Gå til innhold
  • Bli medlem

Kristian Magne Kjerstad

Medlem
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Kristian Magne Kjerstad

  1. Då er to av dei på vatnet. Dei skal ikkje brukast andre stadar enn ei oppdemt lite vatn her på øya, så reparasjon vart gjort med varmluftpistol, loddebolt og godt med varmlim. Det er ikkje vakkert, men det er vasstett.
  2. Takk for å sette meg på rett veg, slik at eg slepp å mislykkas med lim. Eg prøver å finne ein loddebolt som passar til å smelte plastikk med. Ser der ligg 80W-boltar på ebay eg kan forsøke, men eg skulle kanskje hatt ein større. Og så bestilte eg ein slik plastreperasjonssak frå Aliexpress: Tenker å bruke han til å forsterke der det er sprekker som ikkje er gjennomgåande.
  3. Eg har kjøpt fire stk godt misbrukte Hasle-kanoar. Dei er lite men hardt brukt av ungdomsskuleelevar, og har ligge utandørs ubrukt i i alle fall fire år. Dei har diverse skadar: Mange sprekker og sår, nokre er gjennomgåande. Har de forslag til kva materiale som egnar seg best til å reparere desse skadane? Det ser ikkje ut som dei er laga av laminert glasfiber - kva kallast denne typen plast? Viss eg skal følge oppskrifta eg fann her: https://www.westsystem.no/a/71/reparasjoner-av-kano-og-kajakk-i-ulike-plastmaterialer-med-gflex-655 vil det gå med store mengder epoxy om eg skal fikse alle store og små sprekker - fins der eit rimligere produkt enn G/Flex 655 til dette? Kjølskadane reknar eg med å måtte slipe ned og bygge opp att og laminere med glasfiber.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.