Gå til innhold
  • Bli medlem

jarle

Aktiv medlem
  • Innlegg

    969
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av jarle

  1. du vil ikkje ha ein med eit sånt bestemorsete! dei er rett og slett fæle, så sjekk om det er utskiftbart... det er forresten toppen av kjedeleg å sykle på ergometersykkel! verre enn hotell cæsar!
  2. så det var du som spilte Frank N Furter?
  3. hehe,,, word up Erling,,, men så holder eg meg helst unna de verste autobahnene og de er fine til trening, men på tur skal det helst unngås
  4. "min moskus" hadde berre lunta over ein bekk, og så lunta i krussedullar rundt i den vesle bratte skrenten på andre sida, over skavlar osv... dei er jo i slekt med både sau og geit, kanskje det forklarar oppførselen? forøvrig takk for skryt over bileta, landskapet gjorde mesteparten av jobben, og lyset resten eg er berre glad eg var der og fekk fanga det på minnebrikke men skal ikkje legge skjul på at nytt kamera står på ønskelista, lei av autofokus! den digitale speglreflekshimmelen lyser i det fjerne...
  5. personleg finn eg stor glede i å mobbe austlendingar som trur det finst fjellski utan stålkantar...
  6. har jo allereie nevnt turen i fjellquizen, men her kjem nokre ord ekstra! eg var altså på tur med ntnui ski og fjellsport-gruppa til dovre i helga. ruta: fredag: frå vegen ein stad og opp til dindalshytta. her fann vi tre hollendarar, og iallfall eit varmt kjøkken. ellers var det ingenting å seie på kulda i hytta! ellers skal det seiast at sengene på dindalshytta er luksusbreie, og det er lett sengeplass til dobbelt så mange som det er senger. maten inkluderte brokkoli, og var særs god, som han pleier å være... turen opp gjekk i mørkret, med hovudlykt, det var fint! eg var tilslutt glad det var vintersoveposen som var med,,, laurdag: dindalshytta - åmotdalshytta. 24km, og totalt 800m stigning. i utgangspunktet ein flat tur, spør du meg! og dovre viste seg tidvis frå si mest solrike side dei første kilometrane følgde vi kvista løype, som var merka med raude plastkvistar med refleks. nedtur! dei slutta heldigvis etterkvart... oppi ein bakke traff vi turens einaste nordmann, ein fiskar med to hundar, som gjekk særdeles effektivt, og måtte sei åmotdalshytta tre gonger før vi forstod han... og eg som har gått på folkehøgskule med allslags uleselege dialektar! men turen var fin den, sjølv om føret var tildels hardt og isete, og uvande musklar i føtene etterkvart vart litt slitne... ski som ikkje heldt godt på smøringa hjelpte ikkje på... i dei få mindre nedkjøringane fekk eg etterkvart lurt inn nokre telemarksvingar, når eg hadde vorte van med sekken. rundt kl 18 var vi framme på åmotdalshytta, etter ca 9 timar i felten. fekk nokre brukbare bilete av snøhettamassivet på vegen og vel inne på hytta fraus kondensen frå svetten vår til is på speglen på rommet... men intens fyring gav levelege temperaturar i stova tilslutt. single malten min hjelpte på den og. hytta var forøvrig bebudd av to finnar med fotoapparat. sundag: åmotdalshytta - kongsvold, via reinheim. påskevær! ein lettare tur enn dagen før, og betre føre. herleg silkeføre dei to siste mila lunsjen i solveggen på reinheim var ein av dei beste på lenge, sjølv om eg tapte konkurransen om å bli kvitt sjokoladen og kjeksa mine... "moskus?" vart og eit meir og meir vanlig sitat... vi glei rolig nedover mot kongsvold, og kosa oss i sola. bergensar nr 2 på turen, ein lang luring frå fyllingsdalen tok rollen som solkrempushar, og eg speida etter rein og moskus... lenge var rypedokk det mest eksotiske... før vi kryssa eit moskusspor, som sette meg på sporet for litt kikkerttitting, og moskusdebut på ca 3km avstand! så er lista over norsk storvilt i vill tilstand, utan bil, komplett så den kjekkaste delen, skauen ned til kongsvold, og vaffel/kakao før toget gjekk heim. tid til pils vart det og...
  7. vi hadde digg vær i hardanger i april, varmt og godt var det... og lite snø, selv i høyden, så overrasker meg ikkje om snøen på røldal sank sammen på den tida...
  8. men ein skal byggje seg opp litt erfaring før ein går aleine, f eks med kart og kompass! som bjarne seier; ein skal ikkje være avhengig av batteri! å gå frå hytte til hytte aleine skulle være ein fin måte å byrje på synest eg. det som er med ulykker i fjellet er jo at det gjerne vert både dyrare og vanskeligare å hjelpe dei som kjem ut for ei ulykke, slik at det får meir merksemd enn "ei enkel trafikkulykke"...
  9. stemmer korrekt nils! var på tur med ntnui ski og fjell i helga, gikk til dindalshytta fredag kveld, åmotdalshytta lørdag, og ned til kongsvold igår, søndag. vart ingen toppar, men iallfall lyst på eindel av dei! det var ganske lite snø på ruta lørdagen, eindel beinhard skare, og masse ur. men det er ikkje så ille at eg heller ville vore heime! det er for få nordmenn i fjellet som det er... vi var 7 nordmenn, og 2 utlendingar i følget vårt, og møtte 3 hollendarar, 2 finnar (som hadde vore i området og fotografert i nesten 2 veker), og 4 tyskarar, men ingen nordmenn! vi kom over jervspor mellom åmotdalshytta og reinheim og forresten... og moskus på nesten litt for lang avstand! skal legge inn ein turrapport etterkvart, må berre få tilgang til nettverksdisken min igjen først!
  10. nye bilder på gang etter tur i helga! navn på fjell? og kor tok eg biletet frå?
  11. det er vel ingen som protesterer mot crossbaner i bebygde strøk? men er det eit argument for ferdsel i utmark? at SRX ikkje gidd å følgje lova og meiner det er eit val me skal respektere, er noko av det dummaste eg har høyrt!
  12. eg har dynastar new legend 3800, med rottefella cobra r8, og scarpa t4. det funkar fint! har prøvd dei i løype, og i grunt pudder, og det funkar finfint! eg har aldri kjørt seriøst telemark før, berre litt på tur og sånn, men desse skia føler eg at eg mestrar greit allereie! kan trygt anbefalast...
  13. det er tross alt gripande kjedeleg å springe langs vegen, så kvifor IKKJE springe i fjellet?
  14. kom akkurat inn frå kveldstur til liaåsen, og det var skikkeleg herleg! medan skodda ligg tett her nede på voll, er det skyfritt og måne som kastar skugge oppi høgda! bomme ørlite på smøringa idag, men det gjekk greit likevel, særleg der dagens snøfall fremdeles låg. passerte tydelige tegn på at skogens konge har skrensa rundt i løypa, og trur eg skimta rævva på ein på veg ned att... men det vart altså kvikklunsj og vatn på liaåsen kl 2040 som var høgdepunktet! tok nokre bilde, men kameraet tullar litt no, så bilda får evt komme etter dusj og matlaging! så var det gjort,,, bilda er her!
  15. hvis bergans har brukt bilde av meg i ei berghaus-skjorte, så har dei skote seg sjølv i foten... i forbindelse med prøvefiske i ysjebotnvatn ovanfor lofthus vart me sett litt inn i konseptet, kva ein ser etter osv... og vi var og på foredrag med tore quenild, om fiskegenerasjonar osv... det viser seg då fort at enkelte sesongar har produsert betre fisk enn andre, det er vekst første sesong som er viktigast visstnok. på vestvidda er 97-generasjonen blant dei sterke, og dei vert det sjølvsagt færre og færre av... uavhengig av generasjonar, kan det seiast at ein kompis fekk fin fangst på natta inst i det inste ysjebotnvatnet, i utløpet til ein bekk... 8 stk over halvkiloen... om du tek turen til ysjebotn/opesjo-området får du med deg den fantastiske steinbrua mellom stavali og lofthus og! ho kryssar Breiåna i utløpet av det vesle vatnet nedanfor Langavatnet... posisjon: ca 6'53'00Ø, 60'17'50N! Kart: Ullensvang
  16. har nett vore ein liten tur i estenstadmarka, for å riste av meg siste restane av sixpacken frå igår og for eit fantastisk vér! etter damejaktstarten heiv eg meg i skiklede og for opp i skauen. blåswixen satt som smurd (blå extra var det vel...) gjekk frå voll studentby, opp bakken til den ubrukelege undergangen, og inn på myra oppå der... ned i dalen innafor dragvoll og opp i lia mot estenstadhytta. følgde så skiltinga mot liaåsen, sidan eg synest å hugse at det er høgaste punktet? oppå "platået" låg sola over myrene og alt var berre fantastisk utsikten frå liaåsen mot sylan (i presume) var heller ikkje nokon nedtur... tok samme vegen tilbake, sidan eg ikkje er så kjent i området. så no sit eg og lukter svette og et kvikklunsj på hybelen.
  17. teoretisk sett er aluminiumspulver svært brannfarleg, faktisk "spontaneously flammable"... det reagerer og med vatn og formar svært brennbar hydrogengass
  18. "sixpacksnurråtvaring" adrenalin: har store planar om å droppe utfor baksida av fuglafjellet på ski i påska, omtrent der arnt synest det vart for bratt å gå opp sommarstid. i nord kan de reise til lofoten, lyngsalpene, osv og klatre/surfe osv... då kjem friluftsinteressa! og så vert det neste at du sit der med hjartet i halsen når dottera di har vorte toppturjunkie forhåpentligvis utan helikopterlift... og når det gjeld samar og og naturvett: insisterer dei ikkje på å halde omtrent 2 gongar så mykje rein som finnmarksvidda toler??? "sixpacksnurråtvaring slutt"
  19. etter forsøk med berre briller i regn og sludd i åre for ei god veke sidan bestemte eg meg for å kjøpe slalåmbriller... med kriterium billig foreslo butikkdama "Scott AcS" (trur det er det dei heiter), desse passer brillene mine godt inn i, både med og utan hjelm. i skishoppen på eit hotell i åre kosta dei 300SEK har ikkje hatt spesielle problem med dogg, hverken i regn og plussgrader eller i nokre minus og opplett. men det kom dogg på brillene ein gong eller to kvar dag. det var uansett berre å tørke av og fortsetje håper dette er til hjelp! om tanken er ski i fjellet, altså turar, så kan du jo og prøve sånne harry saker til å hekte på brillene som ein får på m.a bensinstasjonar?
  20. tenkte mer på de selvbetjente hyttene som gjerne har hyttevakt og greier,,, det skal tross alt være proviant nok til det stipulerte antall overnattinger og litt til... men mat får du nok... vestvidda er fin finner du de riktige vanna er det bra fisk og, iallfall lov å håpe at det fremdeles er litt igjen av de gode årgangene...
  21. mat på dnt-hytter er jo per definisjon dyrt, slik er det berre...veit ikkje om hyttevakter nødvendigvis er så glade for teltarar som kjem og provianterer på hyttene dog... men mat er det der, iallfall om sommaren! har personleg gått mest på vestvidda, synest austvidda er flat og langdryg, særleg strekket rauhelleren - sandhaug.
  22. eg er då verkeleg ein slags bybuar sjølv og som student er vel ikkje akkurat sjansen til å flytte "på bygda" reell før eg er ferdigutdanna om mange år... poenga mine om hytteområdet mitt, som litt langt frå scooterland, sentralt plassert i hordaland som det er, er at inngrepa kryp lenger og lenger opp og vekk frå riksvegen og det er fordi det er gradvise frislepp av diverse motorferdsel, hovudsakeleg fordi folk vil ha hytte langt frå vegen, men ikkje gidd å bere med seg maten. så skal dei altså byggje enno lenger vekk frå vegen, og så har vi det gående... og det er dette som bekymrar meg mest, at mange bekkar små vert ei forferdeleg stor å. berre sjå på volga... dessutan er jo ski noko vi sannsynligvis har hatt sidan me var "avanserte dyr", og kan reknast meir som ei forlenging av foten, enn det ein scooter kan litt mindre drastisk, skulle eg meine...
  23. det er vel ingen grunn til å eksportere rasering av naturen?
  24. det eg stussar mest på er logikken bak "snøscooteren finst, derfor skal det lempast på bestemmelsane om motorisert ferdsel i utmark"? YES: om du går på ski eller ikkje er fullstendig irrelevant for kva eg meiner om at du vil kjøre snøscooter. personleg foretrekker eg å sleppe preparerte skiløyper og! men eg ser altså ikkje logikken bak at vi skal opne for scooterbruk i fjellet fordi scooterbruken finst. skal vi doble fartsgrensa på vegane og, sidan mange bilar idag går mykje fortare enn bilar gjorde før? skal vi tillate narkotika? det er jo nokon som har raffinert kunsten å lage artig kvitt pulver! ting tyder jo på at det er komme for å bli og... som du sikkert skjønner er eg rimeleg skeptisk til dette med motorkøyretøy i utmark. blant desse er definitivt ikkje snøscooteren nokon versting når det gjeld spor og slikt, men gir ein fanden fingeren, så tek han heile handa det neste blir at 4-hjulingar er komme for å bli? ein ser det godt i nesten alle bilreklamar for tida, volvo xc90 kryssar vegen, istadenfor å køyre på han osv... det er ei utvikling eg ikkje likar! der vi har hytte er det grusvegar altfor langt opp i liene etter min smak. og desse vert stadig utvida, og no har dei byrja vinterbrøyting og, slik at der det var skiløype før, er det grus og fandenskap no... kommunen vil anlegge heilårsopen veg opp i snaufjellet, og byggje hytter og skitrekk for ein halv milliard på ein av dei finaste toppane på "mi" side av kvamskogen! så i utgangspunktet kan ein vel sei å sleppe snøscooter kanksje ikkje er så ille, men så kjem det noko meir, og så noko meir... og når det gjeld hytte: det at du har bygd så langt frå vegen at du synes det er kjipt å bære maten din dit, skal det gi deg privilegium til å køyre meir med scooter? skal eg kunne bygge ein garasje på stølen til slekta, og krevje å få køyre inn dit med 4WD? har vel kanskje sett ting litt på spissen her,,, men ville berre poengtere mitt standpunkt mot motorisert ferdsel i utmark, ikkje mot scooterfolk. du verkar då som ein ok fyr du og YES... og om det å køyre scooter i seg sjølv er målet, så har eg ingenting imot lukka scooterbaner a la bilcrossbaner og slikt. men eg støttar ikkje rekreasjonskøyring med snøscooter i fjellet, eg ser det som unødvendig bruk av motorkøyretøy... men slapp av, skistaven min vert aldri slengt etter scooterfolket, det er ein umoden reaksjon...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.