ein akkurat stor nok flekk til teltet. Ein liten bekk sildra også frå eit snøfelt oppe i den eine fjellsida, så me slapp å måtte drikke brevatn. Det er sjeldan eg har sett himmelen meir klår enn denne haustnatta. Det var også ganske så tøft å sjå månen stiga opp over breen og skapa mystisk og trollsk steming. Det lova bra for morgondagen. Natta blei ganske kald, med iallefall 2-3 minusgrader. I min sommarpose blei det litt kjølig, men ikkje verre enn at eg sov ganske godt heile natta :)Morgonen var kjempefin. Sola var for lengt oppe og varma då me stod opp. Ein fin frokost blei tilbrakt ute med flott utsyn både over breen, dalen og fjella Eventyrisen Så var alt klart for brefallet. Med masse ekstra utstyr, stegjern, isøks og hjelm gjekk turen innover i brefallet. Mektige rygger blei passert og djupe sprekker blei beundra. Sola gjorde at det blinka i isen og lyden av stegjerna som hogg seg inn i blåisen, var som musikk i øyra. Denne dagen måtte bare nytast! I fleire timar gjekk me bare rundt i dette eventyrlandskapet og verkeleg storkoste oss. Matpause blei det også "tid til", med sol og ikkje minst mektige istårn rundt oss. Fleire andre taulag var også på breen, og alle såg ut til å storkosa seg. Svellnosbrehesten Etter å ha utforska nedre deler av fleire sprekker, bar det mot dei øvre delane av brefallet. Her var det meir snø, men snøbruene over sprekkene var absolutt ikkje å stola på. Etter masse sikk-sakk, tvilsomme snøbruer og lange hopp, var me på toppen av brefallet. Då me først hadde kome så langt, frista det veldig å ta ein tur opp til Svellnosbrehesten. Problemet var bare at det gjekk mot kveld, klokka var allerede 6. Sjølvom det var litt usikkert om me nådde heilt ned før det blei mørkt, satte me kursen for toppen. Undervegs var det mange sprekker med lumpske snøbruer. 2 gonger var ein av oss på veg ned i sprekker med begge føtene. Heldigvis stoppa både tauet og friksjonen i snøen begge "nestenfalla". Men det er vedt å merka seg at det er svært mange sprekker her, stort sett med 3-5 meters mellomrom. Ikkje alle er like synlege, men det gjer dei ikkje mindre farlige. Begge sprekkene me "var på veg ned i" var ikkje synlege på overflata... Opp mot toppen var det svært glatt. Det låg ca 5cm snø i ura opp til toppen. Så var toppen der med flott skue utover breen. Sola hadde allereie takka for seg, og det bar mot natt. Langt over oss kunne me skimta folk på veg ned frå Galdhøpiggen.Turen nedover gjekk ganske raskt, særleg sidan me hadde våre eigne spor å gå etter. Ved å halda heilt inntil den nordre sida av Solskinnstoppen, var det betrakteleg mindre sprekker. Frå toppen tok det faktisk ikkje meir enn ein og ein halv time heilt ned til teltet. Eit par bilder av sprekker på flata opp mot Svellnosbrehesten: Sprekker på breen Skjult sprekk
- 1 svar
-
- brevandring
- jotunheimen
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Har ikkje vore i Innerdalen, men har tilfeldigvis klatreføreren her (Skal sansynlegvis prøve å klatre opp tårnet neste helg) I føreren, som er utgitt av NTK (Norsk Tindeklub), er normalveien opp til Store Innerdalstårnet gradert til 2: "Fra Giklingdalsvatnet nordøstre hjørne går det tydelig sti opp dalsida. De Første hamrene man kommer til ligger mellom to gjel, og toppen av disse gamrene kalles Hoppet. Videre oppover ser man to renner med en rygg i mellom. Stien går opp den søndre av det to rennene til toppen av Skjæret, et framspring like nedenfor det punktet der rennene møtes igjen. Fra Skjæret er det kort vei opp til Tårnskar hvor moroa begynner. Herfra følger man et naturlig drag oppover mot toppen. Enkelte små varder viser veien. Fra Tårnskar og opp til toppen er det litt utsatt noen steder. Et lite svaparti kan være ubehagelig uten sikring, særlig hvis det er vått. Ca 3 timer fra Innerdalshytta til Toppen" (rute 33 Normalveien, Klatrefører for Innerdalen, utgitt av NTK 2001) For å få tak i føreren, gå til ntk sin nettbutikk på ntk.no
-
Molladalen er ein konge plass Både i fint og stygt vær var det ein opplevelse å vera der synes nå iallefall eg. Var der altså i midten av juli, og hadde både veldig solfylte dager og dager med regn/hagl. At det er skiftande der er ikkje særleg overraskande, det ligg tross alt på vestlandet. Du har heilt rett i at det er mykje lausmasse, men det går fint viss du er litt forsiktig. Kanskje ikkje det klatremessig "finaste" området nettopp pga dette, men tatt i betraktning alle dei tøffe toppane, og ikkje minst utsikten, så er meiner eg det er veldig bra. For å "bare klatre" så er nok heilt sikker Nissedal greiare
-
Har tenkt å ta ei helg på blåis og vurderer derfor å reise til Svellnosbreen/Eventyrbreen i Jotunheimen. Skulle gjerne ha hatt litt meir informasjon om breen, og særleg korleis forholda er iår. Er det mulig å campe ganske nære breen, eller må det bli nede i dalen ved Spiterstulen? Tviler egentleg på at det blir tid til å gå toppturen, men viss sjansen skulle by seg, så er vel kanskje Svellnosbrehesten aktuell. Er det vanskeleg å gå opp frå breen?
