kvitebjørnen
Aktiv medlem-
Innlegg
52 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av kvitebjørnen
-
Takk for det
-
«Det går buss tilbake halv fire, halv fem og fem,» såg eg i Skyss-appen mens eg sat i bussen på veg til Fanafjellet. Eg hadde tre toppar som mål for turen i dag: Hamresåta, Sveåsen og Lauvåsen. Ingen av dei hadde eg vore på før, noko som også var grunnen til at eg skulle dit i dag. Så eg såg fram til å få lagt inn tre nye toppar i samlinga mi på Bergentopp 200. Klokka var halv eitt då eg gjekk av bussen på Fanaseter. Stien eg skulle gå på hadde eg vore så vidt innom før, men den gongen måtte eg snu på grunn av at eg blei for våt på føtene. No gjekk eg derimot med nye sko og gamasjar, så eg satsa på at det ville gå betre denne gongen. Det låg enno ein god del snø igjen denne marsdagen. Men først og fremst var det mykje is. Særleg på stien. Eg synest det er veldig flott i furuskogen bak parkeringsplassen ved Fanaseter, og all isen i dag var eigentelg ganske fin han òg. Men eg hadde dessverre ikkje broddar, så det gjaldt å vere litt forsiktig med kor eg sat føtene. Alle stiane på Fanafjellet er utruleg gjørmete. Mykje meir enn andre stader. Eg har alltid lurt på korfor det er sånn. Sjølv om det var mest is i dag, så var det likevel plussgrader og rennande vatn under isen. Men det gjekk no greitt å komme seg nedover stien for det. Hamresåta var første mål. Eg følgde derfor stien nedover til eg kom til ei myr med nokre strømledningar over. Her måtte eg ifølge kartet ta av frå stien for å komme opp på Hamresåta. Men det viste seg at det faktisk gjekk ein bitte liten sti der likevel. Stien var delvis dekka av snø, så det var ikkje så lett å sjå at det eigentleg var ein sti. Men stien tok meg akkurat dit eg skulle: til topps på Hamresåta. No var det på tide å ta fram Norgeskart-appen for å finne ut heilt sikkert at eg var på rett stad. Eg skulle jo tross alt legge ut denne toppen på nettsida mi, så då er kvalitetssikring viktig. Men dessverre var det ikkje noka dekning på mobildata her, så då eg starta Norgeskartet gjaldt å reagere så fort som mogleg. Appen slettar karta dine automatisk etter to veker, fordi Statens kartverk krev at den skal gjere det. Du må deretter laste ned nøyaktig dei same karta på nytt, noko som ikkje er lett utan dekning. Eg lurer på om det er fordi kartverket er vonde og vil at folk skal gå seg vil at dei krev det. Eller om dei berre har inngått samarbeid med statseigde Telenor for å få folk til å bruke meir datatrafikk. Eg kan ikkje sjå nokon annan grunn til at dei skal krevje det. Men eg reagerte i alle fall raskt nok, og rakk å trykke på «avbryt sletting» før dei viktigaste karta mine forsvann. Og, ja, som venta var eg på rett plass. Eg hadde trudd at Hamresåta var ein stad der knapt noko menneske hadde sat sin fot, men eg blei ganske overraska over å få sjå at her sto det ein benk. Og ikkje berre det, det var til og med postkasse her med «gjestebok». Så eg sat meg ned på benken og tok ein liten rast. Joya Alpine Grip er utruleg deilege sko å gå i. Men det er også alt. Elles er dei ikkje noko å skryte av. Produsenten hevder at dei er vatntette, men det var dei berre i éi uke. Dei bruker nemlig Proof Tex, og det er noko herk. Mykje dårlegare enn Gore Tex. Så no sat eg her på denne benken, med klissvåte sko og bytta til tørre sokkar. Samtidig bladde eg litt i gjesteboka. Her var det ei som skreiv at ho anbefalte den nye turstien rundt Jordavatnet. Det var jo nettopp rundt Jordavatnet eg hadde tenkt å gå, og eg hadde rekna med at det ikkje var nokon sti der. Men kunne eg gå på sti, var det jo desto betre. Men eg såg ingen sti vidare frå Hamresåta. Så eg la heller i veg nedover rett frå der eg var. Kor utruleg mykje tyngre det eigentleg er å gå der det ikkje er sti. Ikkje berre er det meir vegetasjon og meir ulendt terreng å bryte seg gjennom. Men du kan fort bli nøydt til å snu for å gå tilbake og finne ein betre