Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Letteste kjele 3-4 l for snøsmelting
Skal bare... svarte på Globerotta sitt emne i Primus og kokesystem
Kva som er optimalt, er veldig individuelt. I ein tråd for nokre år sidan, vart det påstått at ein raskt sparar inn vekta av eit isbor i mindre drivstofforbruk. Det kan nok stemme for større grupper som nødvendigvis treng meir vatn. Sjølv fann eg ut at eg aldri har hatt med meg så mykje drivstoff som vekta av eit isbor, og at eg må vera på tur i fleire veker før det er vits å tenke tanken. Smaken av friskt vatn i motsetning til smelta snø, kan likevel gjera det interessant sjølv om det ikkje er vekteffektivt. -
Letteste kjele 3-4 l for snøsmelting
Skal bare... svarte på Globerotta sitt emne i Primus og kokesystem
Med pulk, foretrekk eg ein større snøsmeltekjele, 3-4liter, men brukar han også på ein heilt annan måte. Snøsmeltekjelen brukar eg kun til å smelte snø og til å oppbevare kaldt vatn i, så damp frå den store kjelen er ikkjeeksisterande. Og eg har tilgang på kaldt vatn nesten heile tida i leir. I denne kjelen har eg ei ause, så helling er heller ikkje noko problem. Koking av vatn gjer eg i kaffekjele og matlagingkjele. -
Det er strålande. Her har enkelte andre produsentar mykje å lære. Kompresjonsmoglegheiter lagar jo bare posen unødvendig tung. Er det trangt i sekken, vil jo posen uansett klemmast saman. Og er ikkje pakkposen tilsynelatande unødvendig stor, er det bare krøll å få stappa teltet nedi, særleg med våte og kalde fingrar.
-
Rådet mitt er fyrst å finne støvlar som passar foten og bruken. Så vel ein binding som passar støvelen.
- 28 svar
-
- 3
-
Avfallshåndering til evig tid.
- 106 svar
-
- 1
-
DryTech/Real Turmat i krise. Varsler permitteringer
Skal bare... svarte på Gabs88 sitt emne i Mat på tur
Hææ? Du er så blodfan av Drytech og hatar Gilde så mykje at du meiner det er verdt å underlegge oss Russland, dersom norske soldatar må ete mat frå Gilde. Det er noko i den holdninga di eg virkeleg ikkje forstår.- 33 svar
-
- 1
-
Gratulere. Det er 1 ting som må sjekkast før ein fyrer opp ein bensinbrennar, og det er at han er tett. Gummipakningen i tanklokket og den vesle gummiproppen i sikkerheitsventilen (i tanklokket) vil vera påvirka av alderen, sjølv om brennaren er ubrukt. Dersom desse ikkje er tette, vil du ikkje få brennaren til å fungere, og du kan i verste fall skape ein farleg situsjon dersom du prøver å fyre han opp. For å få trykk på ein brennar utan pumpe, og utan å prøve å fyre han opp, puttar du heile brennaren i frysaren. Med ventilen stengt, og tanklokket av. Når alt er kaldt, skrur du på tanklokket og puttar brennaren ned i varmt vatn. Då vil lufta i tanken utvide seg og du vil sjå luftbobler frå tanklokket dersom pakningen ikkje tettar. Åpnar du ventilen, skal det koma bobler ut av dysa. Når du _veit_ at tanken er tett, og dysa ikkje er tett, kan du fylle på bensin og la dette stå ei stund, så veiken er ordentleg metta med bensin før du prøver å fyre opp.
- 282 svar
-
- 1
-
Tarp over teltet ved vintertelting?
Skal bare... svarte på Fjell-finnere sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Soulo er supertrangt, så teltdukkontakt må påregnaste. Kondensproblemet er best å kontrollere med masse lufting. Det vil seie åpen innerteltåpning, og så stor åpning i ytterteltåpningen som vêrforholda tillet.- 35 svar
-
- 1
-
GPS på Hardangervidda og liknende
Skal bare... svarte på CHLOFK sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Med oppdatert firmware ( https://www8.garmin.com/support/download_details.jsp?id=1245 ) skal det støttast kart over 2GB, då reknar eg med at minnebrikke større enn 2GB må støttast også, utan at eg har prøvd det. Dette er ein modell som, i alle fall eg, fint greier å bruke med votter på, og det er minstekravet mitt når det gjeld noko som skal brukast i dårleg vêr vintertid. -
Sjølv held eg meg unna unna Thermos Light & Compact, eine og aleine pga korken.
-
Sjølve definisjonen på 1-mannstelt, er at det ikkje er plass til fleire enn 1 person. Skal ein ha god plass, vel ein større telt. Haust og vår, altså på barmark men utanom insektsesongen, brukar eg gjerne bare ytterteltet til 3-manns-tunnelteltet mitt. Det er både lett, romsleg og tålar mykje vind. 1-mannstelt har 2 fordelar, låg vekt og lite fotavtrykk. For meg er det ofte fotavtrykket som er det aller viktigaste, for det er langt enklare å finne eigna teltplass til eit lite telt enn eit stort telt.
- 38 svar
-
- 1
-
Deler ikkje telt med andre enn kjæraste! Dersom eventult turfølge manglar eige telt, har eg ekstra 1-mannstelt som kan lånast.
-
Ja, det var ikkje enkelt. Draget var heldigvis enklare å måle, 22mm. Kroken bør ikkje vera i spenn. Kulde og plast i spenn er ingen gunstig kombinasjon…
- 26 svar
-
- 1
-
- fjellpulken
- pulk
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hvilken muligheter finnes for helårslagring i fjellet?
