Gå til innhold
  • Bli medlem

kjesso

Aktiv medlem
  • Innlegg

    148
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av kjesso

  1. I-endingane på Sognefjellet kjem sikkert frå Sogn. Men det er ingen grunn til at sogningar skulle ha gjeve namn til Besshøi. Eller elva Hindi ved Hindsæter. Eller Veolii. Eller Sandbusetri. Eller Blackwellbui. Eller Nautgardsoksli. Eller Arne Brimi. I Thommesen/Skogheim: Turguide Vågåvatnet-Gjende har Ivar Aars ein artikkel om stadnamn, "Namn mellom Vågåvatnet og Gjende". Han skriv mellom anna: "Dialektane i Lom og Vågå har skapt dei fleste namna i området vårt. Eitt særpreg ved talemålet er i-ending i sterke hokjønnsord, t.d. Besseggi (uttala med trong e, -eggé)." E
  2. Sikker kommentar: Aasen opererte med to ulike endingar i hokjønnsord, anten -a eller -i, alt etter om hokjønnsorda slutta på vokal eller ikkje. Han skreiv "ei sol - soli", men "ei vise - visa". Usikker kommentar: Lom-dialekten har e-ending, slik Vårdøl skriv over. Samsvarar dette med orda der Aasen hadde i? Dersom eg ikkje er heilt på villspor, kan det tenkjast at sidan Aasens nynorsk berre godtok to endingar (i og a), vart e-endinga i lokale ord skrive med i? E
  3. Tom, sidan du siterer Store Norske Leksikon, og sidan dette er eit tema som fengar deg sterkt, kan du kanskje vera interessert i kva som står i den nyaste utgåva? I trykt form er dei ferdige med band 8 (jag-konn), men dei av som kjøper denne utgåva får tilgang til heile verket på nettet. Og der står mellom anna dette om rasisme: rasisme, oppfatning eller sett av holdninger som bygger på forestillingen om at mennesket kan deles inn i distinkte “raser” og at disse kan rangeres som høyerestående eller laverestående på grunnlag av antatte sammenhenger mellom stiliserte biologiske og mentale eller kulturelle egenskaper. Innen moderne genetikk opererer man ikke med distinkte menneskeraser, men med glidende overganger mellom menneskegrupper; man har ikke kunnet påvise arvelige psykiske forskjeller mellom menneskegrupper. Merkeleg. Dei bruker hermeteikn rundt ordet "rase", og skriv at i moderne genetikk snakkar ein ikkje om distinkte menneskerasar. Desse må jo vera like langt ute på viddene som rasismeforskar Henrik Lunde, som (for nokre dagar sidan) vart avskilta av deg, fordi han definerte rasisme utan å bruka ordet rase. Vidare frå SNL: Man kan i utgangspunktet skille mellom 1) hverdagslige former for rasefordommer og rasediskriminerende holdninger, 2) ideologisk rasisme og 3) vitenskapelig rasisme. Selv om forholdet mellom holdninger og handlinger ikke alltid er like entydig, kan alle de tre nevnte formene være med på å begrunne ulike former for rasediskriminerende praksis eller politisk forfølgelse og utryddelse av hele folkegrupper. (1 )Rasediskriminering. Med rasediskriminering forstår man gjerne det å nekte individer eller grupper de samme muligheter og rettigheter som andre nyter godt av i et samfunn på grunnlag av biologiske eller etniske kjennetegn, trosbekjennelse, nasjonal opprinnelse eller andre egenskaper som kan gi opphav til raseforestillinger. (mi understreking). Du har heldigvis ikkje uttalt deg om etniske kjenneteikn som hudfarge, eller nemnt ordet religion, eller sortert innvandrarar etter kva land dei kjem frå, så her har du ditt på det tørre. Du har sjølvsagt heilt rett når du skriv at det du har uttrykt i denne debattråden er så fjernt frå rasisme som det er råd å koma. E
  4. hjelp meg, store debattmester! ikkje bruk slike vanskelege framandord, men forklar kvifor heller eg ikkje bør lytta til fagfolk! E
  5. ikkje skift tema, tom. eg gav deg ros for at du slo fast at ein ikkje kunne ta lunde seriøst i spørsmål om rasisme sidan han arbeider på antirasistisk senter. kimer det i klokkene når du høyrer uttrykket "lytt til erfarne fjellfolk"? E
  6. godt poeng, debattmester. han kan sjølvsagt ikkje vita noko om rasisme, for han jobbar jo med det til dagleg. på same måte som meteorologar ikkje kan vita noko om vermelding, sidan dei jobbar med det til dagleg. E
  7. Boka du refererer til her er truleg den Roland Huntford skreiv. Han har òg skrive ein flott biografi om Ernest Shackleton, som er verdt å lesa. E
  8. typisk. me som bur i distrikta skal ha alle fordelar. eg støttar reklamasjonen din, morten - annonsa har til og med overskrifta "årets julegave" (eller noko liknande). einaste måten bøkene kan få plass under juletrea rundt om i landet er vel at du og julia legg ut på ein ny køyretur, og det fristar vel berre sånn middels? E
  9. Årboka heiter "Året ute", og er delt inn i fire delar - ein for kvar årstid. Eg har ikkje lese mykje i ho så langt, men fyrsteinntrykket er at boka i fjor hadde meir å by på. E