veg. Det skjedde med meg då eg var nesten nede ved Jordavatnet. Eg kom til ei skråning full av einekratt. No er det vel ikkje så mange flått ute i mars, men eg føretrekk likevel å gå utanom dei verste kratta. Og hadde eg gått ned denne bakken, så måtte eg berre ha gått opp igjen ein ny bakke rett etter på. Nei, då var det betre å gå litt tilbake igjen, og heller gå opp på toppen av ryggen. Då ville eg både sleppe alle einekratta, og også den ekstra turen ned og opp. Som sagt så gjort, og jammen fann eg ikkje også ein sti oppå denne ryggen. Vel tilbake på sti, gjekk det mykje raskare å gå igjen. Eg var snart framme på eit markert trigonometrisk punkt som heiter Teraleitet. Dette er ein fin plass, men eg hadde ikkje tid til å ta pause no. Eg var våt på føtene igjen, og det begynte å bli kaldt. Så det var eigentlig på tide å komme seg vidare. Kanskje burde eg også skippe Sveåsen for å komme raskare heim. Men då kom eg plutseleg til ein liten bakke, der stien verkeleg hadde ei gigantisk mengde is på seg. Her kunne ein ikkje ein gong ha gått ned med verdas beste broddar. Men det var greitt nok, eg kunne jo berre gå på sida av stien for der var det ikkje is. Sia det var litt bratt, sat eg handa ned på graset for å støtte meg, mens eg gjekk forsiktig ned bakken. Men under graset var det ingenting. Handa mi gjekk rett gjennom graset, og eg falt sideveges ned i ein liten sprekk. Rett ned på ein liten trestubbe som smalt inn i sida på brystet mitt. Den trestubben gav meg eit skikkeleg slag. Det tok nokre sekund før eg klarte å reise meg igjen, mens eg tenkte stygge tankar om den personen som hadde hogd dette treet. Og dette blei fallet som fekk begeret til å flyte over: Det blei ikkje nokon Sveås på meg i dag. Derimot skulle eg definitivt opp på Lauvåsen. Og då eg kom til foten av Lauvåsen, så såg eg at stien delte seg. Den største stien gjekk mot høgre, på nordsida av åsen, langs bredda av Jordavatnet. Men den merka stien gjekk mot venstre. Eg følgde ingen av dei, men gjekk rett fram opp på Lauvåsen i staden for. Det viste seg at Lauvåsen er delt i to. To forskjellige, ganske markerte toppar. Eller kanskje det eigentleg er to forskjellige åsar. Uansett, så var ikkje toppunktet på den toppen eg kom opp på først. Til gjengjeld var det veldig fint her. Men eg var sliten og våt på føtene, så eg orka ikkje å utforske denne toppen også. Det var berre å gå vidare, ned på andre sida av toppen, også opp igjen på den neste. Til mi store overrasking, så trefte eg på stien igjen i dalen mellom desse toppane. Vel oppe på toppen av Lauvåsen var det mange høge tre og dårleg utsikt. Eg tok nokre bilde her, men snudde deretter og gjekk ned igjen med ein gong. På veg ned fekk eg endeleg utnytta snøen for alt han er verd. Det som er så gøy med å gå tur om vinteren, er at du kan ake når du skal ned! I alle fall når det ikkje er nokon andre i nærleiken. Det var stort sett ikkje så mykje snø igjen denne dagen, men i bakken opp til Lauvåsen låg det faktisk ein del. Så då blei det aking! Då eg var nede i dalen igjen, så følgde eg stien vidare. Og eg må få seie at i den litle dalen mellom dei to Lauvås-toppane, så var det utruleg flott! Ved enden av dalen tok stien ein skarp høgresving, og gjekk så ned til Jordavatnet igjen. Då eg kom til vatnet, var eg verkeleg blaut på føtene. Det var omtrent 20 minutt til klokka var halv fire. Viss eg hadde flaks, så ville eg rekke bussen som gjekk då. Viss ikkje, så måtte eg vente ein time på den neste, noko som ikkje var særleg fristande med kalde og våte føter! Men spørsmålet no var kor lang tid eg eigentleg hadde på meg før bussen gjekk. Eg visste berre at han gjekk ca. halv fire, men eg hugsa ikkje det nøyaktige klokkeslettet. Det kunne godt ha vore både ti på halv eller ti over halv. Ettersom eg ikkje hadde med meg noko rutehefte, var det på tide å opne Skyss-appen for å finne det ut. Men det var fortsatt ikkje dekning for mobildata. Eg prøvde å