Fin tur. Ikkje lytt til dei som klagar på naturen og seier at det er keisamt. Sykla Nittedal-Rena-Røros-Trondheim (i overkant av 20 mil om dagen på racer) i fjor vår. Ikkje heile ruta di, altså, men med overlapp på strekninga Røros-Elverum.
Frå Røros til Tolga følgjer du hovudvegen (riksveg 30). Mellom Tolga og Tynset går det ein mindre trafikkert veg parallelt med hovudvegen, på andre sida av elva og jernbanen. Frå Tynset og sørover vil eg sterkt tilrå at du syklar gjennom Rendalen (stadig riksveg 30). Når du kjem til Åkrestrømmen, bør du ta austsida av Storsjøen. Ikkje rot deg inn på riksveg 3 når du når Rena. Hald deg til parallellvegen austom. Asfalten er dårlegare, men alt i alt får du ein mykje trivelegare tur.
God tur! Sykling (og gåing, samt soving) er livet.