Gå til innhold
  • Bli medlem

livsnytar

Passivt medlem
  • Innlegg

    78
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av livsnytar

  1. denne oppgangen er og omtalt av kristoffer randers. "Tilbakeveien kan men legge ned i Litle Trandalen etter en av furene i Råna-platåets vegg. Man går tilbake nedover platået til man finner en fure som er grasgrodd på begge sider. Man bør vokte seg for å gå for tidlig ned, idet man skal ta en av de siste furer, regnet fra Rånas topp, og kommer ned på breen i Litle Trandalen, fortsetter over breens høyderygg, og så ned mot noen hamrer......." tindelandet boka er skrive av leiv arne grimstad og gunnar wangen har tatt bilda. er enig med det friflex seier om boka. men slenge litt interessant innimellom. desse karane har tydeligvis gått denne ruta som randers skrive om. dei omtaler den som ganske grei å gå.
  2. hei på side 210-211 i fotturar 2000 viser hjelledalstindane og egga vidare til svadtindane . med sikring på utsatte steder bør vel denne egga være mulig å gå? kanskje det ikkje trengst sikring heller? "hjelledalstindane har bratte sva i sørsida med unntak av ein brei rygg. denne ryggen er gangbar heilt opp på egga, men ikkje vidare mot trandalstinden utan klatreutstyr" altso... ein kjeme seg opp på egga, og vidare til 1485 uten problem? det er først derifrå og vidare til trandalstind at det trengst klatring? har ikkje vore på svadtindane og 1485 og håpte å kunne ta dei på ein tur med å gå egga der.....men ser no på bilde ja at dette er vel ein sommartur frå litledalen. på kartet ser sida berre so vanvittig fine ut. mange spørsmål svein får ikkje håpe du lar dette gå utover jobben
  3. Hadde gått an å tatt en prat med bestyreren på Christian Gaard på Trandal.....Han veit vel antagelig noe... hehe joda frank storeide har mykje røvarhistorier å fortelle. hugsa imidlertid at eg snakka med ei eldre dame der borte og ho kunne fortelle at ho aldri hadde vore på eit einaste fjell på trandal sjølv om ho hadde bodd der heile livet. men om eg reiser dit til våren på skitur skal dei intervjuast om saka det kan du være sikker på. har sett på mulighetene for tur på svatindane frå litledalen. den sida ser fine ut. ligge og ein topp på 1485 aust for svatindane. det er vel ein topp som høyrer med til hjelledalstindane. denne er iallefall umulig å komme seg på frå nordaustsida utan tau, såg på det frå trandalstind. bør være muleg og ta denne frå vest. takk for link til kartet, ser no og den 1218 toppen ja på dette kartet. den viser faktisk både på kartet og bilda i fotturar side 209 berre ein ser litt etter. ove
  4. har leita no på kartet over stranda kommune etter topp på 1095 meter som altso iflg tindelandet boka skal heite slettehornet og ligge her. det er ikkje enkelt å finne. røsethornet på austsida av strandadalen kan det være nokke her? for det første er det på kartet avmerka feil der, røsethornet er det på 1178, og her er det bok til stranda mosjonsklubb eller noke slikt. toppen nord for denne er avmerka med 1185, det er og feil. den er mellom 1080 og 1100. var ein flotte tur der i sommar over åkernesnibba og blåhorna til røsethornet og denne nordtoppen. møtte 3 lokale damer der men dei hadde ikkje namn på denne toppen. dei lurte forresten på ka for ein steikje galen fyr som kom hit for å gå på dissa fjella er det folk frå stranda innom her eller andre som veit nokke om slettehornet eller namn på denne nordtoppen blir det mottatt med glede. ein anna liten sak som eg lure litt på er ein liten topp som ligge søraust for tverrfjellet 1502. var på tverrfjellet i fjor men ufatteleg ufyseleg ver gjorde at eg ikkje klarte motivere meg for å gå ned på denne lisje toppen. irriterande i ettertid. sjå fotturarboka 2000 utgåva side 252, ligge lengst til høgre på bildet. ove