gå inn på «sist brukte»-funksjonen i appen, men han virka som vanleg ikkje. Her sto det nemleg ingenting. Skyss-appen er plagsamt amatørmessig laga. Han er veldig nyttig, men samtidig full av feil og manglar. Det er ein skandale at Skyss ikkje har fått laga noko betre enn dette! Så då var det berre å gamble. Eg begynte å gå oppover på den store (og gjørmete) stien som gjekk tilbake til Fanaseter, og viss eg hadde flaks så ville eg rekke bussen. Eg prøvde å springe litt, men det var ikkje lett med så mykje is. Då eg kom så langt opp at eg høyrde biltrafikken, blei eg skikkeleg nervøs kvar gong eg høyrde ein stor bil som fór forbi. Og då eg endeleg var ute på parkeringsplassen, så kunne eg endeleg laupe dei siste metrane bort til busstoppet. Eg sto og venta på busstoppet i fem minutt, redd for at eg ikkje hadde rekt det. Men då kom bussen endeleg. Glad og fornøgd kunne eg sette meg inn i varmen. Etterpå viste det seg at turen hadde gitt meg både ribbeinsbrot og forkjøling. Men det var nesten verd det. Dette var ein veldig fin tur, og eg ser fram til å komme tilbake til dette området ein annan gong.
- 6 svar
-
- 1
-
Lars Monsen alvorlig syk etter flåttbitt
kvitebjørnen svarte på Aspiranten sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det jeg har fått med meg, er at de visstnok skal trives best i løvskog med tett undervegetasjon. De liker ikke steder med direkte sollys, så det er gjerne mindre på åpne steder i skogen. Og de går sjelden høyere enn et par hundre meter over havnivå. -
Hei Er det noen som vet hvordan det er med skiføre i Bergen nå? Fløyen, Totland, Gullbotn?
-
Det jeg lurer på, er hva de egentlig mener når de sier på værmeldinga at det f.eks. skal bli snø i høyfjellet. Ikke så lett å vite hva de egentlig mener da. Jeg klikket meg igjen inn på ordbokdefinisjonene, og definisjonen i Nynorskordboka er litt interessant: Med andre ord; høyfjell kan egentlig være hva som helst. Men selv bruker jeg det ordet om alt som ligger veldig mye høyere enn tregrensa. Så det blir vel omtrent synonymt med høyalpin sone for meg.
-
Jeg lurer på hva dere mener når dere bruker ordet "høyfjell". Det er et veldig populært ord som ofte brukes, men hva det egentlig betyr er jeg ganske usikker på. Det finnes ulike definisjoner: Ordbøkene definerer høyfjell som alt over tregrensa: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=h%F8gfjell&ordbok=begge&s=n&alfabet=n&renset=j Skog og landskap definerer høyfjell som alt over 1500 moh: http://www.hordaland.no/upload/Regional%20utvikling/Statistikk%20og%20analyse/LandskapstyperiHordaland_AN_rapp_02-09lit.pdf?epslanguage=en Vitenskapsmuseet definerer høyfjell synonymt med høyalpin sone: http://www.ntnu.no/vmuseet/faktaark/vegetasjonssonene.pdf Jeg har også hørt ordet høyfjell bli brukt om områder langt under skoggrensa. F.eks. finnes det noen hoteller som kaller seg for "høyfjellshoteller" selv om de ligger i skogen. Men hvordan bruker dere dette ordet?
-
Alt tyder på at fjell egentlig betyr "over skoggrensa", men at betydninga i språket holder på å forandres. Jeg tror årsaken til denne forandringa delvis er stigende skoggrense, og delvis at vi stadig utsettes for dårlig oversettelse fra engelsk. Engelsk har ikke noe ord for "fjell", så når det står "mountain" i en engelsk tekst, så vil de fleste oversettere bare automatisk oversette det til fjell, uten å undersøke om det burde vært oversatt til "fjell", "berg", "ås" eller noe annet. Her i Bergen er det et utall av skogtopper som har navn som slutter på "fjell". Men hvis man ser på gamle bilder, så ser man at de skogtoppene som kalles for fjell nå, ikke var skogdekte i det gamle kulturlandskapet. Det virker også som om det er en tendens til at ordet "fjell" blir brukt om stadig lavere topper. F.eks. Smøråsen kalles nå for Smøråsfjellet, og alle bergensere vil kalle den skogdekte toppen Gullsteinen for en fjelltopp nå, mens den for tjue år siden ble kalt for en ås.
