-
Innlegg
173 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av frodeky
-
Hei, Dersom du vil gå på Fannaråken frå Turtagrø i april vil eg tru du kan reise dit utan serleg forkunnskap og følge spora til topps. Eg har gått opp både frå Steindalen og langs ruta som kjem frå Skogadalsbøen/Keisarpasset, begge er fine, men eg vil nok anbefalla opp frå Steindalen. Alternativet er frå Storfonni lenger oppe på Sognefjellet over breen, som er ein flatare tur. Steindalsnosi kan (dersom føret er ok, og du har is nok i magen) nåast frå Fannaråken. Du går ned i "passet" mellom fjella og direkte opp på Steindalsnosi, er som regel spor her og. Men, du kan risikere at du føler behov for ei isøks evt. stegjern på denne turen, alt ettersom erfaring mm. Har du moglegheit ville eg satt bilen på Gjuvvasshøgdi og gått herifrå til Steindalsnois, så vidare over mot Fannaråken og ned til Turtagrø, men då er du avhengig å få henta bilen på eit vis. Dette er ein flott tur, men fleire høgdemeter på returen enn på veg opp, noko som er flott om du likar nedkøyring Lykke til med turen, håpar det var til hjelp.
-
Dersom ein ynskjer å lisensiere verket/verka sine så bør ein benytta ein CreativeCommons (CC) lisens, ein kan sjølv fylla ut skjemaet på denne sida http://creativecommons.org/license/ og få ein ferdig lisens til å legge til si side/bilde osv. "Creative Commons hjelper deg til å publisere ditt verk på nettet slik at andre ved presis hva de kan og ikke kan gjøre med ditt verk. Når du velger en lisens, tilbyr vi deg verktøy og instruksjoner som gir deg mulighet til å legge lisensinformasjonen på ditt eget nettsted eller på et av de mange gratis nettsted-tjenester som har innarbeidet Creative Commons." Sitat: Creativecommons.org
-
Du seier lite om kva utfordringar du vil ha på turen, men Mjølkedalstind er vertfall ein flott og enkel topp. På 2-3 dagar så rekk du nok ikkje så mykje meir enn eit par toppar på turen. Du kan jo vudere om du vil ta Snøholstinden samme dag som Mjølkedals tind, Snøholstind er fin langs vesteggen. Dersom du vil bruke dag nr 1 når du er på Leirvassbu er Kyrkja eit fint fjell. Ellers skal det væra fiks både i Leirvatnet og Langevatnet på vegen, men har aldri fanga noko der sjølv. Andre 2k`ar du kan vurdere: - Midtre Rauddalseggje 2016 moh og Store Raddalseggje 2168moh - Rauddalstindane, Austre 2086 moh, Store 2157 moh, Vestre 2059 moh (frå Olavsbu) - Skarddalstinden 2100 moh - Skarddalseggje 2159 moh Lykke til med turen
-
Hei igjen, Eg er enig i mykje av det som har blitt skreve, og det kan absolutt væra verdt å starta med litt lettare og "enklare" utstyr i starten. Men, ein ting eg vil anbefalla deg uansett kva du går for, er å satse på ein annan binding. Eg har sjølv hatt Cobra R4 på mine første ski. Dersom du går for 22Design Hammerhead feks, som dei har på Oslo Sportslager, så får du moglegheiten til å justere trykket og flexen på bindinga etter føre og forhold, pluss at du kan gjæra bindinga di meir flexsibel til oppoverutren. Noko som lettar arbeidet for deg. Dersom du vil spare nokre lappar kan du jo kikka hær: http://www.telemark-pyrenees.com/ Sportsutstyr er tollfritt, og du kan gå utifrå prisane EX Vat, men må legge på norsk moms. Kan gå god for butikken, har bestilt fleire ski og anna klatre og vinterutstyr der. Har hatt eit tilfelle der reklamasjon var naudsynt, då fikk eg nye ski tilsendt før med bindingar montert, og sendte dei defekte i retur først når eg hadde ny på plass. Utruleg bra service, og utruleg dyktige folk. Lykke til, det blir sikkert ein flott opplevelse uansett kva du velger. PS: Storeting er nok gode ski, men dersom terrenget er slik at du kan bruke halvfell, så er du ikkje på topptur, då er du på tur:)
-
No veit ikkje eg kva du legg i ordet topptur, men dersom du har planar om topptur slik eg kjenner det så ville eg gått for breiare ski, stivare sko og ein meir "justerbar" binding. Dette er meint som eit godt veiledande råd, og det kan godt hende at det du har satt opp passar til deg. Uansett så ville eg IKKJE satsa på kortfell på topptur, dersom du skal ut i litt bratt lende, med mykje laussnø, evt. mykje gåing i skråhelling(som det gjerne blir på topptur). Sats heller på G3/Black Diamond som du kan skjære til skia, så slepp du glipptak både hær og der! Tips til pakke: Ski: Völkl Mantra / Dynastar Legend Mythic Rider etc. Binding: 22 Design Hammerhead Sko: Scarpa T2X Feller: G3 Expedition
-
Takk for svaret, bruker idag greybox, har brukt LightBox på egenutvikla sider før, men har aldri funne eit godt nok programtillegg til Joomla.
-
Flott turrapport, flotte bilder og flott side! Brukar sjølv joomla og vart litt nyskjerrig på kva programtilleg du brukar til Lightboxen på bilda dine? Ellers var den ryddig og pen, fortjente ein plass i bookmarklista:)
-
Skitur Store Ringstinden Kr. Himmelfartsdag
frodeky svarte på trondv sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Om det er perfekte forhold eller ikkje vil jo væra veldig sesongavhengig. Mi gjetting er at når ein har kome så langt ut i mai, så må du nok bære skia eit stykke inn i Ringsdalen før du kan spenne dei på deg og gå opp på Ringsbreen. Du bør og væra ops på sprekker på ringsbreen dersom snøsmeltinga har kome skikkelig igang. Ellers vil eg nok tru at det blir ein flott tur, og at du kan få eit par flotte svingar i vårslusjen er eg sikker på! God tur -
ennio morricone burde og kunne brukast
-
linken = skruing og herjing på fjellet. Rotefelle cobra er bra, men hammerhead er enda bedre
-
Du kan jo sjekke ut Völkl Mantra, Dynastar Legend Pro Rider eller Legend Mythic Rider om du ikkje vil ha så breie ski. Finnast mykje gode ski der ute! Når det gjeld bindingar vil eg anbefalla 22Design Hammerhead. Skulle skrive at den er kåra til årets beste binding mangen år på rad, men orkar ikkje finne referanse;) Denne bindingen er super til topptur og til bakke, pga. store justeringsmuligheiter!
-
Det går ann å køyre ned denne sida, men oppturen går fint ann å legge lenger ned mot Turtagrø(gjuvvasshøgdi). Sjølv om egga ned mot prestesteinsvatnet er fin å følge. "Følg rygg ver trygg" veit du:P Det er ofte ein overhengande skavl også, så kan være litt vansklig å komme seg opp og ned mot breen som ligg i sida mot Storfonni.
-
Eg har ikkje vært der sjølv, men går rykter her i Sogndal om at Steindalsnosi har snø nok til ein skitur og at det var folk der for 14 dagar sidan!
-
Karifjellet ved skitrekket i stryn?
-
Grunnen til å satse på telemark må jo være følelsen, INGENTING slår telemark. Det er kanskje litt vanskligare å mei stre, men når du gjer det, så er følelsen av å sette lange flotte telemarkssvingar på eit pudderdekt fjell heilt fantastisk! Telemark er jo også norskt!!
-
Dersom måsen/måker flyr innover land og sett seg på beitemark/bøar/utmark seiast det at det blir regn.
-
Eg bruka berre ei lita fuelflaske, og heller forsiktig nedpå... Har forvarma med bensin, men ALDRI i teltet, og det vil eg heller ALDRI ta sjangsen på. Men, her er det nok variasjon frå brennar til brennar og også etter takhøgde i teltet og andre variablar som kan spele inn! Det å sleppe å måtte ha primusen ut for å forvarme(og i forteltet) om vinteren er eit stort poeng for meg, derfor er rødsprit tingen. Har faktisk opplevd at rødspriten har vore vanskleg å få fyr på i streng kulde når metallet på brennaren er kaldt. Når den brenn, så brenn den midlertidig kontrollert. Skal prøve tipset med linseflaske, hørtest lurt ut. Takk for tipset!
-
Fyrer sjølv med rensa bensin i telt, det sotar ikkje og brenn reint å fint på min Primus Gravity MF. Trikset er å IKKJE forvarme med bensin, det er svært lett antennleg og brenn med høg flamme(lite morro i eit telt). Rødsprit er favoritten når det gjeld forvarming, det brenn kontrollert og med ein jevn og fin flamme som ikkje går for høgt. Brukar ca 2 te-skjeier rødsprit for å forvarme. Forvarm heller aldri ein varm primus, la den bli kald mellom kvar gang den skal brukast. Lykke til, og prøv heime før du legg ut på tur.
-
Tusen takk for førerapporten, er kjærkomment for oss som skal ut på tur i næraste framtid. Eg går frå Eidsbugarden mot Olavsbu og vidare mot Leirvassbu på Søndag, satsar på å ta nokre toppar også. Håpar det går greit og at snøen ikkje set ein stoppar for ranglinga. Ski er utelukka...
-
OI! Det var uventa mykje snø! Skal sjølv gå frå Eidsbugarden innom Olavsbu og Leirvassbu og vidare mot Turtagrø om to veker. Nokon som har formeiningar om føreforholda då? Korleis er utsiktene?
-
Nokon som har ei anbefalling på ei god og lett kameraveske til SLR? Lav vekt og plass til EI ekstra linse(70-300mm)?
-
Takk for det torodd! Nyttig tips, som eg skal passa på å følge til neste vinter, skia har enda på hylla for min del no :/ Skal og flytte frå sogndal, men min kjære skal bu her 2 år til, så er så heldig å få boltre meg i "dala fjella" regelmessig i 2 år til! Forøverig så kom eg meg til Strupen ifjord, men då kom det ei skodde tjukk som grøt. Så valgte å snu der. Skodda letta sjølvsagt, så eg labba bort på Blåfjellet på veg tilbake ned Gunnvordalen. Ellers så har du heilt rett når det gjeld fjella, har verken tatt togga eller frudalshesten iår(utrulig nok), men har nok av tura her i 06 og 07:) Har dog ikkje prøvd ditt alternativ som du beskriv i første tråden, den hamnar på lista over neste års turar!
-
hehe... raskt og konsist! Stemme bra det, då veit du sjølvsagt kva som ligg heilt til høgre også?
-
-
Har eit lite spørsmål til etter å ha studert kartet litt nøyare! (for å dempe på fjellsuget) Søre Smørstabtindane, korleis er det å nå dei frå Gravdalstind? Brepassasje? Dersom det er vanskleg vurderar eg å droppe det, og heller ta Dyrhaugsryggen siste dagen fra turtagrø! Men er usikker på kor ein finn minst folk, er ikkje innteresert i å gå i kø heller! Dersom folk har info, evt bilde hadde det vert til stor hjelp:) På førehand takk