-
Tenkte eg måtte skriva litt om turen over Folgefonna (15-17.juni 2003) Planen var å gå Folgefonna på langs frå Reidsete til Vintertun, men pga at eg var ganske dårlig dagen før avreise, blei det til at me kutta lit på turen og gjekk direkte opp til Holmaskjær th frå Odda. Snøen låg på ca 1300 moh, men den var ingen problem å gå til fots heilt opp til hytta. Oppe på breen var det ganske skiftande vær; Det veksla mellom skyfritt og tett tåke! Dagen etter var været ganske bra og utsikta flott. Me satte kursen for høgste breakulen (1662) og det var ikkje så veldig langt bort dit. Deretter var det ganske flatt heilt til nedkjøringa på Sauabreen. I luftlinje trur eg det var omtrent 2 mil. Me såg ingen andre oppe på breflata, men spor tyda på at det var folk som hadde gått frå Buer og over til Fonnabu ganske nyleg. Det var klare antydningar til sprekker rett over "knekken" i Sauabreen. Difor rant me nedover med "fullt breutstyr", men om dette verkeleg var nødvendig er eg ikkje heilt sikker på. Har fått inntrykk av at folk ikkje bruker breutstyr her tidlegare på våren. Det var iallefall "sprekker" i snøen som var ca 20 cm breie og antydning til "søkk", men om det er ei djup sprekk under er eg litt i tvil om. Kanskje nokon som har peiling? (Det var ikkje mogleg å sjå ned i snøsprekkene) Iallefall var det ingen antydninga til sprekker nedover i sjølve bakken. Me holdt oss i nordre del av "det slake partiet", sidan det var minst antydning til sprekker på toppen på denne sida. Nede på breflata fann me ut at breen er ganske dårlig inntegna på kartet. Uansett så var det best å holde mot høgre nedover. Etter å ha speida litt etter hytta, fekk me omsider auge på den også. Avgangen såg veldig fin ut på oversida av vatnet, men sidan det er kortare å gå av på nedsida, gjekk vi her. Her var det store og tydelige randsprekker, men ved å gå på kanten ned mot vatnet unngjekk me dei fleste. Området rundt sauabrehytta var utruleg villt. Ein verkeleg fabelaktig plass! Etter overnatting på Sauabrehytta, gjekk turen på ski nedover mot Vintertun. Me tok sikte på kommunegrensa, men det var ein nokså kronglete veg nedover på slutten, særlig når det var dårlig med tid til bussen skulle gå Alt i alt ein fin tur, utanom at me blei ganske solbrente på breen. Det må ha vore sterk stråling!