-
Noen som har noe tips om hvor man kan få tak i et bra turkart over Bergen? Det er først og fremst byfjellene jeg er interessert i, men å få med Åsane, Gullfjellet og Fanafjell er også kjekt. Hittil har jeg brukt to gratiskart som jeg fikk på Bergen turlag for tre år siden. De heter "Byfjellene vest" og "Byfjellene Nord/Øst". Det er de samme kartene som henger på diverse oppslagstavler ved starten av de viktigste stiene. Men kartene har blitt flittig brukt, og nå må jeg innse at det ikke er mulig å lesse på med mere teip lenger for å holde dem samlet. Begge kartene er nå i tusen knas Så jeg gikk tilbake til Bergen turlag for å hente nye kart, men da viste det seg at de ikke hadde dem lenger. Tidligere hadde kartene også ligget ute på nettsidene, men de var borte derfra også (at kartene også blir borte fra stadig flere oppslagstavler gjør at jeg nesten mistenker at det er en konspirasjon på gang mot favorittkartene mine ). Men Bergen turlag kunne i alle fall tilby en kartfolder som het “Sjufjellsturen” eller noe sånt. Der er det kart over byfjellene og Gullfjellet. Dessverre så kartet helt grusomt ut, med ekkel skyggelegging og ingen markering av type terreng. En annen kartfolder de hadde het bare “Bergen”. Her var det kart over byfjellene og Åsane. Heldigvis var det ingen ekle skygger på dette kartet, men vanlig fargemarkering av terrengtype (grønn=skog, hvitt=fjell). Imidlertid, både Sjufjellskartet og Bergenskartet hadde en veldig stor svakhet: Ikke alle stier er markert! Selv om det selvsagt er umulig å få med absolutt alle stier, så er det mange viktige stier på de gamle gratiskartene som ikke er med på de kartene de tilbyr nå. Jeg kan for eksempel nevne den stien som går over toppen av Sandviksfjellet. Den er bare med på gratiskartet, som det altså ikke lenger går an å få tak i. Er det noen som vet om hvor jeg kan skaffe nye kart av den gode typen, der “alle” stier er med?
-
Nei, jeg har aldri brukt høydemåler før, så jeg visste ikke at den måtte kalibreres sånn. Jeg tror jeg kommer til å gå for gps. Da slipper man kalibrering, ikke sant?
-
Jeg trenger et eller annet som kan måle høyde (over havet). Hva som helst egentlig, så lenge den er relativt nøyaktig. Noen som har tips om hvordan jeg kan få tak i dette så billig som mulig?
-
Har dere noen mening om ved hvilken høyde/sone dere trives best? Personlig liker jeg variasjon, så en bra tur for meg må foregå både over og under tregrensa. Men aller best liker jeg nok den øverste delen av lavalpin sone. Hva med dere?
-
Hei Er det noen som vet om det finnes en sparkesykkel (uten motor) som er sammenleggbar sånn at den får plass oppi en vanlig tur-ryggsekk? Den skal brukes til å kjøre nedover (bratte?) skogs- og fjellveier, så den bør tåle en del.
-
Skitur på byfjellene i Bergen?
kvitebjørnen svarte på kvitebjørnen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Noen som kan tipse om hvilke(n) buss(er) det er best å ta til Gullfjellet, og hvor man skal gå av? -
Skitur på byfjellene i Bergen?
kvitebjørnen svarte på kvitebjørnen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hei. Takk for svar. Hvor langt pleier det å være nødvendig å gå før man kommer opp til nok snø på Gullfjellet? Jeg har ikke bil, så er avhengig av buss. -
Hvordan pleier egentlig skiforholdene å være på byfjellene i Bergen om vinteren? På kartene mine er det markert skiløyper på Fløyfjellet og Gullsteinen. Men hvor mye snø pleier det egentlig å bli her? Og hvor lenge er det eventuelt skiføre? Liten vits å kjøpe ski om det bare er mulig å gå på ski en dag i året...