  5. jaha nei no ser eg at ditta må no være steikje gale. lista i boka tindelandet har som sagt ein god del feil på høgder. som gi seier er trandalshatten 1140+ på kartet og 1220 ligge på egga vidare mot tungremtindane. heller ikkje i fotturarboka er høgda på trandalshatten oppgitt. men der står nokke om oppstigning til 909 meter ja og det e og uforståelig. men svein kor ser du 1218? det står iaffal ikkje på mi utgåve av kartet. er det nokken som har den rette høgda på trandalshatten eller saudehornet hadde det vore svært. men at trandalhatten og saudehornet er samme fjellet er det enighet om både i fotturar og tindelandet. i fotturar 2000 utgåva side 210-211 er der eit fint oversiktsbilde som viser trandalshattet og egga vidare. denne har eg ikkje gått men no dukka det jaggu opp eit nytt prosjekt her
  6. hei var innom høgskulen her og lånte boka Sunnmøralpane tindelandet for nte gong. sjekka lista bak i boka for sikkerhets skuld om denne toppen Lissjehornet (Ørsta, Lissje-Standal) 1211 ser at det er her eg har lest om slettehornet 1095 og... det ligge i stranda kommune. skal sjå om eg kan finne ut av det. Kjenner du ellers til Trandalshatten/Saudehornet. Er dette samme toppen? Hva er høyden, 1220? eller er dette en annen topp?? Trandalhatten/Saudehornet 1220 iflg lista i denne boka. er samme topp etter det eg har oppfatta ja. Ove
  7. njahaha pf max 10 meter på haukåsryggen men vi la ikkje ned mykje arbeid i å måle. der var iallefall nedoverbakke. topp eller ikkje, det kan ein vel alltids diskutere.
  8. hehehe fantastisk at haukåsryggen endelig kommer til sin rett. definitivt ein bortgløymd topp blant mange andre.
  9. steik for ein fantastisk iver det er her om dette. stor idrett. angåande primærfaktor so ligge det for meg langt baki haudet ein plass men legge lite vekt på det. har ikkje tenkt å begynne med laservaterprosjekt osv. som du nevner finst det fine fjell om ein ikkje skal gå etter pf.. kan feks nevne nessethornet i hjørundfjorden.. muleg det har 4-5 meter. ellers er det veldig mange flotte toppar som ikkje står på kart eller i bøker. feks søre skjeringstind på viddal. denne er definitivt ein topp med pf minst 30 m. at toppen/fjellet har eit namn er for meg nok i denne sammenheng. kva har vi rekna som sunnmørsalpane då? kolåshalvøya og rånahalvøya. fjella vest for dalsfjorden sør til nordfjordgrensa. vidare langs denne austover til hornindal og hellesylt. lista blir lenger og lenger. men klart ein kan no gå på rubbel og bit og føre opp det ein vil under 1000 og. ove
  10. ja du skal komme deg greitt opp på kloksegga frå langseterdalen... men gå no ein 5-600 meter oppover dalen før du skråa opp lia. mot jenteskaret veit eg ikkje. det var heller ikkje i mine tankar og sjekke den gangen dessverre. hadde det vore i dag hadde det gjerne blitt sidan galskapen har auka på betrakteleg siste året. e no snart ikkje ei tue eller egg som ikkje ska utforskast so virka so vi slite med same sjukdomen. ein anna tur som du kan vurdere på nordsida av dalen. gå frå haukåssætra nordover og vidare inn i grøtdalen. etter kvart går du bratt opp på haukåsryggen 1136. vidare herifrå er det ei egg nordaustover mot vestlege vellesæterhorn 1476. var der tidleg i haust med tau og vurderte gå der men etter litt synfaring i småregn bestemte vi å la det ligge og gjekk nedigjen i dalen og rundt breen og opp på 1476. turen vart betydelig lenger ja. området i grøtdalen var noke av det mest bedritne eg har gått på sommarstid. lausmasse og sva om ein annan. var der på ski for nokre år sidan og det er å foretrekke. men tur frå haukåsryggen mot vellesæterhornet er interessant, klatreutstyr nødvendig. har du forresten lister over 1000 meterstoppar på sunnmøre? er ei liste i boka tindelandet sunnmørsalpane men den er forferdelig ufullstendig. har no rota rundt ein del og har ei formeining om kva som er men litt usikker i sykkylvenområdet der eg har ein del igjen. ove
  11. Hei igjen var på maudekollen og kloksegga i fjor sommer. kombinerte det med retur frå slogen til parkeringsplassen i langsæterdalen. eg skrå berre frå isvatnet og oppover mot ryggen vest for jenteskaret. ryggen vidare er problemfri, lett og fint. aust for toppen på klokksegga braut eg meg ned lia igjen til parkeringsplassen, bratt og skogkledt til tider, men går greit. Ove
  12. enig med lena.. digestive... eller daigjestiv som dei seie i england e muligens den beste
  13. hehehe friflex kva er det du ikkje har lyst på? funka ikkje stormkjøkkenet vi brukte i sommar?