  10. hei, til våren tek eg fatt på ein god og lang farspermisjon. guffen vart fødd i juni i år, og planen er å dra gje han ei god opplæring denne sommaren - turar i naturen på dagtid, og fotball-vm på kveldstid. har nokon gode erfaringar med beremeisar for ungar på rundt eitt år? gode modellar? dårlege modellar? takk, E
  11. eh... eh.... Reinsfjellet, Gjemnes på Nordmøre? E
  12. eg er kanskje òg på tynn is, men er ikkje topp nr.2 hornindalsrokken? E
  13. Ozzi, dette er sjølvsagt. Ingen har hevda noko anna. Det seier seg sjølv at lett attkjennelege fjelltoppar berre kan fungera korrigerande så lenge sikta er god nok til at ein ser toppen. E
  14. Ein fjelltopp kan vera god å korrigera etter i dårleg ver, eller når ein har lagt att både kart og kompass heime. Ein slags vegvisar, slik Hårteigen er det på Hardangervidda. Toppen er (truleg) synleg frå fleire kantar, og det er lett å kjenna han att, slik at ein kan korrigera kursen etter han. E
  15. apropos tråden om forumspråk... Det handlar ikkje om å korrigera fjellet, det handlar om å korrigera etter fjellet. E
  16. Eitt av triksa til Haugen bok i Volda er å kjøpa restopplag av ulike bøker. For nokre år sidan selde dei to Schwarzott-bøker (Under Storen og Norge - den nordlige arena) for 500 kroner samla. Ingen av desse bøkene ligg ute på nettbokhandelen deira no, og det kan tyda på at det er tomt, men det kan ikkje skada å senda ein e-post dit òg. (http://www.haugenbok.no) E
  17. Eller min. 15 hm. Røyne-heftet listar opp fjell over 1800 moh, som du sikkert veit (sjølv om det er tidleg på dag). E
  18. Gamalnorsk, av stamma i hankjønnsordet vollr, som tyder voll eller fjellslette, og *dres (*-en signaliserer at ordet ikkje er påvist, men at det truleg har vore i bruk), som tyder kløvje- eller rideveg. Han meiner å sjå same ord-rota i ordet drasill, som truleg òg er gamalnorsk, som er eit hankjønnsord og tyder hest. Han meiner altså at ordet er samansett av kløvje- og rideveg, og hest. Du kjenner sikkert fleire i Valdres enn meg (i alle fall heilt til ein eller annan peikar på at du berre har dikta meg opp), men dei eg kjenner har mest tru på tolkinga til Olsen. Eg tok med tolkinga til Vågslid, sidan Heidi nemnde at ei sik finst. E
  19. I allkunneboka skriv Vågslid: "gno. av stomnen i vollr m, voll, om fjellslette, od *dres n, kløvje- og rideveg, til same ord som drasill m, hest." E
  20. Tom, innlegget ditt er eitt av dei mest verkelegheitsfjerne innlegga eg har lese. Kondolerer. Eg orkar ikkje å kommentera noko så dumt nærmare - mest av di eg er travelt oppteken av å feira valresultatet. Finst det noko betre enn ei regjering samansett av bønder, sosialdemokratar og sosialistar (og eventuelt Trond Giske)? E
  21. Eg kan godt ha teke feil, sjølvsagt, og det kan godt vera eg som er oppdikta. Men då forstår eg ikkje korleis eg kan ha ringt til Tom, slik han skriv over. Tråden bør nok rundast av snarast. Så langt er me fire som er oppdikta (Tom, Morten, Panda, meg), og held denne avsløringa av oppdikta forumistar fram, må logoen øvst på sida snart endrast til "Fjellforum. Møtested for fjell og oppdikta friluftsfolk." Evt. "Møtested for oppdikta fjell- og friluftsfolk."
  22. Min gode mann, eg minner om kva som har skjedd. Eg går ein fjelltur. Eg funderer på om du er oppdikta. Eg luftar desse tankane på Fjellforum. Det kjem ein del klare signal om at du faktisk eksisterer, og ein del uklare signal om at du ikkje eksisterer. Du legg ut telefonnummeret ditt, og bed meg ringja for å få ei godkjenning på at du faktisk er deg sjølv. Eg ringjer. Du tek ikkje telefonen. Eg vert altså ikkje så mykje klokare. Deretter luftar Panda ein teori han har, om at du eksisterer, men at det er Morten som er oppdikta. Eg vekkjer mine skrantande matematikk-kunnskapar til live, og viser til at statistisk er det store sjansar for at anten Tom eller Morten er oppdikta. Verre er det ikkje. Men til spørsmålet ditt: Svaret er nei. Det er ikkje vidare sært å ringja til ein eg meiner ikkje eksisterer, for å finna ut om han er reell. For meg er det heilt naturleg. Korleis skulle eg elles få svar på det eg funderer på? Gå ruta mellom St. Smørstabbtind og Loftet ein gong til? E
  23. Panda, det skal vel litt til at både du og eg tek feil? Det finst fire kombinasjonar: Du har rett, eg har rett. Ingen av Morten og Tom eksisterer. Du har rett, eg tek feil. Morten eksisterer ikkje, Tom eksisterer. Du tek feil, eg har rett. Morten eksisterer, Tom eksisterer ikkje. Du tek feil, eg tek feil. Både Morten og Tom eksisterer. Med andre ord er det større sjanse for at minst ein av dei er oppdikta, enn at begge to eksisterer. E
  24. now you're talking. dersom til og med du er i tvil om du eksisterer, kan det henda at det er noko i dette. kan du ha ringt frå fast-telefon til mobil? E
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.