-
OK, der røyk vestlandsteorien min Jeg er i grunnen overrasket over at det er så bred enighet om at det ikke kan være skog på toppen av et fjell. Men definisjonene av berg, derimot, spriker i alle retninger Jeg har forresten enda et spørsmål Hvordan er det mest korrekt å oversette disse begrepene til engelsk? Ofte ser man jo oversettelsen fjell=mountain, men jeg synes ikke den passer helt. Etter hva jeg kan skjønne, så har disse ordene helt forskjellige opphav: "Fjell" er vel i utgangspunktet navnet på "massiv stein", altså grunnfjellet. Så regner jeg med at ordet "fjell" gradvis har utvidet betydning til også å bli navnet på en høyde med åpent grunnfjell på toppen, altså over tregrensa (obs: dette er bare min teori, så det må ikke nødvendigvis stemme). "Mountain" derimot, regner jeg med at kommer av ordet "mount", som betyr noe sånt som å stige, heve eller å gå opp. En "mountain" hever seg jo høyt over terrenget omkring. Så en oversettelse kunne kanskje ha vært: Fjell="rock", "big rock", eller "rocky mountain" Ås=Hill Berg=Mountain Andre som har noen tanker om oversettelser?
-
Interessant å se de ulike definisjonene. Jeg ble først obs på at definisjoner på fjell kan variere, etter at jeg flyttet til Bergen. Vi har hatt noen misforståelser, f.eks. da en ba meg om å se på en fjelltopp, og jeg så mot snaufjellet, mens han mente det jeg regnet for en ås. Her i Bergen defineres fjell bare etter høyde, og uavhengig av tregrensa. Siden Jarmol også definerer fjell bare etter høyde, kan vi vel konkludere med at vestlandet definerer etter høyde, og østlandet (og Trøndelag og Sverige?) definerer etter tregrensa. En tregrensedefinisjon er i alle fall i bruk også i store deler av Nord-Norge, men som Tormodgronaas viser, ikke helt nord i Finnmark. Men hvordan definerer de fjell på sørlandet, og i Danmark?? Og et annet spørsmål: Hvorfor skiller vestlandet seg ut ved å definere fjell etter høyde, og ikke etter tregrensa? Tregrensa er jo lavere på vestlandet enn på østlandet. Jeg har to teorier: 1. Er det fordi landskapet er så veldig bratt og ekstremt på vestlandet? Flere høyder under tregrensa har samme form som et typisk fjell, selv om de altså er under tregrensa. 2. Eller har en tregrensedefinisjon vært i bruk på vestlandet før? I Bergen stiger tregrensa med omtrent en meter i året, så topper som har vært snaufjell før er nå dekket av skog. Kanskje henger de gamle navnene igjen, selv om landskapet er i forandring?
-
Mine definisjoner: Hjemsted: Harstad (Troms) Fjell: En høyde i terrenget som går over tregrensa, eller av andre grunner har veldig mye synlig grunnfjell på den øverste delen og toppen. Ås: En høyde i terrenget som er dekket av skog Vidde: Et relativt flatt område over tregrensa Berg: Jeg bruker ikke dette ordet, så det er vanskelig å definere det. Det er i stor grad synonymt med fjell, men ikke like strengt.
-
Det virker som om hva som defineres som fjell varierer veldig i hele verden. Ikke engang i Norge finnes det en definisjon på fjell som alle kan være enige i. Det hadde derfor vært veldig interessant å finne ut hvordan folk i ulike deler av landet definerer "et fjell". Så derfor starter jeg denne tråden. Her kan du skrive hvordan DU definerer et fjell, og hvordan du mener fjell skiller seg fra f.eks. ås og vidde. Post helst din definisjon FØR du leser tråden, sånn at du ikke blir påvirket av andre. Det jeg vil at dere skal skrive er: Hjemsted: Det stedet der du har vokst opp, ikke det stedet du bor nå (tettsted/by+fylke) Fjell: Din definisjon av et fjell Ås: Din definisjon av en ås Vidde: Din definisjon av vidde Berg: Din definisjon av et berg Jeg legger til litt luft her, sånn at dere kan svare på innlegget uten å se første svar. .
-
Hei alle sammen På midt turkart over fjellene i Bergen, er det noen fjell der høyden ikke er nøyaktig oppgitt. Er det noen som vet hvor høy disse fjellene er? -Eikelifjellet -Gravdalsfjellet -Holefjellet -Strandafjellet (på Løvstakken) -Vasslifjellet -Ulskebjørnen