  14. opps det var no egentlig heilbom då men ser no ka vinkel bildet er tatt frå ja. fladalen eller flatdalen? hmmm fladalen etter fotturar på sunnmøre ja, flatdalen på kartet. tar det til etterretning
  15. hepp var på flott tur i går frå ringdalsstøylen over hesten, topp 1411 til lisje skruven og skruven. på vei heim bomma vi på ferja til sæbø, 1500 avgangen går først til trandal og standal så fekk ein fin tur til standal i staden for. kikka på mulighetene for å gå opp frå trandal til vestpunktet og frå fjorden såg dette mildt sagt hårete ut ove
  16. får eg blande meg inn her? for meg ser det ut som romedalstinden fotografert frå området sør for langenestinden. flatdalsvatnet og ureggene i forgrunnen her.
  17. ods takk for info om råsa opp der. var omtrent som eg har høyrt før ja. svein eg har kun vore på ski på nordsida av viddalen so vanskeleg å seie kor ein kan finne ok sommarteltplass på ruta over til ulvedalen. vore fleire gonga på risenosa og nordre skjæringstinden men prioritert desse som skiturar pga den flotte nedkjøyringa. ja vi campa ca på 240 moh etter det siste dyrkafeltet som er inntegna på kartet. men klart på sommarstid er det greitt med teltplassar innover frå viddalsætra i sjølve dalen der. vatn er ingen problem her nede iaffal. lenger oppe er eg slett ikkje sikker.
  18. dette er stor idrett! får vel ikkje tid til 1349 prosjekt i haust men til sommaren igjen ligge denne svett an.
  19. hei svein ja luftig og flott frå salefjellet mot viddal. ein bortgløymd topp når det er mange andre alternativ rundt som rager høgare. teltplassar er nokenlunde greitt å finne. i vår låg vi litt nedanfor der veien deler seg. ellers ser det bra ut og på enden av veien når snøen er smelta der. siste km med vei er ikkje kjøyrbar med bil. 4x4 e iaffal eit must. lenger nede er veien faktisk i bra stand sjølv på våren og teleløysing har ikkje vore nokke problem dei gangane eg har vært der. som andre slike veiar er den litt høg i midten so viss du kjøyre senka bmw med rånefrontspoiler ville eg betenkt meg. veien er ikkje stengd med bom. har spurd lokalbefolkninga her og dei var greie og gav oss lov å kjøyre. angåande ulvedalen so har eg aldri gått opp der. men lurer på om den råsa er i ferd med å gro igjen. snakka med ein som hadde gått der for ei tid sida og han rosa ikkje den oppgangen i varme ordelag for å seie det slik. hadde vore fint om noken kjenner til denne og kunne kommentert dette. muleg vedkommande har bomma saftig på råsa. men som skitur på staven/keipen er tur frå viddal definitivt å foretrekke. du slepp å gå og renne i skog der. det gjeld egentlig alle turar frå viddal. ove
  20. vil berre kommentere litt om turar frå viddal. . eit sterkt undervurdert område synest eg. bjørke/viddal er absolutt eit av favorittområda mine. staven, keipen. denne turen gjekk eg som vårskitur frå viddalsætra. frå vatn 1041 tar du peiling på furene i vestsida på staven. vidare fint ned til keipen. berre ein plass eg måtte ta av skia på ryggen der. retur frå keipen oppover ryggen igjen og rende ned til ulvedalsvatnet 980. du kan på denne turen kombinere med nordre skjæringstind og/eller over topp 1310 og vestover til risenosa. Risenosa er definitivt ein skitur, nedkjøyringa til viddalsætra står ikkje tilbake for noke anna. muligheter for å gå rett opp frå sætra, men eg gjekk no i påska ein anna variant. frå dyrka markene på viddal tar du opp den vestlegaste renna og kjeme opp vest for topp 1147. bratt opp rennene der men gode snøforhold så er det ingen problem. du kan no ta avstikkaren på salefjellet før turen fortsette til risenosa på ryggen vestfrå. nedkjøyring til viddalsætra. Jakta kan og gåast frå viddal, ta opp samme renna som nevnt over her. går du denne ruta til jakta er svipptur oppom salefjellet eit must. klyvre nordaustegga på salefjellet går fint. kan ta nordvestsida ned igjen. skjeringstindane... 