Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
2 manns telt spisset for ren vinter-, høyfjellsbruk ?
Skal bare... svarte på Kjetil66 sitt emne i Telt og lavvo
Problemet med Nammatj, slik eg opplevde det som vintertelt, var at vinden la snø oppover på skråveggen og la denne heilt flat, slik at lengda raskt og effektiv vart kortare og kortare. Eg løyste dette ved å ligge med hovudet i denne enden, og føttene ut i forteltet. Det fungerte, sjølv om det ikkje var nokon god løysing. Eg kan ikkje seie at eg savnar Nammatj som vintertelt. Eg vil ikkje anbefale Nammatj som vintertelt for nokon som er lenger enn ca 1.75m. I forhold til å takle dårleg vær, og vera raskt å setje opp, trur eg ikkje det er mange telt som slår Nammatj.- 16 svar
-
- 2
-
Ein liten artikkel om filmingen av sirius-dokumentaren: https://knr.gl/da/nyheder/instruktør-bag-sirius-dokumentar-det-er-det-vildeste-jeg-nogensinde-har-prøvet Eg kan absolutt anbefale Against The Ice https://www.netflix.com/no/title/81115160 for dei som er på netflix. Filmatisering av Alabama-ekspedisjonen (1909-12).
-
Er det noko som er i ferd med å fungere dårleg på tur, vert det fiksa etterkvart eller når eg er heim att. Før tur, er det å sjekke at det som skal vera tett, er tett, og at pumpa fungerer som ho skal. Eg brukar motorolje (fordi det er det eg har tilgjengeleg) på pumpelæret.
-
Trådstartar stiller faktis spørsmål ved forvarminga, og nevner samtid at han/ho pumper ganske mykje. Sjølv med lang forvarming, er mi erfaring at ein skal vera forsiktig med å auke effekten for raskt. Trådstartar er heller ikkje veldig informativ om korleis dei gule flammene ser ut. Om det er høge, veldig gule flammer, som er typisk for dårleg forvarming; veldig låge flammer som ved underburn; eller barre gulaktige flammer som er ganske typisk for denne brennaren. Det siste er riktignok ikkje noko som skjer etter 10s. Trådstartar er heller ikkje veldig aktiv med attendemeldingar i tråden.
-
Kjenneteiknast også ved at det vert meir lyd. Og dei gule flammene er små. Dette kan skuldast ureinheiter mellom brennerskala, fiksast ved å ta av brennerskala og reingjera. Det kan også skuldast for liten åpning i dysa, anten rusk som vert fjerna med rensenåla, eller for liten dyse. Dersom det er store, gule flammer, er det fordi brennaren ikkje er varm nok. Når dette skjer etter nokre sekund med fine, blå flammer, er det fordi brennaren vert for mykje avkjølt av at ein prøver å køyre på full effekt for raskt. Tålmodigheit er stikkordet.
-
Ikkje nødvendigvis varm nok til å gå på full effekt.
-
Det kan vera lurt å starte litt forsiktig etter forvarminga, for å la han gå seg ordentleg varm før ein pumper opp meir trykk.
-
Parafinbrenner med fast tank - råd om kjøp
Skal bare... svarte på Bjørja sitt emne i Primus og kokesystem
Det var eit slikt ledda verktøy eg tenkte på. Noko anna fungerer neppe. Men eg vil likevel ikkje kalle det enkelt å bruke. Men med litt trening fungerer det, også til feltbruk.- 26 svar
-
- 1
-
Parafinbrenner med fast tank - råd om kjøp
Skal bare... svarte på Bjørja sitt emne i Primus og kokesystem
Har du ikkje erfaring nok til å vurdere dette sjølv, bør du ha med både nevnte reservedelar og vektøy. Sjølv om pumpelæret truleg held, kan det vera vel verdt å ha med reserve, dersom det mot formodning skulle skje noko. Men etter meir enn 20 år med allsidig primusbruk, har eg fortsatt ikkje hatt bruk for feltreparasjon av pumpe (det skal navnast at eg ikkje har erfaring med MSR, MSR-folka har med komplett reservepumpe fordi dei får bruk for det.) Dersom det vert behov for rensing av dysa, er einaste måte å bli kvitt problemet, å ta ut dysa. Å stikke opp dysa frå utsida, er bare midlertidig, det same rusket vil tette att etter kort tid. Det kan bli eit veldig stort irritasjonsmoment, dersom ein må stake opp dysa for kvart 3-5. minutt, særleg når ein veit at problemet enkelt lar seg fikse med rette verktøyet. Å skru dysa ut og inn, er det einaste vansklege punktet på denne type brennarar, og kan vera vrient nok med verktøyet. Pass på å ikkje misste dysa i snøen. Eg brukar også ha med ekstra tanklokk. Det er enklare å bytte tanklokk, enn å bytte tanklokkpakning ved behov. Dette har eg heller aldri hatt bruk for. -