Skal bare... svarte på Gabs88 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det finnst plasttønner som er godt eigna til langtidslagring ute: https://www.felleskjopet.no/hjem-og-fritid/huset/oppheng-og-oppbevaring/oppbevaringsboks/oppbevaringstoenne-med-lokk-50280855-base Riktignok ikkje aller enklast å finne det som ligg i botnen dersom tønna er full… -
Stanga fyller kroken på pulken, der er det ingen slark. Så du kan trygt måle indre diameteren på festekroken.
- 26 svar
-
- 1
-
- fjellpulken
- pulk
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Fotposer/overtrekkssko - Med plass til skisko eller kartank? Begge?
Skal bare... svarte på sneakyowl sitt emne i Fottøy
Eg har gode erfaring med 2 lag filtsålar (sålen i fotposane er så godt som totalt uisolert.) og tjukke ullsokkar i forsvarets fotposar. Det er heilt greitt til å rusle rundt i leiren, men ikkje noko eg går langt med. Ettersom fotposane er merkt med storleik for marsstøvlane inni, brukar eg posar med str 41/42 til denne bruken, sjølv om eg brukar skistøvlar i str 46. Det er uendeleg meir komfortabelt å ha tørre sokkar og plass til å røre på tærne rett i fotposane, enn å ha på seg stive, frosne skistøvlar i posane. Så lenge det er ganske garantert kuldegrader og tørr snø, ville eg vurdere skallar i staden for.- 37 svar
-
- 1
-
Det er i alle fall grunnen til at eg sjølv unngår dun til same bruksområde. Dun vil nok fungere i dei fleste tilfella, men det sviktar når behovet er aller størst.
- 27 svar
-
- 1
-
Eg har ikkje påstått at fyrstikker er billigast. Eg påstod bare, utan å ha rekna på kor mange, at eg får mange fyrstikker for prisen av eit tennstål. Dersom ein får 3650 fyrstikker for prisen av eit tennstål, bekrefter det at påstanden min var riktig. No slo det meg at du sikkert tenner Svea 123 utan vindskjermen på plass, det gjer ikkje eg. Erfaringa mi er at det fører til rauspritsøl, noko eg helst vil unngå. Eg skulle nok greie å få på plass vindskjermen utan søl, dersom brennaren står på eit fast, flatt underlag, men det er ikkje normalen for min del Nei du treng ikkje lage video, som eg uansett ikkje ser. Når du skriv at du gjer det, trur eg deg på det.
-
Mogleg at eg er meir klønete av meg enn det du er, eller det bare er flammeringen min som er meir bulkene, men eg greier ikkje å sette vindskjermen og flammeringen nedpå utan å brenne fingrane mine.
-
Svaret mitt var på spørsmålet 'Hvordan tenner du primusen din?' Og var altså korleis eg gjer det. Og eg kjem til å fortsette med fyrstikker, fordi eg veit at det alltid fungerer, og etter mi erfaring er det enklaste. Skulle eg vera så uheldig å øydelegge fyrstikkene mine i ei dam eller av ein dryppande dråpe (noko som skjer svært sjeldan for min del), har eg reservefyrstikker som fortsatt fungerer. At andre foretrekk andre metodar, har eg ingen problem med. Eg har gjort meg mine erfaringar med tennstål. Det fungerte ikkje for meg, og eg har ingen interesse i å bruke meir tid og peng på å prøve å få det til. Eg får kjøpt fyrstikker til vanvittig mange oppfyringar for prisen av eit tennstål.
-
Det einaste tennstålet eg har brukt, vart kjøpt i ein friluftutstyrsbutikk for mange år sidan. Ikkje veit eg kvar det er lenger, og eg kjem ikkje til å leite eller kjøpe nytt. Eg får ikkje sett videoen, men det er sikkert imponerande kunster du visar. Å lyfte opp vindskjermen med ei hånd, halde tennstålet med ei hand og skrapa i ei hånd, høyrest ikkje enkelt ut nei. Radius 43 er langt verre, der er det bare så vidt plass til å stikke ei fyrstikke inn, og vindskjermen er nesten kul umogleg å lyfte (i alle fall mitt eksemplar). Det same må jo gjelde for Svea 123, og der er forvarmingskåla så lita og grunn at den aller minste skumpinga tømmer skåla på eit blunk. Primus 210 brude ikkje vera så vanskleg. Men eg kjem nok til å fortsette med fyrstikker, som både er enklare og som eg veit at alltid fungerer.
-
Om ei fyrstikke skuffar meg, så har eg fleire, så eg har alltidfått fyr på primusen. Ripepapiret vert sjølvsagt utslitt, men det følger med nytt på kvar einaste fyrstikkeske, så det har aldri vore begrensande for mitt fyrstikkebruk. Tennstål har eg aldri greidd å tenne noko som helst med, og eg forstår heller ikkje korleis ein skal få gnistane nedi forvarmingsskåla. Så primustenning med tennstål, har eg aldri prøvd, og kjem aldri til å prøve.
-
Det kan sjølvsagt vera morosamt med utstyr, men når det gjeld primustenning brukar eg kun det eg veit at fungerer. Så der er det fyrstikker som gjeld, og ekstra fyrstikker som backup.
-
Utan å vite kva gamasjar som ikkje fungerer, og korleis dei vert brukt, vert dette eit skot i blinde. Sjølv har eg gode erfaringar med Bergans sine gamasjar i bomull/polyester, men eg trur ikkje dei er å få tak i lenger. Det fyrste paret holdt i 16 år. Det andre paret er allereie brukt nokre år, og er like fine enno. Eg har ca 80 fjellskidagar i året. Barmarksbruk er noko heilt anna.