2 delt topp. var på søre skjeringstind no i sommar og skaret mellom desse 2 toppane er ikkje farbart. so begge desse på ein dag er litt av eit prosjekt du må iallefall helsika langt ned igjen. sør for skjeringstindane ligge ein namnlause topp 1147. herifrå bør det være mulig å komme seg på kalveskrednipa. har ikkje gått opp denne ruta før men såg greitt ut. frå austtoppen 1435 på kalveskrednipa er det eit saftig skar om du vil vestover til hovedtoppen 1488. eg kom ned dette skaret uten sikring og det gjekk no på eit vis. gode tak og fast fjell. oppover bør gå men tau kan være aktuelt. blæja og kårdalstindane kan ein og ta frå viddal. gå forbi litlehornvatnet på vestsida og opp i skaret mellom toppane. då er det berre holshornet igjen og der har eg ikkje vore enno. siste toppen på viddal. får ha den til gode ei lita stund til. ove
  21. Har forøvrig lyst til å prøve å traversere denne eggen fra vest (oppgang fra Trandal) en gang. Da blir det antagelig et par taulengder klatring opp "trappetrinnet" fra vest ja dette såg vi og på som ein artig tur. men har du sett på den oppgangen frå trandal? rekna med du meina komme seg opp på egga til trigpkt 1142 og så østover. frå elsanddalen er det mulig å komme seg opp en rygg omtrent midt på egga. dette såg veldig greitt ut når vi sto på kanten av "trappetrinnet" og kikka ned. hep hep
  22. hei. artig å lese om turen din. gjekk samme tur no i august men andre veien, nordkopen, elsandtind, breifonnhornet og saksa. ryggen elsandtind-breifonnhornet syns eg var grei. når det gjelder elsandtind og sikring der så er det vel å anbefale ja. men vi gjekk forbi blokka og heilt til enden på egga uten tau. fram til blokka syns eg det var overraskande ok. med litt erfaring og forsiktighet synes eg dette er innenfor det som kan gi seg ut på. ove
  23. såg og på denne ruta frå dalmannshornet ja. det bør være mulig å gå frå brunstaddalen og rett vestover retning 1320. ser rimelig greitt ut på kartet og. men 1320 er vel ikkje høgste punktet på denne egga. var på svendtinden no madag og derifrå hadde eg utsikt rett på heile egga. høgste punktet ligg vel litt lenger sør, vanskelig å lese utav kartet men ca 1360 moh. dersom dåkke går på denne eller 1349 hadde det vært brillefint med en liten turrapport her. ove
  24. eg var på øksfjordjøkelen på ski i sommer 13. juni. tok ferga frå øksfjord til tverrfjord og overnattet ved vatnet som ligge ca 30 moh. brukte ca 4 timer til toppen og var der 0130 i midnattssol. dårlege snøforhold gjorde at vi måtte bære skia ganske langt. vi var 2 stk og brukte ikkje tau på breen. turen er absolutt å anbefale som vårskitur. eg gjekk ilag med ein kar frå langfjord som har vært på øksfjordjøkelen fleire ganger. han hadde og ein kamerat i øksfjord som henta oss med båt dagen etterpå. om du er interessert og sender ein mail ([email protected]) kan du få e-postadressa til han tore i langfjord. ove
  25. hei var en tur på dalmannshornet forrige veke. gjekk frå habbostaddalen med retur over saurdalsnibba og bolten. flott tur i fantastisk ver. men møtte ein kjeft....alle skal vist på slogen og stå i kø. har sett på kartet at det ligg ein topp nordvest for dalmannshornet, 1349 moh. er det nokken frå sykkylven eller andre som har vært på denne toppen? er det muleg å gå sørover frå storevatnet 847 opp til skaret og derifrå vidare nordvestover til toppen? frå dalmannshornet såg dette litt ruskete ut for å seie det mildt. ove
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.