-
Tenkte eg måtte skriva litt om turen over Folgefonna (15-17.juni 2003) Planen var å gå Folgefonna på langs, men pga at eg var ganske dårlig dagen før avreise, blei det til at me gjekk direkte opp til Holmaskjær th frå Odda. Snøen låg på ca 1300 moh, men den var ingen problem å gå til fots heilt opp til hytta. Oppe på breen var det ganske skiftande vær; Det veksla mellom skyfritt og tett tåke! Dagen etter var været ganske bra og utsikta flott. Me satte kursen for høgste breakulen (1662) og det var ikkje så veldig langt bort dit. Deretter var det ganske flatt heilt til nedkjøringa på Sauabreen. I luftlinje trur eg det var omtrent 2 mil. Me såg ingen andre oppe på breflata, men spor tyda på at det var folk som hadde gått frå Buer og over til Fonnabu. Det var klare antydningar til sprekker rett over "knekken" i Sauabreen. Difor rant me nedover med "fullt" breutstyr, men om dette verkeleg var nødvendig er eg ikkje heilt sikker på. Har fått inntrykk av at folk ikkje bruker breutstyr her tidlegare på våren. Det var iallefall "sprekker" i snøen som var ca 20 cm breie, men om det er ei djup sprekk under er eg litt i tvil om. Kanskje nokon som har peiling? (Det var ikkje mogleg å sjå ned i snøsprekkene) Iallefall var det ingen antydninga til sprekker i sjølve bakken nedover. Me holdt oss i nordre del av "det slake partiet", sidan det var minst antydning til sprekker på toppen på denne sida. Nede på breflata fann me ut at breen er ganske dårlig inntegna på kartet. Uansett så var det best å holde mot høgre nedover. Etter å ha speida litt etter hytta, fekk me omsider auge på den også. Avgangen såg veldig fin ut på oversida av vatnet, men sidan det er kortare å gå av på nedsida, gjekk vi her. Her var det store og tydelige randsprekker, men ved å gå på kanten ned mot vatnet unngjekk me dei fleste. Området rundt sauabrehytta var utruleg villt. Ein verkeleg fabelaktig plass! Etter overnatting på hytta, gjekk turen på ski nedover mot Vintertun. Me tok sikte på kommunegrensa, men det var ein nokså kronglete veg nedover på slutten, særlig når det var dårlig med tid til bussen skulle gå Alt i alt ein fin tur, utanom at me blei ganske solbrente på breen. Det må ha vore sterk stråling!
-
Tenker på å heller gå heile fonna på langs. Vil isåfall starte på Reidsete på Odda sida og gå til Holmaskjær første dagen(Det blir ein lang dag...). Oppgangen på nordfonna ser vel grei ut, iallefall på kartet. Avgangen likeså. Ruta går vel så ned til ca 980 og passerer eit vatn (midtre kvitnadalsvatnet), før det bærer opp igjen på Sørfonna. Her kan det vel vera lite med snø tenker eg, men vil det vera andre problem her? Vidare over fonna og av breen ved Saueknuten, for å så overnatta på Sauabrehytta til HOT. Skulle gjerne ha hatt informasjon om denne avgangen frå breen Viss været ikkje blir så bra, er det mogleg me kortar ned turen ved å gå opp til Holmaskjær direkte frå Tokheim ved Odda. Er det for opptimistisk å gå denne turen så seint på året, eller er dette ein tur som lar seg gjennomføra?
-
Nokon som veit korleis snøforholda er på folgefonna? Har planar om å gå frå Buar til Fonnabu og derretter til Holmaskjær, i midten av juni. Kva slags inngang på breen vil vera best på denne tida av året? Om Nordbakknuten, Reinnuten/svartenut eller vest for Langgrønuten? Lurer også på kor lang tid det vanlegvis tar frå Buer til Fonnabu Tenkte å gå ned av breen frå Holmaskjær til Tonheim(Odda) Er det nødvendig med isøks/stegjern på nokon av desse opp/nedgangane frå breen? Er også mottakeleg for andre turforslag på folgefonna!