Parafinbrenner med fast tank - råd om kjøp
Skal bare... svarte på Bjørja sitt emne i Primus og kokesystem
Eg foretrekk pumpelær, det fungerer alltid og vert ikkje plutseleg øydelagt, så det er ikkje behov for å skifte i felt. Dei gongene eg har skifta pumpelær, er når eg har overteke gamle, vanskøtta brennarar. Aldring aleine er ikkje nok til å øydelegge pumpelæret. Det er nok ein grunn til at Optimus gjekk over til lær att. -
Gassbrennere i moderat vinterkulde…
Skal bare... svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Primus og kokesystem
Det skal ikkje vera blypakning på Primus 210 med dei koniske gjengene. Det er 100% sikkert.- 272 svar
-
- gassbrenner
- optimus vega
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
tur jul-nyttår Hardangervidda hensyn til villrein?
Skal bare... svarte på Megogskyggen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er lite snø på vidda enno, så det er vel mange plassar det er langt meir. -
Brennaren fungerer nok til bensin. Det kan stillast sprøsmål ved om pumpa (med einvegsventilen nedi drivstoffet i tanken) er trygg med bensin på tanken. Dersom einvegsventilen ikkje er tett, vil trykket gjera at flytande drivstoff kjem opp gjennom pumpa. Det er ingen onskesituasjon med ein slik lekkasje like ved brennaren. 111B, 111T og 111C har akkurat same svakheit, det same har fleire moderne slangebrennarar. Eg brukar ikkje bensin på slike brennarar, men det er mitt valg. Forskjellen mellom 111 (bråkebrennar for parafin) og 111B (for bensin) er større enn det kan sjå ut til på avstand. På 111 er det 2 rør som fører parafin opp over brennaren, desse vert samla til eit røyr ned att til dysa. Dette fungerer på same måte som det røyret ein ser på mange moderne brennarar, inkludert XGK. Det 4. røyret har åpning i begge ender (nyare brennarar, på dei tidlegaste var dette tett) og fører forvarmingspriten ned i forvarmingskåla. På 111B er det bare 2 røyr opp til plata over brennaren. Det eine har åpning i begge endar for forvarmingspriten. Det andre er tett og er der bare for å halde toppen av brennaren på plass. 111B har altså ingen forvarminsløyfe over brennaren, det ser bare slik ut. Bensinen fordampar i botn av brennaren og går rett til dysa. Derfor fungerer ikkje 111B med parafin.
-
Mange som trur dei har brukt diesel på 111 i militæret, fordi dei har brukt same som på dieselbilane. Men i militæret, vert det brukt parafin på bilane. Nettop for å bruke same på alt. Eg kjenner ikkje til nokon brennar eg ville brukt diesel på. Men forutsetningen for kommentaren min lenger oppe, var at brennaren faktis takla det.
-
Eg ser ikkje kva slags ekspedisjon ein skal vera på, der det er tilgang til oljeblanda bensin når det er tomt for alt anna. Byrjar ein med totaktsbensin på brennaren for å fortsette, må ein uansett bryte ekspedisjonen dagen etterpå. Nei totakstolje har ingenting på brennaren å gjera, heller ikkje i nøden.
-
Parafin/bensin/multifuel-brennarar er, og har alltid vore, veldig dyre i innkjøp i forhold til spritbrennarar og enkle gassbrennarar. Det avgjer valget for dei fleste som ikkje har bruk for brennar til vinterbruk. Ryktene vil også ha det til at parafin/bensin/multifuel-brennarar er kompliserte å bruke og å vedlikehalde, noko som gjer terskelen tilsynelatande høg for dei som vil ha brennar for vinterbruk. Gassbrennarar og spritbrennarar vert av dei fleste rekna som vedlikehaldsfrie, sjølv om gassbrennarar med gamle pakningar neppe er det tryggaste i bruk. Du vil ikkje ha totaktsolje i brensinbrennaren din. Det handlar ikkje om at du bare må renske brennaren oftare, problemet er at det er eit h... å rense brennaren etterpå. Det er ikkje store forskjellen når det gjeld tilgjengelegheit på drivstoff her til lands. I min nærbutikk (coop) står gassboksar, alkylatbensin, raudsprit og tennvæske på same hylle.
