
kjesso
Aktiv medlem-
Innlegg
148 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av kjesso
-
eh... eh.... her luktar det Hesjedalsfoss lang veg. E
-
Dette lærte eg frå ein liknande tråd - eg gidd ikkje leita han fram no, men i alle fall: Viss du går eit titals høgdemeter oppover i byggjefeltet i Årdalstangen, ser du Storen. E
-
Viss du køyrer frå Fodnes innover mot Årdalstangen, ser du dei tre topp-punkta på toppen frå bilen, like før du kjem til Naddvik. Vegen ligg nokre få meter over fjorden akkurat der, så sjansen for at du ser saltvatn frå toppen er stor. E
-
Eg opererte menisken i oktober, og trudde alt gjekk etter planen. Det gjorde det ikkje, etter ein litt uheldig manøver i ei trapp (!), måtte kneet opererast på ny i slutten av april. Eg har teke det med ro i sommar, litt sykling, og nokre småturar i relativt flatt terreng, men ein går fort lei av slikt. I går kveld snørte eg difor på meg fjellsko, og spaserte opp på Melshornet (807 moh). Melshornet ligg like ved Dinglavatnet, drikkevasskjelda for Volda, slik at det går grusveg opp til ca 540 moh. Derfrå er det god sti, og frå toppen er det flott utsikt. Eg såg ein 10-15 toppar eg har vore på, og sidan eg flyttar frå Volda neste veke, var det ein grei måte å sei farvel på. Tempoet mitt var lågt, eg vart forbigått av gamle damer med hund, små ungar i fotballdrakt, men det gjorde ingenting. Kneet fungerte godt, og det var det klart viktigaste. Det luktar altså litt meir krevjande fjellturar seinare, kanskje alt i haust, definitivt til neste år. Det var berre dette. One small step for mankind, one giant leap for me. E
-
Det er korrekt. Dei skriv: "Stedsnavn har ulik skrivemåte på ulike kart og i forskjellige fjellbøker. Nyere turkart over Jotunheimen har i stor grad tatt hensyn til lokal dialektuttale. Vi har valgt å benytte endinger på stedsnavn som i større grad samsvarer med nasjonale skriftnormer. Vi bruker bunden form på terrengnavn med unntak av -hø. Det er flere enn utlendinger som har vansker med endingen -høe. Fjellnavn som har hevd på ubunden form, som Storebjørn og Falketind, skriver vi slik" (side 37) Eg kjøpte boka i går, og fyrsteinntrykket er veldig bra. Dei har lagt seg på same mal som boka "Fotturar på Sunnmøre", som vel kom i 1999? Den vart ein stor suksess, boka har kome i tre opplag, og har selt rundt 20 000. Eg er òg imponert over dei flotte flyfotoa, men kunne tenkt meg litt færre namn på nokre av dei. E
-
Eg presiserer litt her, 500. At harr tyder grå er greitt, og at teig tyder retning er òg greitt, men at Hårteigen dermed skal tyda Gråteigen, vert feil konklusjon. Den vanlege tydinga er at Hårteigen tyder "den grå vegvisaren" - fjellet er synleg frå store delar av Hardangervidda, slik at han kan fungera som ein vegvisar for dei som er ute og spaserer langs stiane der. E
-
Aftenposten fortel at det vert jobba med å kåra dei ti beste norske fjellbøkene. Lista skal gjerast kjend under Norsk Fjellfestival i Romsdal 7.-13. juli. Kriteria er at bøkene må handla om fjell, eller ha skildringar av fjell eller fjellområde. Det er laga ei liste med 36 titlar, og 10 av desse skal altså kårast til dei beste. Lista inneheld romanar, drama, dikt, turbøker, og litt til. Meir her: http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2473692.ece E
-
Flybilde fra Jotunheimen - hjelp til annotering
kjesso svarte på Trond Erik sitt emne i Fjellvandring
-
Flybilde fra Jotunheimen - hjelp til annotering
kjesso svarte på Trond Erik sitt emne i Fjellvandring
Biletet er teke frå nord, det ser ut som om flyet ligg over Hestbrepiggane ein eller annan stad. Du får nok god hjelp frå bileta essem viser til, men viss du vil ha nokre haldepunkt i ditt eige bilete, er Galdhøpiggen nummer 86. Og det er, uventa nok, Skardstind òg. E -
Storkollen & Eggekollane: En liten bæremeistur 22.05.2008
kjesso svarte på Nils sitt emne i Turrapporter
Dette kjenner eg meg godt igjen i, bortsett frå at her er det ein 13 mnd gamal gut som sit i meisen. Han er omtrent like god på smalltalk som ho i meisen din. E -
Eg fekk boka i posten for nokre dagar sidan. E
-
For nokre timar sidan låg her ei melding (frå "Julius2") om at "Julius" var utestengd frå forumet. E
-
Det finst fleire bøker om Jostedalsbreen frå før, men det kjem òg nye. Skald forlag gir snart ut ei bok med (den originale) tittelen Jostedalsbreen. Forfattar er Karen Weichert. Det går an å lasta ned smaksprøvar frå boka her - det heile ser lekkert ut: http://skald.no/nytt/jostedalsbreen_paa_tre.html E
-
500fjell, det minner sterkt om Skaugumsåsen. E
-
Kanskje denne boka kan ha interesse: E
-
Har dette vore nemnt her før? Det trur eg ikkje. I alle fall, Nasjonalmuseet i Oslo har for tida ei utstilling med rundt 150 bilete, alle frå fjellområda i Sør-Noreg, og dei aller fleste frå 1800-talet. Utstillinga står til 11. mai. Det er òg laga ein fin utstillingskatalog, som eg såvidt kika i sist veke. Eg har ikkje sett utstillinga, men viss dette hersens finveret snart tek ein ende, kan det jo henda at dei som bur i nabolaget kan ha glede av ein tur. Meir om utstillinga her: http://www.nasjonalmuseet.no/index.php/content/view/full/5178 E
-
Frodeky, fine bilete, og fint ver. Eg var i Sogndal heile sist veke, i samband med jobben, og ergra meg over at høgrekneet ikkje er friskt nok til å setja pris på det fabelaktige veret. Begge peikarane dine går til Lauvnostind-turen din. Dei som vil sjå bilete frå Store Ringstind, kan prøva denne: http://www.kyrkjebo.net/villbasen/index.php/topptur/60-hurrungane/118-store-ringstind-2124moh E
-
Canyonlands, Utah – et eventyrlig turlandskap i ørkenen
kjesso svarte på Ole-Petter sitt emne i Turrapporter
Fin rapport og fine bilete, Ole-Petter. Eg var i området for tjue år sidan, og var då innom dei fire andre nasjonalparkane i Utah - det ser ut som om eg burde teke med meg den siste òg. Var du innom i fleire? Både Arches og Bryce Canyon var svært flotte. E -
Eg har ikkje boka til Røer, men det er vel fare for at det er diktet "Paa Skakastølstinden" som er omtala i Dagbladet. Du finn diktet her, saman med andre Wergelandtekstar: http://www.dokpro.uio.no/wergeland/WI1/WI1127.html E
-
Gamal tråd får nytt liv: Jostedal historielag har plukka opp denne historien, og prøver å finna ut av om nokon lokale kjenner til dette. Frå heimesida deira peikar dei til ein NRK-film frå Storen i 1918 - kanskje det er gamalt nytt, kanskje ikkje. På NRK-sida er der òg peikarar til ein film frå Besseggen, og filmen "Bil opp til Galdhøpiggen". Jostedal historielag: http://www.historielaget.jostedal.no/ Filmen: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/109986 E
-
Tett på, Zabel. I tekstheftet til Juba juba! er teksten slik: Den første sol på Galdhøpiggen - hvertfall siden lyset gikk - Dovregubben hilser dagen, solen stiger opp Morgendisen viker for en dag som sakte stiger frem. Radio'n spiller plater, kaffen koker i de tusen hjem. E
-
Det ser ut som om Lotto-Asle og dei andre slit med å nå målet: http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=503080 E
-
Du finn fleire bilete på bloggen til ein av dei to som oppdaga katedralen. Han verkar lite lysten på å fortelja kvar bileta er tekne. Du finn bileta her: http://hellebo.wordpress.com/2007/12/19/bilete-fra-i-dag/ E
-
Vormeli. Og dagen etter at Slingsby overnatta der, spaserte han rolig til topps på Storen. E
-
Trollsteinseggje mm. 05.08.2007 - Med regn i håret og isvann i skoa
kjesso svarte på eaa sitt emne i Turrapporter
Litt OT dette, men berre litt: Ein annan stad å søkja etter forklaring på ord du ikkje kjenner, er nettstaden til Norsk ordbok: http://no2014.uio.no/tekster/sok/index.php. Eg trur du plukkar opp flest ord dersom du går til "Grunnmanuskriptet", i høgre spalte. Norsk Ordbok er ei ordbok som prøver å dokumentera alle dei norske dialektane. Arbeidet starta i 1930, så langt har det kome seks band; det tolvte og siste kjem etter planen i 2014. E