-
Har ikkje vore på nokon av toppane du nemner, men har vel i likhet med deg VELDIG lyst til å gå på dei. Hadde lenge planar om å ta Skjorta, men det blei ikkje noko av det mens eg gjekk på Nordfjors fhs(altfor mange toppar til eit kort år). Det skal vera ein bratt og fin tur, og det skal vistnok også vera mogleg å gå den om vinteren under GODE snøforhold. Meiner å huske at det er mest vanleg å gå opp frå Kandal ved Breimsvatnet. Trur "ruta" følger ryggen oppover. Sikkert mulig å ta ryggen på andre sida også. Det er nok ein lang tur opp til toppen! Ellers så må eg få lov å anbefala Eggjenibba. Tøff topprygg som ser sinnsykt smal ut, men det er ingen problem så lenge det er snøfritt. Toppen Vora er eg veldig utsikker på. Ser ingen "geniale" vegar opp utifrå kartet, men det er sikkert bare å tråkle seg oppover. Uansett så er det ein kjempefin topp. Har sett den frå "alle" kanter omtrent, og den er imponerande
-
På ein fisketur her om dagen fekk vi 2 stk fisk som kunne minna om abbor, men er det eigentleg det? Håpar nokon har peiling
-
Har overnatta ei natt i denne nødbivuakken. Den liknar veldig på såkalla "emergency blancets" bare at det er ein pose, og det er det som er det geniale. Inne i "posen" blir lufta varma opp og du unngår vinden. Likevel var det VELDIG kaldt å overnatta i den. Har laga ein liten artikkel om det på breogfjellsport.no Stoffet er ikkje veldig sitesterkt, så det er mest for eingongsbruk
-
Har ikkje vore der i år, men tipper på at det skal gå greit. Det er mindre snø enn normalt i Ryfylkeheiane i år. Nedre delar av stien frå Øygardstølen er nok ganske snøfri, men eg tippar på at det ligg endel snø i dei øvre delande. På Kjeragplatået ligg det nok endel snø siden dette ligg på godt 1000meter. Men det burde ikkje vera noko problem viss då ikkje snøen er forferdelig råtten
-
Endring i planane. Blir ingen tur til Molladalen i i midten av juni. Reiser heller i midten av juli Då er nok mesteparten av snøen historie!
-
MSR Wisperlight har ein tendens til å brenne ustabilt på parafin, men fungerer bra på bensin Forøvrig så har eg svært dårlig erfaringar med Primus Himalaya Multifuel. Dette gjeld spesielt med parafin når det er kaldt. Det virker som om den ikkje holder på varmen og blir kald. Har hørt rykter om at dette er forbedra på 2002 utgaven
-
Er det nokon som har peiling på snøforholla i Molladalen i år? Tenker kanskje å dra opp i midten av juni. Det er mest aktult å gå opp på Mohns topp, Randers topp og bladet. Har lest at snøen ofte ligger lenge i Mohnsrenna. Er det noko problem?
-
Har tilbrakt ein del døgn i Svalbard 5, også på Svalbard. Det er eit bra telt, men det er eit par problem. 2001 utgava hadde ein tendens til å kile fast stengene når det var kaldt. I den nye modellen er dette utbedra. Det er også eit styr å stramme/slakke strikken i stengene. Vidare er det eit problem at plastikken "bretter" seg i motsatt ende av stangkanalen (når det er kaldt). Dette fører til at du uansett må rundt på andre sida for å fikse dette, og det tar tid. Det kan også bli litt kluss i krysset mellom stengene Til saman førte dette til at det tok lenger tid å sette opp Helsport Svalbard 5 teltet, enn Helsport Isfjell telta på Svalbard. Tid er viktig her, fordi det kan vera ganske så kaldt...Likevel var teltet bra, men til tider lurte me på om det overhode var testa i kaldt vèr. I påsken brukte me 2003 utgåva av teltet og det er ein del forbetringar. Dei som hadde det på svalbard veka i forvegen, hadde ikkje noko å utsetta på teltet (det var visst mellom 25 og 36 kuldegrader). Ankepunktet er nok at det er litt lågt innvendig, slik at det er litt lite plass for 4 personer som skal ut og inn. Ein eventuell 5 mann må ligge på tvers framføre (eller bak) alle dei andre. Har hørt om folk som har klart det, men det var visst ikkje å anbefala. Det er heilt klart eit 3-4 mannstelt (passe med 3 personar på langtur). I fotenden er det litt ekstra plass, og eg har ofte hatt packbag'er og sko der. Teltet står støtt som fjell og trenger eigentleg bare 2 plugger, og litt snø på stormattene, for å stå støtt. Fester du 2 barduner, står det godt i liten kuling. På Jostedalsbreen slo vi det opp midt på ei flate, uten levegg, i stiv kuling. Absolutt ingen problem. I snøfokk kan det samlast litt snø mellom den eine sidebuen og hovedbuen, men det er nok eit minimalt problem.
-
Du må iallefall ha tau på breen! Kjenner til taulag som har gått gjennom sprekker like ved ståleskaret (sommarstid). Ferdsel her på egenhånd kan altså vera litt skummelt. Det er jo også mindre snø på breen i år enn vanleg. (Har bare vore i Ståleskaret. For dårlig vær til å gå vidare opp til toppen)