- 191 svar
-
- 3
-
Attende i tid då eg fekk mitt Trangia stormkjøkken, var det eit naturleg valg fordi det var eit billig, komplett turkjøkken som fungerer året rundt. Etter kvart har eg fått betre råd, og brukar andre, dyrare kokeapparat no. Trangia-brennaren var lenge med på dagsturar. Med sprit på brennaren, og provisorisk vindskjerming og kjelestøtter av små steinar, var dette eit veldig lett kokeapparat for 1-2 kaffekok. Dersom eg skulle prioritere vekt, ville dette fortsatt vera valget mitt, men vekt er uviktig på for meg på dagstur. I motsetning til gass, fungerer raudsprit i kulda. Effekten er riktignok låg, og det er ikkje mykje ein rekk å varme opp før brennaren er tom, så parafin/brensin-brennar er eit langt betre valg, men også mykje dyrare i innkjøp. Det er mange som har ein stor frykt for drivstoff under trykk, og som derfor reknar raudsprit som sikrare. All bruk av åpen ild er potensielt farleg, og når ein trur kokeapparat sitt er ufarleg, skjer ulykker fordi ein er uforsiktig. Derfor skjer det også mange ulykker med raudsprit. Dei verste ulykkene er brukerfeil ved å etterfylle ein varm brennar, der spriten tar fyr i flaska, med påfølgande spruting av brennande sprit til alle kantar. Når dette skjer med ein heil skuleklasse som tilskodarar, kan resultatet bli alvorleg brannskadde barn. Dette er ulykker som er lett å unngå når ein veit om faren. Ein ser ofte påstanden om at ein har god tid når ein er på tur. Eg er derimot ikkje einig i den påstanden. Ventetida for oppkok av kaffevatn, er ikkje kvalitetstid for meg, og derfor brukar eg ikkje spritbrennaren lenger. Eg vil ha varmt vatn raskt. Etterpå har eg derimot god tid til å kose meg.
- 191 svar
-
- 1
-
Er du redd for lekkasje, er i alle fall mitt råd å aldri ha trykk på tanken under tansport. Med trykk på tanken vil det lekke ut mykje brensel dersom det får sjansen. Utan trykk på tanken, er det kanskje bare nokon dråpar.
- 44 svar
-
- 1
-
Gassbrennere i moderat vinterkulde…
Skal bare... svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Primus og kokesystem
Dæven for ein pris. Det er faktis dobbelt av kva eg betalte for flaske med same kork for 22 år sida. Eg må visst passe på dei gamle flaskene mine, sitt på ei lita formue der. Riktignok i strid med mekelojaliteten din, men eg vil uansett anbefale minst ein Trangia sikkerheitskork. Med den går det ann å tømme av flaskene utan søl.- 272 svar
-
- 1
-
- gassbrenner
- optimus vega
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Gassbrennere i moderat vinterkulde…
Skal bare... svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Primus og kokesystem
MSR byrja å lage flasker i 1981. Dei barnesikre korkane kom mykje seinare. Eg kjøpte mine 2 MSR-flasker med vanleg kork i 2000. Etter litt webarkeologi, ser det ut til at dei barnesikre korkane dukka opp mellom april og mai i 2009 april 2009: https://web.archive.org/web/20090410075553/http://www.msrgear.com/stoves/fuelbottle.asp mai 2009: https://web.archive.org/web/20090515105002/http://cascadedesigns.com/MSR/Stoves/Stove-Accessories/MSR-Fuel-Bottles/product- 272 svar
-
- 1
-
- gassbrenner
- optimus vega
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Gassbrennere i moderat vinterkulde…
Skal bare... svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Primus og kokesystem
Jet A1 er parafin med tilsetningar som blant anna senker frysepunktet til under -47°C.- 272 svar
-
- gassbrenner
- optimus vega
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Gassbrennere i moderat vinterkulde…
Skal bare... svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Primus og kokesystem
Det er nok det. Og slik eg har forstått det, passer ikkje pumpa til Dragonfly på XGK og Whisperlite.- 272 svar
-
- gassbrenner
- optimus vega
-
(og 3 andre)
Merket med: